14 KULTUR SUNNMØRSPOSTEN Mandag 27. april 2015 KULTUR GISKESPELET 2015: RAGNHILD ER SOM SIST, ELLEN DORRIT PETERSEN, SOM OGSÅ ER Å SJÅ I SERIEN FRIKJENT PÅ TV2. Tips oss: 95 400 400 [email protected] Sentralbord: 70 12 00 00 GISKE Stor grad av splid i årets spel Ifølgje instruktør Paul-Ottar Haga er det duka for endå meir splid i Giskespelet 2015. Ei av rollene i spelet, Isrid, har blitt meir framtredande. Ho er Torberg Arneson sin lausunge, og det blir intrigar når ho dukkar opp på Giske. Isrid vert spelt av ålesundaren Lisa Uhlen Ryssevik. På biletet ser vi ho i ein feide med karakteren Ragnhild, levandegjort av Ellen Dorrit Petersen, kjent frå serien «Frikjent». «Åh, e de hinna kake, sei d • Stor rift om godbitane på lanseringa av boka «Det norske kakebordet» i Gjerdsvik KAKEBOKFEST Den største dødssynda på Sunnmøre er å gå tom for kaker. Med tanke på kor mange som forsynte seg av kakebordet i Gjerdsvika, kunne det ha enda med ein skandale av det søte slaget. 86 stolar. 42 kaker. Det blir nærmare ei halv kake per gjest. Kakebokskaparane Hege Norman-Stormbringer og Anna-Ma Olsson har trass alt budd i distriktet lenge nok til å vite at ein tullar ikkje med den sunnmørske kakebrøken. Men har dei kalkulert med effekten gratis heimebakst og kaffi kan ha på kakegalne sunnmøringar? STORFORNØGDE: Forfattar Hege Norman-Stormbringer og fotograf Anna-Ma Olsson t.h. er overvelda over oppslutninga om boklanseringa på Adolfbuda i Gjerdsvika. Mmmm. Folk flyttar seg tettare og tettare saman for å få plass til fleire. Stolar vert henta ned frå andre etasje i Adolfbuda. Rundt borda pågår det ivrige diskusjonar, og samanlikningar med bileta i boka «Det norske kakebordet». «Den har mor mi baka. Nehei, er du sikker på det?» kjem det frå nokre unggutar. Dei ramlar nesten av stolane i iveren over pynta kremvedunder og gelékaker og sjokoladedraumar. Ei av kakene som får augene til å trille ut av skolten, er karamellkaka til Janfrid Palma Gunnarstein Ristesund. Ho har teke turen frå Kvamsøya, med både karamellkake og fromasjkake medbrakt. Akkurat som i boka. – Åh, denne kaka minner meg om ei mor mi baka. For ei fantastisk bok. Eg føler ho er litt mi òg, seier Ristesund og blar med stor andakt i ferske boksider. Ho vil mest ikkje innrømme det, men karamellkaka er av typen det går gjetord om. Ristesund har delt oppskrifta med fleire. Det hender at ho får telefonar frå folk som treng råd om korleis dei skal få til kaka. – Hemmelegheita? Ikkje piske kremen for mykje. Det er ein kunst å lage kake. Glutenfri. At det fins mange freistande variantar for dei som har glutenallergi, er Elisabeth Borgund frå Gursken glad for å vise fram. Ho har bidrege med oppskrifter på marsipankake, gelékake og budapestrull. Borgund fekk augene opp for kor mykje godt det fins av glutenfri bakst og mat då det blei konstatert at eitt av barna hennar har cøliaki. No har det endåtil blitt ein matblogg. – Eg er ganske sikker på at ingen merkar at kakene eg har baka til i dag er glutenfrie. SPESIALITET: Janfrid Gunnarstein Ristesund byr på spesialiteten sin, karamellkake. Ho har gitt vekk oppskrifta til fleire, og stundom får ho telefonar frå folk som vil ha gode råd om korleis få til kaka. – Det er så mange gode kakeoppskrifter der ute, som er vel verdt å ta vare på HEGE NORMAN-STORMBRINGER FAKTA • Laurdag 25. april var det fullt hus i Gjerdsvika på lanseringsfesten for boka «Det norske kakebordet», Schibsted Forlag. • Forfattar Hege NormanStormbringer og fotograf Anna-Ma Olsson inviterte til gratis kaffi og kakebord, med god hjelp frå Gjerdsvika Husmorlag og andre lokale kakebakarar. • Mange av dei 42 kakeoppskriftene i boka er frå ytre Søre Sunnmøre. Viktig kunnskap. På lerretet er FORSEGGJORT: Ei glutenfri marsipankake etter oppskrift frå Elisabeth Borgund. det eit bilete av ei rennande kake støtta opp av firkløversjokolade. No er det truleg ikkje alle i lokalet som vil vere einig med Hege Norman-Stormbringer, men forfattaren ønskjer òg å applaudere dei kakene som ikkje er prakteksemplar. Dei skakke, som smaker like bra. Sjølv har austlandskvinna drive kafé i Gjerdsvika, og snappa opp mange baketips frå driftige kvinner i lokalmiljøet. Både ho og Olsson har ei djup respekt for den kunnskapen bygdekvinnene har. Dei deler gjerne æra for boka med alle bidragsytarane, og er takksame for at dei har fått ta del i kakehemmelegheitene. – Det er så mange oppskrifter der ute, som ein bør ta vare på før dei forsvinn, meiner forfattaren. Ho vert blank i blikket SUNNMØRSPOSTEN Mandag 27. april 2015 SANDANE Hagekonsert med Vamp Etter suksessen med «Liten fuggel», som selte om lag 200.000 album, tok Vamp eit drygt friår frå scena. No er dei attende. 27. juli er det duka for konsert med Vamp i hagen til Gloppen Hotell, Sandane. Vamp anno 2015 består av Øyvind Staveland, Jan Toft, Odin Staveland, Bjørn Berge og Kjetil Dalland. Konserten er i regi Gloppen Hotell og Gloppen Musikkforum. 1.MAI ARRANGERES DET SANG- OG MUSIKKTREFF PÅ BRATTVÅG BEDEHUS. TREFFET ER I REGI AV RADIO SENTRUM KULTUR 15 BRATTVÅG God gamal bedehussong 1. mai arrangerer Radio Sentrum song- og musikktreff på Brattvåg bedehus. Radioens eige turteam deltek med song og musikk. Teamet består av Eli og Torstein Remme, Oddveig og Kolbjørn Molnes, Hilde M. Gjengedal og Gudrun Longva. Til Brattvåg kjem òg mannskoret Sunnmørsguttene, for å framføre evangeliske songar akkompagnert av trekkspel og gitar. u? Den må ej prøve!» ka KAKEBORD: Mange av oppskriftene i boka «Det norske kakebordet» kjem frå kvinner frå Kvamsøy, Gjerdsvika, Gursken, Ulsteinvik og Fosnavåg. Dei lokale bidragsytarane er Bente Krumsvik, Magny Krumsvik, Palma Hide, Elisabeth Borgund, Janfrid Palma Gunnarstein Ristesund, Gry Støylen, Rut Ristesund, Lene Ristesund Brekke, Magny Schakenda, Margrete Gjerde, Bodil Leikanger, Liv Muren, Ragnhild Kvalsund, Marie Gjerde, Hildegunn Gjerde, Berit Gjelseth og Matilde Stormbringer. når ho tenkjer på bøkene ho har bladd i på sin innsamlingsferd. Bøker med handskrivne oppskrifter og notatar i margen, sirleg førte opp på linjerte sider, som er blitt lett gulna med åra. Det er meir enn ei privat nedteikning som har gått i arv frå mor til dotter. Det er eit stykke kulturhistorie som bør vernast om for ettertida, meiner kakebokskaparane. Forfattaren har ikkje gitt seg med innsamlinga. Ut i frå mottakinga boka har fått, med allereie utselt førsteopplag, ser ikkje Norman-Stormbringer bort frå at det kan bli ein oppfølgjar. Mette og nøgde. Det manglar verken på salige sukk og godord blant dei frammøtte vi snakkar med. – Det var veldig godt. Og for ei fantastisk bok, som så mange lokale folk har bidrege til, meiner Malmfrid Tarberg. – Det er kjekt når det skjer noko. Dei er veldig flinke til å få til ting her i Gjerdsvika, legg Gerd Gotten til. Båe to har teke turen frå Moltustranda. Dei er godt nøgde med at dei har fått vere med på Den store kakefesten. Og i tilfelle du lurer: Alle fata var ikkje skrapa reine då boklanseringa nærma seg slutten. Spørs om det låg an til eit ekte sunnmørsk kakeetterpålag. Med eit glas rosévin til. RANDI LONGVA [email protected] Sjå kakevideo på smp.no
© Copyright 2024