Retningslinjer for oppnemning av prøvenemnder

Side 1av 3
Saksbehandlar:
Avdeling:
Sak nr.:
Per Jørgen Loen
Opplæringsavdelinga
12/4446-1
Retningslinjer for oppnemning av prøvenemnder
Fylkesdirektøren rår fagopplæringsnemnda til å gjere slikt vedtak:
Fagopplæringsnemnda sluttar seg til fylkesdirektøren sitt framlegg til prosess ved oppnemning
av prøvenemnder slik den går fram av saksutgreiinga.
SAKSFRAMSTILLING
1. Bakgrunn
Bakgrunn for at saka er reist
Fylkeskommunen har ansvar for å nemne opp prøvenemnder til å bedømme fag- og
sveineprøvar. Prøvenemndene vert nemnde opp for ein periode på 4 år. I Sogn og Fjordane
har som praksis å fornya halvparten av prøvenemndene om gongen, det vil seie at ein har
oppnemning av nye nemnder kvart andre år. Det er eit overordna mål å ha best mogeleg
kvalitet på den vidaregåande opplæringa i fylket, jfr nytt mål- og strategidokument 2012-2015:
«God-betre - best». Sluttvurderinga er ein viktig del av kvalitetsarbeidet. Det er difor viktig at
ein har gode prosessar i høve oppnemning av prøvenemndene.
Saksutgreiing
Ifølgje opplæringslova § 4-8 skal fylkeskommunen, etter forslag frå fagopplæringsnemnda ,
nemne opp ei eller om nødvendig fleire prøvenemnder for fag der ein har prøvekandidatar.
Fylkeskommunen kan eventuelt nemne opp prøvenemnder i samarbeid med andre
fylkeskommunar .
I forskrift til opplæringslova § 3-56 står følgjande:
«Prøvenemnda for fag- eller sveineprøva blir oppnemnd og administrert av fylkeskommunen, jf. Opplæringslova
§ 4-8. Ho skal ha minst to medlemmer som har formell kompetanse innafor fagområdet, og så langt det er
mogeleg, har oppdatert arbeidslivserfaring i faget. Fylkeskommunen skal sikre at det blir tilfredstillande
vurderingsfagleg kompetanse i prøvenemnda.
Fylkeskommunen skal hente inn forslag til medlemmer i prøvenemnda frå partane i arbeidslivet.
Fylkeskommunen kan om nødvendig hente inn forslag også frå andre.
Medlemmene må normalt vere eksterne i forhold til lærebedrifta eller skolen der kandidaten har fått
opplæring».
I Sogn og Fjordane har ein slik det går fram av forskrifta, bedt om forslag til medlemmer frå
partane i arbeidslivet ved oppnemning av nye prøvenemnder. Det har synt seg at det ikkje
alltid har vore like lett å få inn forslag frå partane.
Forskrifta legg føringar på kven som kan oppnemnast til prøvenemndsmedlemmar. Dei skal ha
formell kompetanse og oppdatert arbeidslivserfaring i det aktuelle faget. Formell fagleg
Side 2av 3
kompetanse vil som hovudregel vera fag-/sveinebrev i faget( eller annan relevant utdanning).
Dette kravet kan det ikkje dispenserast frå.
Fylkeskommunen skal sikre at prøvenemndene har tilfredstillande vurderingsfagleg
kompetanse. Dette kan sikrast gjennom at prøvenemndsmedlemmene som eit minimum
deltek i fylkeskommunen si prøvenemndsskulering.
Vidare heiter det i forskrifta t prøvenemndsmedlemmane skal vera eksterne i forhold til
lærebedrifta eller skulen der kandidaten har fått opplæring. Det betyr i praksis at tilsette og
styremedlemmar i opplæringskontor berre unntaksvis kan nemnast opp som
prøvenemndmedlemmer. Lærarar som har undervist kandidaten vil vera inhabil i høve den
konkrete kandidaten.
Den som vert oppnemnd som medlem i prøvenemnd er pliktig til å ta i mot vervet, jf § 12-7 i
opplæringslova.
Som ein del av kvalitetsarbeidet i vidaregåande opplæring er det viktig å ha gode prosessar ved
oppnemninga av prøvenemnder. Fylkesdirektøren har derfor valt å leggje fram ei sak for
fagopplæringsnemnda.
Fylkesdirektøren vil rå til at prosessen vert lagt opp slik:
Prosess ved oppnemning av prøvenemnder i Sogn og Fjordane:
1. Fylkesdirektøren sender i god tid ut oversikt over prøvenemnder som skal
nyoppnemnast til partane i arbeidslivet.
2. Det vert avklart med partane kva for prøvenemnder det eventuelt er aktuelt å
samarbeide med andre fylke om.
3. Fylkeskommunen legg ved retningslinjer for prøvenemndsarbeid satsar og reglement
for godtgjersle for prøvenemndsarbeid.
4. Partane tek kontakt med aktuelle kandidatar og spør om dei kan tenkje seg å bli
medlem i prøvenemnd for kommande 4 års periode.
Det er ein føresetnad at kandidatar som vert føreslegne tilfredstiller krava i forskrifta til
opplæringslova § 3-56.
5. Dersom fylkeskommunen ikkje har motteke forslag til kandidatar innan fristen vil
fylkeskommunen sjølv arbeide med å finne kandidatar.
6. Fylkeskommunen oppnemner prøvenemndene jf. § 4-8 i opplæringslova.
7. Fylkeskommunen sender melding til det enkelte prøvenemndsmedlem om
oppnemninga saman med retningslinjer og honorarsatsar.
8. Fylkeskommunen gjennomfører obligatorisk opplæring for prøvenemndsmedlemmene
for å sikre nødvendig vurderingskompetanse.
3. Vurdering og konsekvensar
For å sikre god kvalitet på fagopplæringa i fylket, er det viktig at også sluttvurdering vert gjort
på ein god måte. Difor vil det vera viktig at ein har god kvalitet på prøvenemndene sitt arbeid
med sluttvurderinga, og at medlemmane har god fagkompetansen og vurderingskompetanse.
Ved å ha gode prosessar rundt oppnemning av prøvenemndene vil ein lettare kunne ivareta
kvaliteten på sluttvurderinga. Vidare må fylkeskommunen sørgje for tilstrekkeleg skolering av
prøvenemndene.
4. Konklusjon
Side 3av 3
Fylkesdirektøren rår til at ein har følgjande prosess ved oppnemning av nye prøvenemnder: