Uten navn - Stord Kyrkja

Salme 786 Eg er trygg hos deg
BARN GÅR TIL EIGA SAMLING I
KAPELLET |
Salme 604 Jesus, livets sol
Salme 871 vers 1 Lat oss vandre i
lyset
!
Salme 498 Du omgir meg
4. SØNDAG I FASTETIDA - 15.03.2015
Salme 697 Der det nye livet lever
Klokkeringing
Informasjon
Kort stille og tre klokkeslag
Avslutning av måltidet og
bøn for bønekrukka
KYRKJELYDEN STÅR |
KYRKJELYDEN STÅR |
Salme 280 Store Gud, vi lover deg
Salme 539 Dine løfter er mange
Nådehelsing
Velsigninga:
LITURG | Lat oss prisa Herren.
ALLE | Gud vere lova. Halleluja.
Halleluja. Halleluja.
LITURG | Herren velsigne deg og
vare deg. Herren late sitt andlet
lysa over deg og vere deg nådig.
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje
deg fred.
ALLE | Amen,
Skattekiste
Samlingsbøn
LITURG | Heilage Gud, vi er samla
for ditt andlet for å møta din
kjærleik og di sanning. Send oss
din Ande og gjer oss opne for det
som du vil gje oss. Lat ordet ditt
slå rot i hjarta våre, så Kristus
lever i oss, og vi blir eitt i deg
og tener deg i alle ting.
Vi bed i Jesu namn:
ALLE | Amen.
amen, amen.
Tre gonger tre klokkeslag
Postludium
Kunngjeringar
Utsending
LITURG | Gå i fred. Ten Herren med
glede.
I STORD OG NYSÆTER KYRKJE ER ALLE
NATTVERDSOBLATANE GLUTENFRIE
www.kyrkja-stord.no
Kyrie
Kyrie eleison.
Gud Fader, miskunna deg.
Kriste eleison.
Herre Krist, miskunna deg.
Kyrie eleison.
Heilag Ande, miskunna deg.
Tekstlesing
LITURG | Lat oss høyra Herrens
ord.
Det står skrive i Første Mosebok:
Israelittane braut opp frå Horfjellet og tok vegen mot Sivsjøen.
For dei ville gå utanom Edomlandet. Men på vegen vart folket
utolmodig og tok til orde mot Gud
og mot Moses: «Kvifor førte de
oss ut frå Egypt for å døy i
ørkenen? Her finst det korkje brød
eller vatn, og vi er inderleg leie av
denne elendige maten.» Då sende
Herren serafslangar inn mellom
folket. Dei beit israelittane, og
mange av dei døydde. Folket kom
til Moses og sa: «Vi synda då vi
tok til orde mot Herren og mot
deg. Bed Herren at han må ta
slangane bort frå oss!» Og Moses
bad for folket. Då sa Herren til
han: «Lag deg ein serafslange og
set han på ei stong! Alle som blir
bitne, skal sjå opp på han. Då skal
dei leva.» Moses laga ein
koparslange og sette han på stonga.
Og når nokon vart biten av ein
slange og såg på koparslangen,
fekk han leva.
| 4 MOS 21,4-9
Slik lyder Herrens ord.
Salme 339 Skriv deg, Jesus, på
mitt hjerte
Tekstlesing
Det står skrive i Paulus’ andre
brev til korintarane:
Alt er av Gud, han som ved Kristus
forsona oss med seg og gav oss
forsoningstenesta. Det var Gud
som i Kristus forsona verda med
seg, så han ikkje tilreknar dei
misgjerningane deira, og han
tiltrudde oss ordet om
forsoninga. Så er vi no sendebod
for Kristus, og det er Gud sjølv
som formanar gjennom oss: Vi bed
på Kristi vegner, lat dykk forsona
med Gud! Han som ikkje visste av
synd, har han gjort til synd for oss,
så vi skal bli rettferdige for Gud i
han.
| 2 KOR 5,18-21
Slik lyder Herrens ord.
Evangelium |
KYRKJELYDEN STÅR
ALLE SYNG FØR OG ETTER LESINGA |
Halleluja, halleluja, halleluja.
Halleluja, halleluja, halleluja.
Det står skrive i evangeliet etter
Johannes:
Sanneleg, sanneleg, eg seier deg:
Vi talar om det vi veit og vitnar om
det vi har sett, men de tek ikkje
imot vitneutsegna vår. Dersom de
ikkje trur når eg talar til dykk om
dei jordiske ting, korleis kan de då
tru når eg talar til dykk om dei
himmelske? Ingen har stige opp til
himmelen utan han som steig ned
frå himmelen: Menneskesonen,
som er i himmelen. Og slik Moses
lyfte opp ormen i øydemarka, slik
må Menneskesonen lyftast opp, så
kvar den som trur på han, skal ha
evig liv. For så elska Gud verda at
han gav Son sin, den einborne, så
kvar den som trur på han, ikkje
skal gå fortapt, men ha evig liv.
| JOH 3,11-16
Slik lyder det heilage evangeliet.
forlating for syndene,
oppstoda av lekamen
og evig liv.
Amen.
Salme 434 Det er navnet ditt
Litaniet 980.2
Vi minnast dei døde | ALLE STÅR
Takkoffer
Salme 611 Du ber oss til ditt
alterbord
Preike
Truvedkjenning
ALLE | Eg trur på Gud Fader,
den allmektige, som skapte
himmel og jord.
Eg trur på Jesus Kristus,
Guds einborne Son, vår Herre,
som vart avla ved Den heilage
ande, fødd av Maria møy,
pint under Pontius Pilatus,
vart krossfest, døydde og vart
gravlagd, fór ned til dødsriket,
stod opp frå dei døde tredje dagen,
fór opp til himmelen,
sit ved høgre handa åt Gud,
den allmektige Fader,
skal koma att derifrå
og døma levande og døde.
Eg trur på Den heilage ande,
ei heilag, allmenn kyrkje,
eit samfunn av dei heilage,
Nattverdsbøn
LITURG | Mysteriet i trua er stort.
ALLE | Kristus døydde.
Kristus stod opp.
Kristus skal koma att.
Nattverd | KYRKJELYDEN STÅR
LITURG | Herren vere med dykk.
ALLE | Og med deg vere Herren.
LITURG | Lyft dykkar hjarte.
ALLE | Vi lyfter våre hjarte til
Herren.
LITURG | Lat oss takka Herren vår
Gud.
ALLE | Det er verdig og rett.
Prefasjon
LITURG | ... saman med alle dine
heilage i himmelen og på jorda:
Heilag, heilag,
heilag er Herren Sebaot,
all jorda er full av din herlegdom.
Hosianna i det høgste.
Velsigna vere han som kjem i
Herrens namn.
Hosianna i det høgste.
ALLE |
Herrens bøn
ALLE | Vår Far i himmelen.
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda
slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld,
slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt
og makta og æra i all æve.
Amen.
Fredshelsing
LITURG | Guds fred vere med dykk.
ALLE | Guds fred vere med deg
Nattverdmåltidet
ALLE | Du Guds Lam, som ber all
verdsens synder, miskunna deg
over oss. Du Guds Lam, som ber
all verdsens synder, miskunna deg
over oss. Du Guds Lam, som ber
all verdsens synder, gjev oss din
fred.