Pressemelding Førde, 29. januar 2015 Enivest - ny hovudsamarbeidspartnar på spelarutvikling Enivest er ein av dei viktigaste leverandørane av breiband i Sogn og Fjordane. Enivest leverer telekommunikasjonsløysingar til private husstandar, næringsliv og offentleg sektor. Hovudsatsinga dei siste åra har vore fiberutbygging, der selskapet tilbyr internett med høg kapasitet, Get digital-TV og telefoni i ein og same kabel. Enivest er ei lokal bedrift med Sogn og Fjordane som hovudarbeidsfelt, og er fylket sin eigen tilretteleggar for framtidas digitale infrastruktur. Både mål og utfordringar samsvarar godt med det arbeidet fotballkretsen gjer. Dei siste 5 åra har selskapet bygd fiber til om lag 30 prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane Fotballkrets (SFFK) er særs oppteken av at fotballklubbane i fylket vårt kan tilby alle som ønskjer å spele fotball ein trygg og positiv arena for meistring og utvikling. Spelarutvikling er i vinden, og NFF lanserte i haust NFF utviklingsmodell 13-16 år. Planen skapar betre struktur frå NFF-via krets til klubb, og planen involverer også toppklubbane. Målet er betre resultat og fleire gode nasjonale og internasjonale spelarar frå fylket. Signering av avtale, frå venstre: Reidun Hegrenes, marknadskoordinator Enivest, Svein Olav Myklebust, dagleg leiar SFFK, Margrete Lunde, Salssjef PM/Marknadsansvarleg Enivest. SFFK ved spelarutviklar Jan Tore Jåstad har i haust/vinter jobba med å få den nye modellen på plass. Ei utfordring er å få nok ressursar til å drifte den lokale modellen på ein god måte. Enivest er difor stolte over å kunne gå inn som ny hovud- samarbeidspartnar på spelarutvikling. Resultatet er eit synleg løft for spelarutviklinga i fylket. Fotballskular, kretslag, og Team Sogn og Fjordane vil snart vere profilert opp med nytt utstyr. Etter kvart set vi lit til at ny god struktur, samarbeid med Sogndal og andre gode utviklingsmiljø vil føre fram nye gode spelarar i Sogn og Fjordane. Nandor Helgheim i Enivest understrekar at Enivest bygger på verdiane Nær, Innovativ og Sterk. Dette skal gå att i våre sponsoravtalar, og vi gler oss over ei samarbeidsavtale med Sogn og Fjordane Fotballkrets. Enkle stikkord knytt til verdisettet er mellom anna nærleik, menneskeleg behandling, kompetanse, utvikling, pådrivar, prestasjonar og gjennomføringsevne. Dette passar godt inn i SFFK sitt spelarutviklingskonsept som vil engasjere ungdom over heile fylket. Team Sogn og Fjordane samla til informasjonsmøte på Skei 27.01. Dette er kretsen si spissa utviklingsgruppe i alderen 13-16 år. Her med nye profilgensarar merka Enivest. Enivest ser fram til eit godt samarbeid, og ynskjer med dette å bidra til endå meir idrettsglede i Sogn og Fjordane. Kontaktperson i Sogn og Fjordane Fotballkrets Dagleg leiar: Svein Olav Myklebust, mobil +47 90 10 35 95 Kontaktpersonar i Enivest AS: Administrerande direktør: Nandor Helgheim, mobil +47 970 54 370 Salssjef PM/Marknadsansvarleg: Margrete Lunde, mobil +47 90 19 66 16
© Copyright 2024