Jul 40 år etter Julehefte for Vossarussen 1950 Del 1

Verda er vid, men Voss er vidare
Nokre minne frå tida på Voss off. landsgymnas 1946 1950
I byrjinga av november 1989 fekk eg eit brev frå vossingen Per Tveit, der dette var noko av
innhaldet:
”Kjære alle saman!
Underleg nok er det til våren 40 år sidan me vart russ. Difor skal det haldast ein stor minneog jubelfest på Voss 8. og 9. seeptember. Når me kjem dit skal me snakka mykje. Likevel kan
me ikkje få høyrt eller sagt på langt nær alt me ville. – Difor tykkjer eg me bør gi ut eit
julehefte, der me fortel kvarandre om det som har hendt dei siste 40 åra.
Er det ein god idè at alle skriv litt om gymnastida på Voss?” (Bidraga ville han samla i eit
julehefte.)
I svaret eg sende han stod det mellom anna:
”Kjære 1950-russ!
Det gav ei rar kjensle å lesa ”skrivet” til Per. Person etter person steig fram frå namnelista og
knytte til seg andletsdrag, minne og kjensler. Bilete som ligg langt attende i tida og som
likesom høyrer til i ein annan tidsalder.
Med meg har mykje hendt i mellomtida. Skal tid mælast i oppleving heller enn i månader og
år har eg alt levd lenge. Det har vore eit stort privilegium. Ikkje slik at alt har vore
”godhende,” langt derifrå, men fordi mykje menneskeleg er blitt meg kjent. Livet har vore ein
rik, men hard læreprosess. Eit utgangspunkt var at eg ein augustdag 1946, medan rektor las
resultatet av opptaksprøva, sat gøymd attom eit tre i Prestegardsmoen. Det var mykje
manglande sjølvtru å lappa på, mange mentale sperrebommar å klatra over, mange
”Jantelovske” haldningar å slåss med, og mykje falsk ”bygdetryggleik” å gi avkall på før ein
kunne leggja nokre sprengde grenser bak seg, og leva ut noko av det som bur lengst inne.
Til det har eg hatt god hjelp. Ikkje minst ei utruleg kone som heiter Birgit. Gjennom 35 år har
eg freista å tyna henne med argument mot sider ved livet ho har sett, og eg ikkje. Heldigvis
har eg vore mykje på vikande front. Dessuta har eg fem born(to jenter, tre gutar) som er dei
beste i verda. Eg føler meg ikkje ein gong som myrsnipe når eg seier det. Dei har gitt meg ein
skulegong som er slik at dei siste 30 åra har gått med til å bli kvitt mykje av det eg lærde dei
første 20. I alle høve følest det slik i tunge stunder. Men så har då generasjonskløfta heller
ikkje blitt større enn at det går greitt å skreva over – begge vegar. Og av alt det store eg har
opplevd var det å ha fem tenåringar i huset, saman med ei horg venner, det aller største.
Øydelagde møbel, skamfarne parkettgolv, knuste ruter, vakenetter og 100 decibel innomhus
har vore ein rimeleg pris å betala for å få følgja fem born i rivande vekst og utvikling, for
tiltru, for glede og gråt i saman, for stolthet over framgang, og for det å veta seg far til fem
vaksne, storveges menneske……”
Det var rart å møtast att denne tidlege haustdagen 1990. Bortsett frå eit par av etnebuane
hadde eg hatt liten eller ingen kontakt med dei andre i flokken. Tida sidan sist virka kort, sjølv
etter 40 år. Mange var lette å kjenna att, andre trong nærare studium før namnet fall på plass.
Av dei 57 eg møtte var det tre eg ikkje kjendest ved i det heile, mellom dei ho som var sex-
bomba i klassen vår, og var forma slik alle gutar drøymde om, ho var nå monaleg større med
diverse alderstillegg der dei helst ikkje skulle vera. Likare var det ikkje med meg. Av dei 57
var det tre som kjende meg att. Trøysta var at den indre forandringa hadde falle betre ut enn
den ytre, etter som nokre sa.
Den gongen me gjekk saman på skulen nytta me etternamn både på lærarar og medelevar,
unntaket var nokre av dei vakraste jentene. Denne gongen var det berre førenamn å høyra, og
me kjende oss nærare kvarandre enn den gongen me skildest. Me kjende oss som venner, og
praten gjekk om laust og fast. Gamle minne dukka opp på rekkje og rad, dei fleste gode, men
også mange med såre undertonar, minne om feilgrep og nederlag, ting ein angra på å ha sagt
eller gjort, eller forsmådd kjærleik. Men med åra kastar dei gode minna skugge over dei
vonde, og ein set att med kjensla av å ha opplevd ei rik tid, å ha vore privilegert.
Nå er også dette snart 20 år sidan. Kanskje gymnasåra frå 1946 – 50 alt ligg så langt attende i
tida at dei fortener ein plass mellom permane på eit sogeskrift? Synet dimmest når ein vert
gammal, også når ein ser attende, men med det atterhaldet skal eg freista å leita fram og dela
nokre av minna frå denne tida.
Opptaksprøve
Ein augustdag 1946, eit stykkje utpå dagen, sat eg under ei gammal furu i Prestegardsmoen på
Voss. 15 år gammal var eg, og tykte frykteleg synd på meg sjølv. Kanskje med god grunn?
På vårparten ein gong fekk tremenningen min, Inge Berge, som då var tredje års elev ved
Voss off. landsgymnas, eit brev som byrja slik: ”Me er tri gutar frå Etne………” Brevet var
ført i pennen av meg på vegne av Magnus Saltnes, Erik Tvedten og meg sjølv. Ærendet var å
høyra om han, i lag med sine venner, kunne hysa oss medan me var på opptaksprøve på
Gymnaset.
Nå var prøva unnagjort og rektor stod på gymnastrappa og las opp resultatet, medan eg sat i
skogen og tok mitt eige nederlag på forskot.
Etter kvart turka eg tårer og tusla opp til skulen. På oppslagstavla stod ei liste med namn over
alle som hadde fått plass. Med stor undring fann eg mitt eige. Reglane sa, hadde eg fått vita, at
opptaksgrensa var 16 år, og at eg derfor måtte ha dispensasjon, basert på godt resultat. Med
om lag 250 som møtte, og 200 som måtte reisa heimatt, var sjansen liten.
Ei god stund etter første timen hadde starta, gjorde eg meg så usynleg eg kunne, og fann ein
pult i det rette klasserommet. Første dag hadde starta i ei fire år lang gymnastid.
Bustader
Første gjeremål var å finna husvære. Heile Vossevangen vart bomba då Noreg blei invadert av
tyskarane i 1940. Heile 80 hus brann ned under bombeåtaka. Nokre monumentalbygg stod att,
slik som kyrkja, gymnaset, meieriet, jernbanestasjonen og Fleichers Hotell. Vangen var elles
ein brakkeby med nokre nye betonghus innimellom. Hyblar var mangelvare, men Magnus og
eg fann eit loftsrom på eit småbruk på Ringheim, tre kilometer frå skulen, kvar veg. Martha
og Knut Ringheim heitte vertskapet, begge var i 60-åra. Dei var fosterforeldre for ein
resurssvak 10-12 år gammal gut. Han låg på ei halmmadrass i ein sengebenk på kjøkken, og
fekk ”juling” av Knut både jamt og samt. Martha var snild og berga han mange gonger frå å
bli skamslegen.
Magnus og eg skulle bu i andre høgda. Rommet vårt var utan isolasjon. Det hadde eitt to-fags
vindauga, og under listverket kunne me sjå ut. To enkle senger, ei på kvar side, eit bord med
to stolar og ein vaskeservant var det som var av utstyr. Oppå servanten var vaskefat med
mugge, og inni ei toalettbøtte. Til oppvarming fans ein ubrukande vedomn og ein elektrisk, av
dei aller første modellane. Då vinteren kom fekk me ei fjøl til å leggja oppå strålomnen, slik at
me kunne sitja der etter tur når me las lekser. Det var med vinterklede og vetter på. I
mellomtida låg den andre under dyna i senga. Den vinteren nådde temperaturen minus 36
grader på Vangen. Kulden hadde likevel ein praktisk fordel. Me henta vatn og vaska oss om
kvelden. Når me gjekk på skulen om morgonen kunne me berre snu toalettbøtta og ta
isklumpen med oss under armen.
Knut hadde vore anleggsslusk i sine yngre dagar, og arbeidde fleire år på Bergensbana. Noko
dugande bonde var han ikkje, og hadde nok med å få småbruket til å hangla og gå.
Fjøsarbeidet var Martha alleine om. Men å kasta blink med snøball på låveveggen saman med
Magnus og meg sette han stor pris på. Han var også flink å fortelja, og delte gjerne med oss
ting han hugsa frå ”gamledagar.” Då me reiste etter skuleåret var omme fekk eg eit
”stolpeband” som minne. (Stolpeband er eit måleband laga av snurra messinglekkjer til bruk
på husdyr, helst hest.)
Andre skuleåret budde eg hjå frk. Rogne, ei gammal ”jente” som budde i Rongsbakken.
Husleiga vart dobla frå kr 15 til kr 30 pr. mnd. Men rommet var fint, godt utstyrt, og med
rimeleg kort veg til skulen. Vertinna var det verre med, ho var ei ordentleg hurpe. Nøkkel til
døra hadde eg ikkje, og når det passa henne kom ho rett inn, utan å banka på døra. Ein gong
hadde eg ein fot på pinnestolen for å knyta skoreima. Då bytte ho stolen med ein der all
malinga var flassa av. Ein annan gong låg eg på senga og kvilte, med skorne oppå
sengeenden. Etter det blei endefjøla kledd med celluloseplate.
Dette var på den tida Trygve Lie var generalsekretær i FN. Ein gong vitja han Bergen, og
skulle då tala i radioen. Slikt apparat hadde ikkje eg. Derfor vart eg både glad og overraska då
vertinna spurde om eg ville høyra talen i hennar radio. Mellom hybelen min og hennar stove
var ei låst dør. Ho bad meg setja meg inntil døra med øyra til nøkkelholet, så skulle ho skrua
lyden opp. Gjestfriheita var på topp! Ein annan gong ho var i godlune, spurde ho om eg ville
ha varmt vatn å vaska meg i før eg gjekk på skulen. Svaret var sjølvsagt ja. Då kom ho med
ein gammal fiskebolleboks. Eg kunne fyra litt i omnen, sa ho, og varma vatn i boksen!
Kortspel tålte ho ikkje. Når eg hadde venner på rommet lydde ho gjennom nøkkelholet, og
hadde me spelt whist eller anna fekk eg trugsmål om oppseiing. Etter dette freista me vera
heilt stille, likevel hadde ho høyrt kva me gjorde, og oppsagd vart eg. Heller ikkje tilbod om
10 kr ekstra i husleige stoppa sinnet hennar, og eg gjekk på jakt etter ny hybel for kommande
skuleår. Då sommarferien kom, og eg betalte henne sluttoppgjeret og takka for meg, vart ho
svært snurt. Det var då ikkje dette som var meininga, og eg hadde då lova å betala henne 40 kr
månaden! Men då hadde eg nytt husvære som venta, og var slett ikkje interessert i å ha denne
fanatiske ”kjerringa” til å vakta over meg. Ho levde elles godt opp til det biletet Ingvar Moe
teikna av sine
Hybelvertinner
Hybelvertinner
Hadde stålbridler
Knute i nakkjen
Kross på ryggjen
Sat og hildt pusten
I mørke krokar
Te eg kom deisande
Igjøno lokto
Lordagsnotto
Vagga meg i møte
Så nettet skolv onda meg
Bil.5
På toppen av Rongsbakkane låg ein stor, vakker, tømra villa i sveiserstil. Der budde fru Nybø,
enkja etter eigaren og første redaktøren i avisa HORDALAND. I andre høgda budde eine
sonen og hans familie. Her fekk eg leiga eit vakkert rom nede. Fru Nybø var i 70-åra, men
stelte meg som skulle eg vore hennar eigen son. Eg hadde fritt tilgjenge til både stove og
kjøkken, fekk Aftenposten kvar dag, og kvar onsdag, laurdag og søndag kom ho med
rundstykke eller kaker og kaffi til meg. Prisen for det heile var 20 kr pr. mnd., oppvarming
inkludert. Då russetida var over, og foreldra mine kom for å henta meg, gret me alle fire. At
andre minne frå dette huset fekk sjela mi til å fella tårer i mange år hadde andre årsaker.
”Me er tri gutar frå Etne………..” bil.1
Men me var ikkje dei einaste. I klassane over oss gjekk desse: Erling Kringlebotten, Inge
Berge, Torgny Djupesland, Torkel Fosse, Thor Onstein og Arne Vevatne. På mitt årskull
gjekk forutan Erik Tvedten og Magnus Saltnes også Arthur Tømmerbakke. I kullet under var
Erik Kallestadbakken(nå Vad) og Viar Tesdal. Inge, Torgny og Torkel hadde hyblar i samme
hus, og sidan eg kjende alle tre rimeleg godt frå før var eg ein del i lag med dei første året.
Elles vart Magnus Saltnes, Erik Tvedten, Erik Kallestadbakken og eg gode kameratar.
Livet utanom skulen bil.6
Det var helst om helgane me kameratane var saman, gjerne med kortspel om kveldane og
turgåing på dagtid. Om vinteren var det mykje snø, og skia var ofte i bruk. Me gjekk då gjerne
frå Bavallen opp på fjellet, av og til heilt til Middagshola og Lønehorgi. Derfrå kunne me
kjøra ned utforløypa eller leggja turen om Hangoren og ned lia til Seim. Dette var god trening,
og etter kvart vart me flinke på ski. Skulen arrangerte klasseturar. Ein gong gjekk me på ski
frå Skjervet til Bordalen, ein annan gong til fots frå botnen av Fyksesundsfjorden i Hardanger
til Dalane fjellstove ved Bulken. Om våren, etter snøen var faren, la me ofte søndagsturen til
Hangoren dersom veret var fint. Der låg det lenge att nokre snøfonner. La ein seg på ei slik
med solsteiken midt imot, var det ikkje måte på brunfarge i andletet. Tok me så på oss ei kvit
skjorte, og sprada i Vangsgatene om kvelden, kunne det jo henda at ei jente festa augo på oss
litt lenger enn vanleg.
Bil.7
Mange av gymnasiastane hadde for vane å samlast på jarnvegsstasjonen om kvelden. Nattoget
frå Bergen til Oslo kom til Voss i ni- havtitida om kvelden og måtte då skifta lokomotiv,
(banen var ikkje elektrifisert lenger den gongen).
Bil.2
På skulen hadde me ymse slag lag. Det var det kristelege laget Solglytt som samla sine, eit
anna var fråhaldslaget Hugheil med sin krins, og dessutan det frilynde elevlaget Heimdall. Det
lokka med elevkveldar der foredrag, opplesing, dikt og anna stod på programmet. Der kjende
eg meg mest heime, men var ikkje så tittgjengd der heller.
Eit populært tiltak var folkeviseleiken i gymnastikksalen på kveldstid. Festar med dans var det
sjeldan me fekk innvilga, og då berre med lærarar som vakt, slik at alt gjekk garantert
sømmeleg for seg. På leiken derimot, fekk me vera for oss sjølve, og det var eit framifrå høve
til å komma i nærkontakt med jentene. Ein av turane me dansa hadde innlagde valsetrinn, så
det blei mest for dans å rekna. Sjølv kunne eg ikkje dansa. På festane stod eg inst i nedste kråa
og tykte synd i meg sjølv, det er ikkje berre jenter som kan vera veggpryd. Men
folkeviseleiken hjelpte meg på veg. Desse få valsetrinna var det som skulle til for å bryta ein
barriere. Etter kvart våga eg å by opp ei jente til vals når me hadde fest, og så kom dei andre
dansane etterkvart av seg sjølv.
Etter folkeviseleiken ein søndagskveld bad eg nokre etnebuar og ein god ven frå Sogn med
meg heim. Eg hadde fødselsdag, og i pakken heimanfrå var det litt av kvart å by på. Eldste
dottera i huset (som dreiv hjarta mitt opp i 150 pulsslag i minuttet berre eg høyrde trinna
hennar i trappa), saman med ei venninne, hadde også vore på ”Leiken,” men kom etter oss på
vegen heim. Vegen frå porten til inngangsdøra gjekk forbi døra til uthuset. Der gøymde me
oss for å venta på dei. Tanken var å skremma. Sjølvsagt hadde dei gutefølgje heim, og det
stakk i brøstet då me såg ”godnattscena” i porten. I det dei kom forbi vedskjulet bykste me
fram med eit stygt brøl – og redde vart dei, men forsvann etter litt drøs inn i huset. Då me
gutane kom inn på hybelen min, var det ikkje måte på korleis me kunne ha ”jekka ut” dei
andre gutane om me berre ville. Den eine la ut meir storkjefta enn den andre om eigne fortrinn
og ferdigheiter i den edle kunst å sjarmera jenter. Særleg den eine etnebuen meinte seg
uslåeleg i så måte.
Brått høyrde me ei fæl knising bak eit forheng framfor kleskapet mitt – og ut kom dei to
jentene. Det var ikkje lite dei lo av oss. Djupt skamfulle stod me att då jentene forsvann opp
trappa til andre høgda. Den før så bryske etnebuen meinte dette måtte hemnast. Dottera i huset
budde på rommet rett over meg, og med vindauga som vende same vegen. Ved uthuset fann
me ein gammal, plukk rotten stige som me sette opp langs veggen. Han som hadde vore størst
i kjeften, og var mest hemntørstig, tok fatt på klatringa, medan me andre gjorde kva me kunne
for å halda stigen på plass. Vel oppe banka han på glaset. Og rett nok, etter ei stund opna det
seg på vidt gap. Men den han då stod andlet til andlet med var ikkje dottera i huset, man far
hennar, redaktøren i lokalavisa. Då me som stødde stigen såg dette, slapp me taket og sprang
det vesle me vann. Kva ord som blei veksla mellom dei to gjennom vindauga høyrde me
ikkje, men at han på utsida kom seg heilskinna nedatt var mest som eit under å rekna.
Stemninga på hybelen var helst dyster resten av kvelden.
Nokre av oss var med i Røde kors hjelpekors. Opplæringa starta med eit omfattande kurs i
førstehjelp, deretter øving i feltarbeid. Det var profesjonelle folk som underviste og det blei
lagt stort alvor i arbeidet. Også den gongen var det mykje turistar på Voss , og mange som
ferdast i fjellet både sommar og vinter. Snøskred var ikkje uvanleg, også med dødsfall.
Meieristyraren heitte Skalstad, og han hadde trena opp schæferhunden Heidi til lavinehund,
den første i sitt slag i landet. I tillegg til snøskred vart Heidi også nytta som sporhund, og eg
var så heldig å bli ordonans for Skalstad og Heidi. Sidan vart Heidi stammor for ei stor
lavinehundgruppe i Norge. Å vera med i Hjelpekorpset gav mykje nyttig lærdom og eit rikt
sosialt samvær, sjølv om det var mykje slit og bruk av fritid.
Posten vår var adressert til Gymnaset. Namna blei leste opp, og brev og følgebrev vart delte ut
i det store friminuttet. Det slo sjeldan feil at dei gongene Magnus, Erik T. eller eg fekk
pakkepost kom Erik K. på vitjing. Serleg Magnus og eg fekk ofte godsaker, og dei ville Erik
gjerne vera med å dela.
Desse første åra etter krigen var det elles ikkje så flust med korkje mat eller pengar. Når eg
reiste om hausten hadde eg med meg heimanfrå eit to_liters Norgesglas med ljos sirup.
Dessutan hadde eg tinga ein stor geitost frå ein sogning som gjekk i klassen min. Dette rakk
som pålegg gjennom heile skuleåret. (Pussa tennene mine gjorde eg ikkje, å gå til tannlekjar
hadde eg ikkje råd til. Då eg til slutt søkte hjelp på Tannlegehøgskulen i Oslo fann studenten
70 hol).
Det som måtte kjøpast var mjølk, brød og margarin. Dette kjøpte eg hjå kjøpmann Honved
som hadde butikk midt i Rongsbakkane. Den låg omtrent halvvegs på vegen opp til hybelen
min. Når eg kom på butikken sette eg frå meg skuleveska, handla det eg skulle ha, og sette av
stad med posen under armen. Kommen halvvegs heim hugsa eg veska som stod att hjå
Honved. Då sette eg posen i frå meg og gjekk nedatt for å henta veska med skulebøkene. Først
framme på hybelen hugsa eg matposen som stod att nedi bakkane. Det blei mange vender,
men god trim, og ei trøyst nå når eg føler at minnet er på veg ut.
Bil.3
Middag åt me på ein av kafèane på Vangen. Ringheim kafe og Indremisjonskafèen var der eg
gjekk dei første åra. Der kjøpte me månadskort, og fekk tilmålte porsjonar. Dei kunne vera i
snauaste laget. Fisken på denne tida var slik at det gjekk mange år før eg kunne eta den vara
igjen. Seinare starta Prestegård kafè i Godtemplarhallen. Der kunne me eta så mykje me ville,
og då flytte me sjølvsagt dit. Korleis han kunne tena pengar på oss er ei gåte. Det var også
konkurranse om kven som kunne eta mest. Ein gong stod rekorden i 12 store kumler. Ein
annan lydde på 18 kjøttboller. Denne siste var eg ein dag godt i gang med å slå, eg var
kommen til 16. Men Prestegård hadde nok halde auga med meg, og kom og spurde om eg var
forsynt. ”Nei takk” sa eg, ”eg kan få nett ei til.”
Budsjettet mitt lydde på om lag 150 kroner per månad. Det skulle dekka skulebøker, reiser,
husleige, mat, klær, sko, kinobilettar og diverse utgifter elles. Det var ikkje mykje å rutta med.
Av og til skeie eg ut med ein kinobilett eller eit wienerbrød i det store friminuttet. Men me
leid inga naud. Frå dag ein heldt eg rekneskap med utgiftene mine. Boka har eg tatt vare på,
og det kan vera interessant å sjå kva pengane gjekk til, og kva ting kosta, den gongen. Her tar
eg med kostnadene mine for oktober månad første året, altså hausten 1946.
Rekneskap
Dato
vareslag
kostnad
29.sept
reis Etne-Voss
kr 20,00
30 ”
smør
” 00,88
” ”
kakao
” 00,42
” ”
mjølk
” 00,80
31 ”
”
” 00,40
”
arbeidsbok i fysikk
” 00,60
____________________________________________
2 okt. mjølk
”
”Engelandsfarere”
3 ”
pærer
” ”
lappesaker til sykkel
5 ”
brød
” ”
mjølk
” ”
eple
6 ”
ei flaske brus
” ”
telegram til Nils Grindheim
”
”
”
”
”
”
”
”
00,40
01,50
00,50
00,80
00,50
00,80
00,50
00,55
sin konfirmasjon
” 02,00
” ”
husleiga
” 15,00
7 ”
smør
” 00,90
” ”
brød
” 00,47
8 ”
mjølk
” 00,25
9 ”
småkaker
” 00,50
10 ”
frisør
01,50
11 ”
medlemspenger elevlaget
” 01,00
” ”
foredr. ”Fjell og fjellfolk”
” 02,00
” ”
brød
” 00,50
12 ”
brød
” 00,47
” ”
arbeidsbok i fysikk
” 00,47
12 ”
brød
” 00,45
14 ”
brød
” 00,44
” ”
sjokolade
” 02,70
” ”
arb.bok i botanikk
” 00,45
” ”
bly til fylleblyant
” 00,30
” ”
engelsk attforteljingsbok
” 00,60
” ”
songbok (må ha)
” 04,82
15 ”
pærer
” 00,50
” ”
frakt på pakke
” 01,00
16 ”
smør og ost
” 02,30
17 ”
brød
” 00,52
18 ”
eple
” 00,50
19 ”
brød
” 00,56
” ”
kladdeblokk
” 00,60
20 ”
film
” 01,50
22 ”
brød
” 00,47
23 ”
medisin mot sterk forkjøling
” 03,25
25 ”
frakt på pakke
” 03,55
” ”
brød
” 00,47
27 ”
betalt middag ein månad
” 54,50
” ”
skoreparasjon
” 02,00
29 ”
brød
” 00,47
” ”
skulefilm: R. Nordråk
” 00,75
31 ”
brød
” 00,47
” ”
billett til ”Russarevyen”
” 01,00
” ”
lommelyktbatteri
” 00,92
Tilsaman oktober månad__________________ ” 140,55_______
Me gutane var også ein del saman i feriane. Første sommaren fekk eg vera med Inge og ein
sommargjest(Arnold Tallaksen) på to sykkelturar. Den første gjekk til Sauda, der Inge hadde
slekt. Første dagen nådde me Imsland der me låg i telt om natta. Teltet var gammalt og
teltplassen bratt, då me vakna var det berre hovudet som var att i teltet. Men fram kom me og
gildt hadde me det.
Seinare skulle same trioen på langtur. Me fekk ”haik” med ein lastebil til Åmot i Vinje. I dei
bratte bakkane opp derfrå nådde me att tre søte ungjenter frå Sandnes som me heldt lag med ei
tid. Dette var midt i blinken for dei to andre, sjarmen og flørten blei skrudd på med ein gong,
medan eg, seksten år gamle gutungen, var hjelpelaus og følte meg som femtehjul på vogna.
I det heile var dette med jenter eit vanskeleg kapittel. Sjølvkjensla var nær null, kom ein i
nærleiken av ei jente ein likte gjekk pulsen amok og andletsfargen minna mest om kokt
hummar.
Turen vidare gjekk via Seljord til Bø, derfrå Sørlandet til nederst i Setesdal, så til Stavanger
og Etne. For meg var det storveges å vera med desse ”vaksne” karane på så lang tur.
Ei Jul noko seinare skulle Inge ha selskap i romjula, og eg blei invitert. Men det var med
damer. For meg høyrde damene framleis til i utopiens verden, eg fekk hjarteflimmer berre eg
kom i nærleiken av dei. Kor lysst eg enn hadde, eg såg inga råd!
Juleferien kom, og dagen då eg skulle reisa heim. Det høvde seg slik at eg tok tog til Bergen,
og reiste derfrå med D/S STORD til heimstaden min. Det var mykje folk og trangt om bord, ei
jente kom og sette seg ved mitt bord. Aud gjekk i klassen under meg på gymnaset så eg visste
kven ho var, og at ho budde
i Vats. Kvar eg tok motet frå veit eg ikkje, men eg kom til å fortelja at eg var
beden i juleselskap, men hadde ingen å gå i lag med. Kunne ho kanskje, muligens tenkja seg å
vera med? Til mi store undring svara ho ja. Kunne ho ta bussen inn om kvelden, skulle eg
sørgja for skyss heimatt om natta. Bil hadde eg sjølvsagt ikkje, men tok sjansen på at eg fekk
låna far min sin lastebil. Han var også lutter velvilje, og saka var i boks. Selskapet var gildt,
turen attende til Vats også, og køyra bil kunne eg, sjølv om eg nett hadde fått sertifikat etter
berre tre og ein halv køyretime. Verre var det med talentet når det handla om jenter.
Turen enda med eit høfleg ”God natt!” og ein lang tur heimatt der mange slags draumar og
tankar sveiv om kva som kunne hendt om berre----!
Eller som Ingvar Moe seier i diktet
Ungdom
ungdom
va å leggja puslespel
i mørkno
Og det var eit stort og vanskeleg puslespel som skulle leggjast. Mange gonger har eg tenkt at
før mi tid var det mykje godt slik at det ungane lærte av foreldra vart rimeleg rett også i deira
liv. Med min generasjon endra dette seg. Me fekk ei tid med rivande utvikling, økonomisk,
politisk, kulturelt, og på mest alle andre omkverve. Krigstida hadde brote ned mange
forestillingar om kva ein kunne tenkja, seia og gjera, fridomsbegrepet fekk eit anna innhald,
mellommenneskelege tilhøve var ikkje som før, og landet var økonomisk og materielt utarma.
For ein som nett var konfirmert vart dette ein ny ståstad, nett i den tida ein skulle navigera seg
gjennom puberteten og finna fram til eigen identitet. ”Vant er at sigla milli skers ok báru”
seier eit gammalt islandsk ord. Ein vart rotlaus både i levevis og livssyn. Då er det lett å ta
minste motstands veg, og velja surrogat i staden for å rydda plass til noko som bèr lenger. I
møte med det nye landskapet var det mange kvite flekkar på det kartet ein hadde med seg
heimanfrå.
Ved dette vegskilje skulle ein som 15-åring sommaren 1946 flytta til skulestaden Voss, bort
frå det kjende og relativt trygge, til ein smeltedigel av skuleungdom som kom frå Alta i nord
til Lyngdal i sør, og frå Sotra i vest til Solør i aust. Frå ein skule der det vesentlege var å
kunna leksa på rams skulle ein ta steget inn i det ukjende. Frå eit miljø der Jantelova var ein
del av barnetrua, til ei verd der det å tru ein var noko var ein føresetnad for å lukkast. Det blei
mykje grubling over eksistensielle spørsmål, om religion, om likeverd, om haldningar til
menneske med anna tru, annan hudfarge, andre politiske ståstader m.a. Meir konkret hugsar
eg med skrekk og gru korleis me såg t.d. på born fødde utanfor ekteskap (”lausingungar”), på
kvinnelege prestar, på homofili, og på samliv mellom andre enn ektefeller. Fantar, sigøynarar
og ”negrar” var folk me vanvørde.
I møte med Sokrates som alltid spurde kvifor, og med Platon, Shakespeare, Goethe og Ibsen
vart ein konfrontert med spørsmål på rekkje og rad. Til dømes når Shakespeare synte oss
korleis jøden Shylock i ”Kjøpmannen i Venedig” vart plaga, når den same Shakespeare sa at:
”Å vera eller ikkje vera, det er spørsmålet.” Eller Ibsen, når han syner oss at Peer Gynt er seg
sjølv nok, og når han fortel om Bøygen som ber oss gå utanom og Den Grønkledte som lokkar
oss. Kva tydde desse tinga for oss, for meg? Karin Boye seier at: ”Det gør ondt nær knoppar
brister, ondt før det som sprenger, ondt før det som stenger.” Mykje måtte forsakast for å gjera
plass til alt det nye. Samstundes var det viktig å halda fast på det opphavelege, det rotekte.
Mellom anna sin eigen dialekt. Ikkje alle klarte det. Men slike spørsmål måtte ein ta opp til
drøfting med seg sjølv. Dei var ikkje del av pensum. Lærarane og lærebøkene kunne i beste
fall gi råd og rettleiing. Ingvar Moe visste nok at det er ikkje alltid lett å leggja puslespel i
dagsljoset heller.
Lærarane
Første klasse var helst ei vond tid. Eg var den yngste i klassen, var umotivert og lengta heim.
Noko av årsaka var nok lektor Ingvald Ryste som eg hadde i matematikk. Kjemien mellom
han og meg var skrøpeleg frå dag ein, og resultata vart deretter. Ng var vanlegaste gjesten på
karakterlappane. Og det var lite å skriva heim om. Helst ville eg reisa frå heile greia. Einaste
faget eg greidde meg bra i var engelsk. Ved starten av andre klasse måtte me velja line. Med
min botnkarakter i matematikk var det uråd å velja reallina, dermed rauk draumen om å
studera medisin i Oslo. I staden vart det engelsklina. Der fekk eg lektor Gunnstein Langerak i
matematikk, og då tok det ikkje lange stunda før det faget vart mellom mine beste. Langerak
var setesdøl, trygg og roleg med ein naturleg autoritet eg sjeldan har sett maken til. Når han
steig inn i klasserommet la jentene bort strikketøyet, og ein kunne høyra ei knappenål falla på
golvet. Alle følgde med, alle lydde etter det han sa, og alle lærte. Samstundes var han ein
mann me vart glad i.
Ein me ikkje hadde godhug for var lektor Stordal. Han gjekk til dagleg under namnet ”Me
Fisto” – Djevelen. Ironi og sarkasmer var hans verkemiddel. Mest alle var redde, og let seg
kua av replikkane hans, og det me lærte var ikkje med trivnad. Min klasse underviste han i
geografi. Han spurde oss aldri i leksa, men før skuleåret var slutt fekk me ein prøve som var
heilt perifer i forhold til faget, og som få kunne svare på. Derfor gjekk mange i klassen,
mellom anna eg, ut av gymnaset med G i det vesle ”fillefaget” geografi, noko som helst var ei
skam, og som eg opplevde for første gong. Det beste me kunne seia om Stordal var at han var
svært kunnskapsrik.
Ein me berre hadde i første klasse, men som eg likevel hugsar, var Holdhus. Det var ein
utruleg snild og godsleg mann frå Fusa. Han var ein av dei få utan embetseksamen, men var
utdanna lærar. Han hadde nedsett syn, og hadde det laget at han rett så ofte strauk seg med
handa frå haka og opp til panna. Ein gong hadde me fukta svampen med blekk. Med den turka
Holdhus tavla og strauk deretter sin vane tru handa over andletet. Blå i huda kom han til
lærarrommet, og der sat ”fliren” laust. Noko straff fekk me ikkje. Men samvetet var ikkje heilt
bra dagane etter.
Lektor Troland er ein av dei eg aldri gløymer. Han var eit av dei snillaste, gildaste og mest
kunnskapsrike menneske eg har møtt. I vår klasse underviste han i fransk. Men det gjekk
truleg med meir tid til emne utanom faget. Dette var på den tid jødane fekk seg tildelt land i
Israel, og alt då var det mykje strid mellom jødar og palestinarar. Alt dette var spanande, og
Troland kunne fortelja levande og innsiktsfullt om det som hende. Då sat me som tende ljos
og lydde. Elles gjorde me med han nett som me ville. Var det fint vêr ba me om å få timen
ute. Sa han nei, gjekk me berre ut og sette oss i skogen. Om ei stund kom han luntande etter.
Hadde me ikkje lyst å ha fransk, ba me han berre fortelja om Midtausten, eller eit anna emne.
Alt kunne han. Det vart sagt at han hadde tatt filologisk embetseksamen på fire år, noko som
vart rekna som umogleg den gongen. I klasserommet hadde han det med å driva opp og ned
mellom pultrekkjene medan han snakka. Jentene sat med strikketøyet sitt, og ein gong spente
dei trådane over den pultrekkja Troland stod i. Fram og attende, lenger og lenger ned på
rekkja for kvar gong Troland snudde. Då friminuttet kom var han sperre inne nederst i eine
kroken. Me gjekk, og sjølv stod han att midt inne i ”spindelveven.” Betre hadde han det ikkje
heime. Han hadde troll til kjerring, og trollete ungar. Ein gong stengde dei han inne på utedo.
Det verste me gjorde var å skriva ei smedevise om han. Den blei lest opp på ein juletrefest,
etterpå kommanderte me han til å lesa ”diktet” høgt i klassen. Alle var me svært glad i
Troland, likevel mobba me han til alle tider. Sjølv har eg angra i lange tider på min andel i alt
det leie me gjorde mot han.
Frøken Størsrud har eg også lyst å seia nokre ord om. Ho var vel om lag 50 år på den tid eg
vart kjent med henne, og ei rektig ”gammeljomfru.” For at ho var jomfru var me aldri i tvil
om. Ho var alt anna enn vakker, dertil keitete og innadvendt. Truleg var ho like snild som
Troland, men endå meir sårbar.Det kom klårt fram ein gong einkvan(truleg i tankeløysa)
hadde lagt ein levande frosk i kateterskuffa hennar. Me hadde henne i norsk, og når ho fortalte
romantiske passasjar frå verdsliteraturen sat ho med eit drøymande vesen og såg ut gjennom
vindauga. Ho var tydleg einsam, og me kom aldri nær innpå henne som person. Men ho var
”stor” som lærar. Ho gav oss ei innføring i literaturen og i livets både ljose og mørke sider
som få kunne gjort henne etter. På slutten av aller siste time heldt ein i klassen ein vakker tale
for henne. Då sat ho også og såg ut gjennom vindauga, medan tårene draup. Sjå oss i augene
kunne ho ikkje, heller ikkje var ho talefør til å takka for talen og samværet. Løysinga var det
den store og trauste raudhåringen frå Tysnes som fann: ”Nå stemmer me i ein song folk” sa
han. Og det gjorde me, med Andreas som forsangar. Og då den var slutt forlet me
klasserommet, slik at vår umåteleg gilde frøken Størsrud kunne samla seg att. Og me set att
med minna, og den store rikdommen ho planta i dei unge sinna våre.
Mange andre kunne nemnast, Sigurd Eskeland, Andreas Leiro, Per og Knut Tylden, Ytreeide,
store personlegdomar alle saman. Likevel kjem eg ikkje utanom rektor Sjur Bøyum. Han
hadde me i hovudfaget engelsk. Det blei sagt at han ein gong fekk tilbod om professorat i
gammalengelsk i England. I alle høve kjende han både språket, og dei store, britiske diktarane
ut og inn. Betre lærar enn han i dette viktige faget trur eg ikkje fans i landet.
I tillegg til Byron, Shelly, Wordsworth, Shakespeare og alle dei andre kjende diktarane,
utgjorde engelsk historie (ikkje minst om den industrielle revolusjon), engelsk kolonihistorie
og litt amerikansk literatur det meste av pensum. Språket var gammalt og svært forskjellig frå
det ein nyttar i daglegtale. Sjølv med eit så konservativt pensum har eg alltid hatt glede av det
eg lærte hos Bøyum. Han hadde også vore med å forma ut eksamensoppgaver i mange år, og
hadde meir enn ei aning om kva årets eksamen ville by på. Det siste me gjorde før
slutteksamen var å repetera Shakespeare`s Merchant of Venice. Og rett nok, den fekk me, og
mange av oss kan takka Bøyum for god karakter.
Generelt vil eg seia om lærarane at dei var kunnskapsrike, motiverte, flinke pedagogar, og
ville vårt beste. Men dei la og vekt på moralnormer. Voss var eit skulesenter med lange
tradisjonar (t.d.folkehøgskulen), og låg i kjerneområdet for norskdomskulturen. Dette prega
både lærarane og undervisninga. Det var ein grunntanke at elevane skulle finna og kjenna seg
sjølve, og ikkje gje avkall på sitt eige opphav. Å vera påliteleg, arbeidsam, pliktoppfyllande,
edrueleg og dana var viktige verdiar. Språket var gjennomført nynorsk. Sjølv lektorar frå
Oslo-området gjorde sitt beste for å undervise på det målføret. Mange av haldningane me fekk
vil nok i dag verka gammelmodige, men ei god plattform å byggja vidare på var det.
Noko som likevel mangla var personleg nærleik mellom lærar og elev. Tiltaleforma var
etternamn, jamvel mellom elevane. Men slik trudde me det skulle vera. Eit unntak har ikkje
berre festa seg i minnet, men og hatt mykje å seia for mi vidare utvikling. Saman med nokre
kameratar rusla eg ein sein kveld oppetter vegen i Rongsbakken. Framfor oss gjekk ein av
lektorane. Han var nyss kommen frå Oslo for å ta eit vikariat. Han var halt og gjekk seint slik
at me nådde han att. Det var utfor huset der han budde, men han gav seg likevel til å prata
med oss. Etter kvart bad han oss inn på hybelen, tok fram ei flaske og baud på ein dram. Dette
var uhøyrt, ingen vågde å takka ja, så han vart alleine om drikkevarene. Men det han sa var
meir rusande enn noko drikke. Han tok oss med bak alle blånar og bak alle æver. Han fortalde
om Einstein og relativitetsteorien, om tid og rom, om ljosår og menneskekryp, om religionar
og vondskap, om store filosofar og det mangslungne livet, om kor liten han følte seg sjølv, om
sorg og kjærleik, om draumar for framtida. På nokre få timar ei kveldstund sette han døra til ei
anna verd på glytt, og vart ein merkestein i mitt liv.
Russetid bil.4
På eit vis hadde me både ei lang og ei stutt russetid. Stutt fordi den eigentlege russetida varte
berre nokre veker om våren. Lang, fordi me stelte til russerevy om hausten. Målet med den
var å underhalda vossingane, og å finansiera turen me planla etter eksamen. For å få stort
publikum (og tena mest mogleg pengar) måtte revyen vera aktuell, ta vossingane på kornet,
og ha høg kvalitet. Då måtte me gi avkall på både lekselesing og fritid. Samstundes var det
god trening i samarbeid, noko som gjorde at me kom nær kvarandre og vart ein samansveisa
gjeng. Alle måtte bidra med tekstar, ei nemnd valde ut dei beste, skodespelarar vart plukka ut
til dei einskilde stykka, og øvinga kunne ta til. Mellom emna som vart med i framsyninga
hugsar eg kunstig inseminasjon på ku, departementalt byggjeløyve for utedo og Fanitullen.
Elles var det sketsjar og viser av mange slag, noko av heilt profesjonell kvalitet. Mi oppgåve
var å styra med det økonomiske, titulert billettsjef. Og billettane gjekk unna. Så vidt eg hugsar
selde me nok til å fylla festsalen på Gymnaset to gonger. Saman med inntektene frå russeavisa
blei dette nok til ein busstur gjennom Hallingdal og Valdres til Oslo. Derfrå om Sørlandet til
Stavanger, Haugesund og gjennom Sunnhordland og Hardanger attende til Voss. Dei som
høyrde heime langs ruta steig av på heimstaden. Mellom attraksjonane me vitja var m.a.
Eidsvollbygningen, Kringkastinga, Vigelandsanlegget, Oslo rådhus og musea på Bygdøy. I
Stavanger såg me operetta ”Fetteren frå Batavia” på Rogaland teater, og hadde i det heile ein
svært vellukka tur. Eksamenskarakterane fekk me opplyst gjennom telefon ein stad i SørRogaland. Han som hadde tatt mot mine hugsa ikkje heilt om det var tre G og ein M eller
omvendt. Eg hadde lite fred i sjela før eg fekk melding om at det var ”omvendt.”
Bil.8
Høgdepunktet i heile russetida var sjølvsagt 17. Mai. Då gjennomførte me noko ingen andre
har klart, korkje før eller etter. Flyalarmen på Voss var montert i loftshøgda på Gymnaset. Det
høvde seg slik at sonen til vaktmeistaren gjekk i klassen vår, og visste kvar faren hadde gøymt
nøkkelen til rommet der alarmen var. Ein slik unik situasjon måtte nyttast for alt han var verd.
Namnet på revyen var: ”Varsku her, Russen fyrer.” Nå vart det prenta 3000 flygeblad med
melding om at Russen ville innta Vossebygda. Desse blei stua inn i eit fly me chartra i
Bergen. Om føremiddagen den 17de mai sette flyet kursen mot Voss. Då det passerte Bulken
starta me luftvernsirena, og over Vangen dalte det ei sky med flygeblad, alle med Russen si
krigserklæring. Etter kvart som Politiet kom til hektene køyrde dei rundt med ulande sirener,
men visste lite kva dei skulle gjera. Til slutt kom dei seg likevel inn på gynasloftet og fekk
stoppa alarmen. Men dette var ein stor siger for Russen. Vangen var stinn av folk, med ein
slik start på dagen ville alle sjå Russetoget og høyra talen til Russeformannen.
Bil.9, 10, 11, og 12
Alt vart vellukka, og eit verdig punktum for gynastida vår. Det var likevel med vemod me sa
farvel til medelevar me hadde vanka saman med gjennom tre-fire år. Med oss hadde me
vennskap og kunnskap, innsikt og refleksjon. Ei god bør til stor hjelp for tida som kom. Ennå,
60 år etter, kjenner eg takksemd for det store privilegiet det var å få fire ungdomsår på Voss
off. landsgymnas.
Om Voss likevel ikkje skulle vera vidare enn verda, har bygda nok fått fått ei vidd i hugen
min som er langt større enn det georafien tilseier.
Litt om Voss off. landsgymnas si historie
Voss blei vald som skulestad for det første fireårige, offentlege landsgymnaset i landet, med
skulestart 1916. Kommunen hadde sett av ei vakker tomt på Lekve- og Prestegardsmoen, og i
tillegg ytt eit tilskot på 50.000 kroner. Kommunen tilbaud også mellombels lokale i den nye
folkeskulen på Vangen. I 1919 stod det nye, monumentale skulebygget ferdig, og Voss off.
landsgymnas var komme i eige hus.
Frå 1916: Real-, engelsk- og latinline. 1924: greskline, 1930: norrønline.
Rektorar: Peder Blix 1916-31, Conrad Bonsaksen1931-46, Gunstein Langerak 1945-47, Sjur
Bøyum 1947-53, Alf H. Helland 1953- 62, Steinar Line 1962-69.
Gymnaset blei vidaregåande skule frå 1966.
Første artiumskull 1920: 36 kandidatar(fire kvinnelege).
Talet på artianarar 1950: 88
Harald Fjøsne