Kundeservice: 57 00 91 00 Opningstider Enivest kundeservice Måndag til Fredag: 08:00 til 18:00 Laurdag/Søndag: Stengt [email protected] enivest.no OPPKOPLING AV HEIMESENTRALEN Montør koplar opp heimesentralen ved leveranse av Enivest FIBER. Fiberkabelen vert kopla i fiberboksen. Bruk ein av dei vedlagde cat. 5E kablane mellom WAN og fiberboks. Fiberkabelen må handsamast varsamt, slik at han ikkje vert øydelagt. Viktig! Utstyret er ømfintleg for overspenning. Vi anbefalar difor at utstyret vert kopla til overspenningsvern. I n s t a l l a s j o n s g u ide I n–s thael l iams e j osnesngt u ide ral ff o o rr ff ii b be e rr h e i m e s e n t r al TILGIN HG 2381 TILGIN TEKNISK INFORMASJON OM HEIMESENTRALEN Heimesentralen kjem ferdig konfigurert slik at det ikkje er naudsynt å gjere endringar på modemet. Ditt fibermodem er konfigurert med følgjande IP-adresse og brukarnamn/passord: Heimesentral: IP: 192.168.80.1 Nettverksmaske: 255.255.255.0 Brukarnavn: admin Passord: admin DNS-tenarar (namnetenarar) vert tildelt automatisk. Adressene til desse er som følgjer: DNS 1: 62.50.161.166 DNS 2: 217.149.113.30 Dersom du har behov for å opne portar i dette modemet, kan du logge inn på http://192.168.80.1 med brukarnamn og passord. Dersom du her gjer endringar som medfører at internettilkoplinga ikkje fungerer lenger, vil Enivest fakturere deg for konfigurasjon og utsending av nytt modem. Sjå Enivest sine sals- og leveringsvilkår. OBS! Dersom du har problem med modemet eller med FIBER-linja, prøv først å slå av og på modemet, og la modemet kvile eit minutt og prøv på nytt. Dersom det ikkje hjelper, så hald inne «reset» knappen i 10 sek. for å tilbakestille modemet. SLIK KOPLAR DU UTSTYRET DITT TIL HEIMESENTRALEN Internett tilkopling: På heimesentralen (modemet) er portane LAN 1, LAN 2, LAN 3 og LAN 4 opne for internett oppkopling av PC, trådlaus ruter, svitsj eller anna datautstyr. Har du Get Digital-TV blir nokre portar reservert for dette. Sjå avsnitt om TV-tilkopling nedanfor. LAN 1 er alltid open mot internett. Trådlaus tilkopling: Heimesentralen har moglegheit for trådlaus tilkopling til PC`ar eller anna utstyr som er mottakeleg for trådlaus tilkopling. Dette modemet har 2 trådlause nettverk, eit på 2,4 GHz og eit på 5 GHz. Nettverket på 5 GHz gir deg betre hastigheit, men har kortare rekkevidde enn 2,4 GHz nettet. Vi anbefaler at du bruker 5 Ghz-nettverket der det er mogeleg. Skulle ikkje dekninga vere tilstrekkeleg er det anbefalt å bruke 2,4 Ghz. Heimesentralen er sikkerheitskryptert, og du finn passord og namn på nettverk på undersida av modemet (WPA-nøkkel og SSID). Du kan slå trådlaus funksjon av/på ved hjelp av WIFI-knappen på heimesentralen. Telefon tilkopling: Porten Phone1 blir nytta til å levere breibandstelefoni. Har du Enivest Breibandstelefoni koplar du ein analog telefon til denne porten. TV tilkopling: Har du tinga GET digital-TV får du tilsendt ein GET HD dekodar. Vi anbefaler at denne står ved TV. Mellom TV og dekodar koplar du HDMI eller komponent og du får glede av HD-kvalitet. Mellom heimesentralen og GET dekodar må det vere minimum ein cat. 5E data kabel (maks 90m lengde). Denne kabelen koplar ein i port LAN 4 på heimesentralen og i porten RJ45 i GET-dekodar. Portane LAN 4, LAN 3 og LAN 2 vert i denne rekkefølgje satt av til TV ein og ein, om ein tingar nye TV-dekodarar. Fiberboks: Har du fiberboks, så kan du nytte ein cat. 5E datakabel mellom modemet og fiberboksen, maks 90m. 1 111 111 111 1 1 1: Port 1 til 4 (gul) 2: WAN port for tilkopling til fiberboks (grå) 3: Reset, for å nullstille modemet 4: Telefon 1 (kvit) og Telefon 2 (grøn) 5: USB port 1 og USB port 2 på sida (ikkje i bruk) 6: Tilkopling for straum 7: Av/På knapp 8: Av/På knapp (WIFI-knapp) for trådlaus funksjon Bilete syner framside av modem og lyser når funksjonane er på. LAMPENE PÅ HEIMESENTRALEN / FIBERMODEM LampeForklaring Power Denne lampa skal lyse fast grønt og syner at det er straum på modemet. Blinkande raudt lys tyder på at modemet restartar eller held på å oppdatere seg. Dersom det blinkar sakte raudt, kan det tyde på feil på modemet. WWW Fast grønt lys tyder at modemet er tilkopla internett. Lampa lyser raudt dersom det ikkje er internettilkopling. WAN Fast grønt lys tyder at modem er tilkopla sentralen. Phone 1 & 2 Desse lampene lyser fast grønt dersom telefon er aktivert. Blinkande grønt lys kan tyde på at det er feil på telefontilkoplingane; kontakt då Enivest kundeservice. LAN Lampa lyser blinkande grønt dersom aktivitet/trafikk eller raudt som betyr gigabit tilkopling. WIFI Lampa lyser grønt når trådlaus funksjon er aktiv, og er av dersom trådlaus funksjon er deaktivert. Bruk knapp på sida for å skru av og på.
© Copyright 2024