vedlegg 3 - Sirdal kommune

VEDLEGG 3
Kravspesifikasjon til tenestekonsesjon for
kjøp, etablering, drift og vedlikehald av
hurtigladarar i Sirdal på Fv42 og Fv45
1
GENERELLE KRAV
1. Ladestasjonane skal utførast i samsvar med vedlagte målsette teikningar for Tonstad
og Tjørhom. Tenesteytaren er ansvarleg for å kontrollere spesifikasjonane for feil og
manglar – og foreslå eventuelle forbetringar. Sirdal kommune skal informerast om
avvik før byggearbeida startar.
2. Tenesteytaren har ansvaret for å samordne det praktiske arbeidet mellom faga elektro,
betong og treverk der dei tekniske teikningane ikkje er detaljerte nok, spesielt med
omsyn til framføringa av trekkerøyr i betongen.
3. Ladestasjonane skal utførast i samsvar med alle relevante offentlege lover, forskrifter,
EU-direktiv, standardar, rettleiarar og retningsliner.
4. Personell som skal nyttast til drift og service av utstyret må ha dei nødvendige
autorisasjonar og formelle sertifikat.
5. Hurtigladarane, semi-hurtigladarane, kontrollskåp med innmat og kabling samt mellomtrafo 230/400 VAC skal kjøpast inn av Tenesteytaren. Tenesteytaren står som eigar av
det elektrotekniske utstyret, og har fullt ansvar for desse, samt nødvendig integrering og
kommunikasjonsløysingar mot eigne «BackOffice-løysingar» og framtidig avhending.
6. Tenesteytaren er forplikta til å oppgradere med ny teknologi når bransjestandarden
endrar seg. Vilkåra for dette er eit forhandlingspunkt.
7. Oppdragsgjevar, Sirdal kommune, vil som eit resultat av denne konkurranseprosessen,
via forhandlingane, gjeve eit kontantbidrag til Tenesteytaren for etablering og døgnkontinuerleg drift i 10 år av dei to hurtigladestasjonane.
8. Sirdal Kommune skal vere eigaren av betongplatting og overbygg/leveggar.
Tenesteytaren eig sikringsskap, hurtigladar, semi-hurtigladar og 230/400 VAC
mellomtrafo samt kabling. Det juridiske skillet mot nettselskapet Agder Energi Nett blir
spesifisert i dokumenta for nettilknytinga.
9. Ladestasjonane skal vere beskytta frå vér og vind – i samsvar med teikningane.
2.
HURTIGLADAR - UTFØRING
1. Ladarane skal tilby DC-lading etter CCS og CHAdeMO-standard. AC-semihurtigladinga skal vere på separate stolpar. Teknologien skal følgje gjeldande
internasjonale IEC-standardar.
2. Ladarane skal ha kapslingsgrad på IP54.
3. Ladarane skal være CE merka og utført i samsvar med gjeldande forskrifter.
VEDLEGG 3: Kravspesifikasjon hurtiglading Fv42/45, Side 1
4. Ladarane skal vere av eit anerkjent og velprøvd merke, av høg kvalitet, eksempelvis frå
ABB eller Efacec.
5. DC-ladar skal yte 45 kW kontinuerleg, og 50 kW max.
6. Tenesteytaren har ansvaret for kommunikasjonsløysingar mot BackOffice.
7. AC-ladarane skal dimensjonertast med 400 V, 32 A.
3.
PLASSERING/OMFANG
1. Ladestasjonane skal plasserast ved SR-bank i Tonstad sentrum og ved GP
Tjørhom sin Joker-butikk/Esso-stasjon ved Svartevatn i Øvre Sirdal.
2. Leveransen skal omfatte levering og montering av 1 komplett DC ladestasjon og 2
semi-hurtigladarar på kvar av dei to lokalitetane.
4.
KRAV TIL TENESTA
1. Ladarane skal alltid vere kopla mot vaktsentral, som er drifta av Tenesteytaren eller
ein annan sentral som Tenesteytaren har avtale med. Dersom underleverandør vert
nytta skal avtale dokumenterast. Vaktsentralen skal alltid vere bemanna med
kvalifisert vaktpersonell som evt. kan yte support til bilistane.
2. Hurtigladarane og semi-hurtigladarane skal vere i drift heile døgnet, heile året
(24/7/365).
3. Kvalifisert personell med nødvendig kompetanse skal starte feilsøking utan unødig
opphald dersom feil oppstår.
4. Responstid på å starte feilretting bør normalt vere maks 3 timar innanfor arbeidstid (8 16 måndag til fredag), elles innan 24 timar. Dette er eit forhandlingspunkt i
konkurransen.
5.
OVERVAKING OG BACKOFFICE
1. Ladarane skal vere utstyrt med ei løysing for online, kontinuerleg overvaking.
2. Overvakinga skal gje detaljert og oversiktlig informasjon om bruken av ladaren.
3. Tenesteytaren skal ha eit kundesystem som kommuniserer med NOBIL og andre
relevante og framtidige informantar på hurtigladepunkt.
4. Ladestasjonane skal ha alternative betalingsløysingar, deriblant RFID, SMS og App.
5. Ladetenesta skal prisast per minutt, og skal til ei kvar tid ha eit konkurransedyktig nivå.
6.
ELEKTROTEKNISK INSTALLASJON
1. Leveringa skal omfatte levering og montering av ein komplett hurtigladestasjon og to
semi-hurtigladarar på kvar av dei to lokalitetane.
2. Supplerande og nødvendig detaljprosjektering pliktar Tenesteytaren sin elektroentreprenør å utføre.
VEDLEGG 3: Kravspesifikasjon hurtiglading Fv42/45, Side 2
3. Innan 30 dagar etter at anlegget er ferdig bygd og prøvedrift avslutta skal «As
built»-dokumentasjon og spesifikasjonar sendast over til byggherren.
4. Alle elektroanlegg skal tilfredsstille aktuelle EU/EØS-direktiv og forskrifter.
5. Installasjonen skal vere i samsvar med NEK 400:2014, og tilhøyrande regelverk,
forskrifter, normer, revisjonar og ev. myndighetspålagte etterfylgjande endringar.
6. Det skal vere jordfeilbrytar på alle sikringar og for anlegget.
7. Grensesnittet mot områdekonsesjonær Agder Energi Nett AS er i endeavslutninga av
TFXP jordkabelen/hovudsikringen i kabelfordelarskapet om ikkje anna er spesifisert i
avtalen med AEN.
7.
INSTALASJONSREGISTER
1. Tenesteytaren skal halde og ajourføre eit installasjonsregister der blant anna historikk for
reparasjonar skal loggførast.
2. Nøyaktig plassering av installasjonane skal registrerast og kommuniserast slik at
brukarane kan finne lokalitetane. Referansesystem skal være UTM sone 32
EUREF89/WGS84 eller nyare.
3. Hurtigladestasjonane skal registrerast i NOBIL og andre relevante databasar som
kommuniserer hurtigladepunkt – og som kan vere med å informere om ladepunkta.
8.
FUNDAMENT OG INFORMASJON
1. Hurtigladarane skal plasserast på eit betongfundament som vist på teikningane i Vedl. 1
og 2.
2. Det skal vere ein opsjon å eventuelt legge varmekablar i den delen av betongplattingen
som er gangareal for kundane, ca 7 m2. Temperatursensor for autostart under
frysepunktet.
3. Det skal vere tydeleg skilting på lokaliteten med informasjon om bruk av ladarane og
betalingsløysingar. Teksten skal skrivast på nynorsk, ev. også engelsk.
4. Skilting på Fv42 og Fv45 skal Tenesteytaren ta opp i dialog med Statens Vegvesen.
5. Skilt omlag 50x50 cm m/Sirdal og Fylkeskommunen sine kommunevåpen skal vere
sentralt plassert. Teksten skal vere fylgjande: «Ladestasjonen er delfinansiert av Sirdal
kommune og Vest-Agder Fylkeskommune.»
6. Anlegget skal vere automatisk og godt belyst.
7. Parkeringsarealet rundt ladestasjonane skal vere asfaltert/re-asfaltert.
8. Kvite striper, dersom mogleg, skal målast på asfalten for å synleggjere parkeringsposisjonen, samt «elbil-logo» i senter av P-feltet.
9. Dersom det blir etablert ei digital informasjonstavle, så kan Tenesteytaren få tilgang til
denne etter særskilt avtale om drift og kostnadsdekning.
VEDLEGG 3: Kravspesifikasjon hurtiglading Fv42/45, Side 3
9.
DRIFT/VEDLIKEHALD AV HURTIGLADESTASJONANE
1. Tenesteytaren har det heile og fulle ansvaret for drift av ladestasjonane.
2. Tenesteytaren skal syte for at ladestasjonen alltid står fram som innbydande, og fri for sand,
snø og avfall. Avfallsstativ/søppelkasse kan/skal settast opp.
3. Kjøp av tenester for snømåking, strøing, vårpuss, søppeltømming kan for Tonstad avtalast
med renovasjonsselskapet og/eller kommunal teknisk drift. I øvre Sirdal kan dette
eksempelvis avtalast med GP Tjørhom eller annan underleverandør.
4. Tenesteytaren skal alltid syte for godt vedlikehald av bygningane og tilgrensande område.
 Veggar/treverk i fasaden ved SR-bank kan Tenesteytaren rekne med at vil bli
måla/beisa av kommunen, som ein del av det periodiske vedlikehaldet av
kommunehuset.
 Beising/måling av veggar/treverk i fasaden ved GP Tjørhom må Tenesteytaren
avtale med lokal leverandør, eksempelvis drivaren av ESSO-stasjonen/Joker, som
også skal nytte lagerrommet integrert i ladestasjonen. Indikativt skal dette utførast
år 5 og år 10.
5. Vidare skal Tenesteytaren syte for at hurtigladestasjonane til ei kvar tid står fram med høg
estetisk og funksjonell kvalitet – eksempelvis tiltak etter hærverk og «tagging».
Vedlikehaldet skal skje på ein slik måte, og til tider, som ikkje er til hinder for
avtalepartane, grunneigaren, SR-bank eller publikum.
10.
SKADE SOM REPRESENTERER FARE FOR PUBLIKUM ELLER
NEDETID PÅ HURTIGLADERSTASJONANE
1. Tenesteytaren skal snarast mogleg sikre området som er til fare for publikum, og alltid
innan 1 time etter at Tenesteytaren er gjort merksam på forholdet.
2. Tenesteytaren skal snarast mogleg, og normal innan 3 timar (kvardagar 8 – 16, elles
innan 24 timar) etter at Tenesteytaren er gjort merksam på forholdet, starte utbetring
av skader som gjev nedetid på ladestasjonane. Dette punktet inngår i
forhandlingane.
11.
TENESTEYTARENS RISIKO FOR SKADE
1. Det er Tenesteytaren som ber risiko og kostnadar for all skade på hurtigladestasjonane
og anna materiell som Tenesteytaren nyttar.
2. Tenesteytaren pliktar å forsikre anlegga og tekniske installasjonar, ev. dokumentere at
selskapet er sjølvassurandør.
12.
RAPPORTERING
1. Tenesteytaren pliktar på førespurnad å informere Sirdal kommune om statistikk:
a. Type lading nytta (bruksmønster AC eller DC)
b. Tal på minutt pr. lading
c. Preferert brukarbetaling for lading,
d. Dokumentasjon av oppetid.
2.
Tenesteytaren pliktar innan 1. juli kvart år å rapportere statistikken i pkt. 1 samt sende
over revisorgodkjent årsrekneskap.
VEDLEGG 3: Kravspesifikasjon hurtiglading Fv42/45, Side 4
3.
Partane pliktar til ei kvar tid å informere kvarandre om forhold som er av tydning for
gjennomføringa av kontrakten, medrekna informasjon om forretningsmessige forhold
mellom partane og andre aktørar, bransjekonsolideringar og anna som kan påverke dei
marknads- og konkurransemessige forholda.
VEDLEGG 3: Kravspesifikasjon hurtiglading Fv42/45, Side 5