SUNNMØRSPOSTEN 5. MAI 2015 Arkiv. F.v. Jon Arne Nordang, Steinar Nordang, Jetmund Øye, og Svein Arne Øye med ein shadow-rev. FOTO: KNUT ARNE AARSET Reiser bust mot Listhaug Om pelsdyrproduksjonen ryk, så ryk også melkeproduksjonen, seier gardbrukarane i Nordangsdalen. No reiser dei bust mot Listhaug som vil fjerne frakttilskotet på fôr til pelsdyroppdrett. NÆRINGSLIV – Det er frakttilskot på alt muleg, på brus og øl, og på bensin og olje. Om dei skal ta bort frakttilskotet for pelsdyrfôr, så det jo merkeleg. Veldig merkeleg, seier Steinar Nordang. Han har drive med pelsdyropprett i Nordangsdalen mange år. – Kva skjer dersom tilskotet til frakt av fôr forsvinn? – Det blir kroken på døra, seier Nordang først. «Klondyke» Deretter fortel han at med dei gode prisane som for tida er på skinn, er det ingen umiddelbar fare for nedlegging. Dei er også heldige som får kjøpt relativt billeg fôr i Trøndelag. Om dei seinaste åra brukar han uttrykket «klondyke». – Særleg dei siste fire åra har vi tent veldig godt, med gode prisar på skinn, seier Nordang. – Vi får igjen for strevet. Men dette varierer opp og ned, seier Svein Arne Øye. – Men viss prisane på skinn går ned 30 prosent, då er det ikkje noko igjen, legg Steinar Nordang til. – Og så får du ingen til å satse på ei næring som styresmaktene ikkje vil prioritere. 60.000 kroner Pelsdyroppdrettarane får i år 17,8 millionar kroner i tilskot til frakt av fôr. I snitt utgjer dette rundt 60.000 kroner per gard, ifølgje tal frå Norges Pelsdyralslag. Tysdag foreslo landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) å fjerne dette tilskotet heilt. Opprettarane i Nordangsdalen veit ikkje kor mykje det utgjer for kvar enkelt av dei. Men at det er snakk om fleire titusen kroner i året er dei ikkje i tvil om. Steinar Nordang kjøpte i fjor 120 tonn fôr, han trur dette er omtrent på snittet for norske pelsdyrgardar. To gonger i veka får dei fôr tilkøyrt frå Oppdal. Svein Arne Øye seier han kjøper rundt 300 tonn i året. Favoriserer Rogaland Dei tre fôrkjøkkena for pelsdyroppdrett er på Oppdal, Hamar og i Rogaland. – I Rogaland har det vore stor vekst i talet på pelsdyroppdrett dei siste åra. Om frakttilskotet forsvinn, vil det favorisere oppdrettarane som held til i desse tre områda, understrekar Nordang. Kjedereaksjon – Eg driv melkeproduksjon også. Dersom pelsdyr ryk, vil også melkeproduksjonen ryke, seier Jetmund Øye. – Det er det fleire som har sagt, at viss pelsdyr ryk, så ryk også melkeproduksjonen, seier Steinar Nordang. – Eg reiser veldig bust når dei skal ta vekk desse 17 millionane i transportstøtte. Dersom dei med det greier å legge ned ei næring, eg er frykteleg skuffa, men ikkje frykteleg forbausa, seier Nordang, som sjølv er lokalpolitikar for Senterpartiet.
© Copyright 2024