Voss kommune Arkivsak-dok. Saksbehandler 15/01015-1 Magnhild Gjengedal Saksgang Utval for formannskap/plan og økonomi Møtedato 16.04.2015 FAGNASTØL CAMPING OG HYTTEFELT UTLEGGING TIL OFFENTLEG ETTERSYN Administrasjonen si innstilling: I medhald av plan og bygningslova §§ 12-10 og 12-11 vedtek formannskap, plan og økonomi og legge detaljreguleringsplan for Fagnastøl camping og hyttefelt, plan-id 2011017, ut til offentleg ettersyn slik det går fram av plankart, planomtale og reguleringsføresegner datert 02.07.2014, revidert 15.01.2015, signert Anda&Hirth Ans. Vedlegg: Plankart 15.10.15.pdf Reguleringsføresegner Fagnastøl, 15.01.1.pdf Planskildring Fagnastøl, 15.01.2015.pdf ROS-analyse-15 01 15.pdf Skredvurdering Fagnastøl.pdf Faresone skredvurdering Asplan viak.jpg Utgreiing VA for Fagnastøl.pdf Innspel til oppstart.pdf 1 Samandrag av saka: Saka gjeld privat detaljreguleringsplan for Fagnastøl camping og hyttefelt, plan-id 2011017, utlegging til offentleg ettersyn. Føremålet med planarbeidet er å lage ei heilskapleg reguleringsplan for Fagnastøl Camping og hyttefelt. Planen vil omfatte seks eksisterande hytter og seks nye hytter ved campingplassen på Fagnastøl. Reguleringsplan omfattar også utviding av eksisterande campingplass og omlegging av bilvegen som går vidare til Moldalia og Nedre Jonstølsdalen. Planområdet er om lag 160 daa. Anda & Hirth fremjar planen på vegne av Geirr Fagnastøl. Fakta om saka: Anda&Hirth Ans har på vegne av tiltakshavar, og grunneigar av gnr 123 bnr 1, Geirr Fagnastøl fremja privat detaljreguleringsplan for Fagnastøl Camping og hyttefelt i Voss kommune. Planprosess • Oppstartsmøte 30.10.2012 • Oppstart vedteke i FPL 29.08.2013 • Oppstart vart varsla gjennom Hordaland, på Voss kommune sine nettsider og ved brev med kartvedlegg til offentlege instansar og naboar. • Frist for uttale var 10.05.2014. • Det kom inn fem merknader, fire frå offentlege instansar og ein frå private. Føremål med planarbeidet Føremålet er å utarbeide detaljreguleringsplan for Fagnastøl Camping og hyttefelt. Planen omfattar utviding av eksisterande campingplass og omlegging av bilveg som går vidare til Moldalia og Nedre Jonstølsdalen Reguleringsplanen vil innehalde seks nye hytter, i tillegg til dei seks som allereie er der. Campingplassen skal utvidast og det skal regulerast inn eit aktivitetsområde. Planforslaget er ikkje i tråd med overordna plan. Dei seks nye hyttene er i utgangspunktet Geirr Fagnastøl sin del av planen for Nedre Jonstølsdalen, plan-id 00017, i tillegg til at han stilte grunn til ny bilveg. Jf. signert avtale datert 18.07.2010. Hyttene er trekt ut av planen og flytta til området ved Fagnastøl Camping. Planområdet Før planområdet vart planta til med gran på 1950-60-talet vart området nytta til beitemark. Campingplassen vart etablert i 1986. På 1980-talet vart det også etablert lysløype. Dei eksisterande hyttene i området er frå 1960-talet. Planområdet ligg om lag 2,5 km frå Urdland, og om lag 500 moh. Terrenget heller for det meste mot sørvest. Det er gode soltilhøve og god utsikt. Området ligg lågt i terrenget og er, stort sett, berre synleg frå Kvitno. Mot aust og mot sør er det mykje, relativt stor, gran. Mot vest er terrenget relativt ope mot Fagnastølelvi. Mot nord ligg lysløypetraséen. Terrenget her er myrlendt og kollete. Gjennom området går det ein buføreveg som har vore i bruk frå 1905. Det er lagt omsynssone på vegen, som går langs den nye vegen mot Moldalii. Etter oppstart er planområdet utvida til om lag det doble. Dette er gjort etter at Asplan viak utarbeidde skredvurdering for området. 2 Fig. 1: Planområdet fotografert frå Kvitno. Utvidinga av planområdet etter skredvurdering er synt med raud strek. (Foto: Magnhild Gjengedal) Fig. 2: Revidert plankart etter skredvurdering. Konklusjonen i rapporten er at granskogen i området mot søraust fungerer som sikring mot eventuelle skred i søraustre del av planområdet. Etter dialog med geolog er det difor lagt faresone på det aktuelle området. Sidan ei slik faresone ikkje kan leggjast utanfor plangrensa, er planområdet utvida tilsvarande. Føremålet LNF vert ikkje endra. 3 Om grunneigar i framtida fjernar skogen, utløyser det ny vurdering av krav til anna skredsikring for området. Dette er også nedfelt i reguleringsføresegnene, Faresoner, Ras og skredfare. Tilgrensande planer Detaljreguleringsplanen for Nedre Jonstølsdalen grensar til Fagnastøl camping og hyttefelt med felles tilkomstveg. Det har vore dialog mellom planleggarane for å sikre at midtlinje veg møtast. Føremålet med planarbeidet Nedre Jonstølsdalen hyttefelt er å leggja til rette for 10 nye fritidsbustader som er tilrettelagt med veg, vatn og avlaup. Planen har vore til offentleg ettersyn. Fig.3: Tilgrensande detaljreguleringsplanen for Nedre Jonstølsdalen oppe til høgre på kartet. Innhald i planen Arealbruk Planområdet er ca 160 daa. Det skal nyttast til campingplass, seks nye fritidsbustader i tillegg til dei seks som er i området i dag. Området inneheld også ulike vegføremål, teknisk infrastruktur og fritidsføremål. 4 ROS-analyse og radon Utarbeiding av ROS-analyse synte at det er potensiell skredfare når det gjeld is- og snø. Det gjeld mindre delar aust i det opprinnelege planområdet. Etter konklusjon i skredvurdering er planområdet utvida mot søraust. Konklusjonen er at granskogen i området sikrar området mot skred, og at han ikkje må fjernast. Det er lagt inn faresone ras og skred i det aktuelle området. Føremålet vert ikkje endra. Om skogen vert fjerna må det utførast ny skredvurdering for området. Det vert montert radonsperre i alle nye hytter. Estetikk, nær- og fjernverknad Det skal stillast krav til arkitektur, fargeval og terrengtilpassing av bygningar og vegar. Eksisterande vegetasjon skal i størst mogleg grad bevarast, men uttynning for å betre utsikt og lystilhøve kan gjerast. Vegskråningar skal revegeterast og murar skal vere i naturstein. Området rundt skal framleis nyttast som beiteområde. Planen får ikkje konsekvensar for vilt i området. Tilkomst, parkering, teknisk infrastruktur og renovasjon og energi Eksisterande veg til Moldalii går gjennom planområdet. Ny veg skal byggast aust for campingplassen og møter att vegen til Moldalii, og plangrensa til detaljreguleringsplan Nedre Jonsstølsdalen hyttefelt, plan-id 00017, i nordaustre hjørne av planen. Midtlinje veg er koordinert med plankonsulent for Nedre Jonsstølsdalen hyttefelt. Det er lagt inn sikringssoner, frisikt, i alle kryss der stikkvegar kjem inn på den nye tilkkomstvegen. Det er planlagt to nye parkeringsplassar, PP2 og PP3, i tillegg eksisterande PP1. I tillegg til pålagt tal parkeringsplassar er det planlagt med 20 plassar for turfolk og besøkande. Vassforsyning skal skje frå borehol nær tomtene. Det skal byggjast to nye VAanlegg. Eitt for fem hytter og eit for tre hytter. Dei fire andre hyttene har eigne løysingar. Eksisterande miljøstasjon skal utvidast for å ha kapasitet både for utviding av campingplassen og dei nye hyttene. Voss Energi AS leverer straum til området. Og det vert lagt til rette for utviding av elforsyninga. Leik og opphald, barn og unge sine interesser Tilhøvet til barn og unge sine interesser er teke godt i vare. Det er ideelt tur- og leikeområde, fiskeelv og det er ein ballplass i tilknyting til den eksisterande campingplassen. Universell utforming Planområdet er småkupert, men området der dei nye hyttene skal plasserast er det relativt flatt. Her vil det ligge til rette for stor grad av universell utforming når det gjeld bilvegar, gangstiar og tilkomst til hyttene. Kulturminne 5 Utanom buførevegen som går gjennom planområdet er det ikkje registert andre kjende kulturminne. Det er lagt omsynssone, vern av kulturmiljø, langs buførevegen. Landskapet er prega av noko skogplanting med ein del myrlendte parti. Det er ein del beiting av storfe og småfe i området. Administrasjonen si vurdering: Til oppstart kom det inn fem merknader, fire frå offentlege instansar og ein frå private. Dei ligg i si heilheit som vedlegg til saka. Under står eit samandrag og plankonsulenten, og eventuelt administrasjonen, sine kommentarar. Fylkesmannen i Hordaland, brev av 23.04.14. Merknader: Planområdet ligg innanfor grensene for det verna Vossavassdraget. Minner om at konsekvensane reguleringsplanen har for endra arealbruk skal vurderast i høve til naturmangfaldet. Må koma fram i planarbeidet, jf. Naturmangfaldlova §§7-12. ROS-analysen må nytta akseptkriteria som er i tråd med byggteknisk forskrift (TEK 10). Analysen må sjå på risiko både innanfor og utanfor planområdet som kan påvirka tiltaket, og evt. endra risiko som fylgje av tiltaket. Plankonsulent: Planen skal utarbeidast og dokumenterast og det vil då vera mogeleg å ta stilling til om planen er i strid med nasjonale eller vesentlege regionale interesser. Administrasjon: Etter ROS-analysen er det utarbeidd skredvurdering for området. Planområdet er auka til det doble og det er lagt inn faresone ras og skred. Voss Energi AS, brev av 25.04.14. Merknader: Det er for lite kapasitet på nettstasjonen ved Kvitno bru. Det må leggjast høgspentkabel i veg gjennom Fagnastøl camping og hyttefelt og ny nettstasjon må plasserast i området. Plankonsulent: Det har vore møte med Voss Energi AS, ved Egil Selvåg. Dei har kome fram til at det ikkje er naturleg å plassera ein nettstasjon innanfor det regulerte området. Sjå e-post av 4.juni 2014. Vedlegg nr 1 Det kan verta aktuelt å leggja høgspentkabel i vegen forbi Fagnastøl camping. Statens Vegvesen, brev av 08.05.14. Merknader: Det vert minna om at fylkesveg 307 har dårleg standard og området rundt fv 307 er lite eigna til utviklingsområde og utbyggingsområde. Plankonsulent: 6 Avkøyringa på Urdland frå fv 307 er eit kryss med god sikttilhøve og med relativt lite trafikk. Med den relativt avgrensa trafikkauken det vert med denne reguleringsplanen ser me ikkje at dette vil ha noko stor innverknad på trafikktilhøva på Urdland. Hordaland Fylkeskommune, breva av 14.05.14. Merknader: Det vert bede om å ta omsyn til ein del punkt i planarbeidet. Vidare vert det presisert at det ikkje er kjend informasjon om automatiske freda kulturminne i området. Plankonsulent: Dei nemnde punkta samsvarar i stor grad med viktige tema som er lista opp i referatet frå oppstartsmøtet av 30.10.12. og vert såleis teke opp i utgreiinga. Kari K. Knoph og Øystein Klokkerud, brev av 07.05.14. Merknader: Ein av dei eksisterande hytteigarane har kome med ein del innspel/ kommentarar til planarbeidet. Oppsummert er dette: tilkomst om vinteren, vasskvalitet, utviding av campingplassen, visuelt inntrykk, terrenginngrep, estetisk utforming i planarbeidet, endringa av tomteareal. Plankonsulent: Det har vore møte på plassen og ein har gått igjennom desse punkta med tiltakshavar slik at ein meiner at desse punkta er avklart med hytteeigaren. Konklusjon Planområdet er i dag prega av den eksisterande campingplassen, eksisterande hytter med tilhøyrande vegar og parkering. Ei fortetting og utviding av campingplassen vil ikkje endre inntrykket særleg. Største endringa vil vere at vegen til Moldalii blir flytta mot søraust og vil gå om lag midt i planområdet. Dette vil føre til betra trafikktryggleik. Det vert også lagt til rette for meir parkering både for besøkande og turfolk. For ei eventuell framtidig utviding av campingplassen frå ca 30 til 60 plassar må det leggast fram illustrasjons-/situasjonsplan av området ved søknad om byggeløyve. Det må takast særleg omsyn til estetikk, nær- og fjernverknad. Buførevegen som går gjennom planområdet vert sikra med ei særskild omsynssone vern av kulturmiljø. Planområdet er dobla i høve til avgrensing ved oppstart. Dette er på grunn av konklusjon av skredvurdering av området. Granskogen i hellinga mot søraust er viktig som sikring mot is- og snøskred. Av den grunn er det lagt faresone ras og skred på eit tilleggsområde som er like stort som det opprinnelege planområdet. Arealet i planen er i dag ca 160 daa. Føremålet for området som er lagt til skal framleis vere LNFR. Vert granskogen fjerna må det utarbeidast ny skredvurdering. Administrasjonen rår til at FPL vedtek å legge detaljreguleringsplanen ut til offentleg ettersyn. 7
© Copyright 2024