Førebuing

Førebuing
30.05.2016
NOR1405-NOR1410 Norsk for elevar med kort butid i Noreg
Elevar
NOR1049 Norsk som andrespråk for språklege minoritetar
Elevar og privatistar
Kikki Hovland: Listen, litografi 2010
Nynorsk
Nynorsk
Informasjon til førebuingsdelen
Førebuingstid
Hjelpemiddel
Førebuingstida varer éin dag. Førebuingsdagen er obligatorisk skoledag. Du kan
samarbeide med andre, finne informasjon og få rettleiing.
På førebuingsdagen er alle hjelpemiddel tillatne, inkludert bruk av Internett.
På eksamen er alle hjelpemiddel tillatne bortsett frå Internett og andre verktøy
som kan brukast til kommunikasjon. Omsetjingsprogram er heller ikkje tillatne.
Ved bruk av nettbaserte hjelpemiddel til eksamen er det viktig å kontrollere at
kandidatane ikkje kan kommunisere med andre (dvs. samskriving, chat, alle
mogelegheiter for å utveksle informasjon med andre) under eksamen.
Bruk av kjelder
Eksamensoppgåvene er knytte til tekstane i denne førebuingsdelen.
Du skal ta med deg dette heftet og notata dine på eksamensdagen.
Hvis du i tillegg vil bruke andre kjelder i svaret ditt, skal dei alltid førast opp på
ein slik måte at lesaren kan finne fram til dei. Du skal føre opp forfattar og
fullstendig tittel på både lærebøker og annan litteratur. Dersom du bruker
utskrift eller sitat frå Internett, skal du føre opp nøyaktig nettadresse og
nedlastingsdato.
Informasjon om
vurderinga
Tekstar
Sjå eksamensrettleiinga med kjenneteikn på måloppnåing til sentralt gitt
skriftleg eksamen. Eksamensrettleiinga finn du her, under lenka
Eksamensveiledninger studieforberedende:
http://www.udir.no/Vurdering/Eksamen-videregaende/
Berg, Ingrid Helen: «Musikken betyr alt», http://www.ringblad.no/puls/musikken-betyralt/s/1-97-5372965 05.11.2010 (nedlastingsdato 21.01.16, omsett til nynorsk)
Bromark, Marit: «Barn oppfattar at det viktigaste er å vere flink»,
http://www.aftenposten.no/familie-og-oppvekst-old/Barn-oppfatter-at-det-viktigste-er-avare-flink-7841927.html (21.01.2016, korta ned og omsett til nynorsk)
Foldøy, Reidun Elise: «Den store dagen», Frå Ein stad å møtast, Aschehoug 2008 (utdrag)
Grytten, Frode: Twitter-noveller https://twitter.com/FrodeGrytten 30.05.2013,
04.04.2013 og 02.03.2013 (nedlastingsdato 23.02.2016)
H.K.H. kronprinsesse Mette-Marit: Tale, utdrag
http://www.kongehuset.no/tale.html?tid=120521&sek=26947&scope=0
(nedlastingsdato 22.01.2016)
Hagerup, Inger: “Blomstertale”, Jeg gikk meg vill i skogene, Aschehoug forlag 1939
Hamsun, Knut: Victoria, Gyldendal 2009 (utgitt første gong i 1898). Utdrag, språkleg
tilrettelagt
Hovland, Kikki: Listen, 2010. © Kikki Hovland/BONO 2016
Ku. Pa. Ra. “Innen rekkevidde”, Frå Indisk lyrikk, Bokklubben 1979. Norsk gjendikting
ved Paal Brekke
Sæteren, Tomes Brekke: “Fotballen betyr alt for meg”,
https://www.fotball.no/Landslag_og_toppfotball/spillerutvikling/Unge-profiler/2014/-Fotballen-betyr-alt-for-meg/ (nedlastingsdato 23.02.2016, omsett til nynorsk)
Reklame «Kjærlighet som varer»: http://www.tibe-t.no Foto: Geir Mogen
NOR1405-NOR1410-NOR1049 Førebuing vår 2016
Side 2 av 8
Blomstertale
Du talte med din kloke røst
en aften disse kloke ord
at kjærlighet har vår og høst
som alle andre ting på jord.
Og livets lov, sa du, er den
at alt som spirer fram skal dø,
men vokse veldig opp igjen
den neste vår fra høstens frø.
Fritt oversatt, – slik svarte jeg –
skal dette blomsterspråk bety
at en av oss (sannsynligst jeg)
skal visne og gro opp på ny.
Men gå i frø for din skyld? Nei,
det gjør jeg ikke. Unnskyld meg!
Jeg er nok ingen hyasint
av de saktmodige og blå.
Jeg er en kaktus, hard som flint,
en sånn med skarpe kanter på.
Og gi meg sol, da blomstrer jeg,
men gi meg storm og ørkensand,
da gror det pigger fram på meg,
mens roten tappert holder stand.
Du tror kan hende ditt farvel
vil rive hele stasen opp?
Nei, jeg slår knuter på meg selv
så tusen pigger står i knopp! –
Min stemme var visst nokså hård.
– Men det var sommer utenfor.
Syriner. Røde mandeltrær,
og mennesker i lyse klær.
Du grep min hånd og kysset den.
– Da blomstret kaktusen igjen.
.
Innen rekkevidde
Et sted dypt nede i meg
virker Du: gir næring
til mine røtter
ny grønn kraft
til tørre grener
Fordriver trettheten
Stammen blir rankere
løvet friskere
skudd skyter fram
knopper åpner seg
Og store mål jeg
avviste som uoppnåelige
har plutselig oppfyllelsen
innen rekkevidde
Ku. Pa. Ra. Fra Indisk lyrikk, 1979
Inger Hagerup, 1939
NOR1405-NOR1410-NOR1049 Førebuing vår 2016
Side 3 av 8
Victoria
Ja hva var kjærligheten? En vind som suser i rosene, nei en gul morild i blodet.
Kjærligheten var en helveteshet musikk som får selv oldingers hjerter til å danse. Den
var som margeritten som åpner seg på vid vegg mot nattens komme, og den var som
anemonen som lukker seg for et åndepust og dør ved berøring.
Slik var kjærligheten.
Den kunne ruinere sin mann, gjenreise han og brennmerke han igjen; den kunne
elske meg i dag, deg i morgen og han i morgen natt, så ubestandig var den. Men den
kunne også holde fast som et ubrytelig segl og blusse like uutslukkelig til dødens
stund, for så evig var den. Hvorledes var da kjærligheten?
O, kjærligheten den er en sommernatt med stjerner på himmelen og duft på jorden.
Men hvorfor får den ynglingen til å gå skjulte veier, og hvorfor får den oldingen til å
stå på tærne i sitt ensomme kammer? Akk, kjærligheten den gjør menneskehjertet til
en sopphage, en frodig og uforskammet hage der det står hemmelighetsfull og frekk
sopp.
Således var kjærligheten.
Nei, nei, den var atter meget annerledes, og den var som ingen annen ting i hele
verden. Den kom en vårnatt til jorden da en yngling så to øyne, to øyne. Han stirret og
så. Han kysset en munn, da var det som to lys traff hverandre i hans hjerte, en sol som
lynte mot en stjerne. Han falt i en favn, da hørte og så han intet mer i hele verden.
Kjærligheten er Guds første ord, den første tanke som seilte gjennom hans hjerne.
Da han sa: Bli lys! ble det kjærlighet. Og alt han hadde skapt var såre godt, og han
ville intet ha ugjort igjen. Og kjærligheten ble verdens opphav og verdens hersker,
men alle hans veier fulle av blomster og blod, blomster og blod.
Spør noen hva kjærligheten er, da er den intet annet enn en vind som suser i rosene
og derpå stilner av. Men ofte er den også som et ubrytelig segl som varer for livet, og
varer til døden. Gud har skapt den av mange slags og sett den vare eller forgå.
Utdrag frå Victoria av Knut Hamsun (1898)
en margeritt – en blomst
en anemone – en blomst
en yngling – en ung gutt
et kammer – et rom
Tre korte noveller frå Twitter
Tekstar på nettstaden Twitter skal inneholde maksimum 140 teikn. Forfattaren Frode Grytten har
publisert mange små tekstar som han kallar noveller, sjølv om dei er ekstremt korte. Her er tre av dei:
Korleis sola fell på den raude kjolen hennar. Fargen av kjærleik. Han har
verkelig ingen idé om korleis han skal gjøre den fargen til sin.
I alle år har han lege vaken om natta og hørt på den fryktelige snorkinga
hennar. No ligg han vaken og hører kor forferdelig stille det er.
Dei helsar i trappa. Kvinna i femte skulle ønske ho var kvinna i etasjen over.
Kvinna i etasjen over skulle ønske ho var kvinna i femte.
NOR1405-NOR1410-NOR1049 Førebuing vår 2016
Side 4 av 8
Den store dagen
I utdraget møter vi det unge paret Eva og Jostein den dagen dei skal gifte seg. Kyrkja er full av
familie og venner.
Med undring og halvgløymde smil møter Eva og Jostein kvarandre ved altaret, som dei møttest
første gongen. Augo er mørke og fulle av løyndom, og han håpar dei vil halde fram med det.
Presten har grått hår og ansikt med riper tett i tett. Ikkje særleg høg er han, og nokså tett. Presten
snakkar og smiler og syng og snakkar att, med malande stemme, mens han ser på dei. Snart
Jostein, snart Eva. Han ser glad ut. Det boblar i henne. Ho skal danse på Scandic etterpå, som ho
aldri før har dansa. I silke og tyll. [...]
– For heretter blir det ikkje lenger eg, men vi, seier presten. – Og de skal ikkje lenger vera to,
men eitt, seier han vennleg. Ho snur seg smilande mot Jostein, og ser forskrekka at den blanke
overleppa hans er fuktig og augo stirande. Nesten lysegrøn er han i ansiktet. Han ser elendig ut!
Eva blir uroleg. Ho prøver å nå inn til han, slik berre ho kan. Snur seg mot han og dultar i han,
med leikande augo. Men det hjelper ikkje. Han ser inn i noko uendeleg langt borte frå henne, og
lèt handa henge tungt når ho grip etter den.
Presten er komen til den siste delen av seremonien. Det er no dei skal svare ja, og Eva er glad dei
snart skal ut og kysse i sollyset på trappa mens vinden leikar med sløret. Snart. Så stiller han
spørsmålet, med milde blå augo seier han spørsmålet. Dette er enkelt, seier augo, du skal berre
seie ja, slik vi øvde på. Det er ikkje farleg. Jostein svarar ikkje. Han ser forskremd på presten.
Nokon hostar. Eva kjenner eit trykk i brystet. [...]
– Til døden skil oss – det er lenge, seier Jostein omsider. Det er faktisk ... alt eg har.
Han står der med altfor lange armar, og bøygd nakke. Det er så stille i kyrkjerommet at ein høyrer
folk svelgje der bakover i radene. – Eg kan ikkje svare ja slik utan vidare, seier Jostein, med for
mykje luft i stemma. Han borar presten med blikket. – Kan hende lever eg i 60 år til. Eller 50.
Eller 10. – Det spelar inga rolle. Det er uansett heile livet mitt det handlar om. Jostein betraktar
skotuppane sine, og stilla ligg kvelande mellom benkeradene. – Du forstår vel alvoret i det du
spør meg om? seier han med nakent ansikt og høge skuldrer. Presten vert ståande urørleg og
formar tause ord med munnen over den svarte Bibelen, som ligg oppslegen mellom hendene.
– Men eg vil det, seier Jostein endeleg. [...] – Eg skal det, seier han og ser henne beint i augo, om eg framleis har råderett over pengane mine, som eg har tent på ærleg vis. Om eg får kjøpa så
mykje sjokolade eller hotdogs eg vil på Statoil, no når eg endeleg er vaksen og har pengar nok til
dét. Eg kan ikkje gifta meg med deg om du har tenkt å ta den fridomen frå meg. Og eg må få lov å
kjøpa ny sykkel, sjølv om den er til ordinær pris, utan at du ramsar opp så mykje anna eg heller
burde kjøpe for pengane mine. Eg vil gjerne leva med deg til døden, seier han, – om eg kan sjå
fotball med kameratane mine laurdagsettermiddagane. For det betyr mykje for meg. Forstår du?
Eg kan ikkje, seier han med kraft i stemma, – pusse opp kvar laurdag, eller male hytta, eller fikse
bilen, eller gjere unna helgevaskinga når du bestemmer at eg skal det. Eg må få møte
kameratane mine og sjå fotball! Elles, seier han. – er det nesten som om livet ikkje er verdt å
leve. [...]
– Og for Guds skuld, seier han, – må du aldri gå i dagevis utan å seie noko, fordi du meiner at eg
veit kvifor når eg ikkje gjer det!
Det boblar av sorg mellom orda i ganen, og augeloka er tunge når ho ser på presten som for
lengst har slutta smile. – Nei, seier Eva stilt. Dei ser spørjande på henne. Presten og Jostein.
– Eg går ikkje med på det, seier ho. – Eg går ikkje med på det.
Av Reidun Elise Foldøy. Frå Ein stad å møtast, Aschehoug 2008. Tilpassa oppgåvesettet
NOR1405-NOR1410-NOR1049 Førebuing vår 2016
Side 5 av 8
Barn oppfattar at det viktigaste er å vere flink
– Noreg har fått ein kultur for spisse olbogar, både blant vaksne og blant barn og unge. Svært
mange unge seier at dei skulle ønskje foreldra viste større interesse for korleis dei har det, og
ikkje berre for korleis dei gjer det. Det seier Kristin Oudmayer, ein av dei fremste ekspertane
på mobbing i Noreg.
– Norsk ungdom opplever at det er eit større fokus på å vere flink enn på å vere grei. Det er
eit inntrykk eg får forsterka kvar gong eg er ute på skolebesøk, seier ho.
Erfaringa hennar stemmer med resultata frå ei større undersøking blant 10 000 ungdommar i
USA, utført av The Making Caring Common Project (MCCP) ved universitetet Harvard.
Ungdommane blei bedt om å rangere kva som var viktigast for dei av desse tre alternativa: å
prestere på høgt nivå, eiga lykke eller å bry seg om andre. Nesten 80 prosent rangerte høge
prestasjonar eller eiga lykke på topp, medan berre 22 prosent meinte at det å bry seg om
andre var det viktigaste. Eit stort fleirtal av ungdommane meinte at foreldra blei meir stolte
av gode karakterar enn av at dei viste omtanke for andre.
I undersøkinga blei ungdommane også bedt om å rangere verdiar som rettferd, hardt arbeid
og det å vere snill. To tredjedelar rangerte hardt arbeid som viktigare enn rettferd, og 60
prosent rangerte hardt arbeid høgare enn det å vere snill.
Tidlegare undersøkingar har vist at svært mange både foreldre og lærarar seier at dei har som
høgaste prioritet å lære barna omtanke for andre, og at det er viktigare enn at dei presterer
på høgt nivå. I ei amerikansk undersøking frå 2012 svarer 96 prosent av foreldra at moralsk
karakter hos barna er svært viktig eller essensielt. Men undersøkinga MCCP har gjennomført,
viser altså at barna oppfattar noko heilt anna.
Stein Erik Ulvund er professor i pedagogikk ved Universitetet i Oslo. Han meiner det er eit
openbert problem at mange norske foreldre har høge ambisjonar på vegner av barna, og at
norske ungdommar truleg ville svart omtrent det same som dei amerikanske.
– Både i skolen og i fritidsaktivitetar innan mellom anna idrett, musikk og dans er det ein
prestasjonskultur. Mange unge opplever eit sterkt press om å prestere, sjølv om foreldre flest
neppe vil innrømme det, seier han.
Ulvund meiner Harvard-psykologane har rett når dei oppfordrar til større vekt på godheit og
omtanke og mindre vekt på prestasjonar og eiga lykke. Når dei fokuserer for mykje på eiga
lykke framfor omtanke for andre, risikerer foreldre at barna blir egoistiske og ulykkelege.
Moderne barneoppseding, der barna får merksemd frå foreldra meir eller mindre heile tida,
er ifølgje MCCP med på å forsterke problemet. Foreldra sine intense ønske om at barna skal
føle seg sett og elska og vere lykkelege, gjer at både foreldra og barna sjølve blir altfor
opptekne av at barna skal føle seg lykkelege. Dette går ut over omtanken for andre.
Men empati og omtanke for andre er viktige eigenskapar for å utvikle gode relasjonar til
andre, både som barn og seinare som vaksen, og dermed også eit viktig grunnlag for at barna
skal vere lykkelege no og i framtida.
Marit Bromark, klikk.no, Publisert 29.12.2014, tilrettelagt og omsett til nynorsk
NOR1405-NOR1410-NOR1049 Førebuing vår 2016
Side 6 av 8
Fotballen
betyr alt for
meg
Av Thomas Brekke Sæteren. Foto: NTB
Scanpix. Publisert 12. mai 2014
Ein gong i veka presenterer
fotball.no ein ung norsk fotballspelar. Her møter vi Ghayas
Zahid som speler for Vålerenga.
19-åringen trivst best med ballen i beina og har ein heilt spesiell kjærleik til fotballen.
– Fotballen betyr alt for meg. Det einaste eg har hatt lyst til sidan eg begynte å spele som femåring
er å bli fotballspelar. Fotball er det einaste eg er skikkeleg god til. Det gir meg glede. Har eg ein dårleg
dag, stikk eg til fotballbanen, da føler eg meg bra igjen, fortel han.
– Det er ein stor del av livet mitt, og eg er veldig takknemleg for at eg får sjansen til å spele på det
øvste nivået i Noreg.
Zahid bur framleis på Mortensrud der han vaks opp og minnest tida i morklubben Klemetsrud med
glede.
– Det einaste vi gjorde da vi var små, var å spele fotball. Det var alltid masse folk og kaos på
fotballbanen. Det var der vi møttest kvar gong vi hadde fri, fortel han.
– Vi hadde eit veldig bra fotballmiljø, og vi var eit lag som spelte saman frå vi var 5-6 år gamle. Vi
hadde den same trenaren fram til vi var 14 år og hadde det veldig gøy saman.
https://www.fotball.no/Landslag_og_toppfotball/spillerutvikling/Unge-profiler/2014/--Fotballen-betyr-alt-for-meg/ (23.02.2016)
Utdrag fra kronprinsesse Mette-Marits tale ved åpningen av Litteraturtoget
«Jeg kan ikke forestille meg et liv uten bøker. Helt fra jeg var liten har jeg blitt lest for, og fått
muligheten til å gå inn i det rommet som fantasien gir. Det å lese, de indre bildene det skaper, de
følelsene det fremkaller – har gjort meg til både et bedre, klokere og mer reflektert menneske. Men
først og fremst har historiene vært mitt fristed.
For meg har bøkene vært et hjem.»
Musikken betyr alt
Ein vanskeleg oppvekst har ført til at rapparen Miloud "Mr. B" Bjørnstad (15) tok til å skrive eigne
tekstar. No har han spelt inn «Mitt liv» og «Dager går fort» i studio.
– Eg klarte ikkje å prate om kjenslene mine, så eg tok til å skrive dei ned i staden. Det er ein
spesiell stad eg liker å sitje og skrive, nemleg på brygga ved Hadeland Glassverk. Det er noko eige ved
den staden. Ei heilt utruleg ro, og der kan eg finne mykje inspirasjon til tekstar, fortel Miloud.
Ein annan inspirasjon for Miloud er barn som er i vanskelege situasjonar. Han hentar også mykje
inspirasjon frå vennene sine.
– Tekstane mine er tileigna andre folk, og det kjem rett frå hjartet. Musikk betyr alt for meg, og eg
hadde nok ikkje klart å finne meg til rette i livet utan det, fortel han.
http://www.ringblad.no/puls/musikken-betyr-alt/s/1-97-5372965 05.11.2010 (21.01.2016)
NOR1405-NOR1410-NOR1049 Førebuing vår 2016
Side 7 av 8
TIBE T:ypografi
dsenter
book/citysy
rtet på face
orien bak hje
rlighetshist
foto: Geir Mogen
Se kjæ
Det er ofte slik at vi ikke ser det. Før vi kommer til et visst punkt.
Og akkurat da. Og bare da. Ser du at det er ekte kjærlighet.
Kjærlighet som varer
TIBE T:rofast foto: Geir Mogen
kjøpesenter XXL
NOR1405-NOR1410-NOR1049 Førebuing vår 2016
Side 8 av 8