Herrens bøn - Stord Kyrkja

Nattverdsbøn
LITURG | Mysteriet i trua er stort.
ALLE | Kristus døydde.
Kristus stod opp.
Kristus skal koma att.
Salme 665 Herre, eg inderleg
ynskjer å fremje di ære!
Herrens bøn
ALLE | Vår Far i himmelen.
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda
slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld,
slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt
og makta og æra i all æve.
Amen.
Salme 526 Velsigna band som
bind | KYRKJELYDEN STÅR
Avslutning av måltidet og
bøn for bønekrukka
Velsigninga:
LITURG | Lat oss prisa Herren.
ALLE | Gud vere lova. Halleluja.
Halleluja. Halleluja.
LITURG | Herren velsigne deg og
vare deg. Herren late sitt andlet
lysa over deg og vere deg nådig.
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje
deg fred.
ALLE | Amen, amen, amen.
Tre gonger tre klokkeslag
Fredshelsing
LITURG | Guds fred vere med dykk.
ALLE | Guds fred vere med deg
Postludium
Kunngjeringar
Nattverdmåltidet
ALLE | Du Guds Lam, som ber all
verdsens synder, miskunna deg
over oss. Du Guds Lam, som ber
all verdsens synder, miskunna deg
over oss. Du Guds Lam, som ber
all verdsens synder, gjev oss din
fred.
Salme 614 Vår lovsang skal møte
deg
Utsending
LITURG | Gå i fred. Ten Herren med
glede.
I STORD OG NYSÆTER KYRKJE ER ALLE
NATTVERDSOBLATANE GLUTENFRIE
www.kyrkja-stord.no
Gloria
Ære vere Gud i det høgste.
ALLE | Og fred på jorda blant
menneske som Gud har glede i.
Vi lovar deg, vi prisar deg, vi
tilbed deg, vi opphøgjer deg.
Amen.
LITURG |
!
APOSTELDAGEN - 05.07.2015
Klokkeringing
Informasjon
Kort stille og tre klokkeslag
KYRKJELYDEN STÅR |
Salme 429 Frå sola stig og strålar
Nådehelsing
Samlingsbøn
LITURG | Heilage Gud, vi er samla
for ditt andlet for å møta din
kjærleik og di sanning. Send oss
din Ande og gjer oss opne for det
som du vil gje oss. Lat ordet ditt
slå rot i hjarta våre, så Kristus
lever i oss, og vi blir eitt i deg
og tener deg i alle ting.
Vi bed i Jesu namn:
ALLE | Amen.
Kyrie
Kyrie eleison.
Gud Fader, miskunna deg.
Kriste eleison.
Herre Krist, miskunna deg.
Kyrie eleison.
Heilag Ande, miskunna deg.
Tekstlesing
LITURG | Lat oss høyra Herrens
ord.
Det står skrive hos profeten
Jeremia:
Herrens ord kom til meg: «Før eg
forma deg i mors liv, kjende eg
deg, før du vart fødd, helga eg deg,
til profet for folkeslaga sette eg
deg.» Men eg sa: «Å, min Herre og
Gud! Sjå, eg kan ikkje tala, eg er
for ung!» Då sa Herren til meg:
«Du skal ikkje seia: Eg er ung!
Overalt der eg sender deg, skal du
gå, og alt eg byd deg, skal du seia.
Ver ikkje redd dei, eg er med deg
og skal berga deg, seier Herren.»
Herren rette ut handa og rørte ved
munnen min. Så sa Herren til meg:
«No legg eg orda mine i din munn.
Sjå, eg set deg i dag over folk og
rike til å rykkja opp og riva ned, til
å øydeleggja og knusa, til å byggja
og planta.»
| JER 1,4-10
Slik lyder Herrens ord.
Salme 385 Pris din Gud, mi sjel
Tekstlesing
Det står skrive i
Apostelgjerningane:
Paulus sa: «For meg er ikkje liv
eller død verdt å snakka om, berre
eg kan fullføra løpet og den tenesta
eg fekk av Herren Jesus: å vitna
om evangeliet om Guds nåde. Og
no veit eg at de aldri meir skal sjå
andletet mitt, alle de som eg har
vore saman med og forkynt Riket
for. Difor vitnar eg for dykk på
denne dagen at eg er utan skuld om
nokon taper sitt liv, for ikkje på
nokon måte har eg forsømt å
forkynna heile Guds plan og vilje.
Ta vare på dykk sjølve og på heile
den flokken som Den heilage ande
har sett dykk til å vera tilsynsmenn
for! Ver hyrdingar for Guds
forsamling, som han vann med sitt
eige blod. For eg veit at når eg er
borte, vil det koma inn iblant dykk
grådige ulvar som ikkje sparer
flokken. Og mellom dykk sjølve
skal det stå fram menn som fer
med falsk lære og vil lokka
læresveinane med seg. Så vak då,
og kom i hug at eg i tre år, natt og
dag, med tårer i auga, ikkje heldt
opp med å rettleia kvar einaste ein.
Og no gjev eg dykk over til Gud
og hans nådeord, som har kraft til å
byggja opp og gje dykk arv saman
med alle dei som er helga.»
| APG 20,24-32
Slik lyder Herrens ord.
Evangelium |
KYRKJELYDEN STÅR
ALLE SYNG FØR OG ETTER LESINGA |
Halleluja, halleluja, halleluja.
Halleluja, halleluja, halleluja.
Det står skrive i evangeliet etter
Matteus:
Då Jesus kom til bygdene ved
Cæsarea Filippi, spurde han
læresveinane sine: «Kven seier
folk at Menneskesonen er?» Dei
svara: «Somme seier døyparen
Johannes, andre Elia og atter andre
Jeremia eller ein annan av
profetane.» «Og de», spurde han,
«kven seier de at eg er?» Då svara
Simon Peter: «Du er Messias, den
levande Guds Son.» Jesus tok til
orde og sa: «Sæl er du, Simon, son
til Jona. For dette har ikkje kjøt og
blod openberra for deg, men Far
min i himmelen. Og det seier eg
deg: Du er Peter, og på dette fjellet
vil eg byggja mi kyrkje, og
dødsrikeportane skal ikkje få makt
over henne. Eg vil gje deg nøklane
til himmelriket; det du bind på
jorda, skal vera bunde i himmelen,
og det du løyser på jorda, skal vera
løyst i himmelen.» Så forbaud han
læresveinane strengt å seia til
nokon at han var Messias.
| MATT 16,13-20
Slik lyder det heilage evangeliet.
Preike
Truvedkjenning
ALLE | Eg trur på Gud Fader,
den allmektige, som skapte
himmel og jord.
Eg trur på Jesus Kristus,
Guds einborne Son, vår Herre,
som vart avla ved Den heilage
ande, fødd av Maria møy,
pint under Pontius Pilatus,
vart krossfest, døydde
og vart gravlagd,
fór ned til dødsriket,
stod opp frå dei døde tredje dagen,
fór opp til himmelen,
sit ved høgre handa åt Gud,
den allmektige Fader,
skal koma att derifrå
og døma levande og døde.
Eg trur på Den heilage ande,
ei heilag, allmenn kyrkje,
eit samfunn av dei heilage,
forlating for syndene,
oppstoda av lekamen
og evig liv.
Amen.
Skap i meg eit reint hjarte
og gjev meg kraft til nytt liv
ved din heilage Ande.
Salme 532 Guds kirkes grunnvoll
Prefasjon
LITURG | ... saman med alle dine
heilage i himmelen og på jorda:
Syndsvedkjenning
ALLE | Gud, ver meg nådig!
Eg har synda mot deg
og svikta min neste
- med tankar og ord,
med det eg har gjort,
og med det eg har forsømt.
Tilgjev meg mi synd
for Jesu Kristi skuld.
Lovnadsord
Forbøn
KYRKJELYDSSVAR - ALLE SYNG:
Herre, høyr vår bøn!
Vi minnast dei døde | ALLE STÅR
ALLE | Herre, høyr vår bøn.
Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet
Salme 602 Lat kvar jordisk
skapning teia
Nattverd | KYRKJELYDEN STÅR
LITURG | Herren vere med dykk.
ALLE | Og med deg vere Herren.
LITURG | Lyft dykkar hjarte.
ALLE | Vi lyfter våre hjarte til
Herren.
LITURG | Lat oss takka Herren vår
Gud.
ALLE | Det er verdig og rett.
Heilag, heilag,
heilag er Herren Sebaot,
all jorda er full av din herlegdom.
Hosianna i det høgste.
Velsigna vere han som kjem i
Herrens namn.
Hosianna i det høgste.
ALLE |