Info-hefte for Nordbygdene barnehage 2015

INNHALD:
PRESENTASJON……………………………………………….…..
s. 2
PERSONALET…………………………………………….…….….....
s. 3
SAMARBEID MED ANDRE INSTANSAR…………..
s. 3
BARNEGRUPPA FORDELT PÅ VEKEDAGAR…..….
s. 4
VÅR VISJON ……………………….………………………………..…
s. 5
VÅRE VERDIAR………………………………………………………..
s. 5
SATSINGSOMRÅDE FOR 2015/2016...……………
s. 5
ÅRSPLAN 2015/2016…………………………………….…..…
s. 6
PERIODEPLAN OG MÅNADSPLAN……………………………. s. 6
DAGSRYTME…………………………………………………………..
s. 7
GRUPPEDELING……………..………………………………………
s. 7
BLI-KJEND-TID I BARNEHAGEN………………..….
s. 8
PRAKTISK INFORMASJON……………………………….
s. 8
KORLEIS KOME I KONTAKT MED OSS?.........
s. 11
1
PRESENTASJON
Nordbygdene barnehage er ein kommunal heildagsbarnehage med 36 plassar fordelt på
born i alderen 1-6 år. Det er to avdelingar her; Veslenose (1-4 år) og Leikvollen (3-6 år).
Ved oppstart hausten 2015 er det så godt som ingen ledige plassar i forhold til
bemanning. Blir det fleire som søkjer plass etter nyttår, håpar me på utvida barnegruppe
enkelte dagar. Det er totalt 32 barnehageborn og 10 vaksne som skal vere saman her
og prege kvardagen vår i året som kjem. Av desse borna er 7 stk. under 3 år.
Fyrst og sist på dagen er me ofte saman. Midt på dagen stenger me dørene og er kvar for
oss for å få meir ro til leik, aktivitetar og opplevingar i aldersjamne grupper. 2012-kullet
er i år fordelt på begge avdelingane men vil vere mykje saman i løpet av veka då det er
gruppedeling, temajobbing, turar m.m.
Kjernetida i Nordbygdene barnehagen er frå kl. 9.30 – 14.00. Me ynskjer at alle
borna er tilstade denne tida slik at dei får vere med på felles opplegg på avdelingane.
Leikvollen har garderobemøte kl. 9.30. Her er det viktig at alle borna deltek. Gje difor
beskjed dersom de kjem seinare enn kl. 9.30 ein dag.
Skulestartargruppa vår i år er 6 stk, - berre jenter. Desse skal ha sin eigen 5-årsklubb,
og me er spente på kva klubben i år skal heite. Dette vert bestemt av borna på fyrste
klubbsamling i starten av nytt barnehageår. Det er Svanaug som har hovudansvaret for
gruppa og for at rutinar jmf. kommunal overgangsplan frå barnehage til skule blir
gjennomført. Meir info på foreldremøtet onsdag 16.september.
Nordbygdene barnehage har vore i drift sidan oktober 1989. Etter ei omfattande
påbygging/ombygging, flytta me inn i nye lokalar i februar 2011.
Me er godt fornøgde med det fysiske læringsmiljøet inne. Her er det lyse og trivelege
rom, ei god og romsleg felles garderobe, stort kjøkken, gymsal og felles personalavdeling
med skulen. Meininga er at romløysingane skal vere fleksible og at endringar vert gjort ut
i frå kva tema/prosjekt me jobbar med.
Leike- og læringsmiljøet ute er stadig oppe til drøfting. SU har satt ned ei utegruppe der
både personalet og foreldre i barnehagen og skulen er representerte. Utegruppa har søkt
om midlar til å bl.a. setje opp eit uteklasserom bak skulen, kjøpe huskestativ og dumpe
for dei minste borna og lage fleire sitjeplassar/amfi ute. I tillegg er det behov for å få
gjort vanleg vedlikehaldsarbeid som måle/olje leikeapparat og rydding på lavvoplassen.
Utegruppa arrangerer difor dugnadsdagar på Kringlehaugen 22. og 29.august!!
Me vil ynskje alle eit innhaldsrikt og godt barnehageår!!
2
PERSONALET
Det er 10 stk. vaksne med varierte stillingsstorleikar som skal vera saman me borna frå
hausten av. Me startar opp med omtrent den same personalgruppe som me avslutta med
før ferien – men det blir litt personalbytte på avdelingane. I tillegg skal Judit Sjemmedal
ha 20 % stilling her for å dekke opp ubunden tid for ped.leiarane og anna møtetid.
Einfrid Hagen – styrar 100 %
VESLENOSE:
LEIKVOLLEN:
Elin Torsgard - ped.leiar 80 % (m, ty, to, f)
Elin Elisabeth S.Hjelmsø - ped.leiar/bhg.lærar
60 % (ty, o, to)
Åshild Stein – assistent 100 %
Liss Hefte – assistent 60 % (m, o, f)
Svanaug Lie Brattegard – ped.leiar 90 %
(anne kvar m, ty, o, to, f)
Elin Elisabeth S.Hjelmsø – ped.leiar/bhg.lærar
40 % (m, f)
May-Rose Aa. Brattegard – assistent 60 % (m, ty, to)
Karina Hetland – assistent 80 % (ty, o, to, f)
Marte Søbakk Kaslegard – barne-/ung.arb. 40% (m, o)
Judit Sjemmedal – assistent 20 % (f)
SAMARBEID MED ANDRE INSTANSAR
For å sikre at alle skal få eit godt tilbod til beste for borna sin oppvekst og utvikling, har
barnehagen tett samarbeide med andre instansar. I Ål kommune har det vorte oppretta
tverrfagleg team for kvar enkelt barnehage/skule. I tverrfagleg team er det ein
representant frå PPT, helsestasjon og psykisk helse, samt ped.leiar og styrar frå
barnehagen. Hovudmålet her er å gje hjelp og støtte til dei som treng det så tidleg som
råd. Styrar orienterar om møtetid på månadsplanen, og foreldre kan ta kontakt med
styrar eller pedagogisk leiar dersom dei ynskjer å ta opp saker på tverrfagleg møte.
Leiargruppa i barnehagen har også jamlege drøftingsmøte med primærkontakten på PPT.
Dette er meint som eit uformelt møte der saker og undringar kan drøftast på eit tidleg
stadium. Det er Helga Søland som er vår primærkontakt på PPT.
Nordbygdene barnehage og Ål helsestasjon vil halde fram med samarbeidet omkring
4-årskontrollen. Foreldre som har 4-åringar skal få meir informasjon når 4-årskontrollen
nærmar seg. Samarbeidet skal òg prøvast ut i dei andre 2-avdelings barnehagane i
Ål kommune frå hausten av.
VIKTIG:
- Dersom me ynskjer å drøfte forhold kring einskildbarn på tverrfagleg møte, skal
foreldre alltid informerast, gje samtykke og evt. inviterast med på møtet.
- Teieplikta kan ikkje overstyre §22 i barnehageloven om opplysningsplikt personalet
har vedrørande bekymringsmeldingar til barnevernet.
3
BARNEGRUPPA FORDELT PÅ VEKEDAGAR - pr. 01.09.15
MÅNDAG:
TYSDAG:
TIRIL - 10
LINNEA - 10
OLIWIA - 10
JULIA -10
ANDRINE-10
SIGNE - 10
MATHILDE - 11
INGEBJØRG-11
LEVI - 11
GAUTE -11
BERGER -11
TORJE - 11
BENDIK - 11
PATRYK -11
ALEXANDRA-11
TIRIL - 10
LINNEA - 10
OLIWIA - 10
JULIA -10
ANDRINE-10
SIGNE - 10
MATHILDE - 11
INGEBJØRG-11
LEVI - 11
GAUTE -11
BERGER -11
TORJE - 11
BENDIK - 11
PATRYK -11
ALEXANDRA-11
MATHIAS - 12
HENNING -12
OLIVER - 12
SIGURD - 12
MATHIAS - 12
HENNING -12
OLIVER - 12
SIGURD - 12
ONSDAG:
LEIKVOLLEN:
TIRIL - 10
LINNEA - 10
OLIWIA - 10
JULIA -10
ANDRINE-10
MATHILDE - 11
INGEBJØRG-11
LEVI -11
GAUTE -11
BERGER -11
TORJE - 11
BENDIK - 11
PATRYK -11
ALEXANDRA-11
CHRISTINE - 11
MATHIAS - 12
HENNING -12
OLIVER - 12
SIGURD - 12
TORSDAG:
FREDAG:
TIRIL - 10
LINNEA - 10
OLIWIA - 10
JULIA -10
ANDRINE-10
SIGNE - 10
MATHILDE - 11
INGEBJØRG-11
LEVI -11
GAUTE -11
BERGER -11
TORJE - 11
BENDIK - 11
PATRYK -11
ALEXANDRA-11
CHRISTINE - 11
MATHIAS - 12
HENNING -12
TIRIL - 10
LINNEA - 10
OLIWIA - 10
JULIA -10
SIGURD - 12
SIGNE - 10
MATHILDE - 11
INGEBJØRG-11
LEVI -11
GAUTE -11
BERGER -11
TORJE - 11
BENDIK - 11
PATRYK -11
ALEXANDRA-11
CHRISTINE - 11
MATHIAS - 12
HENNING -12
OLIVER - 12
SIGURD - 12
VESLENOSE:
KARIANNE -12
ALINA - 12
HÅKON - 12
KRISTIAN
ANDRE - 12
TORJUS - 12
ASTRID - 13
KARIANNE -12
KARIANNE -12
KARIANNE -12
ALINA - 12
ALINA - 12
ALINA - 12
HÅKON - 12
HÅKON - 12
HÅKON - 12
KRISTIAN
KRISTIAN
KRISTIAN
KRISTIAN
ANDRE - 12
ANDRE - 12
ANDRE - 12
ANDRE - 12
TORJUS - 12
TORJUS - 12
TORJUS - 12
TORJUS - 12
ASTRID - 13
ASTRID - 13
ASTRID - 13
TORGRIM - 13
TORGRIM - 13
TORGRIM - 13
SIGNE - 13
SIGNE - 13
SIGNE - 13
SIGNE - 13
SIGNE - 13
EMIL
EMIL
EMIL
EMIL
EMIL
ALEKSANDER - 14 ALEKSANDER - 14 ALEKSANDER-14 ALEKSANDER - 14 ALEKSANDER - 14
SYNNØVE - 14
SYNNØVE - 14
SYNNØVE - 14
SYNNØVE - 14
INEZ - 14
INEZ - 14
INEZ - 14
INEZ - 14
INEZ - 14
MELVIN - 14
MELVIN - 14
MELVIN - 14
29 BORN
34 PLASSAR
30 BORN
36 PLASSAR
27 BORN
32 PLASSAR
4
30 BORN
36 PLASSAR
30 BORN
37 PLASSAR
VÅR VISJON:
ME VIL – ME KAN,
LEIK OG LÆRDOM
HAND I HAND
VÅRE VERDIAR SOM SKAL VEKTLEGGJAST GJENNOM HEILE ÅRET:
Alle born i barnehagen vår skal oppleve:
…..å verte respekterte og verdsatt for den dei er
…..omsorg, tillit og venskap i eit aldersblanda fellesskap
…..positiv leik som gjev nyttig erfaring og allsidig læring for framtida
…..glede og meistring gjennom fysisk aktivitetar
…..nærleik og kjennskap til ei levande bygd med fokus på vår kulturarv,
lokalhistorie og positive naturopplevingar
…..kontakt og samspel mellom ulike generasjonar
…..at eigne meiningar og synspunkt vil kunne påverke kvardagen i barnehagen
SATSINGSOMRÅDE FOR 2015/2016:
Handlingsplan for «Betre læring i Ål kommune» gjev oss føringar for satsingsområda våre. I
tillegg har det kome nyttige innspel frå foreldre og tilsette gjennom brukarundersøkinga i vinter
og evalueringsarbeidet i vår. Dette vil me ta med oss i planleggingsarbeidet for nytt
barnehageår.
•
Tidleg innsats
Me vil halde fram med tiltak som er sett i verk gjennom prosjektet Felles Løft for tidleg
innsats. Målsetjinga er at alle barnehagetilsette skal ha naudsynt kompetanse innan born
si språklege– og sosiale utvikling slik at born som har behov for hjelp skal bli fanga opp så
tidleg som mogleg. Tiltak i året som kjem: TRAS, BU, boltreleik for skulestarterane,
språkverkstad, organiserte leikegrupper etter verkstadmetoden, primærkontaktmøte
m/PPT, samarbeid med helsestasjon ang. 4-årskontrollen m.m.
Dei nye overgangsrutinane frå barnehage til skule vil halde fram som i fjor.
•
Formidling og kulturarbeid
Gjennom året skal borna oppleve allsidige og varierte aktivitetar innan dei praktisk
estetiske faga. I år vil me setje fokus på ulike kunstprosjekt gjennom fire årstider og
formidling av nynorske barnebøker gjennom prosjektet «Lesefrø».
5
•
Fysisk fostring og psykisk helse
Me vil prioritere faste turdagar for alle barnegruppene gjennom heile året. Her skal det
leggjast vekt på friluftsliv med variasjon, fellesskapskjensle og motoriske utfordringar.
Tema for personalet si kompetansehevingsprogram i år er: borns psykiske helse.
I frå hausten av skal me ta i bruk ny regional plan mot utestenging og mobbing og
utarbeide rutinar på korleis handtere slike saker i vår barnehage.
ÅRSPLAN 2015/2016
Alle barnehagar skal ha ein årsplan som inneheld informasjon om korleis barnehagen vil arbeide
for å oppnå målsetjingane i rammeplan. Her vil me koma nærare inn på innhald og arbeidsmetodar
i barnehagekvardagen, kva fagområde me vil leggje vekt på, spesielle aktivitetar og tradisjonar
me skal ha i løpet av året, samt dokumentasjon og vurderingsarbeid.
Årsplan er ein viktig arbeidsreiskap for personalet og eit godt utgangspunkt for foreldre til å få
kunnskap om og kunne påverke innhaldet i barnehagen.
Nordbygdene barnehage sin årsplan fylgjer barnehageåret. Årsplan skal godkjennast av
samarbeidsutvalet for barnehagen, og skal vere ferdig til utlevering ca. 1.oktober.
PERIODEPLAN – er ei meir detaljert plan for dei ulike aldersgruppene. Her skal personalet
synleggjere mål, tiltak og organisering av tema- og prosjektarbeid som skal gjennomførast i ein
bestemt periode.
MÅNADSPLAN
I forkant av kvar månad vert det sendt ut ein månads-info med informasjon til føresette. Denne
inneheld ei oversikt over kva som skal skje i vekene som kjem, spesielle dagar ein bør merke seg,
saker som skal hugsast på og generell informasjon frå styrar. Heng den opp på kjøkkenet heime,
ta ein titt på månadsplanen før de går til barnehagen ☺
TIPS 1: La det blir ein vane å ta ein titt på oppslagstavla + info-veggen i barnehagen når du
er innom!!
TIPS 2: Putt alle skriv og info-brev frå barnehagen i ein eigen perm. Kan vere kjekt å
ha seinare på året!
☺ All informasjon som står i månadsplanen, samt skriv,
beskjedar og info som vert delt ut eller slått opp i
garderoben, reknar me med at alle foreldre har lese ☺
6
DAGSRYTME
For at dagane skal vere trygge og forutsigbare for born og vaksne, er det viktig med rutinar.
Me har ei dagsrytme der me vektlegg trivelege måltid til faste tider, soving/kviling for dei som
ynskjer det og tid til leik inne og ute og aktivitet/tema- eller prosjektarbeid i alderslike
grupper. Innhaldet av dagen vil me synleggjere med symbol på tavla i garderoben. Me ynskjer at
alle borna skal vera i barnehagen frå kl. 9.30 til 14.00. Dette er barnehagen si kjernetid.
Kjem de seinare ein dag så er det fint om me får beskjed.
På Leikvollen er det garderobemøte kl. 9.30, og denne bør alle borna vere med på.
Dei yngste borna på Veslenose vil frå starten av ha ei meir individuell dagsrytme som høver til
deira eigen mat- og soverytme heime.
7.00
7.30 – 9.00
9.30
9.30 – 11.15
11.30 – 12.15
12.30 – 13.00
14.30 – 15.00
15.00 – 17.00
17.00
- barnehagen opnar
– frukost på Leikvollen for alle
- leik på avdelingane med «opne dører»
- borna går til si avdeling
- garderobemøte på Leikvollen
- gruppedeling, aktivitetar ute/inne, temaarbeid, klubb, tur o.l.
- rydding, vask av hender og samling før mat
– dugurd på begge avdelingane
– påkledning, sovetid, lese-/pratestund i små-grupper
- leik og aktivitet ute
- fruktmåltid (evt. ta med ekstra mat/yoghurt for dei som ynskjer)
– leik ute/inne forts.
- barnehagen stenger = personalet går frå jobb
GRUPPEDELING
Alderen på borna er ulik og interesse- og aktivitetsbehovet er varierande. Me meiner det er
viktig for borna å verte trygg og kjenne tilhøyring i ei mindre gruppe med jamgamle born . Me
ynskjer også at born gjennom fleire år skal oppleve progresjon av innhaldet i barnehagedagen, og
meiner difor at ikkje alle skal gjere alt til ei kvar tid. Det skal vere litt «forskjell» på store og
små. Me har difor valt å dele borna i faste BASEGRUPPER delar av dagen/veka gjennom heile
året. Dei vaksne har hovudansvar for kvar sine grupper. Pga. deltidsstillingar vil nok
ansvarsfordelinga dei ulike dagane variere noko.
BASEGRUPPE:
PERSONALANSVAR
GRØN - 10
SVANAUG
MARTE / JUDIT
MAY-ROSE
KARINA
ELIN E
ÅSHILD
ELIN T.
LISS
RAUD -11
LILLA – 12
BLÅ – 13
GUL - 14
Andre gonger kan me dele borna opp i aldersblanda grupper. T.d. på turdagar, ved ulike
aktivitetar som m.a. teikning, maling, song, språkverkstad. Følg med på månadsplanen. Her vil me
bl.a. orientere dykk om organisering av gruppedeling m.m.
7
BLI-KJEND-TID I BARNEHAGEN
Nytt barnehageår startar onsdag 19.august. Frå denne datoen er me i gang med bli-kjend-tid
for dei nye borna. (nokre få born har starta i veke 33 etter avtale med styrar) Når nye
born/foreldre kjem til barnehagen fyrste dagen, vert dei møtt av ein vaksne som skal vera deira
primærkontakt i tida framover. Denne kontaktpersonen har ansvar for å vise dykk rundt i
barnehagen, følgje barnet opp i kvardagen og verte godt kjend med vanar og rutinar som barnet
har heime. Målet er at borna skal finne seg til rette og verte trygg på den nye kvardagen så fort
som råd.
Kor lang tid kvart barn treng for å bli trygg er individuelt. Det er viktig at foreldre har sett av
tid til å vera saman med barnet i starten og at barnehagedagane ikkje vert for lange. Alle nye
born får eit tidspunkt for fyrste oppmøtet. Vidare vert det gjort individuelle avtaler med kvar
enkelt familie. I løpet av dei fyrste vekene vil pedagogisk leiar ha foreldresamtale i høve nye
born.
Born som skal skifte avdeling kan også trenge ein ny bli-kjend-tid. Sjølv om mykje er det same og
mykje er likt som i fjor, så er det alltid ein følelse av at «noko er nytt» ved oppstarten på
hausten. Borna treng bl.a. tid for å finne sin nye plass i gruppa etter at skulestartarane er borte.
PRAKTISK INFORMASJON
Opningstid. Nordbygdene barnehage er open frå kl. 7.00- 17.00.
Personalet skal kunne låse døra og gå i frå jobb kl. 17.00. For seint henting gjentatte gonger
fører til ekstra kostnad for føresette. (jmf. §13 i vedtektene for dei kommunale bhg i Ål)
Kjøp av ekstra dag. Dersom det er ledig kapasitet på enkeltdagar, er det høve til å kjøpe ekstra
dag. Pris: 250,-kr. Det er difor viktig at foreldre gjev beskjed til barnehagen dersom de veit at
barnet skal ha fri, er sjuk el. av andre grunnar ikkje kjem i barnehagen. Då har andre høve til å
nytte den ledige plassen.
Byttedag. Er det ledig plass, kan foreldre bytte ein barnehagedag mot ein annan dag utan ekstra
kostnad. Gjer avtale med pedagogisk leiar i god tid på førehand.
Endring eller oppseiing av plass. Varige endringar el. oppseiing av plassen må gjerast
elektronisk, og skjema til utfylling finn de på www.aal.kommune.no Oppseiingsfristen er normalt
1 månad. Det er ikkje høve til å seie opp plassen innanfor barnehageåret etter 1.april.
Skulestartarane kan slutte 1.august dersom plassen vart sagt opp innan 1.mai.
Feriar og fridagar. Barnehagen er stengt i romjula, påskeveka og i veke 29 og 30.
Alle born skal ha 4 veker ferie i løpet av barnehageåret. (1 veke = 5 samanhengande dagar)
Dersom desse ferievekene ikkje vert tatt ut vert det pårekna ekstra betaling. Jul og påske er å
rekne som ei ferieveke. Styrar sett opp ferieplan for borna i mai månad.
8
Planleggingsdagar. Barnehagen har 5 planleggingsdager pr. barnehageår. Då er barnehagen
stengt. Desse kan ikkje takast att som «bytte dagar».
For barnehageåret 2015/2016 er det planleggingsdag:
• Måndag 9. november (regional kursdag)
• Onsdag 2.mars
• Fredag 6.mai
• Måndag 15.august
• Tysdag 16.august
Barn og sjukdom. Sjå heftet «Kan eg gå i barnehagen i dag?» (blir delt ut til nye foreldre)
Allmenntilstanden til barnet er avgjerande, og det er viktig at barnet kan vere ute og delta på
dei aktivitetane som i utgangspunktet er planlag.
Medisineringsskjema. Foreldre/føresette må fylle ut skjema for medisinering dersom barnet
skal ha medisin i løpet av dagen. Dette gjeld alt frå hostesaft til augedropar. Ta kontakt med
tidlegvakta på avdelinga.
Det finst eigne skjema for barn med kronisk sjukdom som t.d. allergi og astma og som krev
opplæring av heile personalgruppa.
Soving i vogn. Me ynskjer at born som skal sove i barnehagen blir vane med å sove i vogn ute
dersom det ikkje er for kaldt. Dette fordi det gjer det enklare i forhold til rombruk og me blir
meir fleksible når det bl.a. gjeld turdagar.
Mat og drikke. Det er tre faste måltid i barnehagen kvar dag.
1) Frukost for dei som ynskjer det frå ca. kl. 7.30 til kl. 9.00. Her kan borna få havregryn,
knekkebrød/skorpe eller ete eigen nistemat.
2) Dugurd for alle ca. kl. 11.30. Ta med nistemat. Ein gong pr. veke lagar me felles
dugurdmat til alle. (sjå månadsplan)
3) Fruktmåltid og ekstra mat/yoghurt for dei som ynskjer det kl. 14.30. (ekstra mat og evt.
yoghurt må borna ha med sjølve)
Alle får servert mjølk og frukt i barnehagen. Foreldre betalar ekstra for mjølk, frukt og felles
dugurd ein gong pr. veke. Dette kjem i tillegg til sats for foreldrebetaling kvar månad:
Kr. 135 – 5-dagarsplass.
Kr. 108 – 4-dagarsplass.
Kr. 81 – 3-dagarsplass.
Kr. 54 – 2-dagarsplass.
Drikkeflaske. Personalet ynskjer at alle born har med seg drikkeflaske til barnehagen kvar dag.
Denne fyller me opp med vatn slik at borna kan nytte si eiga drikkeflaske når dei er tørste
gjennom dagen. Det sparar personalet for mykje oppvask.
Viktig: foreldre må ta med drikkeflaska heim kvar dag for reingjering.
9
Sekk og drikkeflaske på turdagar. På turdagar er det viktig at borna på Leikvollen har ein liten
sekk som er god å bera. Me øver oss på å bere eigen sekk med mat/drikke og litt ekstra tøy.
Me ynskjer også at borna har eigen drikkeflaske med tørstedrikk på turdagar.
Drikke til maten ordnar personalet. (mjølk, kakao evt. varm saft)
Posthylle i garderoben. Hylla øvst på garderobeplassen til borna er å rekne som ei posthylle. Her
skal det ikkje vere noko anna enn post til føresette. Viktig: sjekk posthylla kvar dag☺
Henting av andre. Gjev beskjed til personalet dersom borna skal hentast av andre enn foreldra.
Kjekt å veta, og det er ikkje alle i personalgruppa som kjenner til tanter, onklar og gode naboar☺
Bursdagsfeiring. Me feirar bursdag til alle borna i løpet av barnehageåret. (på eiga avdeling)
Dagen vert feira med flagg, bursdagssamling og noko godt til dugurd. Bursdagsbarnet får sjølv
velje kva mat som skal lagast. Me har tre alternativ med lite sukker:
(endringar av type mat kan drøftast på foreldremøtet til hausten)
- bollar
- fruktsalat
- pinne-mat (bitar av ost, pølse, grønsaker) m/salte kjeks.
Private bursdagsfestar. Dei fleste borna vil sjølvsagt arrangere private bursdagsfestar. Me
ynskjer ikkje at invitasjonar til private bursdagsfestar vert delt ut til borna her i barnehagen.
Me vil også oppfordre foreldre til å tenke heile årskull (enten gutar eller jenter) når de inviterer
til bursdagsfest heime. Dette er viktig for at alle skal verte inkludert i si gruppe.
Ekstra klede/private kremar o.l. Det er fint om barnet har med seg ekstra tøyskift i
barnehagen. Det er fort å verte våt når me leikar og har det kjekt.
Hugs: Ta med våte klede heim til vask.
Alle born bør ha inne sko el. tøflar i barnehagen. (Bl.a. kjekt når me skal ha brannøving….)
Solkrem og kuldekrem til barna må de sjølve ordne med. Det kan gjerne stå i hylla til barnet, men
hugs å merk tubane med namn.
Bleier og eigen rumpesalve må borna ha med sjølve.
Namning av klede. Det er viktig å namne klede, sko og dressar m.m. Det er fort å blande saman
klede, ta feil med seg heim eller at klede blir liggande att i barnehagen. Alle får utdelt
bestillingsskjema på greie namnlappar ved oppstart dersom de ynskjer å bestille slike. Elles kan
ein merketusj nyttast.
Klede som etter lengre tid vert liggande att i garderoben, vert vaska og sendt til Fretex.
Private leiker. Me ynskjer ikkje at borna tek med seg private leiker til barnehagen. Det er fort
at desse kan verte øydelagt og det kan også skape situasjonar borna i mellom som ikkje er
ynskjeleg. Fordi me veit at mange born ofte ynskjer å ha med private leiker, arrangerar me eigne
”ha-med-dagar” i blant. (sjå månads-info) Unngå leiker som masker, pistol, våpen o.l. som kan
verke skremmande for andre.
Kosedyr o.l. for dei yngste borna kan sjølvsagt vere med til barnehagen kvar dag.
10
Foreldremøter hausten 2015:
• Onsdag 16.september - fyrste foreldremøte/foreldrerådsmøte dette bhg.året
• Tysdag 20.oktober – møte for alle foreldre til skulestartarane i Ål kommune
SMS-meldingar. Særs viktige meldingar og påminningar til føresette vert sendt på SMS.
Desse felles-meldingane kan det ikkje svarast på.
Me ynskjer alle eit fint barnehageår, og ber om at de tek
kontakt med oss om det er noko de lurer på eller
noko de ynskjer å drøfte med oss!!
KORLEIS KOMA I KONTAKT MED OSS?
Adresse: Nordbygdene barnehage, Leveld, 3570 ÅL
Tlf: 32 08 54 70
Mobiltlf.: 99 52 77 57
41 77 03 93
41 77 00 44
(styrar)
(Leikvollen)
(Veslenose)
Email: [email protected]
Styrar:
Ped.leiar:
Ped.leiar:
Ped.leiar:
Einfrid Hagen – mob. 91769840
Svanaug Lie Brattegard – mob. 91706209
Elin Torsgard - mob. 97142586
Elin Elisabeth S.Hjelmsø – mob. 97034578
Info om Nordbygdene barnehage på:
o Heimesida til Ål kommune: www.aal.kommune.no
o It`s learning - www.itslearning.com
11