Sjette artikkel

2
LAURDAG 25.02. 2012
NYHENDE
Laurdag
25.02.
Nyhende
Store og små hendingar frå heile distriktet.
Tur i posten
FRILUFT: Årets turprogram for
Indre Sunnfjord Turlag kjem snart
i posten til medlemmene, melder
leiar Ragna Renna (biletet)
Heimen i front mo
FØRDE: – Det kan verke
som det no skjer ei normalisering av hasjbruken.
Haldningsarbeidet i heimane blir utruleg viktig
for å møte denne utviklinga.
NARKOTIKA
HELGE JOHNSEN
[email protected] 91149810
Det seier nyvald 1. nestleiar Sindre
Roska i Sogn og Fjordane Venstre.
Han er usamd med sin eigen fylkespartileiar, Marit Barsnes Krogsæter, som i gårsdagens Firda såg i
retning av å legalisere cannabis.
Medan fylkespartileiaren og Unge
Venstre-leiar Sveinung Rotevatn
snakkar om t.d. sal av hasj på apotek, vil Krogsæters politiske høgre
hand halde oppe forbodet.
Heimane – og politiet
Roskas line er å setje meir ressursar inn på politiets oppfølgings- og
førebyggingsarbeid – og ikkje
minst leggje vekt på å få heimane i
frontlina i kampen mot narkotika.
– Krogsæter målber eit syn eg og
mange andre i Venstre ikkje stiller
oss bak. Vi kan vere samde om at
narkotikapolitikken ikkje fungerer, men legalisering er ikkje svaret, seier nestleiaren.
Heile ungdomsgruppa
Roska meiner intervjuet Firda sist
måndag hadde med to hasjrøykande «vanlege» ungdommar speglar av at hasjbruk er i ferd med å
bli meir og meir normalt.
– Då blir det tilsvarande viktig å
rette innsatsen breitt inn mot den
store gruppa av ungdom. Då blir
heimane og bevisstheita og haldningsarbeidet der heilt sentralt,
seier han.
– Det er om å gjere at foreldra
ikkje er naive, og at dei følgjer med
på kven ungane deira er i lag med
og kvar dei held seg, seier han.
– Men dette er vel ikkje alltid like
enkelt, når ungdommar ofte tek til
å halde foreldra sine på avstand, og
påpassing lett berre gjer forholdet
endå verre?
– Eg meiner det er kjempeviktig
å vere tydelege vaksne, setje grenser og gjerne gjere dette saman
med andre foreldre. Men eg er klar
over at ungdommar er forskjellige,
og at nokre er vanskelegare enn
andre, seier Roska.
Venstre-fylkesnestleiaren seier
han er fullstendig samd med KrFs
Trude Brosvik i at lettare tilgang på
hasj berre vil auke bruken.
SAKA
▶ Ungdommar som har
stått fram i Firda, fortel at hasj i dag blir
brukt av mange ressurssterke unge, langt
typiske dopmiljø.
▶ Behandlarar og politi
åtvarar. Unge Venstreleiaren og fylkespartileiaren i Venstre er
opne for legalisering.
– Vi treng ikkje fleire lovlege rusmiddel. Vi har nok med å handtere
dei som er, seier han.
Roska meiner biletet av politiets
narkotikainnsats blir teikna altfor
mykje i svart/kvitt.
– Politiet driv ikkje berre med
straffereaksjonar i narkosakene.
Dei har eit heilt sett med andre
verkemiddel som også blir nytta,
og som bør byggjast opp under
med auka ressursar, seier han.
– Det kan vere greitt å sjå på hasjbruk meir som eit helseproblem.
Men direkte legalisering blir feil,
seier fylkespartinestleiaren i Venstre.
Delte meiningar
Ifølgje Roska, diskuterte Sogn og
Fjordane Venstre narkotikapolitikken på eit årsmøte for eit par år sidan, etter at Unge Venstre ville sjå
på problematikken rundt avkriminalisering. Men det var delte meiningar på årsmøtet, seier han.
Unge Venstres leiar på landsplan, Sveinung Rotevatn, har
lenge vore klar tilhengjar av liberalisering og legalisering av cannabis. Rotevatn sa torsdag til Firda at
det farlegaste var forbodet mot
hasj, og at behandlarar og politi
hadde ei forelda haldning.
▶ Diskuter saka på
FIRDA nett
USAMD: Vi treng ikkje
fleire lovlege rusmiddel,
seier Sindre Roska.
Foto: Helge Johnsen.
– Kven er best eigna til å omsetje hasj?
Denne veka har Firda sett
søkjelys på hasjbruk blant
unge. Sakene har ført til store
diskusjonar i debattforumet
på firda.no.
▶ Det er ikke et spørsmål om vi skal
akseptere hasj eller ikke, fordi hasj
er allerede her. Spørsmålet er heller
hvem vi føler er best egnet til omsette hasjen. Hvem har folkets beste i tankene, og hvem føler vi ville ha
de beste regulative tiltakene.
Kenneth
▶ Det er vel inga overrasking at
ungdommen ikkje ser rekkevidden
av kva skade narkotiske stoffer har
på kort og lengre sikt.
Aase L
▶ Staten jobbar febrilsk med å få
oss til å slutte å røyke. Det blir vel då
litt dumt å legalisere eit stoff ein
veit er såpass farleg? Hald det ulovleg. Lytt til dei som har sett følgjene.
Ikkje lull dykk inn i fantasiar om kor
ok det er å røyke hasj.
Reidun Støfring
▶ Legaliser i alle fall cannabis for
medisinsk bruk slik dei no gjer i ein
del andre land. Er mange kronisk
sjuke og kreftpasientar som får
cellegift som hadde hatt godt av
det.
Vegard Solheim
▶ Lovligheten til et stoff har faktisk
lite å si på forbruket. Forbudet derimot fører til at brukerne blir presset ned i en undergrunnsverden
hvor de kommer i kontakt med kri-
minelle som igjen kan føre til at de
blir fristet med sterkere stoffer.
Jon B.
▶ Vi kan ikkje legalisere alle typar
kriminalitet som ein har dårleg kontroll på, fordi ein trur at staten skal
regulere det i hamn. Det er naivt. På
same måte som det er ei kraftig forenkling å sei at det er forbodet som
skapar alle problem knytte til bruk
av cannabis.
Joakim Systaddal
LAURDAG 25.02. 2012
NYHENDE
Betre mobilnett
Skatt til gjennomsyn
JØLSTER: Telenor ønskjer å leggje fiberoptisk innsjøkabel i
Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden, for å betre mobilsambandet
i Jølster. Den auka trafikken i mobilnettet har ført til at det er
behov for å oppgradere nettet, skriv Telenor i søknaden.
HØYANGER: Eigedomsskatt-takstlista for 2012 i
Høyanger kommune vert lagt ut til offentleg
gjennomsyn i tre veker frå 01. mars. Lista vert lagt
i rådhuset i Høyanger (biletet).
ot hasj
FOR ELLER MOT
LEGALISERING?
TOVE VAMRÅK
(54) frå Høyanger
– Eg har ikkje noko forhold til
hasj, og kjenner heller ingen
som har det. Stoffet er framand for meg og derfor ville eg
aldri prøvd det sjølv, men om
det blir legalisert eller ikkje
skal eg ikkje leggje meg opp
i. Det er uansett viktig å tenkje på at hasj er helsefarleg.
POPULÆRT FAG: Ifølgje Gro Fivelsdal brukar det å vere oversøking til Tip, men hittil har dei måtta byte skule etter vg1 i Dale.
Arkivfoto: Tora Hope
No slepp ho å sende
vekk 2.-klassingane
FJALER: Til hausten
kan elevar gå vidare med
industriell produksjon
ved Dale vidaregåande
skule.
ARNT OLA FIDJESTØL
(43) frå Førde (bur i Ålesund)
– Det er heilt klart ein tanke
som er verdt å forfølgje.
Sjølvsagt er det gale med
hasj, men eg trur eigentleg
at alkohol ligg på same skala. Eg har ikkje behov for fleire legaliserte rusmiddel.
SIRI ANN ROSKA
(19) Frå Førde
– Eg er heilt klart mot legalisering av hasj. Stoffet skaper
dårleg helsegevinst. Sjølvsagt er det eit poeng at kriminaliteten går ned om det
blir legalisert, men det hadde på same tid ført til at fleire
hadde prøvd stoffet. Det får
halde med alkohol.
UTDANNING
HILDE GENBERG
[email protected] 91149818
Dei som tek vg2 industriell produksjon får jobb i Hafs-området, lovar skulen i presentasjonen på heimesida si. Rektor Gro
Fivesdal stadfestar at desse elevane er garantert lærlingplass.
Teknisk fagskule er også ein
moglegheit etterpå.
– Det er næringslivet i regionen, først og fremst Havyard,
Lutelandet Utvikling og Solund
mekaniske, som tok initiativet
til faget, forklarer Fivesdal.
Skulen har lenge ønskt eit lokalt tilbod til dei som tek teknikk og industriell produksjon
(Tip) første året, men hittil har
desse elevane blitt spreidde etter eitt år i Dale. Nokre vel
brønnboring i Bergen, andre
maritime fag eller industriteknikk ved andre skular.
– Dette er eit attraktivt tilbod,
så eg håpar det vert fast, seier
Fivesdal, som har dei lærarressursane som trengst, utanom
litt kompetanse til elektrodelen. I tillegg oppgraderer skulen
utstyret på plate- og sveisavdelinga. Ein datastyrt fresemaskin, eller CNC skjæremaskin er
i ferd med å bli installert.
Dersom det er nok søkjarar,
vil Dale framleis ha to studiespesialiseringsklassar til hausten, men så ventar år med magrare elevkull og truleg berre
éin allmennfagsklasse.
Keisarhelg 2.–4. mars
Eit historisk opphald med historisk innhald og matopplevingar
Kviknes Hotel inviterer til ei helg der me vert nærare
kjende med Keisar Wilhelm og hans besøk til Norge.
Svein Skotheim vil på laurdagen gi oss eit innblikk i Keisaren sitt liv, reisene
hans og hans facinasjon for Norge. I etterkant av foredraget, vil me vise filmen
«Fotografen og Keisaren», regi av Balestrandsjenta Ingrid Ese og produsert
av André Folkestad for Filmakeriet AS. Filmen viser unik dokumentasjon
om kva som skjedde når Keisaren inntok ei lita vestlandsbygd tidleg
på 1900-talet. Hyggjeleg samvær med god middag avsluttar laurdagen.
Søndag morgon vil Eli Grete Høyvik ta oss med på ei kultrvandring
gjennom Balestrand sentrum til Ciderhuset, der ein får høve til
å smake på deira eigenproduserte Cider.
▶ På tross av ulike holdninger må vi
likevel være ærlige i forhold til om
dagens restriktive narkotikapolitikk har fungert, eller om det har
vært en fiasko. Jeg er åpen for andre løsninger enn regulering, men
til sist ønsker vi det samme; Å redusere bruk og illegal omsetning av
narkotika.
Bjørn Kvernstrøm
verknadene ved hasj i forhold til alkohol, kor mange av hasj brukarane
blir misbrukarar, og kor mange av
alkoholbrukarane blir misbrukarar?
Erlend Haugen Herstad
▶ Eg trur ein treng ein generel debatt om rusmiddel . Kva er skade-
Innlegga er redigerte,
les alle kommentarane på nett.
3
Dette, samt middag fredag, lunsj laurdag, aperitiff laurdag
og frukost begge dagar; frå kr 1795,– pr. person pr. natt.
AUDUN RAMSTAD
(69) frå Førde
– Legalisering vil berre føre
til auka bruk av hasj og/eller
andre rusmiddel. Lova som
forbyr det i dag gjer at fleire i
samfunnet vegrar seg for å
prøve. Derfor er eg mot legalisering.
Booking: www.kviknes.no / 57 69 42 00 / [email protected]