KYRKJELYDEN STÅR | Salme 482 Deg å få skode er sæla å nå, Gud, ver det syn som mitt hjarta vil sjå; ver du for tanken min dyraste skatt, ljoset som strålar ved dag og ved natt! Ver du min visdom, mi sanning og trøyst, tal du det levande ord med di røyst! Far, lat meg vere barn her hjå deg. Kom til meg, Herre, ja, bu du i meg! Ver du i striden mitt skjold og mitt sverd; ver du det merket som syner mitt verd, livd for mi sjel, den tryggaste vakt; lyft meg mot himlen, du makt i mi makt! Rikdom og ære som menneske gjev, er ikkje meir enn den morknande vev. Du er min arv som varer til sist, himmelske konge, det veit eg for visst. Konge i æva, å lat du meg då sigrande inn i ditt rike få gå! Ver du mi tru, den vona eg ber til eg får skode din herlegdom der. Amen. Velsigninga LITURG | Lat oss prisa Herren. ALLE | Gud vere lova. Halleluja. Halleluja. Halleluja. Herren velsigne deg og vare deg. Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig. Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje deg fred. ALLE | Amen, amen, amen. Nådehelsing LITURG | Tre gonger tre klokkeslag Utgangsprosesjon Takkoffer ved utgangen til kyrkjelydsarbeidet KONFIRMANTAR: Simon Elias Derås Tobias Hamre Helene Fylling Hernes Ylva Arefjord Hetland Jørgen Hillestad Mathilde Jordåen Molvik Hanne Seberg Paulsen Martin Pedersen Morten Andre Pettersen Mathias Klingsheim Risnes Rebekka Tytingvåg Skard Bjørnar Torkildsen Skorpen Oda Steensohn Sander Borlaug Stokka Erlend Saltvik Titlestad Eivind Matre Torgersen Ådne Steinsbø Walquist Mathilde Cruickshanks Wilhelmsen MEDVIRKANDE: sokneprest Arnt Johan Vistnes, kyrkjelydspedagog Barbro Høyland Andersen, klokkar Britt R. Theodorsen, kantor Jan Overweg, Linda Fylkesnes (kornett) www.kyrkja-stord.no ! Samlingsbøn KONFIRMASJON - 26.04.2015 kl.12.00 Kyrie Kyrie eleison. Gud Fader, miskunna deg. Kriste eleison. Herre Krist, miskunna deg. Kyrie eleison. Heilag Ande, miskunna deg. KYRKJELYDEN STÅR | Prosesjon Salme 197 Deg være ære, Herre over dødens makt! Evig skal døden være Kristus underlagt. Lyset fyller haven, se, en engel kom, åpnet den stengte graven, Jesu grav er tom! OMKVED | Deg være ære, Herre over dødens makt! Evig skal døden være Kristus underlagt. Se, Herren lever! Salig morgenstund! Mørkets makter bever. Trygg er troens grunn. Jubelropet runger: Frelseren er her! Pris ham, alle tunger, Kristus Herre er! | OMKVED Frykt ikke mere! Evig er han med. Troens øye ser det: Han gir liv og fred. Kristi navn er ære, seier er hans vei, evig skal han regjere, aldri frykter jeg. | OMKVED Gloria Ære vere Gud i det høgste. ALLE | Og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i. Vi lovar deg, vi prisar deg, vi tilbed deg, vi opphøgjer deg. Amen. LITURG | Tekstlesing LITURG | Lat oss høyra Herrens ord. Det står skrive hos profeten Jesaja: Så seier Herren: De skal ikkje minnast dei første ting, ikkje tenkja på det som hende før. Sjå, eg gjer noko nytt. No spirer det fram. Merkar de det ikkje? Ja, eg legg veg i ørkenen, elvar i øydemarka. Ville dyr skal æra meg, sjakalar og strutsar. For eg gjev vatn i ørkenen og elvar i øydemarka så mitt utvalde folk kan få drikka. Mitt folk, som eg har forma, skal forkynna min pris. | Slik lyder Herrens ord. JES 43,18-21 Salme 431 Lat oss vandre i lyset liksom Han er lys, vandre i Guds lys (2x) OMKVED | vandre i Guds lys, vandre i Guds lys, vandre i Guds lys, vandre i Guds kjærleiks lys. Lat oss elske kvarandre liksom Han har elska oss, vandre i Guds lys (2x) | OMKVED Lat oss tilgi kvarandre liksom Han har tilgitt oss, vandre i Guds lys (2x) | OMKVED Lat oss be for kvarandre liksom Jesus ber for oss, vandre i Guds lys (2x) | OMKVED Evangelium | KYRKJELYDEN STÅR Det står skrive i evangeliet etter Johannes: Jesus sa: Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.» | JOH 13,34-35 Slik lyder det heilage evangeliet. Preike Salme 717 Kjære Gud, når eg bed, lat min tanke kvile i fred frå alt stress i verda omkring og all uro for daglege ting. Lat din kjærleik få trengje seg inn, slik at han kan forandre mitt sinn. Lat oss alle som trur på ditt ord, vera saman i bøn for vår jord. Hjelp meg, Gud, til å gi både pengar, arbeid og tid i den tenesta der eg er sett, slik at eg kan forvalte den rett. Gi meg kraft til å dele mitt brød med dei menneska som er i nød. Hjelp meg søkje fornying og fred. Høyr meg, kjære Gud, når eg bed. Takk for frelse og fred når i Jesu namn eg får be. Herre lær meg den vegen å gå: At eg alltid din nåde kan få. Og eg veit at ein dag er eg fri som eg aldri her nede kan bli. Når all vondskap og nød er forbi, evig glede og fred vil du gi. Påminning om dåpen Forsakinga og trua KYRKJELYDEN STÅR - ALLE | Eg forsakar djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen. Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord. Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den heilage ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde. Eg trur på Den heilage ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv. Amen. Gjev oss i dag vårt daglege brød, og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar. Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen. Salme 647 En gang før du selv kan minnes, ble du møtt av gledens bud: At du alltid kan få leve som et elsket barn hos Gud. Han som dengang tok imot deg og som kjenner dine savn, gav deg del i alt han eier da du døptes i hans navn. Du fikk korsets tegn som merke før du noen ting forstod. Du ble lagt i Herrens hender, du fikk trygghet, håp og tro. Bøn for konfirmantane KYRKJELYDSSVAR - ALLE SYNG: Høyr vår bøn! Høyr vår bøn! Lat riket ditt koma, lat viljen din råda! Høyr vår bøn! Herrens bøn ALLE | Vår Far i himmelen. Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen. Han som møtte deg i dåpen, kaller deg på nytt til seg. I sin kjærlighet og nåde vil din Gud velsigne deg. Bøn for kvar einskild konfirmant Helsing
© Copyright 2024