Strandbuen - KoRus Stavanger

fredag 27. februar 2015
Grip tak i mobbing
15
Den store ungdomsundersøkinga viser at det
er meir mobbing, røyking
og hasjbruk i Hjelmeland enn elles i landet.
Til gjengjeld er dei unge
i Hjelmeland aktive og
nøgde med seg sjølve.
Magnar Riveland
[email protected]
Sven Gustafsson frå Kompetansesenter for rus i Stavanger presenterte svara på eit breitt utval
av spørsmål for elevar, foreldre,
politikarar og andre interesserte
på Hjelmeland samfunnshus på
tysdag. Sjølv om ungdomsskuleelevane i Hjelmeland på dei
fleste område var som i landet
forøvrig, var det også område der
dei skilde seg ut. Tala viste at heile 9 prosent hadde opplevd mobbing. Andre undersøkingar viser
at dette talet på landsbasis ligg på
4 prosent.
– Det er rundt 100 ungdomar
som har svara på undersøkinga.
Det tyder på at det er 9-10 unge
som opplever mobbing. Det er
opp til dykk om det er eit akseptabelt tal, eller om dette er noko
de vil gripa tak i, sa Gustafsson.
BREITT PANEL: Panelet med elevrådsleiar Daniel Grødem Meltveit, FAU-leiar Jon Helge Hausken, rådmann Dag Flacké, barne- og ungdomsprest
Ingebjørg Vik Laugaland, helsesøster Kristin Kostøl Helgaland, ordførar Trine Danielsen og Strand-lensmann Geir Fatland utdjupa resultata som blei
presenterte av forskar Sven Gustafsson (heilt til venstre) og kultur-, SLT- og folkehelsekoordinator Liv Margunn Ravnås.
Sagt i paneldebatten:
– Mobbinga er mest baksnakking, det er ingen som blir banka
opp. Dette må elevane sjølv ta tak i. Det er me som gjer det, og
det er me som må slutta med det.
Daniel Grødem Meltveit, elevrådet
– Det er rett at det er mykje skadeverk og småkriminalitet i
ein del av ungdomsmiljøet. Aksepten for hasj vil alltid svinga,
og me har merka at den har auka blant dei unge. Samtidig er
mange vaksne ute i media og snakkar høgt om kor ufarleg det
er med hasj.
Lite alkohol, mykje hasj
Han meinte at ungdomane frå
Hjelmeland på mange spørsmål
valde svar som «svært nøgd» eller
«svært lite nøgd» der snittet elles
i landet gjerne låg meir midt på.
– Det er ofte slik at det er ei
stor gruppe som har det veldig
bra, og så er det ei lita gruppe
som har det veldig dårleg, sa han.
Sjølv om det var veldig få
ungdomar som svara at dei
hadde drukke alkohol, var tala
høgare enn snittet når det gjeld
røyk, snus og hasj. Heile 6 prosent svara at dei hadde røykt
hasj. Det er dobbelt så høgt som
elles i landet. Tala for småkriminalitet som nasking, tagging,
slåssing og innbrot låg også relativt høgt.
– Desse tala samsvarar godt
med andre tal i undersøkinga.
Det er ein veldig høg del av ungdomane som seier at det er nulltoleranse for drikking frå foreldra si side. Det viser seg i at det
ikkje er mange som drikk. Dei
aller fleste ungdomane svarar at
hasjbruk gir låg status i miljøet,
men dei som svarar at dei røyker
hasj er i stor grad dei same som
svarar at det gir høgare status, illustrerte Gustafsson.
Lite stressa
Gustafsson peika også på område
der ungdomane frå Hjelmeland
skilde seg ut med meir positivt
forteikn.
– Dei er norgesmeistrar i å
delta i organiserte fritidsaktivitetar. Heile 82 prosent er med på
ulike aktivitetar. Landssnittet er
61 prosent. Det er også mange
som trenar organisert idrett,
men veldig få som trenar aleine,
viste Gustafsson til, og meinte det
Geir Fatland, politiet
– Eg er overraska over mobbetala. Me gjer eigne undersøkingar
og har ikkje fått svar som tyder på at det er mykje mobbing.
Men me grip sjølvsagt tak i det om det er eit problem.
Sjur Atle Kleppa, rektor
– Det var færre i Hjelmeland enn elles som svara at dei hadde
god helse. Spørsmålet burde heller vera om me er nøgde med
helsa. Då trur eg dei fleste hadde svara ja.
Daniel Grødem Meltveit, elevrådet
– Det er viktig at me bryr oss som foreldre, og me skal ikkje
vera redde for å bry oss om andre sine ungar heller. Om me ser
noko eller opplever noko som ikkje er som det skal, må me bli
flinkare til å ta kontakt med kvarandre.
Trine Danielsen, ordførar
– Er det den same gruppa som skil seg ut og gjer det «dårleg»
på mange område?
Dag Flacké, rådmann
– Ikkje gjennomført, men det er nok slik at om du fell utanom
som ung i Hjelmeland, så gjer du det med eit brak.
Sven Gustafsson, forskar
BREI UNDERSØKING: Sven Gustafsson presenterte tal som viste at
ungdomane i Hjelmeland skilde seg ut i både positiv og meir tvilsam
forstand på somme område.
hang godt saman med at ungdomane var ganske avslappa.
– Det å trena aleine betyr ofte
treningsstudio og muskelbygging. Ungdomane i Hjelmeland
er nøgde med seg sjølve. Ein stor
del av dei er nøgde med utsjånaden sin. Dyre klede og mange «likes» på sosiale media gir lite status. Ungdomane er heller ikkje
så veldig ambisiøse med tanke på
skule og eiga framtid. Stress og
psykiske plager er blant dei store
ungdomsproblema i Norge for
tida. Det finn me ikkje att i denne undersøkinga, meinte han.
– Kanskje er det viktigare enn
at dei unge er litt opprørske og
testar ut forskjellige ting medan
dei er unge? var det retoriske
spørsmålet han slutta av med.
Ikkje akseptabelt
Ordførar Trine Danielsen (H) fortel at kommuneleiinga alt er i
gang med å finna ut korleis dei
skal følgja opp resultata av undersøkinga.
– Ingen må lura seg sjølv til å tru at det er einsame utskot som
slit med seg sjølv som begynner med rusmidlar. Miljøa som
bruker rus er ofte veldig inkluderande, har sterkt samhald og
venskap og dei som er med oppfattar det som eit triveleg miljø
med mykje fest og moro.
Geir Fatland, politiet
– Kultur-, SLT- og folkehelsekoordinator Liv Margunn Ravnås
skal få jobba litt meir med resultata og definera kva me skal gripa tak i. Deretter set me saman ei
gruppe som følgjer opp undersøkinga. Samansettinga av gruppa
er litt avhengig av kva me vil
jobba med, seier Danielsen som
har gjort seg nokre tankar om
kva som er viktigast å gripa fatt i.
– Rusbruk, mobbing og fritidsaktivitetar er nok blant dei
områda me må gjera noko med.
Tala for mobbing er ikkje akseptable, og eg var overraska over at
så mange hadde røykt hasj. Men
me skal tolka resultata litt før me
slår alarm, og me må ikkje gløyma at det var mange svar som
tyda på at dei unge har det veldig
bra, meiner ho.
Danielsen meiner det også er
viktig at undersøkinga blir følgd
opp for å sjå om innsatsen gir resultat.
– Me vil gjenta undersøkinga
om to år, seier Danielsen.