Førebuing

Førebuing
23.11.2015
NOR1049 Norsk som andrespråk, overgangsordning
Elevar og privatistar
Nynorsk
Christian Krohg: Gode venner, 1897
Nynorsk
Nynorsk
Informasjon til førebuingsdelen
Førebuingstid
Hjelpemiddel
Bruk av kjelder
Informasjon om
vurderinga
Tekstar
Førebuingstida varer éin dag. Førebuingsdagen er obligatorisk skoledag. Du kan
samarbeide med andre, finne informasjon og få rettleiing.
På førebuingsdagen er alle hjelpemiddel tillatne, inkludert bruk av Internett. På
eksamen er alle hjelpemiddel tillatne, bortsett frå Internett og andre verktøy som
kan brukast til kommunikasjon. Omsetjingsprogram er heller ikkje tillatne.
Eksamensoppgåvene er knytte til tekstane i denne førebuingsdelen. Du skal ta
med deg dette heftet og notata dine på eksamensdagen. Dersom du i tillegg vil
bruke andre kjelder i svaret ditt, skal dei alltid førast opp på ein slik måte at
lesaren kan finne fram til dei. Du skal føre opp forfattar og fullstendig tittel på
både lærebøker og annan litteratur. Dersom du bruker utskrift eller sitat frå
Internett, skal du føre opp nøyaktig nettadresse og nedlastingsdato.
Sjå eksamensrettleiinga med kjenneteikn på måloppnåing til sentralt gitt
skriftleg eksamen. Eksamensrettleiinga finn du her, under
Eksamensveiledninger studieforberedende:
http://www.udir.no/Vurdering/Eksamen-videregaende/
Bjerke, André; “Barnet”, Fakkeltog, 1942 (utdrag)
Christensen, Lars Saabye: Historien om Gly, Cappelen 1976 (utdrag)
Holm, Astri: “Fleirspråklegheit ein ressurs”, Adresseavisa 01.06.2010,
www.adressa.no/meninger/article1488753.ece (omsett og tilpassa for dette
oppgåvesettet)
Gibran, Kahlil: Profeten, Bokklubbens lyrikkvenner, 1980. Gjendikta til norsk
bokmål av Annie Riis, omsett til nynorsk for dette oppgåvesettet
Iversen, Bente: «God gamal årgang», Universitetsavisa nr. 10, 06.06.1996.
Tilpassa og omsett til nynorsk for dette oppgåvesettet
Krohg, Christian: Gode venner, 1897. Nasjonalgalleriet
Parr, Maria: Tonje Glimmerdal, Det norske Samlaget 2009 (utdrag)
Riaz, Wasim: “Ungdommer står på venteliste”, Aftenposten 27.01.2015,
www.osloby.no/Ungdommer-star-pa-venteliste-for-a-bli-besoksvenn-pa-sykehjem7877824.html (tilpassa for dette oppgavesettet)
NOR1049 Førebuing
Side 2 av 8
GOD GAMAL ÅRGANG
Kven vil ta seg av dei gamle foreldra sine i
Noreg?
dette meiner Adom er fleire, blant anna korleis
Noreg organiserer familielivet.
Det finst få frivillige til den oppgåva her til
lands. Nordmenn har verken tid, pengar eller
særleg lyst til å ta seg av dei gamle foreldra
sine. Dessutan betaler vi jo masse skatt for at
staten skal gjere den jobben.
- I Noreg står kjernefamilien med mor, far og
barn heilt sentralt. Det er slutt på at fleire
generasjonar bur saman. Når foreldra blir
gamle, tek staten over ansvaret, og dei blir
plasserte på institusjon. Ingen synest å ha bruk
for dei meir. Då er det kanskje ikkje så rart at
færre unge nordmenn ser fram til det å bli
gamle, seier Adom, som sjølv kjem frå
Nigeria.
Hadde vi stilt det same spørsmålet i det
afrikanske landet Nigeria, ville dei sannsynlegvis berre kikka rart på oss. Det er omtrent
utenkjeleg at ungane ikkje tek seg av foreldra
sine når den tida kjem.
I Nigeria nyt eldre framleis stor respekt og blir
sett som ein viktig del av samfunnet. Sjølv om
forskjellane i haldningar til eldre er store i
Noreg og Nigeria, har Ahams Adom også
funne interessante likskapar i sitt doktorgradsarbeid i psykologi. I ein krysskulturell
studie har Adom sett på korleis unge vaksne
ser på eldre i landet sitt, og korleis dei opplever
seg sjølve i forhold til eldre menneske.
- Funna mine tyder på at det er vesentlege
likskapar, men også interessante forskjellar når
ein ser på unge menneske sine haldningar til
eldre og det å bli eldre sjølv i desse to landa,
seier Adom.
Dei geografiske, kulturelle og sosioøkonomiske forskjellane mellom Noreg og Nigeria
er store. Dette ser også ut til å prege haldningane unge har til eldre. I Adoms undersøking,
som er gjort blant universitetsstudentar, er
unge nigerianarar meir positive til det å bli
gamle enn norske ungdommar er. Årsakene til
Unge nordmenn meiner likevel at eldre
menneske har fleire positive eigenskapar enn
ungdommar har. Det same meiner unge i
Nigeria, men i større grad.
- Det er fordi vi i Nigeria har eit heilt anna syn
på dei gamle enn nordmenn har. I Nigeria er
det storfamilien som er den viktigaste familietypen. Der bur fleire generasjonar saman.
Tidlegare undersøkingar har vist at dersom
unge har kontakt med eldre menneske, får dei
ei meir positiv haldning til dei.
Adom peikar på at eldre i Nigeria nyt stor
respekt i samfunnet. Dei unge rådfører seg
svært ofte med dei før dei tek viktige
avgjerder.
- Eldre er ein aktiv del av det nigerianske
samfunnet, sjølv etter at dei har slutta å jobbe.
Eldre menn er overhovud i familien og tek
viktige avgjerder, løyser kranglar og gir råd.
Eldre kvinner får ofte rolla som barnevakt og
gir råd til det beste for familien. Slik har dei
eldre ein sterk posisjon både i familien og ute i
samfunnet.
Av Bente Iversen, Universitetsavisa nr. 10, 6. juni 1996
www.ntnu.no/universitetsavisa/nr10/gamle.htm (25.08.15). (Omsett til nynorsk og tilpassa dette oppgavesettet)
NOR1049 Førebuing
Side 3 av 8
Barnet
Å møte et barn i blikket
er mer enn et møte med vår,
det er som å dra på en reise
tilbake titusener år
og ikke bare finne
sin egen barndom på ny,
men artenes famlende barndom
i tidenes morgengry!
Profeten
Og ei kvinne som heldt eit barn mot brystet, sa:
Snakk til oss om barn.
Det er som om tusener slekter,
glemt av historiens sang
lever i ungens lemmer,
lever – for annen gang;
livet i årmyriader
på veien mot det som ble oss,
speiles av barnekropper
som dråpen speiler en foss!
Og han sa:
Jeg sitter og ser på den lille
som leker på morgenens strand
og bygger med flinke hender
riker av rinnende sand.
Jeg føler at her er den samme
famlende, skapende hånd
som engang hugget i stenen
med urtidens lyn i sin ånd –
De kan gi dei kjærleik, men ikkje tankar,
Barn! Som viljeløst gjentar
selve naturens motiv:
Veksten – og bærer i deg
summen av jordens liv,
gro imot nye former
i tidenes evige vår,
du lille urtidsvesen
på fire velsignede år!
André Bjerke, 1942
Dykkar barn er ikkje dykkar barn.
Dei er Livets søner og døtrer med sine eigne lengsler.
Dei kjem gjennom dykk, men ikkje frå dykk.
Og sjølv om dei er saman med dykk,
tilhøyrer dei ikkje dykk.
For dei har sine eigne tankar.
De kan gi hus til kroppane deira, men ikkje til sjelene,
For sjelene til barna bur i morgondagens hus, og dit
kan de ikkje kome, sjølv ikkje når de drøymer.
De kan streve etter å likne dei, men ikkje prøv å få
barna til å likne dykk.
For livet går ikkje bakover eller blir verande ved
dagen i går.
De er dei bogane som barna dykkar blir skotne ut frå
som levande piler.
Bogeskyttaren ser merket på den evige stien, og Han
bøyer deg med krafta si, så pilene hans skal flyge
langt og fort.
Ver glad når du blir bøygd i handa til bogeskyttaren,
For slik Han elskar pilene som flyg, elskar Han også
den trygge bogen.
Utdrag frå boka Profeten av Kahlil Gibran, 1923. Gjendikta til norsk
av Annie Riis, omsett til nynorsk for dette oppgåvesettet
NOR1049 Førebuing
Side 4 av 8
Historien om Gly
I boka “Historien om Gly” møter vi Gly som bor på Fredheim Hospits.
I rommet ved siden av han bor frøken Monsen.
I værelset ved siden av Gly bor frøken Monsen.
Frøken Monsen er eldre enn de fleste. Hun får de
fleste til å føle seg yngre. Hun klager alltid. Trekk
fra vinduet. Sengen. Kranene som ikke virker.
Men frøken Monsen blir boende. Det forundrer
Gly.
Gly interesserer seg for lyder. Hver morgen hører
han frøken Monsen: Sengen som knirker idet hun
står opp. Skrittene over gulvet mot vasken. Vannet
som renner. Stillheten når hun kler på seg. Best
liker han lyden av stokken hennes mot
trappetrinnene.
Problem: Frøken Monsen våkner hver morgen til
nøyaktig samme tid. Frøken Monsen har ingen
vekkerklokke.
Gly hører frøken Monsen komme opp trappen.
Han går ut og venter på henne. Hvordan har det
seg at De våkner på samme tid hver morgen?
Frøken Monsen blir stående. Munnen snurper seg
sammen til en liten kvist under nesen. Hun
forsvinner uten å snu seg.
En morgen hørte ikke Gly lydene fra Monsens
rom. Senere hørte han sykebilen. Han oppfanget
noen stemmer. En lege og to hjelpere. Så hørte
han portierens latter nede i trappen. Noen har
fortalt en vits.
Et tomt rom. Et plutselig fravær. Under sengen et
par tøfler. Returnerte brev. En nøkkel blir hengt
opp på tavlen.
av Lars Saabye Christensen, 1976
NOR1049 Førebuing
Side 5 av 8
«Forskningskampanjen 2014 viser elles at barn og unge snakkar mange språk, og
halvparten seier dei bruker meir enn eitt språk eller éin dialekt dagleg. Over ein tredel
snakkar tre språk, ein av fem kan fire språk.»
Frå artikkelen «’Norsklish’ inntar ungdomsspråket» av Kristine Grue Langset, Aftenposten oppvekst 1/2015
Fleirspråklegheit ein ressurs
I dag bruker meir enn 50 prosent av menneska på jorda to eller fleire språk til dagleg
som er heilt forskjellige.
I 1984 var eg på besøk i ein flyktningleir i
Eritrea, der det var mange barn i skolepliktig
alder. Enno kan eg hugse korleis barna sat tett i
tett under eit stort akasietre, mens dei følgde
ivrig med på undervisninga. Etter kvart gikk
det opp for meg at desse barna kunne tre
forskjellige alfabet. Morsmålet til barna var
tigrinja. Dette språket brukte dei i munnleg
kommunikasjon med familie og vener. Tigrinja
har eit eige alfabet som for meg, som er vane
med det latinske alfabetet, liknar på kinesisk. I
tillegg lærte barna arabisk og italiensk. Begge
desse språka har forskjellige alfabet.
I Noreg tenkjer vi sjeldan på at vi berre bruker
eitt alfabet når vi skal lære dei språka som har
hatt status og interesse i vår kulturkrins.
Diskusjonen hos oss har stort sett dreia seg om
kor vanskeleg det er for norske skolebarn å
lære seg nynorsk og bokmål. Elles er språkdebatten prega av kor problematisk det er at
minoritetar får opplæring på morsmålet sitt,
saman med norsk. Tidlegare, faktisk så seint
som på 1960-talet, var det ei vanleg oppfatning
at det å bruke minoritetsspråk gjorde det
vanskelegare å lære seg majoritetsspråket. I
løpet av dei siste tjuefem åra har både
internasjonal og nordisk forsking vist at
morsmålsopplæring ofte fremjer læring av
majoritetsspråket.
Einar Haugen (1906–1994) var ein amerikansk
lingvist og professor ved universiteta
Wisconsin-Madison og Harvard i USA.
Haugen var sjølv ein tospråkleg amerikanar
med norsk som det andre morsmålet sitt.
Haugen såg mangfaldet av språk i verda som ei
NOR1049 Førebuing
velsigning og ei kjelde til eit rikare liv for alle
som har meir enn eitt språk. Sjølv opplevde
han å lære seg det amerikanske språket på
skolen og saman med vener. Den norske
dialekten fekk han tilgang til gjennom dei
norske foreldra sine, som var frå Oppdal.
I boka «Babels forbrødring» skriv han om barn
som veks opp med to språk at det ikkje har
uheldige følgjer å vere tospråkleg, dersom
miljøet er godt og støttande. Under slike
forhold vil problema med å integrere to
kulturar og to språk ikkje bli for store for
barnet: «Tvert imot gir det ei tilfredsstilling
som i alle fall for meg har vore større enn det
eg har fått ved å lære andre språk seinare i
livet.» Haugen trekkjer her fram eit støttande
miljø og aksept for tospråklegheit som viktige
element for å lære seg fleire språk.
Korleis blir eit barn som har vakse opp i Irak,
møtt i den norske skolen og samfunnet i dag
når det har med seg arabisk i den språklege
bagasjen? Synest vi det er ein ressurs å få
innbyggjarar i Noreg som i framtida kan
meistre arabisk så godt at dei kan ha kontakt
med menneske og kultur, og utvikle
økonomiske og kulturelle band til eit
språksamfunn med over 170 millionar
menneske?
Astri Holm, Adresseavisa 1. juni 2010,
www.adressa.no/meninger/article1488753.ece
Teksten er tilpassa og omsett til nynorsk for dette
oppgavesettet
Side 6 av 8
FOTO: ROBERT MCPHERSON
Ungdommer står på venteliste for å bli besøksvenn på sykehjem
Ballongtrim, Ludo og historier fra annen verdenskrig er noen av stikkordene når tenåringer
besøker eldre på Stovnerskogen sykehjem.
- Vi snakker ikke bare om én ting. Det er litt av
hvert. Det er jo koselig å ha ungdom på besøk,
sier Hildur Lovise Lier (93).
Siden høsten 2013 har elever fra Tokerud skole
i Groruddalen hatt muligheten til å besøke
eldre på Stovnerskogen sykehjem. Interessen
blant elevene er så stor at man må sende
søknad, og deretter blir man kalt inn til intervju
før man blir valgt ut. De unge besøker
sykehjemmet en gang i måneden.
- Jeg ble veldig glad da jeg ble plukket ut.
Her hører jeg historier fra annen verdenskrig og gjør andre morsomme ting sammen
med beboerne. Jeg har tenkt å ta helse- og
oppvekstfag på videregående, og vurderer å
jobbe med eldre i fremtiden, sier Sahana
Suwaminathan (15) som går i tiende klasse.
- Her lærer jeg masse. Blant annet hvordan
man skal kommunisere med eldre. Noen
ganger kan det være vanskelig å sette i gang
samtaler fordi ikke alle klarer å henge med på
grunn av sin sykdom. Andre ganger kan det
komme uventede reaksjoner på grunn av
minner fra gamle dager. Vi må kunne takle
slike situasjoner, sier Sara El-Hasan (15).
- Forskjellen mellom dagens unge og eldre er
enorm. De som er født i Norge de siste 20
årene har bare hatt det godt. De har ikke
opplevd dårlige tider og krig som de eldre. Det
NOR1049 Førebuing
er synd at det er svake bånd mellom generasjonene. Derfor er det viktig med slike møter,
sier Ali Al-Jabri (16), som også sitter i gruppen
som organiserer hele ordningen.
Det var Liv Bergh, diakon i Høybråten,
Fossum og Stovner sogn, som kom på ideen
om å koble sammen de unge med sykehjemmet. Hun mener at unge og eldre kan lære
mye av hverandre.
- Hele 27 ungdommer er i dag besøksvenner på
Stovnerskogen sykehjem, og i tillegg står 40
ungdommer på venteliste for å være med på
ordningen. I disse dager skal vi ha et møte med
Sykehjemsetaten. Vi tror at dette kommer til å
bli igangsatt for ungdommer i hele byen, sier
Bergh.
Ungdommer som blir valgt ut får kurs og
veiledning før de starter som besøksvenner.
Ordningen er også en del av valgfaget "innsats
for andre" på Tokerud skole.
Det er liten tvil om at de unge blir satt pris på.
- Ikke glem oss! Dette sa de eldre til oss siste
gang vi var her før sommerferien i fjor. Selv
om mange her har demens og ikke husker
ansiktene våre, så forstår vi hvor mye disse
besøkene betyr for beboerne, sier Ali.
Av Wasim K. Riaz, Aftenposten 27.01.2015
Side 7 av 8
Tonje Glimmerdal
Tonje er det einaste barnet som bur i Glimmerdalen. Bestevennen til
Tonje er Gunnvald på 74 år, og dei to kjenner kvarandre ut og inn.
− Tenk å vere bestevenn med ein slik gammal staur, seier Tonje i
tunge stunder. – Det er min santen eit sørgjeleg utval vi har her i
Glimmerdalen.
Men inst inne veit Tonje at Gunnvald hadde vore bestevennen
hennar om det så budde ti år gamle barn på kvar einaste tue i heile
dalen. Ho er så glad i Gunnvald at det knakar i hjartet. Han er faktisk
gudfaren hennar også. Det var modig av mamma og pappa å la ein
slik brumlebasse bere henne til dåpen, synest Tonje. Han kunne
berre sleppt henne rett i kyrkjegolvet med eit klask, om han var i det
humøret. Ja, for Gunnvald kan vere så vrang somme tider at det er
heilt utruleg. Likevel ville mamma og pappa at det skulle vere
Gunnvald og ingen annan. Dei la Tonje i dei digre nevane hans, og
sidan har han aldri sleppt henne.
− Kva skulle du gjort utan meg, Gunnvald? spør Tonje ofte.
− Då hadde eg grave meg ned og sjølvdaua, svarar Gunnvald.
Utdrag frå Tonje Glimmerdal av Maria Parr, 2009
NOR1049 Førebuing
Side 8 av 8