GRØN BARNEHAGE FOU-arbeid i Kjørnes barnehage 2015 presentert av : Anne Kristin Lund, ped.leiar Gunn Haugen, barnehagestyrar Små og store • Alle i barnehagen har vore med på prosjektet på ulike måtar Kjørnes barnehage • Fireavdelings barnehage med 70 plassar, to store avdelingar, to småbarnsavdelingar. • Aldersdelte avdelingar • Bygd i 2004 som studentbarnehage med to avdelingar. • No: kommunal barnehage med fire avdelingar, der den eine er utebarnehage. Utebarnehagen • Tanken om å drive utebarnehage ulma i nokre år hjå fleire av personalet. • Vi «okkuperte» og ordna ein gammal fjøs like ved barnehagen som vi brukte til ulike aktivitetar. • Fjøsen vart riven p.g.a utbygging • Men så kom spørsmålet frå rådmannen om vi kunne tenkje oss å drive ei uteavdeling Furehaugen • I 2010 vart utebarnehagen bygd. Det er ein flott trelavvo med vedfyring i tillegg til garderobebygg. • Borna i dei store avdelingane er to veker «ute» og to veker «inne». Furehaugen • På sida av lavvoen laga vi klatrevegg. Grøn barnehage • Kjørnes barnehage har hatt fokus på uteaktivitetar og friluftsliv • Tanken om å utvikle dette vidare til å bli ein «grøn barnehage», vaks fram. • Korleis skulle vi gjere det i praksis? • Vi hadde mange tankar og vyer om korleis vi ville ha det, og prøvde å få det ned på papiret. Å jobbe mot ein grøn barnehage • «Barnehagen ynskjer å gi borna gode haldningar og vanar for ressursbruk no og for framtida.» • «Alle i barnehagen, store og små, skal vere med og ta ansvar for vårt felles miljø.» • «Dei vanane borna får når dei er små, på godt og vondt, vil dei ta med seg seinare i livet.» • «Alle har ansvar for jorda vår, og for at alt som lever der, folk, dyr og planter skal ha det bra.» Borna som medskaparar • Borna skal føle at dei har ei viktig rolle på jorda, i Noreg, i Sogndal, på Kjørnes, i barnehagen og heime • Alle må bidra for at ein sjølv og andre skal ha det bra • Borna skal lære å bruke dei gode ressursane vi har i nærmiljøet rundt oss • Få ei medviten haldning til kva vi brukar og kva vi kastar • Ha ei forskande tilnærming til det vi driv med • Bruke «passe mykje» av forbruksmateriell, straum… Område som vi ville jobbe med: • Naturen som læringsarena • Naturen som leikeplass • Naturen som næringsveg og mat • Resirkulering og bossortering • Høner i barnehagen Naturen som læringsarena • Naturen gir oss nesten grenselaust høve til læring og erfaring • Vi kan fritt og gratis bruke naturen • Allemannsretten gjer at vi m.a kan plukke bær og fiske i sjøen Naturen som læringsarena • Bær er mat Naturen som læringsarena • Bær er fargestoff Naturen som læringsarena • Vi kan fiske i sjøen Naturen som læringsarena • Vi kan leike i sjøen… Naturen som læringsarena • Vi kan forske i sjøen.. Naturen som læringsarena • …og vi kan smake på sjøen… Naturen som læringsarena • Vi kan lære av dei som har levd lenge • Tradisjonar • Prosjekt Alfred Trekking av garn Spanande fangst! Bearbeiding Førebuing av måltid Sjølvfiska er godt! Naturen som leikeplass -om vinteren Naturen som leikeplass om sommaren • Ikkje leikeplass, men plass til leik. Å bruke ressursane i nærmiljøet også til å skaffe mat • EPLEPROSJEKTET • Eit tverrfagleg prosjekt der vi tenkjer tradisjonar og prosessar. • EPLE har vore ein viktig leveveg i Sogndalssamfunnet • Epleprosjektet vårt er tverrfagleg og endar med sal av syltetøy til foreldra på FN-dagen. • Pengane går til FORUT sitt prosjekt i Nepal. Tverrfagleg prosjekt • Natur, miljø, teknikk • Kropp, rørsle, helse • Nærmiljø og samfunn • Kunst, kultur, krativitet • Kommunikasjon, språk, tekst • Tal, rom og form • Etikk,religion og filosofi Epletur • Vi reiser i samla flokk med buss til eplehagen Epla må plukkast • Epla må handsamast like forsiktig som egg! No er vi klare for å reise heim • Plukkinga ga resultat Maten er ikkje laga i butikken • Vi kan gjere det sjølve! • Epla vert oppskorne og kokte til syltetøy IKT • Bruk av Paintprogram IKT • Og her er resultatet! Estetiske fag • Måling og stofftrykk Ulike teknikkar • Teikning; «Eplet mitt» Og resultatet • Flotte glas klare for sal! Besøk på Lerum Fabrikker • På fabrikken til Lerum lagar dei saft og syltetøy • Dei tømmer ut store kassar med eple • Epla skal pressast til saft Lerum Fabrikker • Spanande å sjå på produksjon av syltetøy og saft! Bossortering og resirkulering Vi har berre ein jordklode, den må vi passe godt på! Bossortering • Det vi ikkje brukar, vert avfall • Avfallet sorterer vi i ulike dunkar • Avfallet kan kome til nytte Sortering Vi prøver heimekompostering Kva skjer om vi grev noko ned i jorda? Etter eit år.. Finn vi att det vi grov ned? Noko vert til jord Og noko vert ikkje til jord… Besøk på Simas for «grøn gruppe». • Kva skjer med det vi sender i bossdunkane våre? • Plast i store mengder • Den vert brukt til m.a ny emballasje Simas I Fastingedalen lagar Simas jord av avfallet vårt, som vi kan få igjen som hagejord. FOU-søknaden, grøn barnehage • «Arbeidet med dette temaet vert mykje forsking og utprøving på borna sitt nivå, slik at dei skal forstå kva som skjer. • Vi fekk FOU-midlar, kr.40000,-! • Mesteparten av FOU-midlane skal brukast til «Forskarfrøkonferansen» i Oslo for to tilsette. • «..og til å bygge hønsehus til kjuklingane som vi ruger ut i barnehage, slik at dei kan halde fram med å bu i barnehagen til dei vert vaksne høner og hanar. Samarbeid med andre • Sogndal Vidaregåande bygde huset til oss. • Dei tykte det var eit morosamt oppdrag! Prøving! • Før hønene flytta inn… Nytt hus Er det fint nok til hønene mine? Høner i alle fargar og fasongar Hønene treivst godt i det nye huset. Hanefar er sjefen Slik er det no i den familien… Høner lever farleg, hønsehauken kom på besøk! Og her var resultatet! Ruging • I Kjørnes barnehage har vi ruga ut kjuklingar i mange, mange år • Vi forskar på utviklinga i egga, veg dei og lyser inni dei for å sjå kjuklingane si utvikling • Ungane lærer om livssyklusar, liv og død Ei forskande tilnærming Kva skjedde med dei som ikkje kom ut? Liv og død …denne greidde seg ikkje! Omsorg • Kjuklingane må ha mat, vatn og rett temperatur Dramatisering Nokon lever seg meir inn i det enn andre.. Kjuklingane gir inspirasjon til fagområda Kunst og kreativitet Inspirasjon til Dans og drama Nye naboar i barnehagen Det var utruleg interessant! Kos og klapp Hønene vert fort vane med ungane rundt seg. Mat må alle ha Kva likar hønene? Egg! I august byrja hønene å verpe Egg i mange fargar og fasongar! Har du sett noko så flott? Arbeid må gjerast …men ikkje vanskeleg å få nokon til å gjere jobben! Vasking og tørking Sortering og notering. Entreprenørskap Egg er mat Tenk at våre eigne egg kan brukast i vaflene! Og Bestemor vil gjerne kjøpe! Kva har vi lært og erfart? • Borna • Å gi omsorg • Å ta ansvar • Å ha respekt for levande dyr • Liv og død • Å skape noko med meining • Glede • Medverknad frå foreldre • Dei tilsette • Det er interessant å jobbe når ein har ein forskande tankegang • Gir ungane ein meiningsfull kvardag • Kreativitet og undring ilag med ungane • Støttande stillas, tek barneperspektivet
© Copyright 2024