Varsel om planoppstart av reguleringsendring for

Nordfjordeid
Ålesund
Førde
Vågå
Til: Naboar, heimelshavarar og aktuelle offentlege instansar. Jf. vedlagde varslingsliste
Dato:
Vår ref:
Dykkar ref:
25.02.2015
May-Britt Drage Bakke
Moengården Vest AS
Varsel om planoppstart av reguleringsendring for Moengården Vest
I medhald av plan og bygningslova sin §12-8 vert det med dette varsla oppstart av
reguleringsendring for Moengården Vest.
Planområdet er lokalisert i Eid kommune og omfattar eksisterande bygg for kjøpesenteret
Moengården, fylling nord for kjøpesenteret, samt ei mindre strekning av Sjøgata.
n:\2012\12020 moengården vest, utfylling\reguleringsendring for moengården
Moengården Vest AS er tiltakshavar og Nordplan AS er utførande konsulent.
Figur 1 Kart som viser lokalisering og om lag avgrensing av planframlegget.
Nordplan AS
MVA
Eidsgata 45
Telefon 57 88 55 00
Postboks 224
6771 Nordfjordeid
[email protected]
NO 948 081 768
Bankkonto: 3790 05 03459
www.nordplan.no
■
■
Nordplan ■ side 2 av 5
Planstatus:
Planområdet har den same avgrensinga som detaljregulering for Moengården Vest, som vart
vedteken i 2014. I gjeldande plan er arealet vist som kombinert føremål for forretning/kontor og
bustad/forretning/kontor, samt infrastruktur og offentleg areal mot sjø i vest (jf. figur 2).
Figur 2 Utsnitt frå gjeldande detaljreguleringsplan for Moengården Vest, vedteken 08.05.2014.
Plan vart utarbeidd av Nordplan AS.
■
■
Nordplan ■ side 3 av 5
Aktuelle tiltak i planområdet
Reguleringsendring for Moengården Vest ønskjer å opne for byggehøgd på inntil kote +18 meter.
Det er i tillegg planlagt å ta ut eller endre siktlinje mot kyrkje, samt tilhøyrande restriksjonar
knytt til høgder på bygg innanfor omsynssone for bevaring av siktlinja (H570_1-2, sjå fig. 2).
Oppdragsgjevar har på dette tidspunkt planar om tiltak med byggehøgd på maks kote +15,5
meter i nordvest, som er innanfor omsynssone H570_1-2.
Planframlegget vil òg legge til rette for etablering av bustader i nord. I gjeldande plan er dette
området vist som kombinert føremål; forretning og kontor (FK1). Plan vil med dette opne for
bustader innanfor alle byggeareal.
Ønska endringar innanfor planområdet vil føre til justering av føremålsgrenser for områda BFK1,
f_P1-2 og f_V1. Dette omfattar i hovudsak areal innanfor gnr. 44, bnr. 411.
Offentlege føremål er på dette tidspunkt ikkje tenkt endra og dermed vidareførast som vist i
gjeldande detaljregulering (jf. fig. 2).
Figur 3 Skråfoto av planområdet (Norge i 3D), sett frå sør mot nord. Gjeldande plan, samt ønska
reguleringsendring, legg til rette for utviding av fylling mot nord.
Risiko og sårbarheit
ROS-analyse i gjeldande plan vil bli oppdatert i forhold til endringar som vert lagt fram i nytt
planforslag.
Konsekvensutgreiing
Planframlegget er vurdert til å ikkje utløyse krav om KU.
■
■
Nordplan ■ side 4 av 5
Vidare saksgang
Ein har rett til å kome med innspel/merknader ved kunngjering oppstart av planarbeid.
Innkomne merknader vil bli vurdert og kommentert i saksframstillinga.
Endeleg planforslag vert utarbeidd og skal handsamast i planutvalet i Eid kommune, som legg
planen ut til offentleg ettersyn i minimum 6 veker.
Publikum og rørde partar har òg rett til å uttale seg om saka ved offentleg ettersyn. Kommunen
varslar rørde partar skriftleg, samt kunngjer offentleg ettersyn i Fjordabladet.
Frist for innsending av merknader:
Eventuelle innspel og merknader til planarbeidet skal vere skriftlege og kan sendast til
Nordplan AS, PB. 224, 6771 Nordfjordeid eller på e-post til
[email protected].
Merknadsfrist: 27. mars 2015
Spørsmål kan rettast til Nordplan AS v/May-Britt Drage Bakke tlf. 940 27 464
Med helsing
for Nordplan AS
May-Britt Drage Bakke
Arealplanleggar
Master i samfunnsgeografi
■
■
Nordplan ■ side 5 av 5
Høyringsinstansar som er varsla:
INSTANS
ADRESSE
Barnerepresentant i plansaker,
Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
Øyvind Dyptveit
Den norske kyrkja
Pb. 1960, 5817 Bergen
Eid Fjordvarme KF
Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
Eid Kyrkjeleg Fellesråd
Pb. 5, 6771 Nordfjordeid
Eid råd for funksjonshemma
6770 Nordfjordeid
v/Inge Fossheim
Eid Sokneråd v/Tor Olav Heldal
Urene 3, 6770 Nordfjordeid
Eid Utviklingsfellesskap
Øyane 11, 6770 Nordfjordeid
Nordfjordhamn IKS
Pb. 104, 6701 Måløy
SFE Nett AS v/Reidar Hope
Bukta, 6823 Sandane
Statens Vegvesen, Region Vest
[email protected]
NVE
[email protected]
Kystverket Vest
[email protected]
Sogn og Fjordane
[email protected]
fylkeskommune,
Plan- og samfunnsavdelinga
Sogn og Fjordane
[email protected]
fylkeskommune,
Kulturavdelinga
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, [email protected]
Fiskeridirektoratet Region Vest
[email protected]
Eid kommune
[email protected]
Stiftinga Sagastad v/ Tøger Lien 6770 Nordfjordeid
Naturvernforbundet i Eid
Skulevegen 92, 6770 Nordfjordeid
v/ Thorleif Jakobsen
Heimelshavarar og naboar som er varsla:
Eigarar og festarar til følgjande gard- og bruksnummer har blitt varsla i samband med
kunngjering oppstart av reguleringsendring: 44/510, 44/73, 44/158, 44/411, 44/584, 44/587,
43/93, 43/144, 44/1, 44/3, 44/46, 44/68, 44/95, 44/99, 44/386, 44/482, 44/522, 44/523, 44/5,
44/36, 44/46, 44/93, 44/47, 44/48, 44/103