5 7 0 0 91 00 ( 08 - 18) kundese rvi c e @e n i ve st . n o www. e n i ve st . n o I n s t a l l a s j o n s g u ide A D fSoLr m f i boedre m h e i m e s e n t r al Zy xe l VMG 89 2 4 TILGIN INNHALD I STARTPAKKEN •Modem •Straumforsyning •Veggoppheng med skruar •Nettverkskablar •Telefonkabel •Splitter •Evt. overgangsleidning til telefon TEKNISK INFORMASJON OM MODEM ADSL - modemet kjem ferdig konfigurert, slik at det ikkje er naudsynt å gjere endringar på det. Ditt modem er konfigurert med følgjande IP-adresse og brukarnamn/passord: ADSL modem: IP: 192.168.80.1 Nettverksmaske: 255.255.255.0 Brukarnamn: admin Passord: 1234 DNS-tenarar (namnetenarar) vert tildelt automatisk. Adressene til desse er som følgjer: DNS 1: 62.50.161.166 DNS 2: 217.149.113.30 Dersom du har behov for å opne portar i dette modemet, kan du logge inn på http://192.168.80.1 med brukarnamn og passord. Dersom du her gjer endringar som medfører at internettilkoplinga ikkje fungerer lenger, vil Enivest fakturere deg for konfigurasjon og utsending av nytt modem. Sjå Enivest sine sals- og leveringsvilkår for prisar. SLIK KOPLAR DU UTSTYRET DITT TIL MODEMET Oppkopling: Modemet skal koplast frå porten DSL, til telefonuttaket i bustaden din. Når du koplar opp modemet ditt bør du først finne ut kva telefonløysing du har (analog, ISDN, utan telefon) og kople ut ifrå dette. I brukarrettleiinga frå Enivest finn du installasjonsrettleiing for dei ulike variantane av telefonløysing. Vi anbefaler at du nyttar nettverkskablar som fylgjer med i pakken frå Enivest. I portane merka LAN/Ethernet kan du kople opp til 4 PC’ar eller anna utstyr i ditt lokale nettverk. Trådlaus oppkopling: Modemet er trådlaust og ferdig sikkerheitskryptert. Du finn nettverksnamn og passord for dei trådlause nettverka på undersida av modemet (SSID og WPA2). Dette modemet har 2 trådlause nettverk, eit på 2,4 GHz og eit på 5 GHz. Nettverket på 5 GHz gir deg betre hastigheit, men har kortare rekkevidde enn 2,4 GHz nettet. Vi anbefaler at du set opp begge nettverka på einingane du vil kople til trådlaust. Merk at trådlaust nettverk må vere aktivert. Modemet har ein av/på knapp på sida av modemet for det trådlause nettverket, og lampene WLAN/WPS lyser når trådlaust nettverk er aktivert. Oppkopling av breibandstelefoni: Dersom du har bestilt breibandstelefoni, får du melding frå Enivest om aktiveringsdato, og kan frå denne dato kople om for breibandstelefoni. Vi anbefaler at du fortset å nytte splitter mellom telefonkontakta og modemet, dette fordi splitter kan gi eit betre vern mot lynnedslag. Telefonapparatet koplast i porten PHONE1 på modemet. Dersom pluggen ikkje passar, nyttar du overgangsleidning som fylgjer med. Koplingsskjema: Telefonlinje inn til huset Bruk splitter Kopling for breibandstelefoni LAMPANE PÅ MODEMET LampeForklaring PWR/SYS Denne lampa skal lyse fast grønt og indikerer at det er straum på modemet. Blinkande grønt lys tyder på at modemet testar seg sjølv. Dersom lampa lyser raudt mottar modemet for lite straum. DSL Denne lampa syner status på breibandslinja, og fast grønt lys indikerer at linja er oppkopla. Blinkande lys betyr at modemet har kontakt med sentralen, men at DSL-linken ikkje er kopla opp endå. Dersom det ikkje er lys i lampa har ikkje modemet kontakt med sentralen. INTERNETT Fast grønt lys tyder at modemet er tilkopla internett, og blinkande lys betyr at det går trafikk mot internett. Dersom lampa er av, er internettforbindelsen nede. WAN Dersom lampa lyser grønt, er det full forbindelse til internett. Blinkande grønt lys tyder at det blir sendt data til/frå internett. LAN/ETHERNET Denne lampa (ei eller fleire) indikerer kontakt med det utstyret du koplar til modemet. Lampa lyser fast grønt når det ikkje er (1-4) aktivitet og blinkar når det går trafikk mellom modem og utstyret ditt. WiFi 2.4G Lyser denne lampa grønt, så er det trådlause 2.4 GHz nettet aktivert. WiFi 5G Lyser denne lampa grønt, så er det trådlause 5 GHz nettet aktivert. Phone 1 Phone 2 Lyser lampa grønt, så er telefonkontoen registrert på telefoni-serveren. Grønt blinkande lys tyder på innkomande anrop. Dersom lampa er av er ikkje telefonkontoen registrert.
© Copyright 2024