Møtereferat - Høgskolen i Bergen

1 av 5
Møtereferat
Vår ref: 15/01591-4
Dato: 16.09.2015
Håvard Ulstein,
tlf.
[email protected]
Referat avdelingsråd AL 15.09.2015
Til stades:
Fråfall:
Morten Rønning
Eva Mila Lindhardt
Njål Vindenes
Oddrun Hallås
Jeanette Haukeland Bakke
Maria Brosvik
Hilde Kvalheim
Knut Steinar Engelsen
Anne Skaansar
Monica Håkansson
Asle Holthe
Saksliste
Sak 01 – 15/16
Godkjenning av møteinnkalling.
Godkjenning av saksliste.
Sak 02 – 15/16
Introduksjon til åremålsperiode.
Sak 03 – 15/16
Konstituering av avdelingsråd 2015/16.
Sak 04 – 15/16
Orienteringssaker.
Sak 05 – 15/16
Modell for master i barnehagelærarutdanning.
Sak 06 – 15/16
Femårig GLU. Prosjektorganisering.
Sak 07 – 15/16
Eventuelt.
2 av 5
Sak 01 – 15/16
Godkjenning av møteinnkalling og saksliste
Godkjent. Lenker til Allmenningen bør ikkje brukast i sakspapir, sidan fleire av medlemmane
ikkje har tilgang til Allmenningen.
Sak 02 – 15/16
Introduksjon til åremålsperiode

Vedlegg 17: Presentasjon.
Dekanen ga rådet ein gjennomgang av korleis avdelinga er organisert, talet på
førstekompetente i lys av høgskulens ambisjonar om universitetsstatus og det komande
arbeidet med samanslåing av høgskular på Vestlandet. Han viste til budsjett og finansiering
av studietilbod, før han gjekk over til å ta føre seg utdanningstilbodet og forskinga på
avdelinga. Til slutt gjekk han inn på ulike utfordringar som avdelinga står overfor.
Sak 03 – 15/16
Konstituering av avdelingsråd 2015/16


Vedlegg 1: Retningslinjer for avdelingsrådene.
Vedlegg 2: Medlemmar i avdelingsråd 2015/19.
Leiar og nestleiar. Leiar for avdelingsrådet 2015/16 vart Morten Rønning frå norskseksjonen.
Maria Brosvik, masterstudent i samfunnsfagdidaktikk, vart valt til nestleiar.
Arbeidsutval. Rådet bestemte deretter at arbeidsutvalet skal bestå av leiar, nestleiar, dekan
og sekretær. Dei skal møtast om lag 14 dagar før kvart rådsmøte.
Referatform. Referat går på sirkulasjon blant dei som er til stades i møtet. Etter
tilbakemeldingsfrist godkjenner leiar for rådet referatet og det blir lagt ut på nett. Dersom
tilbakemeldingane frå medlemmane er av ein slik art at leiaren ikkje kan godkjenne referatet,
skal det leggast fram for rådet i neste møte. Rådet ønskjer utfyllande referat.
Sak 04 – 15/16
Orienteringssaker






NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser.
Strategisk plan (vedlegg 3).
Digital eksamen.
SAKS (vedlegg 4 og 5).
Danning og didaktiske praksisar (vedlegg 6)
Heiltidsstudenten (vedlegg 7)
3 av 5
Av orienteringssakene var det SAKS som vart diskutert. Saka om heiltidsstudenten vart tatt
opp seinare under eventuelt.
SAKS. Dekanen fortalte om møtet høgskulane på Vestlandet og UiB hadde med
Kunnskapsdepartementet. Resultatet var at Høgskulen i Bergen skal utarbeide eit
faktagrunnlag for samanslåing med Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen
Stord/Haugesund allereie før jul i år. Deretter skal det utarbeidast ein intensjonsavtale
mellom institusjonane med påfølgjande forhandlingar. Målet er at regjeringa og
departementet vedtar ei samanslåing i juni 2017. Dekanen sa vidare at UiB og
Kunsthøgskolen i Bergen sonderer samanslåing og at det kanskje endar opp i eit kunstfagleg
fakultet. Høgskulen i Volda held fram aleine. Dei vil ikkje vere med i samanslåinga mellom
dei tre høgskulane.
Frå diskusjonen.
Griegakademiet. Kva vil skje med Griegakademiet, som består av både HiB og UiB?
Dekanen meinte at det ikkje er aktuelt å dele opp seksjonar på HiB, men at klyngesamarbeid
vil vere meir aktuelt.
Studentdemokratiet. Korleis vil samanslåinga påverke studentdemokratiet? Dekanen sa at
studentparlamentet kan organisere seg slik dei ønskjer, men desse prosessane vil truleg ta
ganske lang tid. Kunnskapsdepartementet har tidlegare vore tydelege på at dei kan
bestemme at studiestadane kan bli oppretthaldt etter fusjonar. Her viste han til fusjonen
mellom Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Finnmark.
Lærarutdanningane. Kva skjer med lærarutdanningane i ei slik samanslåing? Dekanen viste
til at den nye grunnskulelærarutdanninga på masternivå må akkrediterast av NOKUT, så
lenge ein ikkje er universitet eller er sjølvakkrediterande. AL er ganske sikre på å få til det
siste, sidan avdelinga både har Ph.d.-utdanning og breidde i fagtilbodet. Men, det er ikkje
sikkert at dei to andre høgskulane, HiSF og HSH, er det. HiB avklarar med KD og NOKUT
om vi er sjølvakkrediterande.
Sak 05 – 15/16
Modell for master i barnehagelærarutdanning



Vedlegg 8: Forslag til modell for ny master for barnehagelærere.
Vedlegg 9: Høyringsbrev frå avdelingsleiinga.
Vedlegg 10: Høyringsfråsegner.
Diskusjonen følgde desse hovudpunkta:
Struktur. Av fleire vart det peika på at strukturen er ganske lik Master i undervisningsvitskap.
Fagleg breidde vs. pedagogisk innretting. Modellen vart kritisert for å vere for
pedagogikkretta og at den i kanskje for stor grad ikkje inkorporerer dei ulike profilane i
barnehagelærarutdanninga. På den måten klarer den ikkje å bevare den faglege breidda
som ligg til grunn i opptaksgrunnlaget BLU.
4 av 5
Fagleg grunnlag. Det vart diskutert om det faglege grunnlaget var sterkt nok, både i form av
fagleg breidde og fagleg spissing.
Tidshorisont. Diskusjonen i rådet enda opp med å tilrå at modellen raskt bør opp til
behandling i styret for m.a. å sikre at den blir vedtatt før andre store prosessar startar opp.
Profil. Det vart både sett som uheldig at masteren ikkje byggjer meir på profilane i BLU,
samtidig som det også vart sagt at det er ei utfordring dersom den skal gjere det.
Kompetanse. For å starte opp ein master er det krav om ei viss grad av førstekompetanse og
aktive forskarar i aktuelle fagmiljø som også forskar på barnehagefeltet. At pedagogikk er så
tungt inne i mastermodellen handlar m.a. om det. Det vart også vist til at måten modellen er
skildra på, rettar seg også mot Danning og didaktiske praksisar.
Tittel. Det var ei rådande oppfatning at Master i barnehagekunnskap var nok. Rådet ønskte
ikkje å uttale seg noko utover det.
Visjon. Omtala som ein merkeleg konstruksjon. Burde heller ha hatt tydelegare målsetjing.
Sak 06 – 15/16
Ny integrert 5-årig grunnskolelærerutdanning på masternivå – prosess ved Avdeling
for lærerutdanning






Vedlegg 11: Foreløpig forslag til modell for de nye grunnskolelærerutdanningene
Vedlegg 12: Prosjektorganisering for fireårige grunnskolelærerutdanninger
Vedlegg 13: Prosjektorganisering for treårig barnehagelærerutdanning
Vedlegg 14: Prosjektorganisering – modell brukt ved HiB
Vedlegg 15: Endring i organisasjoner
Vedlegg 16: Innspill fra de tillitsvalgte
Rådsleiaren viste første til dei fire ulike modellane for organisering av prosessar, der det
også vart peikt på at GLU-prosessen fram mot innføringa i 2010 gjekk ganske bra.
Innspela frå rådet handla i hovudsak om:





Reell bruk av nedsette grupper. Det vart understreka at ein må bruke tid på å finne ut
korleis eventuelle arbeidsgrupper skal fungere.
Kven skal sitte i arbeidsgrupper og arbeidsfordelinga mellom leiing og
arbeidsgruppe? Det kan vere lurt å opne for alle interesserte. Lærdommen frå BLUprosessen er at ein må klargjere kva dei enkelte gruppene skal ta stilling til og kva
leiinga skal ta stilling til.
Referansegruppe. BLU-prosessen har vist at det er viktig å ha referansegruppe.
Opne prosessar viktig. Skal opne prosessar vere reelle, må den enkelte som deltar
faktisk få påverke utan at ting er bestemt på førehand. Det er også viktig å vere
tydeleg på kva ein vil og kva som skal bestemmast av kven.
Vedtak undervegs. Erfaringsmessig blir prosessar betre dersom ein undervegs
sørgjer for å få vedtak på enkeltdelar.
5 av 5






GLU1-7 og GLU5-10. Ein eller to prosessar? Dekanen meinte at ein prosess vil
halde. Arbeidsbelastninga som følgje av mange parallelle prosessar er viktig å ta
omsyn til.
Dagens masterutdanning i musikk, parallelt eller berre integrert? Dekanen viste til at
utbytteformuleringane i den nye grunnskulelærarutdanninga vil vere avgjerande for
korleis dagens masterutdanningar vil kunne gå inn i det nye. Dagens masterar i
barne- og ungdomslitteratur og drama vil vere avhengig av kor mange frie
studieplassar høgskulen får frå KD. Det har kome kritikk mot sektoren frå KD som
handlar om at det er for mange små miljø.
Studentrådet må vere ein del av prosessen.
Når må komande studentar studentar velje fag? Det er vanskeleg for komande
studentar å vite kva ein skal velje på førehand. Dekanen viste til at KD bestemmer
modell i mars 2016. Den som er på høyring i dag handlar om masterfag frå første
dag, men at det skal vere mogleg å endre fag etter tre år. Det er viktig med overlapp
mellom 1-7- og 5-10-utdanningane for å kunne tilby størst mogleg breidde.
Strategi i møte med fusjonsforhandlingar. Høgskulen må ha ein plan for å behalde
det vi har i dag.
Devaluering av masterutdanning som følgje av at alle har det?
Oppsummert
Rådsleiaren oppsummerte diskusjonen slik: Involvering , openheit og tydeleggjering gjennom
vedtak undervegs er viktig for at prosessen skal fungere.
Sak 07 – 15/16
Eventuelt
1. Skikkavurdering. Mange studentar er usikre på kva det betyr. Det bør vere klare
rutinar på kva ein skal gjere ved mistanke, kva som blir gjort, osv. At ein som student
ikkje kan varsle anonymt om ein medstudent gjer det vanskeleg for mange. Dekanen
viste til at han har hatt møte med studentrådet om dette og at det frå neste år skal bli
ein naturleg del av studiet. I dag får alle førsteklassingar på fleire av utdanningane ei
lita økt i samband med praksis der skikkavurdering er ein del av innhaldet.
2. Heiltidsstudenten. Mange studentar meiner loggen ikkje fungerer som det skal med
lærarar som ikkje er veldig interesserte og lite er skriftleggjort. Samtidig er det
tilbakemeldingar om at det kan fungere med betre organisering og engasjerte
lærarar som gir tilbakemeldingar. Loggen skal også vurdere undervisninga. Det gjer
det vanskeleg å skrive negativt om opplegg til lærarar. Oppsummert frå studentane er
at opplegget er sett i gong for raskt med lite informasjon. Læringsutbyttet blir dermed
for svakt. Studentdrivne kollokviegrupper blir av mange studentar sett som eit betre
alternativ. Dekanen sa at erfaringane med heiltidsstudenten blir ei sak i neste
rådsmøte. Han viste til at det også skal settast i gong ei studiestartundersøking på
avdelinga.
3. Saksdokumenta. Fungerer dei? Rådet meinte det var positivt at forventningar til råd
var konkrete.