ØNH Ålesund sjukehus Pasientinformasjon Allergivaksinasjon med GRAZAX tablettar Velkomen til Øyre- Nase- Hals poliklinikk Telefon: ØNH-pol: 70 10 52 70 (man-fre 0800-1530) Ålesund sjukehus sentralbord: 70 10 50 00 NØDNUMMER: 113 Helse Møre og Romsdal HF – Postboks 1600 – 6026 Ålesund www.helse-mr.no www.helse-mr.no Korleis tar du Grazax Kva er Grazax Grazax er den første allergivaksinasjon mot graspollen i tablettform som du kan ta heime. Tabletten inneheld standardisert allergenekstrakt av graspollen, og behandlar allergien ved å gradvis styrke immunsystemet sin toleranse for graspollen. Den første tabletten skal du ta hos oss på ØNH pol under medisinsk tilsyn i 20-30 minutt (ved oppstart av behandlinga). Grazax tabletten skal leggast under tunga og løyser seg opp i løpet av nokre få sekund. Du skal då ikkje svelge på eit minutt, samt unngå mat og drikke i fem minutt etter at du har tatt tabletten. Behandlingstid 1 tablett dagleg i ca. 3 år. Fingrane skal vere reine og tørre når du tar tabletten ut av pakninga. Generell informasjon Unngå allergieksponering i den grad det er mogleg 1-2 månader etter du har starta behandling, då dette kan forsterke reaksjonane av tablettane. Av den grunn startar vi ikkje vaksinasjon i pollensesongen. Ved tannkirurgi, tanntrekking eller større sår i munnen, skal du ha eit opphald i behandlinga for tilheling. Praktiske tips Puss ikkje tennene før du tar tabletten, vent heller til etterpå. Unngå å klø eller ha kontakt med augene dersom du nettopp har tatt i tabletten. Vask derfor hendene etter du har lagt tabletten under tunga. Eventuelle bivirkningar Pollen fester seg lett i håret. Skyl derfor håret før du legg deg. Tørk ikkje tøy ute i pollensesongen. Pollen festar seg lett i fuktig tøy. Husk å ta antihistamin tablett før du kjem til time for oppstart med Grazax (minimum 1 time før). Ta også astmamedisin dersom du brukar det. www.helse-mr.no Kløe i munn, kløe i øyrene, prikking under tunga, nysing og halsirritasjon. Desse er ofte kortvarige, milde til moderate og går over i løpet av ei veke. Dersom du får alvorlege bivirkningar som pusteproblem eller problem med å svelge, utslett, stemmeforandring, vert svimmel eller føler at halsen blir tjukk, skal du skal kontakte lege umiddelbart. Er det noko du lurer på, så ta kontakt med oss på telefon. Helsing oss på ØNH-poliklinikk, Tlf 70 10 52 70 www.helse-mr.no
© Copyright 2024