Referat fra arbeidsgruppa

Sirdal kommune
Enhet for arealforvaltning
Internt notat
DERES REF:
VÅR REF:
SAKSBEHANDLER:
ARKIVKODE:
DATO:
5136/2015 - 2007/912
Sven Sandvik
K40
16.04.2015
REFERAT FRÅ MØTE I ARBEIDSGRUPPE
BESTANDSPLANOMRÅDE 14 APRIL 2015
Til:
Morten Tveit, Anita Haugen, Tommy Netland, Espen Netland og Svein Petter Ousdal
Kopi:
Vilt- og innlandsfiskenemnda, Sven Magne Ousdal.
Møtetidspunkt:
Møtestad:
Til stades:
14.4.2015, kl. 19:00-21:00
Formannskapssalen, rådhuset i Sirdal.
Morten Tveit, Espen Jensen, Anita Haugen, Tommy Netland, Espen
Netland, Svein Petter Ousdal og Sven Sandvik (referent).
Referat:
Ei arbeidsgruppe beståande av leiarane for dei fem storvalda i kommunen er oppretta for å
finne ut om det er mogleg å få til eit samarbeid om forvaltninga av elg og hjort med felles
bestandsplan for heile eller deler av kommunen.
Sven innleia møtet med ein gjennomgang av regelverk og rollefordeling:
 Valda som ønskjer å samarbeide kan søkje om å bli godkjent som eit
bestandsplanområde.
 Krav om storleik på minimum 20 x minstearealet (det vil per i dag sei 100 000 dekar
for elg og 150 000 dekar for hjort)
 Dei enkelte vald får tildelt sin kvote for heile bestandsplanperioden som frie dyr, men
må følgje den planen for avskyting som samarbeidspartane har vorte samde om i
bestandsplanen .
 Alternativet til bestandsplansamarbeid er årlige tildelingar frå kommunen (målretta
avskyting).
 Kommunen har eit tilretteleggingsansvar. Dersom det er ønskjelig kan viltforvaltar i
kommunen være sekretær for arbeidsgruppa (kalle inn til møter, skrive referat osv.).
Det var ingen protestar mot at kommunen tek eit sekretæransvar for arbeidsgruppa.
Postadresse:
Rådhuset, Tonstadveien 28
4440 Tonstad
Besøksadresse:
Rådhuset, Tonstad
Telefon:
Telefaks:
Bank kto.:
38 37 90 00
38 37 03 30
31320700038
Internett: www.sirdal.kommune.no
E-post:
[email protected]
Org.nr.: 964964165
Det vart ein del diskusjon om kva for innhald ein bestandsplan kan ha og korleis ein kan sikre
at den vert følgd opp. Ein enkel mal som har vore brukt ved utarbeiding av bestandsplanar i
Kvinesdal vart gjennomgått som eit eksempel.
Det vart stilt spørsmål ved kva ein får att for å verte med i eit bestandsplansamarbeid? Kva
for spelerom har ein reelt sett når bestandsplanen uansett må være i tråd med dei overordna
kommunale målsettingane?
Fordelar som ein kan sjå er:
 Jaktrettshavarane får sjølv bestemme korleis ein ønskjer å forvalte og utforme
bestanden innanfor det handlingsrommet ein har.
 Ein utarbeidar sjølv fleirårig avskytingsplan fordelt på vald og år. Alternativet er
direktetildelingar frå kommunen.
 Ein kan setje opp felles målsettingar som går ut over dei kommunale. Til eksempel
mål angåande ku/okseforholdet eller mål som seier noko om ønska avskytingsprofil
(maksimere kjøttutbytte eller fokusere på jaktoppleving?)
 Ein kan bli samde om virkemiddel for å oppnå felles mål. Til eksempel krav om at
andelen kalv og ungdyr i uttaket skal ligge på minst XX %, eller krav angåande uttak
av oksar.
 Ein får noko større fleksibilitet då det ikkje er like rigide reglar med omsyn til kva for
dyr ein skyt i eit gitt år, som ved målretta avskyting.
Storvaldsleiarane understreka behovet for å drøfte spørsmålet om eit eventuelt samarbeid
nærare internt i valda før ein går vidare med dette. Sekretæren foreslo at arbeidsgruppa
utarbeider eit forslag til statuttar for bestandsplanområdet, slik at ein har noko meir konkret å
ta med tilbake til drøfting i valda.
Neste møte vert tysdag 28. april, kl. 19:00 på rådhuset.
Postadresse:
Rådhuset, Tonstadveien 28
4440 Tonstad
Besøksadresse:
Rådhuset, Tonstad
Telefon:
Telefaks:
Bank kto.:
38 37 90 00
38 37 03 30
31320700038
Internett: www.sirdal.kommune.no
E-post:
[email protected]
Org.nr.: 964964165
Sirdal kommune
Enhet for arealforvaltning
Internt notat
DERES REF:
VÅR REF:
SAKSBEHANDLER:
ARKIVKODE:
DATO:
6139/2015 - 2007/912
Sven Sandvik
K40
12.06.2015
REFERAT FRÅ MØTE I ARBEIDSGRUPPE BESTANDPLANOMRÅDE
28 APRIL 2015
Til:
Morten Tveit, Anita Haugen, Tommy Netland, Espen Netland, Ivar Skregelid, Svein
Petter Ousdal og Tom Inge Liland.
Kopi:
Helleren v/Odd Inge Helleren, Neset – Nygård v/Vilhelm Bjarne Åmlid, Vilt- og
innlandsfiskenemnda, Sven Magne Ousdal, enhetsleder arealforvaltning.
Møtetidspunkt:
Møtestad:
Til stades:
28.4.2015, kl. 19:00-21:00
Formannskapssalen, rådhuset i Sirdal.
Morten Tveit, Anita Haugen, Tommy Netland, Espen Netland, Svein
Petter Ousdal, Ivar Skregelid og Sven Sandvik (referent).
Referat:
1. Espen Netland presenterte ein søknad om forlenging av gjeldande bestandsplaner.
Overgangsføresegna i ny forskrift gjeld berre for planar som allereie var godkjente
etter gamal forskrift. Ein bestandsplan kan maksimalt gjelde for 5 år. Sidan
bestandsplanane i Sirdal berre var gjeldande for 4 år er det innanfor
overgangsføresegna høve til å forlenge desse med eit år. Ei forlenging vil være ei god
løysing for både kommunen og valda. Storvaldsleiarane signerte søknaden i møtet.
2. Vi såg på ulike eksempel på vedtekter for bestandsplanområder og diskuterte oss fram
til eit forslag til vedtekter for Sirdal bestandsplanområde. Planen videre er å ta dette
forslaget opp til diskusjon i valda. Arbeidsgruppa ønskjer i halde eit ope møte med
tema bestandsplanområde til hausten. Forslaget til vedtekter følgjer nedanfor:
Postadresse:
Rådhuset, Tonstadveien 28
4440 Tonstad
Besøksadresse:
Rådhuset, Tonstad
Telefon:
Telefaks:
Bank kto.:
38 37 90 00
38 37 03 30
31320700038
Internett: www.sirdal.kommune.no
E-post:
[email protected]
Org.nr.: 964964165
Vedtekter for Sirdal bestandsplanområde
§ 1 Formål
Utarbeide felles bestandsplan for elg og hjort.
§ 2 Medlemskap
Dersom det er tilgrensende vald som ønsker å være med kan bestandsplanstyret fremme
søknad om endring av bestandsplanområdet for å innlemme disse. Årlig søknadsfrist for
endring av bestandsplanområde er 1. mai.
Ved innlemming av nye vald midt i en bestandsplanperiode fordrer dette at
bestandsplanstyret reviderer bestandsplanen og sender denne inn til ny godkjenning sammen
med søknad om endring av bestandsplanområde.
Vald kan ikke trekke seg ut fra bestandsplanområdet midt i en bestandsplanperiode.
Utmelding skjer skriftlig til styreleder senest innen utgangen av siste år i
bestandsplanperioden. Utmeldinger trer i kraft ved bestandsplanperiodens slutt.
§ 3 Administrasjon
Bestandsplanområdet ledes av et styre bestående av en representant fra hvert medlemsvald.
Styret konstituerer seg selv. Styreleder er bestandsplanområdets kontaktperson. Styret kaller
inn til allmøte ved behov.
Styret er beslutningsdyktig når minst halvparten av styremedlemmene er til stede. Ved
stemmelikhet har leder dobbeltstemme.
Styrets hovedoppgaver:
 Utarbeide forslag til bestandsplan. Forslaget sendes på høring til jaktlagene før
bestandsplanen sendes kommunen til godkjenning.
 Se til at valdene følger opp bestandsplanen.
 Avgjøre om det er behov for reaksjoner dersom det er vald som ikke følger opp
bestandsplanen.
 Fremme eventuelle søknader om endring av bestandsplanområdet.
Med hilsen
Sven Sandvik
Plan- og miljøkonsulent
Postadresse:
Rådhuset, Tonstadveien 28
4440 Tonstad
Besøksadresse:
Rådhuset, Tonstad
Telefon:
Telefaks:
Bank kto.:
38 37 90 00
38 37 03 30
31320700038
Internett: www.sirdal.kommune.no
E-post:
[email protected]
Org.nr.: 964964165