Nr 2 2013 - Undheimkyrkja

Nr 2, 2013
møte:plassen
Møta nye venner - Søk ja Gud - Få del i oppdraget
Eit magasin frå Undheimkyrkja
GU T TA L AGE T UGL A
HANNA
TVEITEN
side 4 - 5
Undheimkyrkja
Tsjekkia
side 7 - 9
GUTTALAGET
UGLA
side 10 - 11
Hvorfor er det så vanskelig å si takk?
Jeg tenker ofte over det selv, når jeg er
møte:plassen
bare si
2 - 2013
midt i en bortforklaring, i stedet for å
8. årgang
Utgjevar:
Undheim sokneråd
Redaktør/grafisk utforming
Hanne Brit Sandsmark
tlf. 996 26 157
”Takknemlighet” var tema da
huskjerka som jeg går i, startet
opp i høst – Vi har så mye å være
takknemlige for – vi har det så
uendelig godt!
Men husker vi å takke?
Takk Gud for alt du har gitt meg!
Takk Gud for at du er med meg,
alltid!
Salme 139,1-6
Herre du ransaker meg
og kjenner meg.
Om jeg sitter eller står,
så vet du det,
langt bortefra merker
du mine tanker.
Om jeg går eller ligger,
ser du det,
du kjenner alle
mine veier.
Ja, før jeg har et ord
på tungen,
vet du det, Herre,
fullt og helt.
Bakfra og forfra
omgir du meg,
du har lagt din hånd
på meg.
Det er for underfullt
til å skjønne,
det er så høyt at jeg
ikke kan fatte det.
Takk Gud for at du kjenner meg, du
vet hvor jeg er, og du vil vise meg
veien videre. Takk for at du elsker
meg.
For 10 år siden – mai 2003, flyttet vi
til Øvre Håland. Kona og jeg begynte
i Dekor i august samme år, og
2
gjennom koret, og andre fellesskap
på Undheim, har vi i løpet av disse
årene fått mange nye venner, som
omgir oss, bryr seg om oss, og tenker
på oss. Det kjennes så utrolig godt, å
få være en del av denne bygda. Det
er et godt samhold på Undheim, og
det merket jeg spesielt godt da faren
min døde i april i fjor. – Blomstene
strømmet på, venner kom innom,
og jeg takket Gud for hver eneste
en av de som kom fra Undheim i
begravelsen, for å gi sin støtte, og
vise sin medfølelse. Det var utrolig
sterkt og en veldig god følelse.
Det er mye å være takknemlig for,
men jeg tar nok litt for lett på, og
kanskje tar noen ting for gitt – litt
for ofte. Men – det er ikke alltid
like lett å takke – for livet går i
bølgedaler. Men uansett hvor vi er i
livet, om vi er nede eller oppe, så er
det en utstrakt hånd, og den hånden
vil alltid være der. Det er opp til oss
å velge om vi vil strekke oss etter
den hånden, og gripe fatt i den.
Takk Gud for at du alltid vil være der
for meg.
Redaksjonen:
Marta D. Undheim
Siv Herikstad Undheim
Gunn Berit Landa Soldal
Hanne Brit Sandsmark
Adresse:
Møteplassen
Time kyrkjekontor
Pb 373
4349 Bryne
E-post:
[email protected]
Internett:
www.presteper.no
www.time-kyrkja.no
Trykk:
NetPrint Prosessen, Bryne
Opplag: 500 eks.
undheim sokneråd
kontonr.
gjevarteneste: 3325.21.55657
møteplassen: 3325.21.55592
Nr 2,
v en
nye
Møta
:p
møte
mag
Eit
2 0 13
ag e t
n
lasse
ja
- S øk
ne r
Gu d
asi
op p dr
de l i
- Få
nd
å U
n fr
hei
a
rkj
mky
Salme 138 vers 3
Den dagen jeg ropte,
svarte du meg;
du gav meg mot og kraft
i sjelen.
GUT
GET
TAL A
UGL A
Takk Gud.
Rune Rasmussen
A
HANN N
E
TVEIT - 5
side
4
yrkja
eimk
Undh kkia
Tsje 7 - 9
side
ET
ALAG
GUTT LA
UG - 11
side
10
Deg å få skode er sæla å nå,
Gud ver det syn som mitt hjarta vil sjå;
ver du for tanken min dyraste skatt,
ljoset som strålar ved dag og ved natt!
Ver du min visdom, mi sanning og trøyst,
tal du det levande ord med di røyst!
Far, lat meg vere barn her hjå deg.
Kom til meg, Herre, ja, bu du i meg!
Ver du i striden mitt skjold og mitt sverd;
ver du det merket som syner mitt verd,
livd for mi sjel, den tryggaste vakt;
lyft meg mot himlen, du makt i mi makt!
Rikdom og ære som menneske gjev,
er ikkje meir enn den morknande vev.
Du er min arv som varer til sist,
himmelske konge, det veit eg for visst.
Konge i æva, å lat du meg då
sigrande inn i ditt rike få gå!
Ver du mi tru, den vona eg ber
til eg får skode din herlegdom der.
Amen.
Det er mange songar som betyr mykje for meg,
hendingar i livet mitt har eg ofte ein song knytta til. I
frå eg var lita har eg sunge, i kor, på møter, i kyrkja,
men aller mest åleine ute i det fri. Dessutan er har eg
pugga salmer på skulen og likt det. Eg er svært glad i
salmar og «min song» måtte finnast i salme boka.
«Deg å få skoda» er «min song». Denne salma har
vore med meg ei god stund. Me song han då Ola og
eg vart vigde i Time Kyrkja 2001.Det var ei sterk
oppleving då song glade gjester fylte kyrkja med
akuratt denne samla. Salma er opprinneleg irsk og
melodien er ein irsk folketone. Eg studerte eit år i
Irland og kjenner at Irland har ein plass i hjarta mitt.
Når eg går mine kveldsturar i marka trur eg at eg
er åleine. Då syng eg denne salma med alt eg har.
Salma er ei bøn, ei bøn som eg kjenner er viktig for
meg. Ei inderleg bøn om å koma nærare Gud. Salma
har og vers som gjev von. Vona er knytta til livet her
på jorda, der me treng hjelp frå Gud i kvardagen. Å
kjenna at Gud er nær i kvardagen er ikkje alltid lika
lett. Men ynskje og bøna om å få koma Gud nær er
der. Salma gjev meg ei påminning om andre viktige
ting i livet. Eg treng denne påminninga. At alt strev
etter rikdom og ære på jorda ikkje alltid er av det
gode. Gjennom salma kjem og bilete av Gud som
omsorgsfull far fram. Det er det óg godt å syngja om.
Så i siste vers er bøna om å få vandra med Gud i livet
og koma fram til himmelen. Eg ynskjer å syngja og
ynskjer å vera nær Gud som er Konge i æva.!
Irsk tekst frå 700- talet Til engelsk ved Mary Byrne 1905
og Eleanor Hull 1912. Norsk omsetjing ved Arve Brunvoll
1978. NoS 479
Astri Fjermestad Eikeland
Deg å få skode
3
HANNA
TVEITEN
Tekst: Siv Herikstad Undheim
foto: H. B. Sandsmark
Hanna er heime i stova på Litla Undheim. Ho har mange
gode minner frå dette huset. Det er litt av grunnen til at
ho ville flytte heim igjen. Det, og at mannen Pål Ånund
hadde frykteleg lyst på gard. Så når spørsmålet om dei
ville overta kom, var dei eigentleg ikkje i tvil – dei ville
til Undheim.
Oppveksten
Hanna hugsar tilbake på barndommen som trygg og god.
Det var mange andre ungar rundt dei, og ho likte seg også
godt med dei eldre naboane. Ho var mykje hos Tulla og
Olav, og hos Trygve. Ho var også mykje hos besteforeldra
sine, på begge sider. – Eg likte meg godt med dei gamle,
dei har betydd mykje for meg, seier ho, – dei var så gilde.
Ho nevner «Formosalilja» med blant anna Oddvar Egeland
og Anna Egeland som leiarar, som noko ho hugsar med
4
glede. Og «Yngres» synes ho og var veldig kjekt. – Me var
mykje på kapellet når eg vaks opp, fortel ho.
Skulegang
Då Hanna skulle byrje på videregåande skule, ville ho
eigentleg gå på Tryggheim. Men sidan ho ikkje fekk bu
på internatet der, valgte ho å reise til Vestborg, NLM sin
videregåande skule i Stranda. Ho syntes det var spanande
å reise så langt vekk. Her gjekk ho på allmennfag, og i
fritida var det veldig mykje turar og friluftsliv. Ho var
og støttekontakt for ei jamnaldrande jente med downs
syndrom alle tre åra. Det var veldig givande, og ho har
kontakt med henne enda. – Dette er dei beste åra av livet
mitt, seier Hanna.
Etter videregåande gjekk turen til Oslo og eit år på Fjellhaug
Å
ha det
godt
i
kvardagen
Bibelskule, på linja «Bibel, idrett og frilftsliv». – Dette var
og eit fantastisk år, det var gildt å bu i ein storby, seier ho.
Så når ho skulle heim etter dette året, klarte ho ikkje heilt å
sleppe det urbane i seg. Derfor hamna ho i Stavanger der ho
tok sjukepleiarutdanning. Både som student og som ferdig
utdanna sjukepleiar har ho arbeidt i heimesjukepleien. Her
trives ho veldig godt, ho føler ho har funne sin plass.
Familie og kvardagstru
Medan ho budde i Stavanger, gjekk ho på Salem. Der blei
ho kjent med ein gutegjeng frå Vigrestad, og slik trefte ho
Pål Ånund. Dei har no to jenter, og Hanna ønsker at dei
skal få den same gode, trygge oppveksten som ho sjølv
hadde. Familien er veldig viktig for Hanna. – Den betyr
nesten alt for meg, seier ho. – Det å ha det godt i lag og
trivast i kvardagen. Ho ønsker å ha ein open og raus heim,
noko som ho opplevde at dei hadde når ho var lita. – Mor
og far var alltid veldig rause og gjestfrie, me hadde mykje
besøk, seier Hanna. – Det har nok vore med og prega meg
til den eg er i dag. Eg lærte mykje godt av mor og far, og
eg fekk alltid vera meg sjølv.
Å ha det godt i kvardagen inneber at dei har Gud med
seg i kvardagslege gjeremål. Ho høyrer mykje på kristen
musikk, både barnesangar saman med jentene, og annan
kristen musikk. – Og så liker me oss godt på kapellet,
seier Hanna. – Det er god atmosfære der. Eg likar
gudstenestane, det at det ikkje er så formelt, og at det er ei
blanda forsamling med både gamle og unge. Det er mykje
positivt som skjer i tilknyting til kapellet, seier ho.
Hanna har alltid vore kristen, og trua er ei forankring i
livet hennar. Ho fortel at den har alltid vore med henne
anten ho har budd her eller der, og at den utgjer noko godt
og stødig. Sjølv om det går opp og ned i livet, så står trua
på Gud fast. Det er godt å ha med seg i ein travel kvardag.
5
Aktuelt
Døypte i
Undheimkyrkja
17. mars
VELKOMEN til GUDSTENESTE i
UNDHEIMKYRKJA
30. juni kl 10.30
Gudsteneste. Kjell Børge Tjemsland. Nattverd. Takkoffer til
kyrkjelydsarbeidet. Mulighet for forbøn etter gudstenesta.
18. august kl. 10.30
Gudsteneste. Per Børge Hillestad. Dåp. Konfirmantpresentasjon.
Søndagsskule.
Andreas Lokøy Gjerdevik
1. september kl. 10.30
Gudsteneste. Per Børge Hillestad. Nattverd. Søndagsskule.
Mulighet for forbøn etter gudstenesta.
15. september kl. 10.30
Gudsteneste. Per Børge Hillestad. Dåp. Hausttakkefest.
CD til 2-åringane.
Musikalske leiarar:
Jonas Bleskestad
27. april
Kari Kaald Reiten og Sigmund Bjelland
21 000 kroner til
Undheim samfunnshus
etter sangkvelden
ved elvebredden
fredag 7.juni
TUSEN TAKK
Theodor Maximus
Førland
20. mai
alle saman,
bidragsytarar
på ulikt vis!
Pilegrimsvandringar
langs Kongevegen
24. juni kl. 18.00
frå tusenårsplassen ved Obrestad
hamn til Obrestad fyr.
29. juli kl. 16.30
frå tusenårsplassen ved Obrestad
hamn til kveldsgudsteneste på
Varhaug gamle kyrkjegard.
Ta med mat og drikke.
LEIGE AV KYRKJE-KJELLAREN TIL
KONFIRMASJONS-FEST 2014
Emely Bore-Fjelde
Herren velsigne deg
og vare deg!
Herren la sitt andlet
lysa over deg
og vere deg nådig!
Herren lyfte sitt
andlet mot deg
og gje deg fred!
66
Styret vil med dette gjera kjent at kjellaren med kjøkken i
kyrkja kan leigast til konfirmasjonsfest.
Ta kontakt med:
Torvald Tjåland tlf.: 51484255,
e-post: [email protected]
eller Oddvar Egeland tlf.: 51484253
Søknadsfristen er sett til 1.juli 2013.Me vil føreta
loddtrekking etter søknad/førespørsel frå dykk. Den som vert
trekt ut, vil få svar innan 1 veke etter søknadfristen. Innan 1
veke etter dette vil me ha melding om de tek imot tilbodet.
Dersom nokon ynskjer å sjå på lokala, ta kontakt!
www.josiahventure.com
Gud rører seg i de unge
i Sentral- og Øst-Europa.
De finner sitt hjem i den lokale kirken
og forvandler samfunnet.
Verden har forandret seg,
men evangeliet er fortsatt det samme.
Gud viser seg på en unik måte,
og ungdommer blir berørt av
budskapet om Jesus Kristus.
Noe av dette blir utløst i form av
engasjement, offer og tjeneste
i misjonsorganisasjonen Josiah Venture.
Undheimkyrkja og Tsjekkia
Det er no snart to år sidan soknerådet vårt gjekk inn for å støtta
Josiah Venture sitt misjonsarbeid i Aust-Europa. Prosjektet er
retta mot ungdomsgenerasjonen, der mange er ukjende med
kristendommen. Familien English bur i Tsjekkia og er engasjerte i
dette arbeidet.
Som me har fortalt før, studerte Terry samntidig med Astri Eikeland
i Bergen i si tid, og gjennom henne vart kontakten knytta. At Per
Børge og Terry også har fått eit godt kameratskap gjer samarbeidet
endå greiare.
Soknerådet vårt har forplikta seg på 12 000 kr i året.Kyrkjelyden
vil òg vera med å be for prosjektet og for familien.
Terry var her med ungdomskoret sitt i september 2011. I fjor
sommar reiste ei gruppe frå Undheim og Lye sørover
og var med på ein leir i Slovakia. No i pinsehelga kom
heile familien English til oss for å verta kjende med
fleire og knytta sterkare venskapsband, som er viktig i
samarbeidet.
bilete over: Hanka, Sammy, Terry og Misa English
under: Frå turen til MÅNAFOSSEN
Pinsetur i sommarver
- Dette er den beste ferien me nokon gong har hatt
saman som familie! Så store ord bruker Terry om dei
dagane dei var på besøk her, og han la til: - Believe it
or not!
Varmen og våren me hadde venta på kom med Terry og
Hanka. Dei tok det med seg, som dei sjølve sa. Våren
var for lengst komen i Tsjekkia.
Denne gongen hadde Terry med seg familien sin. For
han var det spesielt gildt at Hanka òg fekk verta kjend
med folket her. Ho fekk fleire gode vener medan ho var
her.
Misa på 4 ½ år fekk spørsmål om ho hadde fått vener her.
-Yes, svara ho. Det var sjølvsagt. Litt vanskelege namn
for henne, kanskje, men ho nemnde i alle fall Rut Oline,
Alma og Inger. Sammy som nærmar seg 1 ½ år, var
fornøgd berre han hadde mor og far rundt seg.
77
Godt å vera i Norge
Terry fortel at dei vart veldig glade då dei som familie vart inviterte
til Undheim. - Men eigentleg, når dette vart alvor, så var me litt
spente på korleis det var å reisa så langt med Sammy og me kunne
ikkje vita sikkert om Misa ville få norske vener på sin alder. Men
alt gjekk såå godt. Anten de vil tru det eller ei, så var denne turen til
Norge noko av det finaste me har opplevd saman som familie!
Dagane dei var her inneheldt så mykje. Dei fekk med seg den
norske nasjonaldagen, (30 årsdagen til Hanka!), dei fekk ein flott tur
til Månafossen og jærstrendene på Sola, alt i nydeleg ver. Med
tre gardsbesøk for borna deira som er så glad i dyr, vart
det heilt «himmelsk» for dei. Og så må me nemna at
Misa fekk med seg fine sommarkjolar frå Norge!
Det var stas!
Travel sommar i vente
Sommaren er alltid ei travel tid for Terry og
familien, slik også i år. I slutten av juni reiser dei
med koret sitt til England og skal vera der i nesten tre
veker, og etter det skal dei leia ein «rocke»-leir i Tsjekkia.
Der skal dei begge vera med som leiarar av bibelstudiegrupper,
Hanka tek seg av jentene og Terry har gutane. Inni mellom alt
dette som er fastlagt, er det viktig å få litt ferie i lag, før dei til
hausten startar opp eit nytt prosjekt med kyrkjer i Estland, Polen og
Ukraina..
Samarbeidet vårt
Både Terry og Hanka er svært takknemlege for kontakten med
Undheim kyrkje og folket her. Dei har opplevd denne turen som å
koma heim, ein plass der ein kan henta seg inn, og har veldig lyst
å koma att! Men det mest spennande dei ser føre seg er at me, litt
fram i tid, kan stå saman i misjonsarbeidet i Aust – Europa med å
dela evangeliet med ungdommar som aldri har vore i ei kyrkje. Det er ein sjanse for folk til å sjå kva Gud kan gjera gjennom dei,
men samtidig ein sjanse for Gud til å gjera noko i dei og oss. Terry
meiner det er ein måte Gud arbeider på at han forandrar
våre liv når han brukar oss i arbeidet med at andre
skal få oppleva ei god forandring.
Utfordringar
Folk spør gjerne korleis dagane er i det
arbeidet Terry og familien står i. Svaret er at
ingen dagar er like, det fins ingen typisk dag.
- Men det mest vanlege er at eg er på reise.
Eg likar å reisa og møta nye folk, men det slit
å måtta reisa frå familien så mykje, spesielt
når eg veit at Hanka vert åleine med omsorgen
for borna våre. For oss er det veldig godt å vita
at de i kyrkja på Undheim er med oss i arbeid med
økonomisk støtte, men aller mest set me pris på at de ber for oss
og det arbeidet me står i! Takk for de er så gjestfrie og for gode
venskap!
8
Hanka 30 år
med familien Eikeland, Ola, Astri, Åse, Alma, Inger og Tora
med familien Fosse, Nina, Nils Arne, Rut Oline, Nils Ole og Nikolai
Hanka English
- ein kort presentasjon
gjera meg betre enn eg er for han. Han veit alt- og likevel
gir han meg alt eg treng. Det vanskelege spørsmålet i min
kvardag er så om eg er villig til å gje han alt?
Hanka er frå Tsjekkia og har budd heile livet i byen,
Ostrava, den største gruvebyen i Tsjekkia med stor
tungmetallindustri og store betongblokker med husvære.
Det var i eit slikt husvære Hanka budde i oppveksten,
men innimellom dei store blokkene var det mykje grøntareal der borna kunne leika. Mora og faren tok seg godt
av henne og broren i oppveksten. Dei var mykje saman
som familie, på ski og skøyter om vinteren og turar i
fjellet om sommaren. Hanka var 6 år då kommunismen
fall, og etter det tok foreldra dei med på mange
spennande turar til utlandet. Dei måtte få oppleva verda
utanfor Tsjekkia.
Korleis er kvardagane dine?
- Med to små born og ein mann som er mykje ute på
reise, kan livet by på ein del utfordringar. For å vera heilt
ærleg, vart eg veldig overraska over kor forandra livet
vårt vart med ein baby i huset! Eg hadde ikkje lyst å gje
slepp på alt eg hadde vore med på før, og drog stakkars
Misa med over alt, på aktivitetar, konsertar og turar.
Det tok meg tre år og ein baby til for å sjå at eg kunne
kombinera morsrollen med ungdomsarbeidet på ein
annan måte, nemleg ved å ha ein open heim for dei, ein
kristen heim. Det beste som har skjedd etter det, er å sjå
kor glade ungdommane er i Misa og Sammy! Det er godt
for ei mor!
Korleis vart du ein kristen?
- Då eg var 13 år, vart eg med i eit «pop/rock»ungdomskor der eg fekk høyra Evangeliet for første gong.
I fire år argumenterte eg med leiarane om kor «latterlege»
eg syns dei kristne teoriane deira var. Men eg såg at livet
deira var fylt av ei god ånd og merka ei ekte og djup
interesse for meg, og det gjorde at eg vart overbevist og
sleppte Jesus inn i livet mitt då eg var 17 år.
Det finaste og beste med Gud er at han er glad i meg endå
han ser mine feil og manglar. Og eg treng ikkje prøva å
Noko du er spesielt glad og takksam
for?
- Av og til må eg minna meg sjølv på å takka meir. Til
meir lettvint og komfortabelt livet er til mindre set me
pris på alt livet gir. Slik føler i alle fall eg det. Eg vil øva
meg i å sjå dei enkle gledene, som lukta av akasietreet om
våren, Hanne Brit sine lappar med bringebærsyltetøy, sjå
borna mine le og kosa seg, og nyta turar i skogen.
Men av dei største gledene er det å oppleva at nokon tek
imot Jesus, og at mannen min lukkast i arbeidet sitt!
9
Guttalaget
UGLA
Tekst: Gunn Berit Soldal Foto: Gunn Berit Soldal og Tor Gauksås
Det var Nils Kjell Sikveland, sier Amund Undheim, som i
sin tid mente at jo, Undheim måtte ha et guttelag! Og det
fikk de. I desember for 36 1/2 år siden startet guttelaget,
Ugla! Nils Kjell var primus motor, og fikk med seg flere
ledere, blant annet Amund Undheim og Ola Mellemstrand,
som alltid har vært med. Også Leiv Gauksås, Steinar
Sandvik og Harald Claudius var med fra
starten. Mange ledere har vært innom,
men akkurat nå er disse ledere på Ugla:
Amund (leder) og Ola, Gunnar Undheim,
Nils Arne Fosse, Kjell Einar Soldal,
Torbjørn Garborg og Ola Eikeland. Tor
Gauksås har et friår. Åsbjørn Tjemsland
har vært med, men han har hatt det travelt
i det siste.
Høsten starter alltid med landhochey i gymsalen. Så går
det slag i slag med bueskyting og høsttur med fisking
og grilling. På kosekveld med pizza og konkurranser er
alltid Per Børge med. Juleavslutning er hos en av lederne.
Da vanker det pølser, saft og historier fra gamle dager,
gjerne også med lysbilder. Våren starter også alltid med
landhochey. På leirkveld er det noen fra NMSU som har
andakt, og som forteller om misjon og leirer, samt viser
bilder. Nytt av i fjor er kulturkveld. Da var lederne og
guttene på bygdemuseum. I år hadde lederne med seg gamle
ting for å vise fram; hestesele, snusbakke, gamle redskaper
og andre nytteting fra gamle gårdsbruk og kjøkken. Det
10
er satt av tur på våren også, som en avslutning. Da pleier
de å grille. Men siden det ikke var lov å grille i år pga
tørken, hadde de rigget til gassgrill i en maskinhall. Det
kjekkeste på denne turen, var nok å kaste snøball mens
lederne snakket om jordene, været og utsikten!
Innimellom alt dette er guttene opptatt
med hobby/trearbeid av halvfabrikat.
De fleste bestilles fra Kvinesdal. Der er
det en som lager halvfabrikater. Amund
lager i tillegg halvfabrikater til traktorer,
lastebiler og fuglekasser, og han lakkerer
og maler dessuten flere av tingene
hjemme før årets basar. Trearbeid foregår
i sløydsalen på skolen. Da lager ungene
alt fra traktorer og fuglekasser til hyller og krakker. De
prøver også å lage et stabbur eller jærhus hvert år. Guttene
er gode og flittige. Disse gangene er det også skyting med
luftgevær. Hver gang er det hobby, og på de fleste andre
samlingane, er det også konkurranse med ja-nei-spørsmål.
Det er den som står for andakten som lager konkurransen,
og guttene må følge med både i tiden og på andakten for
å klare å svare på spørsmålene. Premien er en «Smil»
sjokolade! Dette er populært!
Høydepunktet på guttelag er basar om våren. Det er
guttene selv som står for loddsalg på handelslaget i forkant
av basaren. De gjør en kjempegod jobb, og er til å stole på!
Guttene synes det er kjekt å vise foreldrene hva
de har laget i løpet av året. Pengene går til Det
norske Misjonsselskap, som formidler pengene
videre. I år fikk de på basaren på en spesiell
måte med lysbilder se hva pengene kan gå til.
Andakt går på omgang blant lederne. Det
er en kunst å lage andakten kort og konkret
med få poeng. Lederne er opptatt av å
formidle livsviktig visdom, gode verdier og
kristendommens liv og frukter. De ønsker å
være gode forbilder og synes det er viktig med
kameratskap mellom voksne og unger. Lederne
ønsker at guttene skal få et godt liv. På guttelag
får guttene et innblikk i misjon, og de får lære om Jesus.
De får også lære høflighet og vente på tur. De kristne
høytider er også noe lederne ønsker
å formidle.
Amund synes Nils Arne sa det så
godt i en andakt – at vi må følge
rett spor i livet! Akkurat som i et
nedlagt sidespor av jernbanen
som ender i løse lufta, kan vi også
komme inn på et sidespor, og miste de gode mulighetene i
livet vårt. Det gjelder å være på rett spor hele tiden!
Det er viktig å formidle at ungene bør
komme seg inn på rett spor i livet!
Det gir mye å arbeide med guttelaget, sier
Amund. De andre lederne er enige. De
blir glade i guttene og er glade for å være
med på dette viktige arbeidet. Det er litt
spennende hver høst å se hvor mange gutter
som dukker opp første gangen. Av og til er de også spent
på om de virkelig får fram det de vil gi i arbeidet. Men når
sesongen er i gang, er det ingen tvil om at guttelaget gir
både lederne og guttene veldig mye. Stort sett er guttene
positive, men lederne må være effektive, og de må ha
program hele tiden. Det må ikke være noe dødtid – for
da kjeder ungene seg aldeles straks! Det er veldig godt
med mange ledere, for gutter er fulle av energi! I år har
det kommet gjennomsnittlig 14-15 gutter hver gang. Det er
veldig kjekt! Roy Morten Undheim og Nikolai Fosse synes
bueskyting er det kjekkeste på guttelag. Sakaria Landa har
problemer med å si hva som er kjekkest, for «Alt er kjekt!»
Amund vil til slutt benytte anledningen til å takke ledere
og gutter for en flott sesong, og velkommen til ny sesong
til høsten – både «gamle» og nye gutter fra 4. klasse – de
fleste partallstirsdager kl. 19-20!
11
Stor takk til sponsorane våre som gjer bladet mulig!
Lye Bil AS
Tlf. 400 06 447 [email protected]
Byggmester
Ståle N. Sikveland
Skårland, 4342 Undheim tlf. 90052565 / 51484583
Adresse: Kviav 129, 4365 NÆRBØ
Telefoner: 51 43 65 55, 48 23 60 10, 48 23 60 11
Telefaks: 51 43 65 56 E-post: [email protected]
Tlf. 51 79 11 70
e-post: [email protected]
En god kontakt på Jæren
Møllevegen 12, 4360 Varhaug
tlf.: 51 79 85 79 www.ahbygg.no