Interessegruppehefte 2016

Fjellkonfirmant2016
Interessegrupper
I tillegg til undervisningsgruppa du er tildelt skal du og få ønskje deg ei
interessegruppe som du får delta i. Vi har mange grupper å velge i, og i
dette heftet er alle presenterte.
Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer
deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!
Hugs fristen på registrering av gruppeønskje, måndag 7. september!
Kva er ei interessegruppe?
Ei interessegruppe er ei aktivitetsgruppe som kjem i tillegg til undervisningsgruppa. Alle
konfirmantar får ei gruppe som dei skal følgje gjennom konfirmantåret. I desse gruppene
får konfirmantane vera ein del av ungdomsarbeidet eller andre aktivitetar i kyrkja.
www.fjellkonfirmant.no
På www.fjellkonfirmant.no får konfirmantane registrere kva grupper dei ønskjer å vera med
i, og kvifor dei ønskjer desse gruppene. Frist for registrering er måndag 7.sept.
Ved registrering etter fristen eller manglande registrering, vil konfirmantane bli fordelte på
dei gruppene der det er ledig plass.
Økonomi
Alle konfirmantane betalar ein kontingent på kr. 750,- . Dette dekkjer utgifter i samband
med undervisning og arrangement.
Mange av interessegruppene har òg ekstrakostnadar. Desse utgiftene er presisert i dette
heftet. Ved avmelding frå leir seinare enn tre veker før, må halve leiravgifta betalast.
Rekninga for konfirmantåret blir sendt ut i mars/april.
Fordeling av interessegruppene
Konfirmantadministratoren fordeler konfirmantane i dei ulike interessegruppene. I denne
fordelinga er grunngjevinga til konfirmanten ein viktig faktor.
Mange av gruppene har dessverre begrensa plass, derfor vil ikkje alle konfirmantane få den
gruppa dei ønskjer seg mest. Vi håpar likevel at konfirmantane vil trivast i den gruppa dei
hamnar i.
Dei fleste vil få beskjed om kva gruppe dei har fått innan 14.sept.
Byting av grupper
All byting av grupper skal skje via konfirmantadministratoren. Dette gjeld gjennom heile
året.
Får konfirmanten tildelt ei gruppe han/ho ikkje ønskjer, kan de søke om byting av gruppe
innan 18.sept. Dette skjer via e-post til konfirmantadministratoren
([email protected]), med ei grunngjeving for kvifor konfirmanten ønskjer å
byte.
Vi vil prøve så godt vi kan at alle konfirmantane får ei av dei gruppene dei ønskjer,
men ber om forståing for at dette ikkje alltid vil vera mogleg.
TenSing Lukas
TenSing Lukas er eit ungdomskor som har øvingar i Foldnes kyrkje
måndagar kl. 18.30-21.00
Her er det song, musikk, dans og drama som står i fokus.
Har du lyst til å bli med i TenSing utan å synge, kan du vera med i kafégruppa som lagar til
kafé på øvingane.
Med i opplegget er to øvingsweekendar (leir) og
konsertar før jul og til våren.
Som TenSing-konfirmant vil du òg få tilbod om å
vere med på Vinterfestivalen på Voss og TT
(sommarfestival). Dette er frivillig, og derfor ikkje
inkludert i prisen.
TenSing er eit samarbeid mellom kyrkja og Fjell KFUK-KFUM.
Som TenSing-konfirmant må du betale 850,- for øvingshelg og medlemsskap i KFUK/KFUM.
PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT 750.TENSING
850,SUM:
1 600,-
KRIK Ulveset
KRIK Ulveset har samlingar på Ulveset skule
onsdagar kl. 20.00-21.30.
På samlingane blir det andakt, ballspel,
sportsleikar og sosialt.
I tillegg til konfirmantkontingenten kjem medlemsskap i KRIK.
KRIK-gruppene er ein del av arbeidet til KRIK Sotra.
PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT 750.MEDLEMSAVGIFT
100,SUM:
850,-
Landroklubben
Landroklubben har samlingar i Landro kyrkje annankvar fredag kl. 18.30-22.30.
På klubbkveldane er det kiosk, sosialt, bordtennis,
biljard, airhockey og brettspill. Nokre kveldar er
det andre aktivitetar som t.d. gymsal, curling,
bowling e.l.
Ein gong i året reiser Landroklubben på Blåtur.
Landroklubben har ingen ekstra betaling.
PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT: 750,-
Basement
Ungdomsklubb på Fjell-ly måndagar kl. 19.00-21.30
Basement er ein ungdomsklubb for deg som går i
frå 8.klasse og oppover. Her blir det kafé, andakt,
sosialt, bowling, biljard og gymsal.
Basement blir drive av Midthordland Indremisjon,
og konfirmantane betaler medlemsavgift på 50 kr.
PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT 750.MEDLEMSAVGIFT
50,SUM:
800,-
Lydgruppa
Dette er gruppa for deg som er interessert i lyd og teknikk!
I lydgruppa vil du få opplæring i korleis lydanlegga
i kyrkjene fungerer, rigging av anlegg og styring av
lyd.
Som medlem i gruppa er du med og styrer lyden
på Ung Messe og andre arrangement og konsertar
i kyrkjene.
Gruppa har 8-10 samlingar i løpet av året, og har ingen ekstra betaling.
PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT: 750,-
Golfgruppe
Vil du lære å spille golf?
På golfkurset vil du lære alt du treng av teori og
praksis for å ta «Golfkortet»
Golfgruppa har 4-6 samlingar i løpet av året på
Golfbanen på Kolltveit, og golfkurset kostar 500,i tillegg til konfirmantkontingenten.
Golfkortet + medlemsskap i Sotra golfklubb ut 2016 er frivillig og kostar 300,- ekstra.
Golfgruppa er eit samarbeid mellom kyrkja og Sotra golfklubb
PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT 750,GOLFKURS
500,SUM:
1 250,-
Bibel og pizza
Dette er ei gruppe der du kan få anledning til å gå
djupare inn i tema som vi har i undervisninga.
Gruppa består av 6-8 konfirmantar, og samlingane
er heime hos ein familile i kyrkja. Vi et god mat
saman og snakkar saman om spørsmål om trua,
livet, Bibelen og alt anna mellom himmel og jord.
Gruppa har 5-6 samlingar i løpet av året.
PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT 750,MATERIELL, MAT
200,SUM:
950,-
Gutter, Jesus og FIFA
Dette er ei guttegruppe som møtest ein onsdag i månaden.
Her blir det gutteprat om alt mellom himmel og
jord, ein kort andakt, litt å tygge på og sjølvsagt
FIFA-speling!
I tillegg til konfirmantkontingenten kjem litt
pengar til mat.
PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT 750.MAT
50,SUM:
800,-
Hobbygruppa
Hobbygruppa har samlingar ein måndag i månaden på Kolltveit.
Dette er gruppa for deg som vil sleppe kreativiteten laus!
Her kan du prøve deg på scrapping, decoupage,
dropskoking og andre hobbyaktivitetar.
I tillegg til konfirmantkontingenten kjem pengar til
hobbymateriell.
PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT 750,HOBBYMATERIELL
150,SUM:
900,-
Redesign
På Redesign-gruppa vil du lære å lage vesker og
liknande av utgåtte bukser og gamle klede, og å sy
om og «piffe opp» kjolar.
Dei som blir med på denne gruppa må kunne ha
med symaskin på samlingane.
Redesign-gruppa har 4-5 samlingar i løpet av året
PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT 750,MATERIELL
100,SUM:
850,-
Lysmesse og gudsteneste
6. desember er det lysmesse i alle kyrkjene i Fjell.
På denne gruppa er konfirmantane med på å
førebu og gjennomføre lysmessa i adventstida i
den kyrkja dei høyrer til. Gjennom tekstlesing,
lystenning, praktiske oppgåver og drama er det
konfirmantane som set saman gudstenesta.
I tillegg til lysmessa, blir konfirmantane delt inn i grupper på 3-4 konfirmantar som deltek
med praktiske oppgåver på ei gudsteneste til våren.
Denne gruppa har ingen ekstra kostnadar.
PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT: 750,-
Sjømannskyrkjegruppe med London-leir
I denne gruppa vil du bli kjent med Sjømannskyrkja sitt arbeid, både i Norge og i utlandet.
Inkludert i opplegget er ein 4-dagars leir til
Sjømannskyrkja i London.
Dette er ei gruppe for deg som likar å vera aktiv
og sosial, og har lyst til å bli kjent med nye
konfirmantar.
Opplegget inneheld:
• 3 samlingar før jul med førebuing til leiren.
• 4-dagars leir i London 21.-24.januar (torsdag-søndag) med omvising i Westminster
Abbey, musikalen Les Miserables, byvandring og mykje meir.
• Gudstenesteverkstad og sjømannskyrkjegudsteneste i Foldnes i februar.
Prisen inkluderer alle utgiftene i samband med London-leiren; som flyreise, overnatting,
transport, måltid og billettar til musikalen.
Ved avmelding frå leiren etter 1.desember må ein pårekne å betale deler av leiren.
750,PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT
LONDON-LEIR
4500,SUM:
5250,-
Leir
I år har arrangerer kyrkja to ulike leirar:
• Haustleiren:
• Vinterleiren:
30.oktober-1.november på Sætervika i Samnanger.
19.-21.februar på Skjergardsheimen i Øygarden.
Her får du mellom anna vere med på leikar,
friluftsaktivitetar, Ung Messe, undervisning,
leirkveld og rangling.
Her blir det både gøy og seriøst, og alt ein leir har
å by på!
PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT 750,LEIR
1200,SUM:
1950,-
Hugs fristen for registrering
måndag 7.sept!
www.fjellkonfirmant.no