Nr 1 2014

Nr 1, 2014
møte:plassen
Møta nye venner - Søk ja Gud - Få del i oppdraget
Deg være ære
Eit magasin frå Undheimkyrkja
Herre over dødens makt!
Evig skal døden være
Kristus underlagt!
Gode hjelparar
til Ukraina
side 4 - 5
Per Børge
til Nepal
side 6 - 7
GLAD PÅSKE!
Innblikk i
søndagsskulen
side 8 - 9
møte:plassen
1 - 2014
9. årgang
Utgjevar:
Undheim sokneråd
Guds ikon
Hvilke bilder har jeg av Gud? Hvilke
bilder har jeg av meg selv? Jeg har
nettopp lest en bok av Magnus Malm:
«De stumme bildene». Forfatteren sier
at både vårt selvbilde og gudsbilde
er formet av bl.a. oppvekst, skole,
jobb, venner, foreldre, religiøst miljø,
åndelige ledere, forbilder, litteratur og
kirkelige tradisjoner. Guds spørsmål
til oss er «Hvor er DU?» Hvor er du
og jeg, og hvem er du og jeg under
alle bildene vi har av oss selv? Vi er
Guds ikon! Skapt i Guds bilde! En
avglans og avspeiling av Gud!
Vi må velge å kvitte oss med våre
bilder og begynne å se på oss selv slik
Gud ser på oss. Gud må få det siste
ordet om hvem vi innerst inne er. Gud
vil knuse det som skygger for ikonet
jeg innerst inne er.
Hvordan er gudsbildet vårt? Forholdet
til Gud er gjerne blitt erstattet av
forestillinger om ham. Det er viktig
å lære å se forskjellen mellom våre
forestillinger om Gud og den levende
Gud, han som er den han er, uansett
hvilke bilder vi har av ham.
Det er en viktig sammenheng mellom
vårt selvbilde og vårt gudsbilde.
Selvbildet ligger i bunnen av alle våre
relasjoner, også gudsforholdet. Gud
kaller oss ut av bildene. Jesus er Guds
ikon i verden: Han er den usynlige
Guds bilde. Han skal vise oss hvem
Gud er. Og hvem vi selv er.
2
Redaktør/grafisk utforming
Hanne Brit Sandsmark
tlf. 996 26 157
Påsken står for døra. Det er minner
om kors, men også håp. Død, men
også seier. Korset er den store
bildeknuseren. Da bildene brast,
fikk menneskene direkte adgang til
den levende Gud. Alt vi har bygd
opp, ramler sammen ved korset.
Katastrofalt. Frigjørende. Jesus vil
sette mennesker fri fra de bildene vi
så lenge har vært slave under.
Gud ønsker en fortrolig relasjon med
oss mennesker. Han ønsker at vi
snakker med Gud om det som er inni
oss. Først når jeg er sann mot det jeg
har i meg, og sier det til Gud, kan jeg
ta imot det Gud sier om seg selv. Man
må kanskje kaste mange selvbilder og
gudsbilder langs veien. Sånn er det å
være menneske i denne verden. Men
når vi får fotfeste i Jesu kjærlighet,
kan vi begynne å slippe taket i bildene
våre. Da kan vi, med Guds hjelp, se
oss selv slik Gud ser på oss. Da vil vi
se den levende Gud, og ikke vårt bilde
av Gud. Da kan vi speile oss i Guds
ansikt.
Vi er syndere, men tilgitt og høyt
elsket, utvalgt, verdifull, unik og mye
mer. Gud er hellig og tåler ikke synd.
Men han elsker oss og tilgir oss, han
har planer for oss og vil gi oss framtid
og håp. Og Gud vil ha en relasjon med
oss.
Jeg har lyst til å ha disse tankene med
meg inn i denne påsken. Tankene om
at korset åpner en vei bort fra bildene
og inn i virkeligheten. Til meg selv.
Og til Gud. Det ønsker jeg for alle
andre også.
Gunn Berit Soldal
Redaksjonen:
Marta Dagestad Undheim
Siv Herikstad Undheim
Gunn Berit Landa Soldal
Hanne Brit Sandsmark
Adresse:
Møteplassen
Time kyrkjekontor
Pb 373
4349 Bryne
E-post:
[email protected]
Internett:
www.håp.no
www.undheimkyrkja.no
www.time-kyrkja.no
Trykk:
NetPrint Prosessen, Bryne
Opplag: 500 eks.
undheim sokneråd
kontonr.: 3325.21.55657
N r 1,
v en
:p
møte
nye
Møta
mag
Eit
2 0 14
ag e t
n
lasse
ja
- S øk
ne r
Gu d
asi
op p dr
de l i
- Få
nd
å U
n fr
hei
a
rkj
mky
ære
t!
være
mak
Deg
ens
d ød
ver
re o
er
være
H
den
ø
d
al
g sk
Evi
gt!
erla
und
stus
Kri
arar
hjelp
Gode kraina
til U de 4 - 5
si
ørge
Per B pal
til Ne 7
side
6-
E!
ÅSK
D P
GLA
likk i
Innb kulen
agss
sønd side 8 - 9
Jeg vil gi deg, å Herre min lovsang!
Jeg vil gi deg, å Herre min lovsang.
Jeg vil takke deg med mine ord.
For din nåde som er uten grenser,
og for godhet og kjærlighet stor.
Kor :
Jeg vil gjøre mitt liv til en lovsang til deg,
la hver tone en hyllest til deg være.
Og i dager med glede og dager med sorg,
vil jeg leve hver dag til din ære.
Ingen annen er verdig den sangen,
Bare du, Herre, eier min sang.
Og i himlen skal lovsangen lyde,
Til din ære en evighet lang.
Og om sangen iblant skulle stilne,
Og forstyrres av uro og strid,
Herre åpne på ny mine øyne,
Så jeg ser at hos deg er min fred.
Tekst og melodi: Christer Hultgren og Per Hagen
Det er mange sanger eg liker godt, men denne er blant
favorittane.
Første gong eg høyrde sangen, var i Ungdomsforeninga
på Undheim. Vi brukte den ofte, og sidan då har den vore
med meg.
Sangen handler om at vår takk og lovsang tilhøyrer Herren.
Gud har skapt oss, og Hans kjærlighet til alle menneske
er så stor at Han sende sin eigen son, Jesus, til jorda for å
frelsa oss. Jesus ofra seg, slik at vi blei fri, heilt ufortent.
Alt er av nåde.
Livet inneheld både glede og sorg. Jesus elsker oss, og
ønskjer å vera med, enten dagen er god eller vond.
Livet mitt har innimellom bydd på tøffe perioder. Det er
då eg har hatt nokre av mine finaste stunder saman med
Jesus. Fleire gonger har Han lagt kappa si av fred over
skuldrene mine.
Men det er også i dei tunge tidene eg har følt at Jesus har
vore lengst borte. Når den verste stormen har lagt seg, så
har eg sett at det er då Jesus har bore meg.
Derfor tilhøyrer min takk og lovsang Herren.
Tone Gudmestad
3
Eit godt team:
Magna og Tor Helge Undheim
Tekst: Marta Dagestad Undheim
Foto: Privat
- Me har alltid hatt mykje å hengja fingrane i, men så
interessant som me har det no, har me vel aldri hatt det.
Me får møta så mykje gilde folk. Verkeleg eit liv som er
verdt å leva!
Det er Magna og Tor Helge Undheim som seier dette. Me
møter dei heime i den lune stova der bilete av små og store
prydar veggane. Det er tydeleg at familien betyr mykje for
dei. Dei slutta som bønder for fleire år sidan, men etter
det har Tor Helge vore ute i anna arbeid. No til sommaren
sluttar han av. - Det er godt å ha tid til dei småe som no bur
på garden, og så er me ganske mykje ute på oppdrag. Det
er så gildt. Der er dei samstemte.
Ikkje gode nok
- Me trudde ikkje me var gode nok til å rekna oss som
kristne, fortel Magna. Det er rundt ti år sidan ho «såg» kor
feil det er å tenkja slik. - Me treng ikkje vera gode nok for
Jesus er god nok for oss. Det er så befriande godt!
Tor Helge gjekk også med tankar om at han var altfor
dårleg til å vera ein kristen. Men Gud hadde ei ordning.
I barneskulen fekk Tor Helge ein god kamerat i Erling
Mæland. Etter at Erling og familien flytta til Klepp, gjekk
det mange år før dei skulle møtast att. Men dei tenkte
mykje på kvarandre, skulle det visa seg.
Forbøn
Erling var engasjert i Frelsesarmeen og hadde oppdrag
rundt om i verda. Men ein dag etter han var flytta heim,
stod han på arbeidsplassen til Tor Helge og skulle kjøpa
material. - Då var kontakten knytta igjen, fortel Tor Helge.
- Me vart inviterte heim til dei, og der rundt eit koseleg
kaffibord, spurde Erling om han kunne få be for meg. Ja,
kan skjønna det, sa eg. Han la hendene på meg og ba. Skal
sei eg kjende det. Det var så godt. Eg kjende ein god varme
strøyma, sikkert rundt hjarterøtene som me seier.
Det vart eit før og eit etter for Tor Helge. Før hadde han lett
for å tenkja kav og problem før han sovna, men no «ser»
han så mykje fint og herleg å gleda seg over.
- For meg er det veldig godt at me kan gå saman til nattverd,
legg Magna til. - Det gledde eg meg til i fleire år.
4
Ut og syngja
I periodar er dei mykje ute og opptrer, gjerne fleire kveldar
i veka . Dei er i kristelege forsamlingar, men òg i andre.
- Me likar oss godt i lag med dei kyrkjesjeldne, fortel
Magna. - Eg trur me kan seia at me har som eit kall til det,
for me kjenner oss så heime med dei. Me veit korleis dei
tenkjer. Slik tenkte me òg. Det er mykje gudstru mellom
folk, men dei torer ikkje vedkjenna seg det for dei reknar
ikkje med dei er gode nok. Det er viktig for oss å fortelja
kva Gud har gjort for oss.
Eit godt team
Magna og Tor Helge har alltid spela på lag. Ser me den
eine, er den andre aldri langt unna. - Me er spurde om å
vera med i foreningar og grupper kvar for oss, men me
får halda i hop me to, seier Magna og understrekar at dei
opplever det så meiningsfullt å kunna vera i lag, ho med
sang og han med trekkspel. - Me er eit godt team!
ballongar, leiker, men ikkje snop. Ein gong i året reiser
Magna og Tor Helge ned til Ukraina. Viss dei reiser med
buss kan dei ta med mykje. - Det er så gildt å dela ut, dei
vert så glade, seier Tor Helge. - Verre viss det er tomt når
dei siste kjem, men me plar finna ei ordning då òg.
Stor fattigdom
- Me kan mest ikkje tenkja oss korleis dei har det i husa
sine. Ein må stålsetja seg før ein går inn, fortel Magna. - Ei
forferdeleg lukt. Hundar og kattar spring inn og ut av husa
og gjer frå seg over alt, og rotter er det mykje av. Men me
ser at nokre av husmødrene er flinke og held det meir i
orden. På veggen har fadderborna hengt opp bilete av oss
- og Jesus. Tenk det!
Folket der har ei enkel og sterk tru på Gud og Jesus. Det er
det håpet dei har om at ting kan verta betre. Også borna er
frimodige. - Vert dei oppfordra til å be høgt, reiser dei seg
ved bordet, små born på 4 -5 år, og ber høgt og frimodig.
Det er så sterkt og fint.
House of mercy
Dei får mange positive tilbakemeldingar, og det gjer godt.
- Trur folk opplever at me er naturlege og alminnelege. Og
det er me glade for å høyra. Når Tor Helge har gløymt kva
tone han skal spela, kviskrar Magna det i øyra hans. Då
smiler folk og kosar seg.
Dei trivst veldig godt i lag med Lindesnes trekkspelklubb.
Dei er friske og gode, og mange av dei er kristne. - Me
møter kristne over alt, i alle slags foreningar og lag. Det er
så fint. Kristne skal engasjera seg og vera i lag med andre
folk og vera medmenneske, meiner dei.
Ukraina
Barneheimen, House of mercy, er bygd av innsamla
midlar frå Norge. Der får foreldrelause born koma og bu,
gå på skule og dei får medisinar viss dei treng. Med jamne
mellomrom reiser dei ansvarlege ut i byen og finn born
som er heimlause og tek dei med til barneheimen. Her får
dei oppfylging til dei er ute i jobb og kan forsørgja seg
sjølve. Born som bur heime kjem òg til barneheimen og
får mat og skule.
Det som er så synd no, med all uroa i landet, er at dei
styrande i Ukraina forlangar betaling for hjelpesendingane,
så no står det fullasta trailerar der borte og ein på Vigrestad
med klede og utstyr som folk treng.
Magna og Tor Helge satsar på at det lagar seg så dei får ta
ein tur att i september.
Dei tykkjer det er så gildt å vera med. Dette er kristendom
i praksis. Alt arbeidet er i kristen regi og gjennomsyra av
det gode. - Me er så heldige som får vera med, smiler dei.
For nokre år sidan hadde dei eit oppdrag på Ualand
bedehus. Det var Bjarne Mellemstrand som skulle ha
basar til inntekt for Ukraina. - Den kvelden vart me tente
for Ukraina, kan dei fortelja. Der vart det vist lysbilete og
fortalt om arbeidet. Ikkje minst Bjarne var engasjert. Han
fortalde og var mest på gråten når han skildra nauda der
borte. - De må ta med handkle og ikkje lommaplagg når
de skal bort der, sa han.
Fadderbarn
Tor Helge fekk eit fadderbarn fyrste kvelden. Seinare
fekk Magna òg. Dei set inn 200 kroner i månaden på ein
konto til kvart barn. Her vert alt nytta til det eine barnet.
Ingen ting går til administrasjon. Folk som reiser ned der
betalar turen sjølve. På Vigrestad tek dei imot klede og
utstyr til hjelpesendingar. - Der leverer me små sendingar
til fadderborna våre. Ein plastboks med varme klede, sko,
5
Sundagsskulen
barnetrua er viktig
Tekst og foto: Siv Herikstad Undheim
Det er sundagsskule i kapellkjelleren kvar gong det er
gudsteneste, utanom når det er familiegudsteneste.
Sundagsskulen byrjar kl. 11.00 og er delt inn i to
grupper; ei gruppe for dei som har byrja på skulen, og ei
gruppe for dei som ikkje har byrja på skulen, der
foresatte fylgjer barna.
Leiarane er Pia Norunn Risa, Merete Tjemsland,
Synnøve M. Gauksås og Silje H. Undheim. Ann Iren
Sikveland er med som kreativ leiar. I tillegg har dei med
seg tre hjelpeleiarar, dette er Ida Risa, Magnhild Fosse
og Beate Rasmussen.
Me i Møteplassen var interesserte i kva leiarane på
sundagsskulen tenkte om deira arbeid og kva dei ønsker
sundagsskulen skal vera.
Kva tanker har de om sundagsskulen?
- Sundagsskulen skal vera gild for alle, både store og små
barn og dei foresatte, seier Pia Norunn. - Det skal vera
ein plass der barna får høyra om Jesus og bli kjent med
bibelhistoriane på ein positiv og god måte. Det er viktig at
barna får eit forhold til dette tidleg og kan bera det med seg
vidare i livet. Sundagsskulen bør vera ein plass der barna
kan koma sjølv om foreldra ikkje går i kyrkja, seier Synnøve. - Eg gjekk sjølv på
sundagsskulen og hugsar
både flanellograf og
songar spelt på orgel.
No har det skjedd
ein god del forny-
6 6
ing i sundagsskulen sidan den tid når det gjeld form, men
historiane er dei same. Desse må barna få med seg i dag
og, meiner Silje.
Kvifor er de med som leiarar?
- Eg er med på grunn av at eg ser på sundagsskulen som
eit svært viktig så-arbeid i Guds rike, fortel Merete. Ho
seier ho vart spurt om å vera med når ho fylgte eldste dottera på sundagsskulen for snart 17 år sidan. Då hadde ho
litt erfaring frå Bryne, og tenkte at det var ein fin måte
å verta betre kjent, og koma inn i det kristne arbeidet og
miljøet på Undheim. No har ho ingen ungar som går på
sundagsskulen lenger, men ho klarer ikkje sleppa arbeidet
enda. - Det gir meg så mykje. Eg trur det har vore med
og bevart meg som Guds barn
gjennom desse åra. Når eg skal
ha sundagsskulen er eg nødt til
å setja meg ned med Guds ord
og bruka tid i lag med Gud for
å førebu samlinga. Og Guds
ord vender ikkje tomt tilbake,
det har eg erfart, seier Merete.
Silje var sundagsskuleleiar i
Salem Bergen medan ho budde der. Ho seier ho kjende
at ho måtte koma igang med dette igjen når dei flytta til
Undheim. - Utover interessa for sundagsskulen i seg sjølv,
så har me to gutar som fell inn i sundagsskulekategorien.
Då kan eg like godt vera med å gjera noko for dei også.
Eldstemann føler at det er han og eg som har sundagsskulen i lag. Det er stor stas når me brukar litt effektar i drama kor han og andre kan kle seg ut og leike bibelhistoria,
seier ho. Pia Norunn seier ho synes det er gildt, og ho får
studera bibeltekstar og dermed læra Jesus betre å kjenna
sjølv. Synnøve er leiar på grunn av at ho meiner arbeidet
er viktig, det er ein plass der det blir bygd tru. Ho synes at
arbeidet er særleg viktig no sidan det meste av kristendomsundervisninga er teken ut av skulen.
Kva tenker de er viktig å formidla?
- Eg vil
gjerne formidle Jesus
til barna som
er Søndagsskuleforbundet sitt
slagord/motto, seier Silje. - Utover
bibelhistoriane ønsker
eg at barna
skal få kosa
seg i lag,
synge glade
songar, få
vera med på
kjekke aktivitetar og leika litt, seier ho. - Eg vil formidla
Jesus sitt bodskap om likeverd, tilgjeving og nestekjærleik,
seier Synnøve. - Evangeliet om Jesus som døydde for våre
synder og sto opp att og opna porten til himmelen for alle
som vil ha Han som sin bestevenn og Frelsar. Joh. 3.16 er
heilt sentral. Det er viktig at barna lærer Jesus å kjenna,
slik at dei vert glade i Han og forstår kor høgt Han elskar
dei, seier Merete. Pia Norunn er einig. - Jesus vil vera alle
sin bestevenn, seier ho.
Kva ønsker du sundagsskulen skal vera?
- Eg ønsker det skal vera ein plass der alle kan trivast og
har lyst til å koma igjen for å læra om Jesus. Som Synnøve
sa, er det særleg viktig nå som kristendomsundervisninga
forsvinn meir og meir frå skulen, meiner Pia Norunn. Leiarane ønsker at alle skal kjenne seg velkomne, både store
og små, at barna blir sett og tekne på alvor. Dei ønsker
at barna skal møta trygge vaksne, og at barna skal verta
kjende med Jesus. Pia Norunn seier ho håper barna gjennom sundagsskulen vert kjende med kyrkja, og at dei vil
koma på andre aktivitetar i kyrkja når dei vert eldre som
følge av det.
Har de planar for framtida til
sundagsskulen?
- Me håpar at fleire vil ta med seg barna til sundagsskulen!
Eg kan nevna at i desse dager kjøper me inn bærbar PC
og ein prosjektor til så me kan vera litt meir visuelle, seier
Pia Norunn. - Me ønsker å få med fleire leiarar, også unge,
som brenn for dette arbeidet, seier Synnøve. - Og at dei aller fleste barna på Undheim går på sundagsskulen og lærer
Jesus og Bibelen å kjenna, og kan ta med seg det resten av
livet, meiner Merete. - Eg trur at med fleire leiarar hadde
me kome ein del lengre. Eg skulle ønska me kunne hatt
fleire sundagsskulesundager i semesteret, no har me 6-7.
Eit alternativ kunne vera å ha utesundagsskule kor barnefamiliane møttest på ein leikeplass eller turområde til ei
kort samling, mat og leik, føreslår Silje.
- Eg opplever at Guds velsigning fylgjer med arbeidet. Det
er utrulig godt! Eg er takknemleg for at Gud kan bruke
meg i denne viktige oppgåva, seier Merete.
77
Per Børge
er klar til å
starte bilen
En håndsrekning
For noen uker siden ringte en god venninne, Bodil
Landmark, til meg. Hun hadde den siste måneden gjentatte
ganger blitt minnet om å be for meg, etter at hun i bønn
hadde opplevd å få en beskjed å gi videre til meg. Jeg pleier
å si at Gud av og til gir oss slike ”håndsrekninger” eller
oppmuntringer, og når vi får slike så kan vi takke.
Reisefølge
De første tre ukene kommer jeg til å reise aleine gjennom
Europa. Jeg skal spille inn noen undervisningsfilmer på
Patmos, en øy utenfor Tyrkia. I Undheimkirken har vi det
siste året satt fokus på Johannes åpenbaring, og det var
på denne øyen Johannes fikk sine visjoner. Det skal bli
spennende å få lage filmopptak fra et sted som har en så sentral
Ordene min venninne gav meg var: Du har fått grønt lys. Det
var alt, men jeg visste med en gang hva de gjaldt. Den første
tanken som slo meg var imidlertid allikevel om det virkelig
kunne være sant? Hadde jeg fått et så konkret bønnesvar,
hadde Gud virkelig sendt meg en slik håndsrekning?
Bodil visste ikke om det, men i lang tid hadde jeg drømt
om å få legge ut på en kjøretur. Gjennom Europa, Tyrkia,
Iran, Pakistan, India og Nepal, og muligens Jordan, Irak
og Israel. Jeg har hatt et brennende ønske om å legge ut
på en reise som skal handle om veien med Gud! En reise
i tillit. I oppveksten ble jeg fascinert av historiene om ett
av mine store forbilder, kinamisjonær Marie Monsen,
og i hennes ånd hadde jeg aldri turt å legge ut på en
ekspedisjon uten et konkret kall og bekreftelse på at Gud
var med. Du kan derfor tro jeg ble glad når Bodil ringte.
Hva turen helt konkret vil innebære vet jeg ikke. Jeg har
jeg ikke alle svarene, annet enn at turen vil handle både om
skuffelser, lærdom i å takle skuffelser, og om gledene som
vil overskygge dem. Men mest av alt vil den handle om å
leve i tillit til at Guds veier er høyere enn mine veier. Etter
mange års tanker og drømmer, kan jeg si at jeg endelig er
klar til å starte bilen!
8
Maleri av
Johannes
på Patmos
hvor han
får åpenbaringen
betydning i kirkehistorien. Videre går veien til vest-Tyrkia og høyt opp i Ararat fjellene. Der har jeg fått avtale om
å intervju noen mennesker som hevder de har funnet Noas Ark. Det er alltid spennende å møte mennesker som
brenner for det de holder på med, og disse arkeologene har virkelig satset mye for muligheten til å leve ut sin drøm.
I Tyrkia vil også Kristin Aalgaard, kjæresten min, bli en del av ekspedisjonen. Hun må fullføre noen eksamener i Bergen
først, men idet ekspedisjonen krysser grensen til Iran så er hun med. Jeg er utrolig heldig som har en kjæreste som vil
være med på en slik tur.
Himalpartner
I ryggen på ekspedisjonen har vi Himalpartner, en liten men nytenkende og
kreativ misjonsorganisasjon. Vi reiser ut med status som voluntører, og vi skal få
produsere en dokumentarfilm om oppbyggingen av et psykisk helsevern i Nepal
- et pioneerprosjekt som Himalpartner er engasjert i. Men her må jeg legge til at
Himalpartner har ikke bare gitt oss et oppdrag. De ansatte åpnet også sine hjerter
og vi kjente oss inkludert som en del av deres arbeid. Måten de tok imot oss på
gjorde at vi virkelig fikk tro på at turen ville bli realisert.
Undheimkirken
Tidspunktet for avreisen den 12. mai er ikke tilfeldig. Om sommeren er det pause i de fleste av Undheimkirkens
aktiviteter. Soknerådet og og Kjell Børge (prost i Jæren) møtte meg også på en utrolig flott måte på da jeg fortalte om
planene våre. Ikke bare fikk jeg innvilget permisjon, men de ville se turen som endel av kirkens misjonsoppdrag. Vi får
være utsendinger også for Undheimkirken og Jæren prosti. Og ikke nok med det.. for at turen skulle kunne realiseres
har mine gode kolleger Stein og Gunnar (prestene i Bryne og Time) i tillegg til flere av Undheimkirkens frivillige, tatt
på seg mange av mine arbeidsoppgaver. Jeg er omgitt av så utrolig mange fantastiske mennesker. Det er mange jeg er
en stor takk skyldig, og jeg må få bruke denne anledningen til å takke. Jeg er rett og slett verdens heldigste prest som får
være på Undheim. Midt i alle hverdager med hverdagsproblemer så ser jeg at jeg er omgitt med gode mennesker.. det
er rikdom det! Og 1. september er jeg tilbake.
Inspirasjon og tillit
Team Bachstad på NRK har nok vært en inspirasjon for ekspedisjonen. Dette teamet består av to journalister som på
en flott og folkelig måte presenterer humoristiske reisedokumentarer. Siden jeg har alltid hatt en interesse for film, så
det hadde vært veldig gøy å produsere en dokumentar som kanskje kunne satt opp i en filmkveld på samfunnshuset.
Det viktigste jeg imidlertid ønsker å formidle med denne turen er tilliten til vår Far i himmelen. Tryggheten som ligger
i å kunne stole på at han er med i både oppturer og nedturer, og takknemligheten som følger av en sånn tillit.
Håp.no
Jeg håper at venner på Undheim vil følge med på turen. For at det skal kunne være mulig har jeg innstallert en gps i bilen
som gjør det mulig å følge ekspedisjonen meter for meter på hjemmesiden min, www.håp.no. Her vil jeg også blogge
om ekspedisjonens oppturer og nedturer, om reisen jeg håper skal formidle den godheten, kjærligheten og tryggheten
som ligger i å stole på en Herre og Far.
Fra Araratfjellene med konturene av
det noen mener er Noa’s ark
9
Påske –
tid for felleskap og refleksjon
Kva tenker presten vår om høgtida som nå ligg føre oss?
Per Børge synes det er godt å sjå at påsken er ei tid for kvarandre. Han meiner at mange opplever så hektiske
timeplaner i kvardagen at det vert lite rom for kvile, og til å henta seg inn att. Då kan påsken fungera som ein
pause eller time-out, seier han. Ei tid kor ein kan koma saman med gode vener eller familien for å sjå, og setja
pris på kvarandre. Samstundes er påsken fyrst og fremst ei tid som minner oss om dei verkeleg store spørsmåla.
Om liv og død. Om ulike valg i livet. Kva valg er tekne for meg, og kva valg må eg ta sjølv? Kva konsekvensar
gir dei ulike muligheitane som ligg føre meg?
- Mi bøn for denne påsken må vera ei slags utfordring, fyrst og fremst til meg sjølv, men kanskje også til andre,
seier Per Børge. - Vil eg la påsken verta ei tid for både fellesskap og refleksjon? Vil eg gi rom for begge deler?
Undheimkyrkja vil prøva å legga til rette for det, seier han.
- Kva skal dei ulike gudstenestane i påsken handla om? - På palmesundag vil me fortsetja serien om
Johannes åpenbaring, fortel Per Børge. - Då er me komne til kapittel 14, som nettopp aktualiserar det store
spørsmålet i påsken: kva skjer når me døyr? Me vil gå litt i djubden og spør kva Bibelen seier om korleis me vil
oppleva dei fyrste minuttane etter at livet tek slutt. Dersom dette høyrdes interessant ut, og ein vil lesa seg opp
på førehand, ta ein kikk på kapittel 14 i Johannes åpenbaring, oppfordrar Per Børge.
Skjærtorsdag inviterar kyrkja til kveldsgudsteneste
og kveldsmåltid. - På gudstenesta vil me synge saman og
feire saman. Preika vil i all hovudsak bestå av ein film som
kanskje involverar våre liv på ein sterkare måte enn vi trur ved
fyrste augekast. Etter gudstenesta inviterar me til kveldsmåltid
i kapellkjelleren. Her må eg få leggja til at dersom du er på
Undheim i påsken, og har spørsmål knytta til liv og død, eller
kjenner på einsemd; kom!! Du er ikkje aleine! Bli med på ein
god kveld der me er i saman og berre er gode med kvarandre,
oppmodar Per Børge.
Påskedag er kyrkja sin store festdag, så då vert det
festgudsteneste, fortel han vidare.
- Til slutt vil eg seia at viss eg skal formidla berre eit ord denne
påsken, så måtte det vera eit ord som kunne verta sagt på vegne
av oss som kjenner på utfordringar i livet, og som kun prøver
så godt me kan, og det vil eg tru gjeld dei fleste av oss.
Det ordet er kom Det er Jesus sin eigen invitasjon,
«kom til meg alle dere som strever». Kom som du er! Bruk
påsken til fellesskap og refleksjon. Ikkje sit aleine heime. Er
ikkje påsken i seg sjølv eit valg som vart gjort for oss, og som
me kan takka ja til, spør Per Børge.
Siv Herikstad Undheim
10
VELKOMEN til GUDSTENESTE i
UNDHEIMKYRKJA
13. april - palmesøndag - kl 10.30
Gudsteneste. Per Børge Hillestad. Nattverd. Johannes’ openberring.
Song av Henny og Torleiv Undheim. Takkoffer til Terry og Hanka sitt
arbeid blant ungdom i Tsjekkia. Ta gjerne med Bibel. Mulighet for
forbøn etter gudstenesta. Søndagsskule kl. 11.00.
Døypte i
Undheimkyrkja
24. november
17. april - skjærtorsdag - kl. 19.00
Kveldsgudsteneste. Per Børge Hillestad. Nattverd. Takkoffer
til kyrkjelydsarbeidet. Mulighet for forbøn etter gudstenesta.
Kveldsmåltid etterpå.
20. april - påskedag - kl. 10.30
Familiegudsteneste. Per Børge Hillestad. Dåp. Song av Tone Karlsen.
Takkoffer til Evangeliesenteret.
27. april kl. 10.30
Torjus Skårland
Konfirmasjonsgudsteneste. Ingfrid Time Nærland og Per Børge
Hillestad. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Song av Eline Ødegård
Egeland.
11. mai kl. 10.30
Gudsteneste. Per Børge Hillestad. Nattverd. Johannes’ openberring.
Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Søndagsskule kl. 11.00.
17. mai kl. 11.00
Gudsteneste. Gunnar Frøyland. Takkoffer til Sjømannskirken.
25. mai kl. 11.00
Felles gudsteneste for heile Time på Jærdags-scena på Bryne.
9. juni kl. 10.30
Friluftsgudsteneste utafor kyrkja. Sigmund Bjelland. Takkoffer til
kyrkjelydsarbeidet. Sporleik. Grilling - kvar tek med seg det ein treng.
Musikalske leiarar:
Kari Kaald Reiten og Sigmund Bjelland
Kontaktinfo:
Sofie Selliken Oma
Herren velsigne deg og vare deg!
Herren la sitt andlet lysa over
deg og vere deg nådig!
Herren lyfte sitt andlet mot deg
og gje deg fred!
UKUF - følg oss på
facebook!!
Avtale tid for dåp eller vigsel:
Time kyrkjekontor: måndag - fredag:
09:00 - 14:00
51 77 03 77
Ved dødsfall, ta kontakt med eit gravferdsbyrå, så avtaler dei vidare med kyrkje og prest.
Trusopplæringa Størst av alt, 0 - 13 år
Astrid Wold
51 77 03 77
Konfirmantundervisninga
Ingfrid Time Nærland
51 77 03 67 / 51 77 03 77
Diakon, sorg/samtale, samlivsarb.
Ingelin Norbakken
481 90 318 / 51 77 03 77
Sokneprest Per Børge Hillestad
934 42 919
Musikalsk leiar v/gudst. Kari Kaald Reiten 908 10 346 eller Sigmund Bjelland 957 51 707
Sekretær Hanne Brit Sandsmark
996 26 157
UKUF Ungdomsarbeid: leiar Jarle Kartevoll900 84 386 eller frivillig ungdomsarb. Jakob Aardal 918 74 162
Undheim sokneråd, leiar Kåre S. Undheim 957 82 780
Kapellstyret, leiar Torvald Tjåland
913 59 619
Leige kapellkjellaren, Oddvar Egeland
51 48 42 53 / 959 30 126
Spørsmål om huskyrkje: Per Børge Hillestad, Erling Undheim Tom Kjetil Vestly eller Nils G. Reiten
11
- FÅ DEL I OPPDRAGET -
gjevarteneste - barn og unge
Lær den unge vegen han skal gå,
så vik han ikkje av når han blir gammal.
- Ordspr 22:6
Gjevarteneste
til trusopplæringa
r.)
Som formann i soknerådet er det med glede å sjå at så mange
foreldre vel å døypa borna sine i kyrkja vår. Det er ei stor høgtid
for ein familie å ha dåp, og sameleis for oss som kyrkjelyd å få
vera med på det.
undheimkyrkja
EG MELDER MEG TIL GJEVARTENESTE FOR
TRUSOPPLÆRING TIL BARN OG UNGE I
UNDHEIMKYRKJA
Namn:.............................................................................
Adresse:.........................................................................
Postnr./stad:...................................................................
Personnr:..........................................................................
for innrapportering til skattemyndighetene for å få skattefrådrag.
Gåver gjev rett til 28% skattefrådrag på beløp inntil 16.800,- pr. person.
(ektepar som gjev meir enn 16.800,- pr år, oppgjev begge sine personnr.)
Gjev du kr. 16.800,- årleg vert skattefrådraget på kr. 4.704,-, og din
netto kostnad kr. 12.096,-.
Eg ønskjer å gje kr.............. årleg
Eg er gjevar frå før, og ønskjer å auka
det årlege beløpet frå kr................ til kr................
Eg ordnar med fast trekk i banken sjølv:..........
Eg ønskjer tilsendt bankgiro:...........
Bankkontonr. til soknerådet: 3325.21.55657
Skriv namnet ditt i merknadsfeltet som melding til mottakar.
Eg gjev sjølv melding til soknerådet når eg vil avslutta gjevartenesta.
Underskrift:..........................................................................
Du kan og melda opplysningane på e-post til:
[email protected]
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål
Med venleg helsing frå
Ivar Risa - kasserar - 976 75 422
Kåre Sigurd Undheim - soknerådsleiar - 957 82 780
Hanne Brit Sandsmark - sekretær - 996 26 157
12
Tidene forandrar seg, seier me gjerne, og tenkjer at det er godt.
Mykje er betre i dag enn før i tida, men så er det anna som gjer
oss urolege. Me ser oss rundt og legg merke til at det som rører
seg i samfunnet, ulike media og så vidare, slett ikkje alltid er
eintydig godt. Dei retningslinene me i den eldre generasjonen
voks opp med er i ferd med å viskast ut, kva som er rett og gale
er heller ikkje så eintydig. Kristendomen har ikkje den plass i
skulen som han hadde. Dei som arbeider med born og unge, ser
at dei unge har lite bibelkunnskap. Det er snakk om den kristne
kulturarven som me ynskjer gje vidare til neste generasjonar.
Foreldre og fadrar gir sine lovnader ved døypefonten, at borna
skal oppsedast i den kristne forsaking og tru, og me som lokal
kyrkje vil ta vår del av ansvaret for at borna får læra Gud og
FÅ kristne
DEL I OPPDRAGET
- er
Jesus å kjenna og veksa opp i- det
felleskapet. Dette
kyrkja i gang med og mange frivillige medarbeidarar står på i
sundagsskule,
barnekor, guttalag,
openog
kjellar
osv. gjevarteneste
- barn
unge
Soknerådet Lær
ynskjer
at me
kunne
gjort meir
å leggja
den
unge
vegen
hanforskal
gå, forholda
betre til rettes
for
trusopplæringa,
aller
mest
gjeld
dette
så vik han ikkje av når han blir gammal.
ungdomsarbeidet.
Tidene
- Ordspr
22:6har forandra seg. I dag er dei fleste
vaksne ute i krevjande arbeid, og mange har lite overskot til
frivillig innsats, til dømes i ungdoms-arbeidet. For å leggja
forholda betre til rettes for dette arbeidet ser me oss rundt
etter løysingar med løna ungdomsarbeidar, ein eller to. Med
ungdomane er det slik at me må vera der når dei har tid, og
det er ofte på tidspunkt det ikkje er så lett for kven som helst å
stilla opp.
Då forstår me alle, her er det snakk om pengar og økonomi. Me
er takknemlege og litt stolte av den gjevartenesta me allereide
har, og er svært takknemlege for at så mange gir gode bidrag til
arbeidet i kyrkja. Situasjonen er slik at me balanserar budsjetta
år for år, men der er ikkje pengar til noko ekstra utover den
aktiviteten me har i dag.
Då er utfordringa for oss alle: Kan me bidra med meir pengar?
Eg ser på barne- og ungdoms-arbeid som det viktigaste me kan
investera i. Dette er framtida. Dersom me ikkje lukkast i dette
arbeidet, er det som å saga av greina me sjølve sit på.
Velkommen til å vera med å dra lasset i lag!
undheimkyrkja
Kåre Sigurd Undheim
Rapport frå Tsjekkia
Det nærmar seg eit år sidan familien English frå Ostrava
i Tsjekkia var på besøk hjå oss på Undheim. Mykje skjer på
den tida i ein barnefamilie og i eit aktivt ungdomsarbeid
som dei driv.
Hanka ut i jobb
Det mest spennande som
skjer i familien no, er at
Hanka har fått jobb som lærar
og startar opp i fyrstninga
av mars. Dei hadde snakka
om at ho skulle søkja på
ein stilling frå september
for å få brukt utdanninga
si, men òg med tanke på å
bruka meir tid saman med
kyrkjeframande ungdommar.
Så vart det altså slik at skulen
tok kontakt. Eigentleg var
dette litt spesielt, for det er
mange arbeidslause lærarar
i Ostrava. Det gjorde at dei
rekna med det kunne verta
vanskeleg for Hanka å få
jobb, og venta i alle fall ikkje
at ein av det beste skulane i området skulle kontakta henne.
- Det er godt å oppleva at Gud «opnar ei dør» på denne måten,
men det betyr òg ein spesiell travel vår, då timeplanen min var
full før det vart snakk om lærarjobb for Hanka, seier Terry.
Misa og Sammy
Misa, som akkurat har fylt 5 år, var ei veke på ski-kurs i februar.
Ho begynte å gå på ski for 2 år sidan, men ho har aldri gått så
mykje på ski på ei veke, fleire timar kvar dag. Ho vart mykje
flinkare, og sjølvsagt var ho veldig trøytt når kvelden kom.
Sammy, som har fylt 2 år, veks fort no! Han elskar å leika med
puslespel, men han har framleis litt vanskar med å gjera seg
forståeleg. No når Hanka snart skal ut i jobb, har dei fått Sammy
inn i ein «leikeskule» ein dag i veka. Han likar ikkje at dei set
han av der, men kosar seg når dei er reiste!
Terry
Terry hadde ein travel haust. Han sette i gang med eit gospel-kor
på 70 medlemmar. Dette store koret hadde to konsertar med over
1000 tilhøyrarar. For mange av deltakarane var evangeliet noko
nytt så dei lytta interessert til andaktane dei hadde på kvar øving.
- Og takk til Gud! På den andre konserten var det ei av dei vaksne
kor-medlemmane som kjende «Guds gode hand» og ville bli ein
truande! No les ho Bibelen og er med oss i ei bibelgruppe, fortel
Terry med begeistring!
Dette året starta ganske travelt med eit 5 dagars kurs i leiarskap
for over 120 lag- og leir-leiarar frå 7 ulike land i aust-europa.
Det var fokus på praktisk leiarskap og organisering, men dei
bruka òg tida til inspirasjon og åndeleg påfyll ved å dela tankar
og idear og minna kvarandre på kor mykje godt som eigentleg
vert gjort i kyrkjene deira.
England sist sommar
Som dei sa då dei var her i fjor, skulle Terry til England med
koret sitt i fjor sommar. Dei var der vel to veker og besøkte tre
byar. - Det var dårleg vêr og mange vart sjuke, men det vart
likevel ein velsigna tur, fortel Terry.- Mange tenåringar ville vita
meir om kva det betyr å fylgja Jesus!
Hanka og borna kom og var med den siste veka. Misa kosa seg
veldig då ho fekk vera med på stranda ein dag og i lag med
ungdommane på fleire konsertar. For Hanka var det godt å kunna
vera saman med ungdommane og verta kjend med dei.
Seinare på sommaren i fjor var
både Hanka og Terry med som
leiarar på det dei kalla «Fusion
Rock Camp» med over 100
personar, inkludert komande
leiarar frå Estland, Ukraina og
Polen. Det vart òg ei velsigna
veke. Dei delte evangeliet
og lærte opp nye tsjekkiske
leiarar.
Sommaren
vart
avslutta
med campingferie i Kroatia.
Dette var familien sin første
campingtur i lag. Både Misa
og Sammy elskar camping, så
det var moro for alle, sjølv om
vinden var veldig sterk, og dei
ei natt var redde han skulle ta
heile teltet deira!!
Denne våren
Før Hanka tok imot skulejobben, hadde dei allereie lova å hjelpa
til med eit evangeliserings-kurs i Estland, Ukraina og Polen.
Difor vert det nok mange turar denne våren til desse landa for
Terry som skal fylgja opp nye kyrkjer og fellesskap. Familien
hadde eigentleg planar om å reisa med koret til Ukraina ei veke
i februar, men måtte lata det vera på grunn av all uroa der borte.
Dei har allereie to kyrkjer i Kiev som er i gang, og finn andre
måtar å støtta dei på no når det er vanskeleg å reisa dit.
I dei siste åtte månadane har dei hatt arbeid mellom ukrainske
ungdommar, og har såleis vener og ungdoms-arbeidarar som
dei veit har vore med å kjempa i Kiev. Då gjer det endå større
inntrykk å sjå bileta derifrå. - I Ukraina er det så mykje gode
folk som ivrar for Jesus og ynskjer at venene deira også skal få
læra han å kjenna. Ver så snill å be for Ukraina og folket der no,
ber Terry
Sjølvsagt vil dei samtidig halda fram i arbeidet med sine eigne
ungdommar i Ostrava. Dei har i det siste brukt mykje tid på
andre kyrkjer, no vil dei bruka meir tid på sine eigne.
- Gud velsigne dykk alle på Undheim, helsar Terry og familien.
Samstundes spør han om me vil vera med å be for Hanka no
når ho skal begynna i den nye jobben. Be om at ho må vera
ein inspirerande lærar, og at ungdommane må sjå Jesus gjennom
henne!
Marta Dagestad Undheim
13
«Mødre i bønn» på Undheim
startet i 2013, som et tillegg i en huskirke. Det vanligste
er å ha en egen «Mødre i bønn»-samling en times tid
fra en til fire ganger pr. mnd. Dette har vi foreløpig ikke
på Undheim. Men ønsket er der. For det er viktig. Det
er 140 land i verden som har «Mødre i bønn»-grupper.
«Mødre i bønn» på Undheim består av fem damer som
ber for barn og unge på Undheim. Ønsket er å danne
flere grupper på fra to til flere mødre og bestemødre i
alle aldre. Hvis dette er noe for deg, så ta gjerne kontakt
med Tone Gudmestad, Gerd Solveig Aarrestad, Merete
Tjemsland, Elisabeth Fosse eller Gunn Berit Soldal.
Mer informasjon på www.momsinprayer.no. Siden er
med norsk tekst.
Vår-konsert i Undheimkyrkja 2. mai kl. 19:00
Våren er ei fin tid. Sterke livgjevande krefter skaper nytt liv
i naturen rundt oss Me merkar det og ser det. Det gjer noko
med oss. Noko godt. Dette har inspirert Torstein Tunheim
til å ta initiativ til ein vår-konsert i Undheim kyrkje.
- Me har så mange fine vårsongar, seier han, og meiner at
dei må me ta vare på. - Det spreier ei forunderleg gleda å
syngja saman, seier han. Gode opplevingar treng me alle i
kvardagen. Det byggjer oppunder den gode meininga med
livet og fremjar det gode i oss.
Torstein fortel vidare at han lenge har tenkt at Frimenn skulle
ha vore med songen sin i kyrkja vår. - Og tenk no passa
dette godt for dei denne gongen. Torstein likar Frimenn sine
konsertar. Dei syng friskt og godt, brukar helst kjende songar
og set tekstane opp på skjermen, slik at alle får vera med og
syngja.
I tillegg skal bygda si eiga sax-gruppe vera med. Dei
representerer noko av alt det fine musikklivet i bygda vår,
eit lite lokalsamfunn på sitt beste. Frimenn har med seg ein
solist, Ann Kristin Sørvåg som me gler oss til å verta kjende
med. Då håpar me at folket møter opp til ein gild kveld i
kyrkja vår!
plass.- Me var på leit etter ein annan stad å vera, seier han.
Han har vore med i Frimenn i sju år no, og trivst veldig godt.
Han begynte der då han vart pensjonist., og dei har det så
gildt, kan han fortelja. - Livet hadde ikkje vore det same utan.
Dei som starta opp med mannskoret Frimenn, hadde ein klår
visjon om at det skulle vera ein plass for alle og nå ut til flest
muleg. Ikkje berre bedehus- og kyrkje-folk, men mange lag
og yrke er representerte. Dei syng bedehus-songar, slagerar
og skulesongar. - Dei siste er viktige når me er rundt og syng
for dei gamle. Det dei lærde på skulen, det sit. Då livnar dei
til, fortel Jarl Marthinsen og understrekar at dei vil ta vare på
det gamle og syng ikkje på engelsk...
Dei har det gildt på øvingane. - Du veit dirigenten vår, Terje
Vold er ein humørspreiar. Me er alltid godt i laget når me går
heim, seier Jarl Marthinsen Songane og miljøet, alt verkar til
det positive. No gler dei seg til konsert på Undheim. - Når folk
nynnar og syng med, er glade og fjåge, då har me oppnådd
det me ynskjer: Å spreia glede, seier Jarl Marthinsen.
Marta Dagestad Undheim
Torstein må få leggja til at inntektene av billettsalet går til
gode formål. Halvparten går til Afri, eit hjelpearbeid som
skal stimulera afrikansk næringsliv, der Ketil Fuglestad har
engasjert seg. Den andre halvparten går til Undheim kyrkje.
Jarl Martinsen som er med i Frimenn og har ansvar for
programmet deira, kan fortelja at for dei passa det veldig
godt å koma til Undheim denne våren. Dei har hatt vårkonsert i kapellet i Brekko dei siste åra, men der vart for lite
14
«FRIMENN»
15
Stor takk til sponsorane våre som gjer bladet mulig!
Lye Bil AS
Tlf. 400 06 447 [email protected]
Byggmester
Ståle N. Sikveland
Skårland, 4342 Undheim tlf. 90052565 / 51484583
Adresse: Kviav 129, 4365 NÆRBØ
Telefoner: 51 43 65 55, 48 23 60 10, 48 23 60 11
Telefaks: 51 43 65 56 E-post: [email protected]
Begravelsesbyrå
tlf: 51 77 80 80
Obed
Br yne
24-timers vakttelefon
Skulegata 9, 4340 Bryne
Tlf. 51 79 11 70
e-post: [email protected]
En god kontakt på Jæren
Møllevegen 12, 4360 Varhaug
tlf.: 51 79 85 79 www.ahbygg.no