Les heile saka i SUNNMØRSPOSTEN

SUNNMØRSPOSTEN Onsdag 6. mai 2015
NYHETER 11
Eit berg av runde ballar
• Bøndene har rekordmykje grovfôr til overs etter vinteren
LANDBRUK
Bøndene på Nordvestlandet
opplevde tidenes beste grasslått i fjor. I år har dei tidenes
berg med rundballar til
overs.
– Dyra mine et nok 80–90 rundballar i månaden. Men når beitesesongen startar ute, så sit eg
nok framleis att med 150–200
rundballar til overs.
Det seier gardbrukar Arnt
Magne Engeseth i Ørsta. Han er
mjølke- og kjøtprodusent, og
fortel om ein fantastisk slått i
fjor:
– Alt klaffa, både med temperatur og nedbør. Eg slo to-tre
hundre kubikk meir med gras
enn kva eg brukar vanlegvis.
– Og kva skal du gjere med
fôret som blir til overs?
– Tja, sei det? Det er ikkje så
lett å få seld det, heller. Det må
i så fall helst vere austover. Der
var det ikkje så god vekst i fjor
sommar. Det er iallfall for gale å
kaste det, svarer bonden i Ørsta.
Fornying. Avdelingsleiar Jon
Geirmund Lied i Landbruk
Nordvest har eit tips å kome
med til bønder med overskot av
rundballar:
– Dersom ballane er tette, så
kan fôret nyttast til hausten.
Men ein må hugse å tilsette
e-vitamin på slikt oversomra
vinterfôr. Så kan ein, med så
mykje fôr liggande, heller nytte
høvet til å fornye jord som ikkje
gjev så stor avkasting lenger.
Gardbrukar Arnt Magne
Engeseth veit ikkje heilt om han
vil følgje dette rådet:
– Då blir det jo berre endå
meir fôr neste år. Dessutan har
eg andre prosjekt eg prioriterer.
Eg vurderer å utvide drifta med
fleire dyr. Men det kostar.
Fornying er noko Jon Geirmund Lied er oppteken av. Han
oppmodar landbruksministeren
til å leggje forholda betre til
rette for ei satsing i landbruket,
med høve til ei fornying av
driftsbygningane, og helst med
plass til fleire dyr.
Men før nye og større bygningar er på plass meiner gardbrukar Arnt Magne Engeseth at ein
kanskje burde vurdere å setje
inn båtar som kunne frakte
RUNDBALLEOVERSKOT: Bonde Arnt Magne Engeseth i Ørsta reknar med å ha 150-200 rundballar for mykje i år, takka vere eit kjempeår i fjor med
rekordstor slått. FOTO: TERJE ENGÅS
FAKTA:
rundballar til andre delar av
landet der det er mangel på fôr.
• Rundballe er ein sylinderforma ball av komprimert
gras eller halm.
Lovande. Fjoråret vart eit kjem-
• Til vanleg vert dei pakka i
kvit plast, derav aukenamnet traktoregg.
peår. Korleis blir årets fôrsesong?
Jon Geirmund Lied i Landbruk Nordvest synest det så
langt ser lovande ut:
– Overvintringa har gått bra,
og så langt i vår har det vore kjølig. Det er gunstig, og dette tyder
på at det kan bli ein bra førsteslått. Andreslåtten er avhengig
av kor mykje nedbør vi får gjennom sommaren. Svaret har vi i
september, seier Lied.
KJELDE: WIKIPEDIA
TERJE ENGÅS
• Rundballen er ein
rasjonell og enkel, men
kostbar metode for å
konservere og lagre dyrefôr.
• Rundballane blir pressa i
rundballepresser. Ballane
blir pakka i plast for å
konservere graset.
– Alt klaffa i fjor,
både med temperatur og nedbør
ARNT MAGNE ENGESETH
[email protected]
BONDE: Arnt Magne Engeseth er
mjølke- og kjøtprodusent, og
hadde i vinter 60-70 dyr i fjøsen.
Utvidar for 200 millionar
EID
Moengården på Nordfjordeid
investerer 200 millionar kroner, doblar arealet og utvidar
frå 17 til 30 butikkar.
MOENGÅRDEN: Kjøpesenteret Moengården på Nordfjordeid skal doble
arealet og utvide med fleire nye butikkar. Den gamle delen blir også
modernisert. Alt skal vere klart til julehandelen neste år.
Utvidingsplanane for kjøpesenteret Moengården Vest er klare.
Oppstart blir etter ferien, og
senteret skal stå ferdig til julehandelen 2016.
– Det blir investert for 200
millionar kroner her i løpet av
eitt til to år, seier Bjørn Kåre
Moen i Moengården Vest til
Sunnmørsposten.
Dobla. Planane inneber også
leilegheiter, noko som vil skje
trinnvis, med 15 leilegheiter i
første omgang.
Dagens senter er 5.000 kvadratmeter. Med utbygginga vil
arealet bli meir enn dobla, til
11.500 kvadratmeter. Eksisterande bygg vil også bli modernisert og vesentleg oppgradert.
Før byggestart er om lag 80
prosent av det nye arealet
utleigd. Senter vil blant anna få
Nordfjords første Coop Extrabutikk. Vitus Apotek, Cubus,
Dressmann og Vita er andre nye
butikkar som blir å finne i det
nye senteret.
Fleire tilsette. Utvidinga vil gje
arbeid til mellom 40 og 50 tilsette i heiltid eller deltid.
Kjøpesenteret er forvalta og
drive av Amfi Drift AS, som har
tilsvarande ansvar for 77 kjøpesenter rundt om i landet. Det er
eit selskap i Olav Thon-gruppa.
ANNE-MARI TOMASGARD
[email protected]