Rocketrollet som vart skorpetrollet Bringedalsbygda barnehage er ein tre-avdelings barnehage som er inspirert av Reggio Emilia der vi jobbar ut ifrå at eit barn er fødd med hundre språk til å uttrykke seg med. Ved at vi i personalgruppa lyttar til kva ungane er opptatt av og at vi følgjer ungane sine uttrykk får ungane vera med å medverke til barnehagen sitt innhald. Fagområdet Språk ,tekst og kommunikasjon har dei siste åra vore i fokus hos oss. Personalet ser samanhengen mellom korleis språk, leik og sosial status heng saman. Språket er ein viktig nøkkel til ein god barndom. Dei to siste åra har vi samarbeida med Nynorsk senter i Volda. Vi har fått bøker på nynorsk, jobba mykje med og i språkstunder, brukt spel i ulike sjangarar og hatt fokus på begrepslære. Dette har stimulert ungane våre på språksida. I vår fekk vi kr 15.000. til å vidarutviklinga språkarbeidet i barnehagen. Vi fann ut i haust at vi ville bruka desse midlane til noko heilt spesielt, noko som berre var vårt. Det har blitt til ei barnebok om det lokale Skorpetrollet vi har i bygda. Gjennom vinteren har vi hatt eit stort prosjekt på gang . Tre avdelingar har fått kvar si oppgåve til å bidra med. Blåklokkene som er småbarnsavdelinga har laga songtekstar om Skorpetrollet. Solsikkene som er avdeling frå to til fire åringar har rima og leikt seg gjennom vinter. Denne gruppa har hatt fokus på rim, reglar og dikt. Villvettene som er førskuleungane våre har laga sjølve fortellinga om Skorpetrollet. Dette har blitt til ei forteljing som er spennande og fantasifull på ein måte som berre fem til seks åringar kan fortelja ein forteljing på. Boka er sett saman etter avdelingane sine bidrag. Det er ungane som har illustrert boka med sine arbeid innan ulike prosjektarbeid. Til slutt må vi senda ei stor takk til : Nynorsk senteret i Volda for midlar, kurs og støtte til bokprosjektet. Alle ungane og personal i Bringedalsbygda barnehage som har jobba flittig med bokprosjektet. Det har vore ei stor glede å vera ein del av dette arbeidet Prosjektleiar og styrar Solveig Vik Herøysundt 26.03 2012 HER KJEM VILLVETTENE SI HISTORIE OG TEIKNINGAR Ein gong for minst 100 år sidan, var det eit troll som heitte Isidisi. Han drøymde om å spela i eit rockeband. Han var eit rocketroll frå Island som kunne telja til tjueti. Han hadde piggsveis, to naser, fira bein og ein kjempe-laaaaaaang hale. Han bestemte seg for å reisa ut i den store verda for å leita etter rockevener. Sidan han var eit troll måtte han hugsa å berre vera ute på kvelden og natta. Som du sikkert veit vert troll til stein i sollys. Han gjekk ut for å snakka med bestevenen sin, Eddy. Han var nemlig ein dinosaur som kunne fyka. Eddy blei i fyr og flamme og syntest det var ein kjempegod idé. Isidisi henta rockegitaren og sette seg oppå Eddy og fauk av garde. Fyrst reiste han til Kina. Der trefte han ein panda som ville læra han karate, men veit du kva som skjedde der? Han skjønna ingenting av det pandaen sa, det var jo heilt kinesisk!!!!!! Isidisi lurte litt på kor han skulle reisa no? Eddy foreslo at dei kunne reisa til Amerika, for der hadde Eddy vore før og ete kjempegode hamburgarar. Isidisi åt minst tretten hamburgarar, mens Eddy klarte berre tre. No ville Isidisi og Eddy køyra karusell. Det gjekk kjempefort og stakkars Isidisi vart kvalm og han spydde over heile Disneyland. Reisa fortsette vidare, og dei sette kursen over havet. Då dei hadde flydd langt og lengre enn langt, kom det brått eit vindkast så Eddy og Isidisi vart kasta ned på ei øy. Der landa dei midt i ei svær maurtua. Etter å ha rista av seg mauren gjekk dei på oppdagelsesferd. Dei traska over steinar og kratt. Då dei hadde gått ei stund, såg dei lysskinet frå ei bål. Rundt bålet satt det ein bjørn, ein ulv og ein rev. Bjørnen: ”God kveld, kven er de?” Eddy: ”God kveld. Eg er fyke-dinosauren Eddy, og dette er Isidisi og han er eit rocketroll. Vi kræsjlanda på denne øya, og vi lure på kor vi er komen til?” Ulven: ”No har de landa på øya Skorpo. Kvifor er de ute og reiser på denne tida?” Isidisi: ”Eg har reist rundt i verda på leit etter nokon å spela i band med.” Reven: ”Kult!!!! For vi er nemlig Bjørn-bjelle, Fløyte-reven og Ulve-trommis, og du kan spela gitar og kanskje Eddy kan syngja?” Isidisi: ”Jepp, så kult!” Bjørn-bjelle: ”Høyr på denne songen:” Rocken roll. Skorpetroll. Flydde på ein dinosaur, landa i ein haug med maur. Fekk seg nye venner, alle med skarpe tenner. O yeah………. (melodien til Rockenroll fiskeboll) Dagane og åra gjekk. På Skorpo stortreivst både Eddy og skorpetrollet. Dei spelte i rockebandet og fiska. Av og til sneik dei seg oppi båtane og stal sokkar som Isidisi brukte til å pynta hola si med. Fløyte-reven: ”Hei, du kan jo heita skorpetroll du!!!” Ja, dette syntest Isidisi høyrtest tøft ut, og var strålande nøgd med at han hadde funne seg eit rockeband. Skorpetrollet hadde fått seg kjærast, og ho var ofte på reisetur til Syden for å skremma folk. MEN så ein dag då Skorpetrollet venta kjærasten sin heim, synst han at det tok så grådig laaaaaaaaaang tid før ho kom. Skorpetrollet ville gjerna sjå ut i fjellsprekka etter kjærasten. ”NEI!” ropte Eddy , ”sola står snart opp, og du veit kva som kan skje då?” Men Skorpetrollet ville ikkje høyra på Eddy, og kva trur du som skjedde? aaaaang Ba Akkurat i det Skorpetrollet stakk hovudet ut, trefte den fyrste solstråla han midt i panna, og han vart til stein. Enda sit Skorptrollet fast i fjellsprekka og speidar etter kjærasten sin. Kanskje har du og sett Skorpetrollet? SOLSIKKENE RIM REGLER DIKT OG GULLKORN OM SKORPETROLLET NÅR VI KJEM FORBI FINN VI SKOPETROLL, SKORPETROLL- DORPETROLL SKORPETROLLET ER LAGA AV STEIN, STEIN- BEIN- KEIN- SKEIN HALEN TIL SKORPETROLLET ER PÅ FJELET, FJELL-PELL- GAMLE SKJELL HAN HAR MANGE TENNER, TANN- BANN- BRANN-SKANN SKORPETROLLET SEIER WRÆÆ…. Troll Boll Stein Bein Kein Skein Tann Bann Brann Skann Troll Polle Auge Sjauge Ni – Pi Skorpetroll sang, PASSAR PÅ BÅTANE skorpetroll dam, Monsteret i fjellet, Vatn- patten- statten Ploppekoll sang. tek båtane. Vatn- patten- statten Skorpetroll sint, Då hjelper Skorpetrollet, Hatten skorpetroll dint, båtane laus. rimt. Skorpetrollet passar på båtane som køyrer, Skorpetroll stor- Skorpetroll mor- tror ETE-DETE-PETE Hola dola sita, ETE-DETE-PETE hola dola sita, Skorpe SJETE-NETE-KRETE dita nita. Dorpe TROLL- ROLL-ROCKENROLL- SKROLL TROLL-ROLL-ROCKENROLL- SKROLL MEIN-BEIN SINT- PINT- GAMLE GRINT SINT- PINT- GAMLE GRINT LINT- RIMT GAMLE SKINT Torpetoll torpetoll Forbi. Korpe SKORPETROLLET SIT FAST Norte Skorpetrollet sit fast, alltid. Rolte For han grev seg inn i fjellet, heile dagen. Vi kan ta Skorpetrollet ut med ein, spade. SKORPETROLLET ER OG SVOLTEN….. “ Skorpetrollet et skorper, han har fått store sprettmusklar” Han ete skorper og båt, han drikke sjø… «Det er små haiar i vatnet, dei seier mamma» …han tygge skorpe, fjell og steinar… “Det har ni tenner og seier WRÆÆ” …da ete båtane, tre og gjerde… “Halen til skorpetrollet er i fjellet” …og så ete han hjorta og sånn… “Fotspor som snike seg rundt på malinga er skorpespor”. “Kven sine spor e da? “Da e Donald Duck sine” LEI AV Å BYGGJA ALEINE Skorpetrollet er lei av å byggja i fjellet, “Skorpetrollet har prikkar på kinnet sitt, han har fått vannkoppar” aleine. Han byggjer i fjellet og det kjem, “Viss eg et skorper er eg Skorpetrollet” hjelp. “Når eg var i sjøen fekk eg ikkje sjå det for me måtte bytta plass” REDDA AV EIN PARAPLY Monsteret og Skorpetrollet ringjer på klokka, så dett dei ned i vatnet. Skorpetrollet drukna, men så vart det redda av ein paraply. Songar om Skorpetrollet laga av Blåklokkene Vi har hatt Skorpetrollet som tema, songane er dikta ut i frå det barna har sagt SKORPETROLLET (Kan syngjast med same melodien som Bæ, bæ lille lam) Re – re Skorpetroll budde i eit fjell. Hadde ingen hender, bare skarpe tenner. Re – re Skorpetroll budde i eit fjell. SONGEN OM SKORPETROLLET (Kan syngast med same melodi som Mikkel Rev) Skorpetroll, Skorpetroll stal ei lita skorpa Æ-Æ-Æ Pass no på, pass no på, alle dine skorper Æ-Æ-Æ Alle små vil no sjå, alle dine tenner Æ-Æ-Æ Fordi me er, fordi me er, alle dine venner Æ-Æ-Æ Skorpetroll, Skorpetroll, henger oppe i fjellet Æ-Æ-Æ Og du må, passe på, alle dine fisker Æ-Æ-Æ Desse har medverka til boka vår: Solsikkene Villvettene: Personalet : Blåklokkene Julie Nielsen Amanda Støle Blåklokkene: Storm Edin Hylland Gabrielsen Rikke Sætre Bjelland Alea Flodsand Margunn Kjærland Eline Bjørke Ljostveit Alva Nyrud Uppheim Sham Sami Åse K Sahr Magnus Romarheim Gausvik Angelica Petterson Fjelland Aurora Langeland Britt Iren Hjelmeland Vendela Andersen Angelica Andersen Siri Aasgard Katrine Hareide Andrei Bringedal Mariell Bruntveit Vegar Joleik Tobias Sætre Bjelland Erik Aakre Anasophia Godinez Solsikkene: Martin Nielsen Geir Hillestad Michael Løland Hildegunn T Rusten Brynjard Sund Helvik Cecilia Skålnes Fausk Martin F Smith Reni Johannessen Lotta Nilsen Mathisen Trym Kvandal Mathias Veastad Lise Karin E Hanssen Åshild Kolle Vilde Reime Jonas Naterstad Anne Helen Kaldestad Ealhab Thomas Isaac Julian Tveit Ribe Teodor Flodsand Brage Kvandal Anna Hjelmeland Naterstad Adrian Tveit Ribe Nathalie Stoknes Nora Kortilla Haugen Eimund Kolle Mohammed Haider Hadi Elias Hjelmeland Bjelland Evy-Ann Seljelid Joleik Nifthalem Ammanuel Debesay Villvettene: Anne Grethe Veastad Line Valstad Renate Svindland Heidi N Uppheim
© Copyright 2024