Samarbeidsavtale om Samhandlingsbarometeret Universitetssykehuset Nord-Norge HF (UNN) og Helse Vest v/Helse Helse Førde HF, Helse Vest IKT, Helse Bergen HF og Haraldsplass diakonale sykehus I fellesskap kalla partane Avtalen gjeld 2015-2016 1. Bakgrunn og føremål Gjennom denne avtala stadfestar partane ei bindande samarbeidsavtale om å innføre felles bruk og vidare utvikling av Samhandlingsbarometeret. Helse Førde HF v/Fag og utviklingsavdelinga har ved avtaleinngåing ansvar for den daglege faglege og administrative drifta av nettstaden Samhandlingsbarometeret. Avtala regulerer tilhøvet mellom partane. Avtalen skal evaluerast innan utgangen av 2016, med sikte på å få til ei meir langsiktig avtale når den konkrete publiseringsløysinga er på plass. Samarbeidsavtalen er forankra i Helse Vest v/ Helse Førde HF og samarbeidspartar, Helse Vest IKT, Helse Bergen HF, Haraldsplass diakonale sykehus HF og Helse Nord v/UNN HF med samarbeidande kommunar. 2. Område for samarbeidsavtalen Helse Førde HF har ved hjelp av Helse Vest IKT og i samarbeid med kommunane i Sogn og Fjordane, KS og Høgskulen i Sogn og Fjordane utvikla nettportalen «Samhandlingsbarometeret.no» med m.a. som føremål å etablere ei automatisk nettbasert IKT-løysing for informasjons-/kunnskapsbase mellom spesialisthelsetenesta og kommunane. Nettsida er ei informasjonsside, kan nyttast som styringsverktøy. Samhandlingsbarometeret var i starten delvis finansiert av prosjektmidlar frå Helse Vest RHF. Nettstaden skal gje ei kunnskapsplattform for samhandling og arbeidsdeling mellom kommunane og spesialisthelsetenesta, tilrettelegge for forbetringsarbeid, og gje grunnlag for forskingsarbeid og studentoppgåver. Den opne nettløysinga sikrar tilgang for både media og einskildpersonar/pasientar til dokument og data. Samhandlingsbarometeret er ei innovativ løysing med potensiale og behov for vidareutvikling. UNN ved Nasjonalt senter for samhandling og telemedisin (NST) har sekretariatsfunksjonen for overordna samarbeidsorgan (OSO) mellom føretaket og kommunane i føretaket sitt opptaksområde (Troms og Ofoten). OSO er gjort kjend med «Samhandlingsbarometeret» i Sogn og Fjordane, og har vedteke å be sekretariatet om å legge grunnlaget for samarbeid med Helse Førde om etablering og utvikling av ei tilsvarande løysing. 3. Aktørar i samarbeidet Helse Vest IKT er ein sentral partnar og bidragsytar i utviklings- og driftsarbeidet, som leverandør av data, driftsstøtte, og i høve avklaring/godkjenning av løysingar i høve IKT-sikkerheit. Det er inngått samarbeid med Helse Bergen HF/Haraldsplass diakonale sykehus HF om publisering i nettportalen, og desse er i ferd med å knyte seg opp til løysinga. Det kan forventast ei vidare breidding av løysinga innanfor resterande delar av Helse Vest. Helse Nord ved SKDE og Helse Vest skal etablere ein permanent atlasfunksjon knytt til variasjon av helsetenester. Det kan verte aktuelt for Samhandlingsbarometeret å ha ei rolle inn i dette utan at dette er avklart pr. i dag. 4. Forankring av samarbeid og eventuell utviding til nye partar Begge partar har ansvar for å orientere og involvere sine eigarar og samarbeidspartarar Helse Førde HF sørger for naudsynt samarbeid mellom ulike partar 5. Teknisk løysing Systemeigar Helse Førde HF og Helse Vest IKT ivaretek rettar og vilkår knytt til etablering og vidareutvikling av løysinga utanfor dei to regionane Portal/nettløysing Partane er samde om å vidareføre avtalen med leverandør NSD/Nesstar, under føresetnad av at det er mogleg å vidareutvikle løysinga. Helse Vest IKT HF / Helse Førde HF er formelt bestillar og ansvarleg overfor leverandør, herunder tilkobling til Helse Bergen HF, Haraldsplass diakonale sykehus og UNN, avklaring av tekniske tilhøve knytt til etablering av felles løysing, utvida kapasitet og svartider Økonomisk og ressursmessig samarbeid med leverandør om utvikling av løysinga skal avklarast formelt med Helse Vest IKT ad kontrakts/konkurransevilkår Publisering/nettportal: Partane ser på ein felles portal-løysing i dagens system som mest aktuelt og ønskjeleg, og vil arbeide for å få dette til. Partane skal samarbeide om oppdatering, ved å avtale oppgåve og ansvarsfordeling. Partane skal avtale kva indikatorar som kan publiserast lokalt / separat, og kva som kan publiserast felles/samla (t.d. Kostra). Lokal publisering skal kunne gjerast så langt det ikkje er til hinder for forsvarleg IKT-sikkerheit og kapasitet i nettløysinga. For å unngå dobbeltarbeid i oppdatering/publisering skal det føretakast ei prosessanalyse av forløpet (LEAN). Avklaring av teknikk og sikkerheit Ved inngåing av avtale er det ikkje endeleg avklara korleis den tekniske løysinga skal fungere. Før tilkobling skal følgjande vere utført skal Helse Vest IKT og samarbeidspartane i fellesskap utføre ei ROS-analyse for å vurdere om driftsopplegget med utvida løysing og oppkobling mot Helse Bergen HF, Haraldsplass sykehus HF og UNN er trygg og sikker (brannmurar, passord mv) av Helse Vest IKT. Utviklingsområde Område for utvikling av nettløysinga: Automatisere oppdatering. Nye framstillingsmåtar av talmateriale Vurdere oppkobling Helsenorge.no Evt. rolle inn mot helseatlasfunksjon knytt til variasjon i helsetenester på lokalnivå Utgifter til å utvikle nettløysinga vert fordelt mellom partane etter storleik. Utviklingstiltak skal vere avtalt på forhånd ettersom tiltaka kan ha store kostnadar. 6. Organisering, ressursar og kompetanse Kvar av partane har ansvar for å ha eit lokalt apparat og ressursar som handterer administrasjon, drift og samhandling med kommunar og andre internt i sine føretak. Når oppkobling mot UNN er klar, skal partane vurdere å opprette 100 % stilling som felles koordinator for å handtere samarbeidet. Vedkomande skal ivareta samarbeidet med dei respektive lokale ressursane og bidra til utvikling av Samhandlingsbarometeret. Partane skal etablere felles styringsgruppe og arbeidsgruppe. Helse Førde HF organiserer og leier gruppene. 7. Kompetanse Personellet som arbeider med Samhandlingsbarometeret skal samla ha følgjande kompetanse: Medisinsk/helsefagleg, kunnskap om kva indikatorar som er nyttige, kunne vurdere muligheiter for bruken av data, evne å sjå og utvikle kobling til forsking og utviklingsarbeid Leiing, organisering, prosjektkompetanse Kommunikasjon; formidling/promotering - bidra til at barometeret «lever» og blir brukt i og utanfor organisasjonen. Teknisk kompetanse Statistisk kompetanse 8. Kostnader Økonomi Partane dekker eigne kostnadar med sine lokale personellressursar Felleskostnader: o Partane deler på kostnadene med teknisk løysing; investeringar/driftskostnader og utviklingskostnader. o Utgiftene vert fordelt utifrå storleik, og er avtalt på forhånd dvs innbyggartal i føretaket sitt opptaksområde, dvs. kommunane som inngår (t.d. i OSO Nord). o Det skal vurderast å tilsetje ein koordinator som partane i fellesskap deler kostnadene med. Det må avklarast nærare kvar koordinator skal vere tilsett. o Det vert utarbeidd årlege budsjett for felleskostnader. 9. Diskresjon Partane har teieplikt om all informasjon somm dei får frå den andre parten som følgje av denne samarbeidsavtala, og som ikkje er alminneleg kjent. Teieplikta gjeld også etter opphøyr av samarbeidsavtala. 10. Varigheit Samarbeidsavtala gjeld fram til den blir sagt opp av ein av partane. Det er eitt års oppseiingstid. 11. Øvrige vilkår Partane er gjensidig forplikta til å følgje opp avtalen. Dersom ein av partane utfører brot på dei tekniske retningslinene og/eller sikkerheitsrutinene, kan den andre parten kreve erstatning. Xxx, den …….. Helse Vest IKT Bjørn Engum, Senterleder, Universitetet Nord-Norge HF/NST Anne Kristin Kleiven, Utviklingsdirektør Helse Bergen HF v/ Helse Førde HF Haraldsplass diakonale sykehus HF
© Copyright 2024