Hallingdølen - Fjellandbruket

14
NYHEITER laurdag 18. juli 2015
laurdag 18. juli 2015 NYHEITER
15
NØKKELSTØTTE: Midlar frå mel-
lom anna prosjektet Fjellandbruket gir Lars Inge Kaslegard
og kona Eva Elverhøy Kaslegard
(ikkje til stades) mogelegheit
til å utvide drifta på garden.
I sommar går parets dyr på
stølen Tvist i ålingsfjellet.
ny prest: Camilla Osnes blir ny sokneprest i Hemsedal.
Her er nyepresten
16. august får
Hemsedal sin fyrste
kvinnelege sokneprest:
25-åringen Camilla
Osnes.
Kjersti Anderdal Bakken
– Eg gler meg veldig og er
spent på kva som møter meg,
fortel den nyutdanna presten. Ho har studert teologi
på Det teologiske Menighetsfakultetet i Oslo i 6 år.
Det er ein ung sokneprest
som i august tiltrer stillinga
si.
– Eg forstår at mange kan
ha ein skepsis til dette. Men
det er også positivt at eg er
ung og eg veit mange vil
sette pris å det, seier Osnes.
Ho fortel at ho har erfaring
frå leiing og organisasjonsarbeid, men at ho er audmjukt overfor den nye rolla
som prest.
– Alle har begynt ein stad.
Eg har mange gode kollegaer rundt meg som eg har
mykje å lære av.
– Kva er dine visjonar?
– Eg brenn for ei levande
og open folkekyrkje der det
er rom for alle slags type engasjement og folk. Folk skal
oppleva kyrkja som deira,
og at eg er der for dei når dei
treng det.
Som sokneprest håpar ho
å kunne vere med å skape
eit godt miljø i og rundt kyrkja. Særleg har ho eit sterkt
engasjement for barne- og
ungdomsarbeid. Det nære
samarbeidet som skjer på
tvers av kyrkja og dei andre
kristne organisasjonane i
Hemsedal, ser ho på med
stor interesse.
Satsar på gard i fjellet
Ung stab
Kyrkjeverje i Hemsedal Kjetil Storebråten, gler seg stort
til den nye soknepresten
kjem til Hemsedal. Han har
helst på Osnes ved nokre
høve, og trur ho kjem til å
passe godt til stillinga.
n Får tilskot frå Fjellandbruket n – Økonomisk støtte betyr veldig mykje
Eva og Lars Inge
Kaslegard er to av
bøndene som tør
utvide drifta takka
vere økonomiske
støtteordningar
som Fjellandbruket.
Torunn Akersveen Lied
[email protected]
Ein flokk mjølkegeiter tek kvilen utanfor stølsgjerdet i Tvist
ved Rødungen i ålingsfjellet. Lars Inge Kaslegard ser på
dyra, 49 i talet. I løpet av dei
nærmaste åra planlegg han og
kona, Eva Elverhøy Kaslegard,
at borti 90 geiter skal ha tilhald
på garden deira, Randen inst i
Vats. Ekteparet er i ferd med å
utvide og oppgradere garden
for i underkant av 2,5 millionar.
Slikt krev økonomisk støtte.
Avgjerande kroner
– Me held på med å lage eit
påbygg på det eksisterande fjøset, og me renoverer gjødselkjellaren. I tillegg til å auke geitedrifta planlegg me å gå frå 59
til rundt 100 vinterfôra sau. Ved
ei slik satsing blir det snakk om
store summar, men det let seg
gjere når ein får hjelp av støtteordningar, seier Lars Inge Kaslegard.
Det er mellom anna Fjellandbruket han siktar til. I jordbruksoppgjeret i 2013 vart det be-
stemt at frå 2014 til 2016 skulle
seks millionar kroner årleg gå til
fjellbønder som ønskte å satse.
To av millionane vart øyremerkt
Buskerud og Telemark, og både
i fjor og i år har rundt 30 søknadar komne inn til sekretariatet i
Telemark. Rundt halvparten har
fått tilslag, deriblant ekteparet
Kaslegard.
– Me får i underkant av
250.000 kroner frå Fjellandbruket. I tillegg støttar Innovasjon
Norge prosjektet vårt med rundt
650.000, og me ventar svar frå Ål
kommune på om me får støtte
derifrå, seier Kaslegard.
Unge drivkrefter
– Me ser mange som tenkjer
nytt og som tenkjer mogeleg-
FAKTA
Fjellandbruket
n Satsing på tradisjonelt landbruk og
bygdenæringar.
n Prosjekt frå
2014 til 2016.
n Buskerud og
Telemark fordeler 2
millionar kroner årleg
til bønder i 14 kommunar som vil satse.
n 4 millionar går
til fjellbønder i
Midt-Norge.
n Målet er berekraftig drift og
utvikling av landbruket i fjellområde.
heiter, seier Anne Aasmundsen, rådgjevar hjå Fylkesmannen i Telemark, – og ungdom
som vil satse, satsar me veldig
på. Dei er med på å drive fjellandbruket vidare i fjellområde.
I tre dagar ho besøkt bønder
som får midlar frå Fjellandbruk-ordninga.
– Dei som får støtte tek i bruk
fjellandbruket på ein berekraftig måte, og kanskje har dei òg
element av attraksjon og opplevingar i satsinga si, seier Aasmundsen.
Berebjelke
Under gards- og stølsbesøk i
Hol og Ål har òg Marit Torsrud Nerol, jordbruksforvaltar i
Ål kommune, vore med. Nerol
Det blir ein ung og kvinnedominert stab i Hemsedal kyrkje til hausten. Med
både kvinneleg kyrkjetenar,
organist og prest som alle er
i alderen 25 til 30 år, skil dei
seg ut frå ein gjennomsnittleg norsk kyrkje.
– Og så er det meg då –
ein gamal bitter mann, fortel Storebråten med ein humoristisk tone.
Han legg til at enkelte kan
vere tvilande til unge og
kvinnelege prestar. Sjølv har
han stor tru på Osnes.
Ikkje uvanleg
– Det er ikkje uvanleg at
prestar begynner tenesta i
tidleg alder. Jan Olav Skinnemoen, prest på Gol,
starta då han var 23 år. Han
vart hiven rett inn i det etter
10 minutts «peptalk» med
den eigentlege soknepresten, før han stakk av garde
på ferie.
Storebråten har forståing
for at det kan vere litt rart for
enkelte, og synest Osnes er
tøff som takka ja til stillinga.
– Å vere sokneprest i ei
lita bygd er ei spesiell rolle.
Men med ein dyktig mentor
i Skinnemoen, kjem nok
dette til å gå svært bra.
Han trur ein ung sokneprest passar særleg bra i
Hemsedal kyrkje:
– Me har eit ungt kristent
miljø, særleg rundt KRIK.
Der kjem ho til å finne
mange jamaldrande.
Innsetting
Ordinasjon er den formelle
innsettinga av ein prest.
Vanlegvis skjer denne prestevigsla i ein ordinasjonsgudstenest i ein større by.
Osnes har derimot vald at
dette skal skje i Hemsedal
kyrkje. Ho blir då den fyrste soknepresten til å gjere
dette i Hemsedal.
Dette vil skje 16. august,
og vil vere opent for alle å
delta på.
Promillekøyrde på slottsplassen
BESØK: Marit Torsrud Nerol (jordbruksforvaltar i Ål kommune) og Anne Aasmundsen (t.h., rådgjevar hjå Fylkes-
mannen i Telemark) har vore på besøk hjå fleire bønder som får støtte gjennom Fjellandbruket-ordninga, mellom
anna Lars Inge Kaslegard.
sit i Fjellandbruket si koordineringsgruppe i Buskerud og
er med det eit bindeledd mellom støtteordning og søkjarar
som ekteparet Kaslegard.
– Landbruket er ein berebjelke i samfunnet vårt, og me
treng at det blir satsa på framover. Dersom du går med ein
idé om fjellandbruk, ta kontakt
med landbrukskontoret i kommunen din, oppmodar ho.
Etter søknadsfristen 1. april
neste år vil det nemleg vere fer-
ske kroner å hente ut for fleire
unge bønder som vil satse i
fjellstrøk.
– Det er eit reknestykke når
ein satsar, så økonomisk støtte
betyr veldig mykje, seier Lars
Inge Kaslegard.
Ein nesning køyrde i rusa
tilstand inn på slottsplassen
i Oslo.
Han køyrde dit fordi han
fekk ein reaksjon etter å ha
teke dop.
Han rekna med at politiet
ville bli tilkalla umiddelbart når
han køyrde inn på slottsplassen, og på den måten få hjelp.
Og det var det som skjedde.
Han vart arrestert. Medikament-rusen tilsvara 1,2 i pro-
mille, og i Hallingdal tingrett
er han dømt til fengsel i 45
dagar på vilkår og 15.000 kroner i bot. Han vart dømt for
promillekøyring så seint som i
2012, og retten frådømde han
denne gongen førarretten for
alltid.
Mannen forklarte at han
hadde vorte plaga med uønskt
merksemd frå ei gift kvinne. På
grunn av stresset drog han til
Oslo og kjøpte dopet.