Ser du meg? Vaksne er redde for rus – borna ventar!

«Ser du meg? Vaksne er redde for rus – borna ventar!»
21.–22. oktober
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Førde
2015
Småbarndagar
www.smabarnsdagane.no
«Ser du meg? Vaksne er redde for rus – borna ventar!»
Førelesarar
PROGRAM ONSDAG 21. OKTOBER
EVA MIKKELSEN har utdanning som sosionom, rettleiar, familieterapeut, cand.mag i barnevern og har ein Master of Public
Administration frå Copenhagen Business School. Ho har arbeidd innanfor barnevernsfeltet i ei årrekkje, både som sakshandsamar,
leiar, innanfor fosterheimsfeltet og i utviklingsprosjekt. Eva er i dag eigar og leiar av Praxis Bergen, der ho blant anna arbeider med
undervisning og rettleiing, kommunikasjon og konflikthandtering i team. Ho har undervisnings- og sensoroppdrag for Høgskolen i Lillehammer, og er rådgivar i forskningsprosjektet «Familien i fokus» i regi av Norlandsforskning. Ilag med Charlotte U. Johannessen har
Eva skrive boka «Relasjonsbygging i barnehagen. Utvikling av samhandlingskompetanse mellom barnehage, barnevern og foreldre»,
gitt ut på Gyldendal Akademisk, 2015.
08.45–09.15 09.15–09.30 09.30–09.40 09.40–10.45 10.45–11.00 11.00–12.00 12.00–13.00 13.00–13.45 13.45–14.00 14.00–14.45 14.45–15.15 15.15–16.00 Registrering, kaffi og rundstykke
Kulturinnslag ved Nærleiken barnehage
Opning
«Frå refleks til refleksjon i tverretatleg samhandling» v/Eva Mikkelsen
Pause
Eva Mikkelsen held fram
Lunsj
«Hjelpar sine utfordringar i møte med sårbare foreldre; empati, respekt og å vere tydeleg» v/Gro Vatne Brean
Pause
Gro Vatne Brean held fram
Pause med kaffi/te og frukt
Gro Vatne Brean held fram
PROGRAM TORSDAG 22. OKTOBER
08.30–10.00 10.00–10.30 10.30–11.45 11.45–12.45 12.45–13.15 13.15–14.00 14.00–14.15 14.15–15.00 15.00–15.30 «Rus i familien – med barnet i sentrum» v/Anne Elisabeth Brandt
Pause
Anne Elisabeth Brandt held fram
Lunsj
Kulturinnslag v/Maria Tryti Vennerød
Anne Elisabeth Brandt held fram
Pause
Anne Elisabeth Brandt held fram
Avslutning m/utlodning og smågodt
GRO VATNE BREAN er psykologspesialist ved Nasjonalt kompetansenettverk for sped- og småbarn si psykiske helse. Brean
er spesialist i klinisk psykologi, og har sidan studietida vore oppteken av svangerskapet, barsel, og sped- og småbarnstida. Brean
har erfaring frå barnevern, barne- og ungdomspsykiatri, vaksenpsykiatri, samt privatpraksis. Ho arbeider no med gravide, sped- og
småbarn i privatpraksis, og gjennom Nasjonalt kompetansesenter for sped- og småbarn si psykiske helse. Brean har òg ansvar for ei
vidareutdanning i psykoterapi for gravide, og implementering av kartlegging av diagnosesystemet DC 0-3 R. Brean er oppteken av at
kunnskap om nevrobiologi, utviklingspsykologi, tilknyting og emosjonregulering er tilgjengeleg for alle.
ANNE ELISABETH BRANDT arbeider som nevropsykolog ved Barne- og ungdomsklinikken, St.Olavs Hospital. Ho har m.a. toårig
etter­utdanning i sped- og småbarn si psykiske helse fra RBUP Øst og Sør og mange år erfaring med utgreiing og behandling av born
og vaksne ved Avdeling for gravide og småbarnsfamilier, Lade Behandlingssenter. Ho utvikla der ein modell for familiar med rusproblematikk og psykisk sykdom, nærare skildra i boka «Med barnet i sentrum», som Brandt har gitt ut saman med spesialpedagog
Tone Hestmo Grenvik. Brandt har arbeidserfaring fra barnevern, Trondheim kommune og Habiliteringstjenesten for barn og unge,
Trondsletten habiliteringssenter. Har òg arbeidserfaring fra rehabilitering for vaksne ved Avdeling for ervervet hjerneskade, Fys. med.
og rehabilitering, St.Olavs Hospital og Nevrologisk og nevrofysiologisk avdeling, St.Olavs Hospital. Brandt har hatt prosjektansvar for
fleire prosjekt, samt undervisningserfaring frå RBUP, universitet og høgskule. Ho har forskingserfaring frå m.a. nasjonal multisenter­
studie i regi av RBUP Øst og Sør «Barn født av mødre med rusproblemer: reguleringsforstyrrelser og samspillsvansker i de første
leveår», og forskingsprosjekt ved Nevroutviklingslab NTNU.
Stad: Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Førde
Tid: Pris: Onsdag 21. og torsdag 22. oktober 2015
Kr 1350,- inkl. lunsj for begge dagar
Påmelding: www.smabarnsdagane.no
Påmelding innan 14. september
E-post: [email protected]
Ved spørsmål, ring Førde BUP tlf. 57 83 92 07
Betaling: NB! Påmelding er bindande
Faktura vert sendt ut fortløpande med 14 dagar betalingsfrist.
Målgruppe: Helsesøstre, jordmødre, allmennlegar, tilsette ved fødeklinikken og barneavdeling,
BUP, VOP, familiekontor, PPT, barnevern, barnehagar, pedagogar, psykologar og andre som arbeider
med barn og familiar.
Godkjenning: Kurset vert søkt godkjent av Dnlf og NPF for vidare- og etterutdanning. Kurset er
godkjent for NSF som meritterande for godkjenning til klinisk spesialist i sjukepleie/spesialsjukepleie med totalt 11 timar. Oppdatert informasjon om godkjenning av kurs vert lagt ut på nettsida.
Arr.: «Samarbeidsgruppa for sped- og småbarn i risiko for psykiske vanskar» i år representert av
Førde BUP, Flora helsestasjon, og Barne-, ungdoms- og familieetaten, region Vest/Førde.
I år er det born frå Prestebakken barnehage som har illustrert brosjyra..
findriv.no
Arrangementet skjer med støtte frå: RKBU vest www.uni.no/helse/rbup og nasjonalt kompetansenettverk for sped- og småbarns psykiske helse/RKBU Øst og Sør www.r-bup.no, og fylkesmannen i
Sogn og Fjordane.