Sagvåg skule NR 1 2015/16 Informasjon til heimen Måndag 17.august 2015 Velkommen til nytt skuleår! Tryggare skuleveg Arbeidet med rundkøyringa ved Sagvåg skule er i full gang. Me har god dialog med dei som utfører arbeidet, med tanke på tryggleiken til borna. Til skulestart måndag 17.august er gangstien rydda. Me får bruka ballbingen i denne perioden, men borna får ikkje henta ballen, sjølve dersom han fer over i anleggsområdet. Rekn litt ekstra tid til henting og bringing i denne byggjeperioden i august. Arbeidet skal vera ferdig 1.september. Leksehjelp Frå hausten 2015 vert det ikkje gjeve leksehjelp i 1.-4.klasse. Tilbodet er flytta til 5.-6. og 7.klasse. Ved Sagvåg skule vert tilbodet gjeve måndag til torsdag kl 13.35 til 14.45 Så mange elevar er påmeldt: : Måndag 38 elevar, tysdag 23 elevar, onsdag 39 elevar og torsdag 16 elevar Sykling til skulen Regjeringa har endå ikkje konkludert om det skal vera slik at det er foreldra som skal avgjera om borna skal få sykla til skulen, uansett alder. Førebels er det framleis slik at det er elevane i 5.-6. og 7.klasse som får sykla til Sagvåg skule. (Men nye sykkelstativ er allereie innkjøpt med tanke på at det i løpet av hausten vert opna for at foreldra kan bestemma om eigne barn kan sykla i 1. til 4.klasse også.) Frå RLE til KRLE Religionsfaget har fått nytt namn og justert innhald. Utdanningsdirektoratet skriv: Religion, livssyn og etikk» er endret til «Kristendom, religion, livssyn og etikk», og tilsvarende er forkortelsen «RLE» endret til «KRLE». I formålet er setningen «Kristendomskunnskap skal av den grunn ha den kvantitativt største andelen av lærestoffet.» endret til «Om lag halvparten av undervisningstiden i faget skal av den grunn brukes på kristendomskunnskap.». Krav til symjedugleik Regjeringa har også bestemt at kommunane må ha klare mål for symjeopplæringa. Det står no m.a. at elevane etter 4.klasse skal : vere svømmedyktig ved å falle uti på djupt vatn, svømme 100 meter på magen, og undervegs dykke ned og hente ein gjenstand med hendene, stoppe og kvile i 3 minutt (imens flyte på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg); så svømme 100 meter på rygg og ta seg opp på land Kontaktlæraren til er: Mobil E-post: Berre 18 barn i SFO Ved skulestart er det berre 18 born i SFO ved Sagvåg skule. Så få har det aldri vore. Prisauken dei siste åra kan vera noko av forklaringa på dette. Nyetilsette ved Sagvåg skule Laila Gjøsæter var også med oss på våren i fjor. Ho er teiknspråklærar i 1.klasse Eli Sigrunn er også teiknspråklærar. Ho er i 3.klasse Wiik Renate Tverderøy er lærling ved Sagvåg skule dette skuleåret ..og alle oss andre…… 1.klasse: Gro A Halvorsen og Laila Gjøsæter (teiknspråklærar) 2.klasse: Hildegunn Sæbø Heimro og Ann Kristin Brakedal 3.klasse: Jenny Sætre Skjønberg, Åshild Giving og Eli-Sigrunn Wiik (teiknspråklærar) 4.klasse: Anne Brit Holm 5.klasse: Anne Elisabeth Trevland og Erlend Thoresen 6.klasse: Kari Myhre og Kjell Byrknes 7.klasse: Aasne H. Vikanes og Lene Tislevoll Almås Elles er Turid Tvedt Gjellestad, Hege Hamn Mehammer og Ingrid Kvernenes Misje tilsette ved Sagvåg skule, men utan kontaktlæraransvar. Assistentane i skule og SFO er: Liljan Vestbøstad Waage, Jorunn Bendiksen, Jarle Ernst Karlsen, Elin B Macsik, og Ann Tove Slaggerud I administrasjonen finn de framleis: Lars Bakka og Egil Petterteig rektor www.sagvagskule.no Vert du ven med oss på Facebook så får du alltid oppdatert info der! Kontaktlæraren til er: Mobil E-post:
© Copyright 2024