SEKS I KOMMUNESTYRET, TO I FORMANNSKAPET. Det er målet

SEKS I KOMMUNESTYRET, TO I FORMANNSKAPET. Det er målet Klepp AP
har sett seg for kommunevalet 2015. Me har klart det før – og me skal klara
det igjen. Men me treng di støtte. Dette er hovudsakene våre. Les og sjå
om du ikkje synest me fortener røysta di. Godt val!
6-2
KLEPP ARBEIDERPARTI – KOMMUNEVALGET 2015
GODE KLEPPSBU!
Frihet, solidaritet, likeverd og samhold
er grunnverdier i Arbeiderpartiet.
Arbeiderpartiet sin politikk er basert på
å skape verdier, og å dele dem rettferdig,
samt å sikre trygghet, tilhørighet og like
muligheter for alle.
Dette er også holdninger vi i Klepp AP er
preget av og som vi håper du som velger
vil finne igjen i vårt program.
Vi vil ha et Klepp-samfunn som skal gi like muligheter for alle, og spesielt
blir vår oppgave å ta hensyn til de med minst ressurser og de som ikke får
gitt uttrykk for sine synspunkter.
Den viktigste og mest omfattende saken Klepp må ta stilling til i den
kommende valgperioden, vil være eventuell ny kommunestruktur.
Klepp AP mener at kommunegrensene på Jæren er unaturlige, og for
å kunne gi et godt framtidig tjenestetilbud, trengs det både større og
mer kompetente enheter.
Likevel; mye fungerer bra som det er, og vi skal selvsagt involvere og
lytte til innbyggerne i Klepp før en endelig avgjørelse vil bli tatt.
Selv om mye fungerer bra i Klepp, er det fortsatt mange utfordringer
fremover. Klepp AP vil gjerne ta ansvar for å styre og utvikle Klepp videre.
Derfor; bruk stemmeretten – og vi håper du vil gi din støtte til Klepp AP.
Sigmund Rolfsen
Ordførerkandidat
KLEPP ARBEIDERPARTI – KOMMUNEVALET 2015
KLEPP AP VIL HA TO BARNEHAGEOPPTAK I ÅRET.
Kvifor skal småbarnsforeldre verta styrt av ein dato? Veit du at det
i Klepp berre er barn fødde før 1. september som har rett til barnehageplass det påfølgjande skuleåret? Slik skal det ikkje vera! Klepp
AP vil ha to barnehageopptak i året. Det vil gje småbarnsforeldre
mindre å uroa seg for, og det vil skapa ein annan tryggleik for arbeidsgjevar – god familiepolitikk og god næringspolitikk på ein gong!
KLEPP ARBEIDERPARTI – KOMMUNEVALET 2015
KLEPP ARBEIDERPARTI – KOMMUNEVALET 2015
KLEPP AP VIL SATSA MEIR
PÅ DEI UNGE.
KLEPP AP VIL GJE LIV OG LYST
TIL ÅRA!
Det er dei unge – borna, tenåringane – som er framtida vår. Difor vil
Klepp AP investera meir i desse. Lag og organisasjonar i Klepp driv
godt, og me vil gjerne støtta endå meir opp om det arbeidet som vert
gjort i deira regi. Også Kulturskulen er eit fantastisk tilbod i Klepp,
som me vil at endå fleire skal få høve til å ha glede av.
Alderdom er, og skal vera, ei gjev tid i livet. Tida då du med godt
samvit kan kvila, leva og nyta fruktene av innsatsen din gjennom
eit heilt liv. Klepp AP vil løfta fram aktiv og framtidsretta eldreomsorg
som ei hovudsak i lokalpolitikken. Ikkje minst vil me ha heimetenester
og sjukeheimsplassar til alle som treng det – når dei treng det.
KLEPP ARBEIDERPARTI – KOMMUNEVALET 2015
KLEPP ARBEIDERPARTI – KOMMUNEVALET 2015
KLEPP AP VIL TA VARE PÅ
DEN JÆRSKE MATJORDA.
KLEPP AP SEIER JA TIL
JÆREN KOMMUNE!
Jæren har ei stolt og sterk historie som landbruksområde. Også i dag
byr me på eitt av Noreg sine sunnaste og flottaste matfat – og slik
skal det vera! Klepp AP vil setja jordvern høgt på agendaen i åra som
kjem. Me må ha to tankar i hovudet samstundes – klara å veksa utan
å øydeleggja. Og finst det noko viktigare enn å produsera mat?
Kanskje vert namnet noko anna. Det er ikkje det viktigaste. Men at
kommunane på Sør-Jæren bør gå saman om å skapa ei sterk og framtidsretta eining, er me sikre på. Me har felles kultur, felles natur, felles historie
og felles interesser. Ingen av oss har lyst til å bli spist opp av byane i nord.
Me vil verna og vidareutvikla det me har, og skapa nytt saman. Klepp AP
sitt standpunkt er klart: Me seier ja til Jæren kommune!
KLEPP ARBEIDERPARTI – KOMMUNEVALET 2015
KLEPP ARBEIDERPARTI – KOMMUNEVALET 2015
KLEPP AP VIL HA EIN
GIFTFRI KVARDAG.
Kjemikaliar i kvardagen er eit problem. Kan me gjera noko med det?
Svaret er ja. Me kan sjølvsagt ikkje løysa utfordringa åleine. Men me
kan endra vårt eige handlingsmønster, og inspirera andre til å gjera
det same. Slik kan me vera med på å styra utviklinga i riktig retning.
Mot ei reinare, sunnare jord. Når du skal røysta ved kommunevalet, skal
du vita at me i Klepp AP har miljøsaka høgt oppe. Me tenkjer globalt –
og handlar lokalt.
KLEPP ARBEIDERPARTI – KOMMUNEVALET 2015
1
3
Sigmund Rolfsen
(1954) Kleppe
Einar Erga
(1960) Tu
2
4
Kate Helen Seldal
(1948) Bore
KLEPP ARBEIDERPARTI – KOMMUNEVALET 2015
5
Ann Iren Amundsen
(1978) Engelsvoll
6
Odd Vegar Ualand
(1968) Engelsvoll
16 SPREKE KANDIDATER: Bak fra venstre står Lasse Hjelmervik, Frank Idland, Ragnar Kristiansen Høibakke,
Ann Iren Amundsen, Sigmund Rolfsen, Reidar B. Thu, Maria Eimstad, Einar Erga, Trine Eggen, Odd Vegard Ueland,
Aina Mauritzen. Foran fra venstre står Kate Helen Seldal, Dag Erik Starrfelt, Edith Karin Grude, Ragnhild Rørstad,
Kari Brunes.
Maria Tjaum Eimstad
(1970) Orstad
DISSE TRAVLE VAR IKKE TIL STEDE DA BILDET BLE TATT: Hans Willoch Brein, Nils Bakker, Bjørg Kvia, Kirsten
Gustavson Østrem, Liv Torhild Bekkeheien, Margrethe Lilleland, Sissel Jaktevig Johansen, Reidun Hjelmervik,
Berit Nielsen, Edvard August Eggen Sveum, Robert Oskar Johansen, Hallgeir Lund, Brit Johanne Vikran Hauge.
Du finn heile valprogrammet vårt
på www.klepp.arbeiderparti.no
Denne brosjyren tek for seg det dei viktigaste
sakene våre i kommunevalkampen 2015.
Saknar du det komplette valprogrammet
vårt, finn du det på heimesida vår –
klepp.arbeiderparti.no. Dersom du ikkje
er på Internett, men vil ha programmet
i papirform, er du velkommen til å ringja
Ragnhild Rørstad på 454 47 968.
Det hadde òg vore gildt om du tok
turen innom oss på Facebook –
søk på Klepp Arbeiderparti!