PlanID 04_53_2014 DP Otrosåsen hyttefel t PLANOMTALE Høyringsutkast RevisjonB 30.10.2015 PlankontoretHallvardHommeA/S 4747Valle Tlf: 37937000 [email protected] Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 Innhald 1 BAKGRUNN 1.1 LOKALISERING 2 OVERORDNA PLANVERK 2.1 2.2 2.3 KOMMUNEDELPLAN HOVDEN UTBYGGINGSPLAN OTROSÅSEN REGULERINGSPLANEN HOVDEN DEL II 3 PLANOMRÅDET I DAG 3.1 3.2 3.3 3.4 LANDSKAPSBILETE NATURMANGFALD GRØNSTRUKTUR EKSISTERANDE BYGG OG ANLEGG 4 KONSEPT 4.1 4.2 HOVUDGREP INFRASTRUKTUR 4.2.1 INTERNE VEGER 4.2.2 NY VEG OVER OTRA 4.2.3 GANGSAMBAND 4.2.4 RENOVASJON 4.2.5 STRAUM, VATN OG AVLAUP 4.3 GRØNSTRUKTUR 4.3.1 SKILØYPER OG TURSTIAR 4.3.2 NÆRREKREASJONSOMRÅDE 4.4 TOMTESTRUKTUR 4.5 SMÅBÅTHAMN 5.1 3 3 4 4 4 5 6 6 6 7 7 9 9 9 9 9 10 10 10 10 10 11 11 12 5 PROSESS 13 INNSPEL TIL PLANARBEID FYLKESMANNEN I AUST AGDER AUST AGDER FYLKESKOMMUNE NORGES VASSDRAGS- OG ENERGIDIREKTORAT (NVE) STATENS VEGVESEN AGDER ENERGI NETT AS (AE NETT) SETESDAL MILJØ OG GJENVINNING AS (SMG) 13 13 13 13 14 14 14 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS AS Sætersdalen 1 Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 ADVOKATFIRMA HJORT, PÅ VEGNE AV OTROSÅSEN HYTTEGREND VELFORENING ARILD REBER, NEDRE OTROSVEGEN 18 5.2 SAMARBEID MED PLANADMINISTRASJONEN I BYKLE KOMMUNE 5.3 SAMARBEID MED HYTTEVELFOREININGA 6.1 6.2 6.3 6.4 6.5 6.6 14 14 15 15 6 VURDERINGAR 16 KONSEKVENSAR FOR BARN, UNGE OG RØRSLEHEMMA KONSEKVENSAR FOR NATURMANGFALDET KONSEKVENSAR FOR GRØNSTRUKTUREN KONSEKVENSAR FOR EKSISTERANDE BYGG OG ANLEGG VASSDRAG RISIKO OG SÅRBARHEIT 6.6.1 SAMANDRAG 6.6.2 METODE OG FØRESETNADER 6.6.3 OVERORDNA RISIKOVURDERING 6.6.4 ENDELEG RISIKOVURDERING 6.6.5 NÆRARE VURDERING AV TRONGEN FOR TILTAK 6.6.6 KJELDER 16 16 16 16 18 18 18 18 20 23 23 24 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS AS Sætersdalen 2 Detaljreguleringsplanfor Otrosåsenhyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplanfor BFK4 1 Bakgrunn Etter oppdragfrå grunneigarASSætersdalener det satt i gongdetaljreguleringsarbeidpå ein del av gnr/bnr 2/2 på Otrosåsen,sørvestfor sentrum på Hovden. Det er eit eksisterande,eldre hyttefelt i området. Føremåletmed planarbeideter å fortette det eksisterandefeltet med nye hyttetomter og tilhøyrande infrastruktur. Plankontoret Hallvard Homme AS er leigd inn til planfaglegbistandfor å få gjennomførtplanprosess en i samsvarmed PBL. Oppstartav planarbeidvart meldt allereiei 2009.Dette arbeidet vart stoppaav tiltakshavar,då privatrettslege tilhøve i området gjorde utfallet av planarbeidet usikkert. I tillegg var den planjuridiskesituasjonennoko uavklart. Dette vart endra med vedtak om både ny arealdeltil kommuneplanenog ny kommunedelplanfor Hovdensentrum, der planområdet er ein del av. Byklekommunekravdeomstart av planarbeidet. 1.1 Lokalisering Planområdet omfattar teigane FB6 og C18i KDPHovdensentrum. I vest grensar området mot gnr/bnr 7/125, 8/14 og 8/88. I nord møter planområdet Breivevegenog gnr/bnr 2/952. Austre og søndre grense ligg i høvesvis Otra og Hartevatn. Over:: Planområdetpå Hovden. T.v.:Avgrensingav planområdetved oppstart av planarbeid. 2312 Plankontoret HallvardHommeAS ASSætersdalen 3 Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 2 Overordna planverk 2.1 Kommunedelplan Hovden Kommunedelplan for Hovden vart vedteken 27.02.2014. Planområdet omfattar teigane FB6 og C18. Området er sett av til Eksisterande fritidsbusetnad. Ein liten del av planområdet er sett av til framtidig fritidsbusetnad. Det er elles LNFR i området. Eksisterande løypenett er teikna inn med streksymbol utan særskilt arealkategori. Ny køyreveg over Otra berører nordre del av planområdet, og er teikna inn som framtidig hovudveg. Ny vegtrasé mellom FB6 og C18 er teikna inn med streksymbol for framtidig tilkomstveg. Gjeldande reguleringsplan for Otrosåsen gjeld framleis føre KDP. Eit fareområde for snoskred er lagt inn i søndre delen av planområdet. Mot Otra er det lagt inn eit bandleggingsområde i høve til kulturminne. 4 Føresegnene stiller ingen særskilde krav til reguleringsplanarbeidet for teigane FB6 og C18. Dimed er utnyttingsgraden og bygningshøgder opp til reguleringsplanen å fastsetje. KDP Hovden gjeld framføre kommuneplanens arealdel, då KDP er vedteke sist. Dimed er føringane i KP areadel irrelevante, som tidlegare vedkom planområdet. 2.2 Utbyggingsplan Otrosåsen Over: Utdrag av KDP Hovden. Under: UBP Otrosåsen Gjeldande utbyggingsplan for Otrosåsen vart vedteke 19.02.2002. Denne planen vil verte avløyst med vedtak av føreliggjande planframlegg. Planen syner delar av planområdet i føreliggjande framlegg, dvs. at nytt planframlegg tek meir areal enn gjeldande plan. Det meste av gjeldande plan er regulert til spesialområde friluftsliv. Mange av pyttane og tjønnane er regulert med eige føremål. Eksisterande veginfrastruktur er regulert til spesialområde privat veg. Eksisterande hytter er regulert til fritidsbusetnad med føremålsgrense tett opp til hytteveggen. Føremålsteigane er dimed langt mindre enn den tinglyste retten til 1 daa festetomt. Tomtane synast ikkje i plankartet. 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS AS Sætersdalen Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 Føresegnene til planen heimlar inntil 145 m² BYA, inkludert carport men utan frittliggjande parkeringsplass. Det er berre lov med eitt bygg per tomt. For utviding av eksisterande hytter er det lov å overskride føremålsgrensa med inntil 4 m. Vegg skal målast i mørke rød-, brun eller grønfarger. Tak skal tekkast i mørk papp, tre eler torv. Valma tak eller kvister er ikkje lov. Fundamentet skal skjulast med eigna materiale. Parabolantenner er tillete, dersom de plasserast på hytteveggen og målast i veggens farge. Spesielle tre inntil hyttene skal bevarast. 2.3 Reguleringsplanen Hovden del II Teigen C18 og nokre andre område, som ikkje inngår i utbyggingsplanen for Otrosåsen, er regulert i reguleringsplanen for Hovden del 2, vedteke 10.09.1997. Denne planen inneheld også teig C15 (som vart erstatta av UBP Otrosåsen). C18 vart flateregulert, med krav om utbyggingsplan. Plankartet syner ein vegtilkomst til C18 frå eksisterande vegen i Otrosåsen, rett nord for hytte 2/2/40 (Øvre Otrosvegen 40), med avstand frå hytta på ca. 15 m. 5 Føresegnene krev utbyggingsplan. Tomteutnyttinga TU skal ikkje overstige 10%. Det skal vere minst 20 m avstand til vegar eller løyper til ålmenn ferdsle. Hyttene skal oppførast i 1 høgd og med maksimalt 100 m² grunnflate. Uthus kan tillatast inntil 8 m². Det skal vere høg sanitær standard i hyttene. 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS AS Sætersdalen Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 3 Planområdet i dag 3.1 Landskapsbilete Planområdet ligg som eit spreidd utbygd hyttefelt med delvis store ubygde areal innimellom. Det er synlege spor etter menneskeleg påverknad over store delar av området, berre nokre område mot Otra, mot Hartevatn og eksponerte lier opp til Otrosåsen i vest gjev inntrykket av å vere nokolunde urørte. Hyttene underordnar seg landskapet, men er synlege. Vegar ligg temmeleg synlege i terrenget, trass i smal breidde og relativt god terrengtilpassing. Også løypene er godt synlege, dei er ofte opne korridorar gjennom skogsdekt mark. Store delar av planområdet er flatlendte og dekt av myr og pyttar. Pyttane har varierande vasstand gjennom året. Myrane er ofte bare for trevegetasjon. Dette gjev eit inntrykk av opne landskap med vide veggar, som ikkje er særleg godt definerte. Det er gjerne trevegetasjonen i tilstøytande fastmark, som er veggen i landskapet. Mot vest er det det stigande terrenget, som danna rein tydeleg vegg. Det er elles ingen godt definerte strukturar i området, landskapet verker noko «rotete». Dei store, flate, ofte vassdekte areala gjer at området dominerast av golvflatar. Fråveret av tydelege terrengstrukturar gjer at trevegetasjonen har ein viktig rolle i landskapsbiletet. Det er for det meste furutre, som dominerer vegetasjonen. 3.2 Naturmangfald Det er ikkje registrert truga eller sårbare artar innanfor planområdet. Det er fleire registreringer gjennom tidene, som er gjennomført av universitetet i Bergen. Artene her er LC. Dette viser at det er god kunnskap om artsmangfaldet i planområdet. Det er registrert fiskemåke (NT), strandsnipe (NT), tårnseiler (NT) og bergand (VU) i nærleiken av planområdet (Otra, Hartevatn). Naturmangfoldlovens §8 er vurdert ut frå informasjon henta frå Naturbase, Artsdatabankens artskart og andre tilgjengelege baser. Planen vurderast ut ifrå desse registreringane å ha oppfylt krava i Naturmangfoldlovens §8. Ut i frå gjeldande registreringar i dei offentlege basane ser det ikkje ut til at det kan påvisast effektar av tiltaket på truga, nær truga eller verdifull natur, jfr. §8. Planleggar legg derfor til grunn for at det ikkje er naudsynt å foreta vurderingar etter miljøprinsippa i Naturmangfoldlovens §§ 9 – 12. 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS AS Sætersdalen 6 Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 3.3 Grønstruktur Grønstrukturen kan delast inn i aktive og passive område. Dei aktive områda er først og fremst løyper og stigar, men også naturterreng med høve til ferdsle og opphald (nærrekreasjon). Dei passive områda er først og fremst pyttane i området, samt nokre uframkomelege myrareal. Løypenettet er godt tilrettelagt i heile planområdet. Langs Otra og Hartevatn går ei av dei sentrale løypene på Hovden, som har ein høg grad av tilrettelegging. Om sommaren er løypa ein brei, grusa tursti. Det er ei gangbru, som leiar over Otra og inn mot den austre løypestrengen. Ein har med andre ord fleire tilknyttingspunkt mot sentrumsfasilitetane via denne løypa/stien. Om lag i vestre plangrense ligg ein annan løypestreng, som nord i planområdet veks i hop med den austre strengen. Også denne løypa er godt tilrettelagt. Den går nokså tett inntil eksisterande bustad- og hytteområde, før den forgreinar seg i høgareliggjande og brattare løyper opp mot Otrosåsen. Lenger vestover endar denne løypa i skistadion på Hovden. Nærleiken til det godt tilrettelagde løypenettet gjer at Otrosåsen hyttefel t ligg sentralt i den rekreative infrastrukturen på Hovden. 7 Andre aktive grøntområde ligg stort sett i tett samband med løypetraséane. Mykje av dei andre områda er ikkje farbart. Men de er nokre lier mellom Øvre Otrosvegen og Otrosvegen, som er slake nok til ferdsle. Her står trea nokså tette, broten av myrflater som er rimeleg tørre om sommaren. Også platået i C18 er rimeleg greitt framkomeleg. I austre del av planområdet ligg tørre område gjerne omkransa av vassjuke, slik at ferdsle utanom løyper og vegar vert vanskeleg. Det er sparsamt med stiar gjennom området, men enkelte løyper blir tråkka om vinteren. Dei passive grøntområda har ein viktig estetisk funksjon. Det er desse som gjev inntrykket av opent landskap, med dominans av naturen over den menneskelege påverknaden. Desse områda er stort sett knytt til dei flate, vassjuke og delvis vassdekte areala midt og aust i planområdet. 3.4 Eksisterande bygg og anlegg Det er 106 eksisterande tomteheimlar i planområdet og 104 eksisterande hytter. Hyttene står med punktfeste, det er ingen tomtegrenser per i dag. Hyttene er bygd etter ein disposisjonsplan frå 1974, som reknast for å vere ferdig utbygd. Byggetidsromet strekkjer seg over noko tid, nokre hytter vart også utbetre, tilbygd og oppgradert. Storleiken varierer frå litt over 60 m² til rundt 140 m². Dei er gjennomgåande låge, med ein mønehøgde på maksimalt rundt 4,5 m. Takpapp og shingel dominerer, men det er enkelte hytter med tretak også. Hyttene står stort sett på punktfundament med relativt små inngrep i naturterrenget. Alle bygningsfunksjonar er samla under eitt tak, som gjerne kan vere kraftig oppdelt. Dei fleste hyttene ligg nære opp til ein kjøreveg. Nokre hytter har biloppstilling rett ved hytta, medan andre parkerer i små lommer inntil vegkanten. Ei hytte har ca. 70 m luftlinje til køyreveg, 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS AS Sætersdalen Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 med sti opp til hytta. Kjørevegen er delvis asfaltert, resten er gruslagt. Breidda ligg på kring 3 m, delvis breiare. Det er berre små grøfter på sidene, dermed er det lettare å halde terrenginngrepa på sidene små. Inngrepa er lite revegetert, dette er spesielt synleg gjennom tørre monerygger, som ligg med synleg sandoverflate mange år etter inngrep. 8 Dei fleste hyttene er kopla til straumnettet. Det er luftspenn frå trafoane i mastane til høgspentlinjene. Hytteeigarane har etablert eige vassforsyning og avlaup, som begge er kopla til kommunens hovudnett. VA nettet er i dårleg stand, delvis pga. alder på røyr og dels pga. dårlege røyr/grunnarbeid. Bykle kommune ynskjer å få sanert både vatn og avlaup, då det er stort svinn av drikkevatn gjennom lekkasjar og omfattande forureining av lekke avlaupsleidningar. Renovasjonsordninga er etablert ved avkøyringa frå Breivevegen. Her er det ein større parkerings og snuplass også. 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS AS Sætersdalen Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 4 Konsept 4.1 Hovudgrep Grunneigar ynskjer å oppretthalde dagens preg av hyttefeltet, så langt dette let seg gjere. Romslege tomter, mykje naturleg preg og relativt enkle hytter er målet med konseptet. Tomtestorleiken tilpassar seg difor det som eksisterande tomter har avtalefesta (kring eit mål). Det vil likevel ikkje vere mogleg å kopiere 70 talets måte å utforme hyttefeltet på. Marknaden i dag har større krav til storleik, høgder, komfort, tilgjenge og utforming. Kostnadsnivået ved tilrettelegging av infrastruktur gjer det i tillegg naudsynt å dimensjonere for eit større kvantum nye etableringar for at det skal vere økonomisk lønsamt å gjennomføre prosjektet. Mykje av infrastrukturen må sanerast (VA, straum) og oppgraderast (køyrevegar). 4.2 Infrastruktur 4.2.1 Interne veger Det interne vegnettet oppretthaldast med dagens breidder. Det leggjast opp til at fleire av dei eksisterande og alle nye tomter parkerer på tomtane, dimed vil noverande parkeringslommer frigjerast til ventelommer. Dei eksisterande vegane og tilkomstane regulerast med nemning Sk1. Det etablerast nokre nye vegar i forlenging av eksisterande vegar. Det lengste vegen vil take av ved Øvre Otrosvegen 38 og gå inn i tidlegare teig C18 om lag i tidlegare regulert trasé. Det leggjast opp til planfri kryssing av eksisterande skiløype, som då føreslåast noko omlagd for å fange opp nye terrengtilhøve. Vegen vil forgreine seg oppå det nordre platået på Otrosåsen. Ein gjer framlegg om å gjeve eit nytt namn til denne vegstubben: Røyrtjønnvegen. Det nye vegsystemet får nemninga Sk2. Lengst sør i Øvre Otrosvegen ynskjast ein ny vegstubb regulert. Denne vil gjeve køyretilkomst til hytta Ø. Otrosvegen 60 og seks nye tomter. Den nye vegen får nemninga Sk4. Ved Otrosvegen 22 føreslåast ein kort vegstubb opp til 2 nye tomter. Nord for Otrosvegen 10 er det teikna ein vegstubb til i alt 5 nye tomter. Vegane nemnast høvesvis Sk5 og Sk6. Aust for Nedre Otrosvegen 7 føreslåast eksisterande parkeringsplass fjerna til fordel for ein kort vegstubb til den nye vegen over Otra (sjå nedanfor). Denne vegen vil verte ein alternativ tilkomst til hyttefeltet frå Hovden sentrum. 4.2.2 Ny veg over Otra Bykle kommune held på med ein områdeplan for Hovden sentrum, som skal erstatte gjeldande RP Hovden del II. Denne planen tek bl.a. opp ny køyretilkomst over Otra, i tråd med streksymbol i KDP Hovden. Planarbeidet har ikkje kome langt nok til at føreliggjande planarbeidet kan syne til gjennomførte utgreiingar eller planteikningar, men det føreligg ei førebels skisse for vegtraséen. Nord for planområdet, på teig 2/952, er det varsla oppstart av reguleringsarbeid. Tiltakshavar har eit aktivt tilhøve til kommunens planlagde nye hovudveg, men ynskjer traséen lagt noko meir sør enn KDP Hovden syner og kommunen har som utgangspunkt i sitt arbeid med OP Hovden sentrum. Grunneigar på 2/2 (føreliggjande planframlegg) har ikkje noko aktivt syn på 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS AS Sætersdalen 9 Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 vegtraséen. Det er med andre ord planarbeidet for Hovdegrend (2/952) og Hovden sentrum, som vil leggje premissane for korleis denne vegen vert regulert over 2/2. Plankartet syner den siste varianten av vegen gjennom planområdet, per juli 2015. Det er mogleg at denne traséen endrast fram til godkjenning av DP Otrosåsen hyttefelt, dette vil skje på bakgrunn av avgjerder i samband med planarbeidet for Hovdegrend og/eller Hovden sentrum. Vegen får nemninga o_Sk3. 4.2.3 Gangsamband Eksisterande GS-veg langs Breivevegen regulerast som bygget, o_Sgs1. Det gjerast framlegg om ein ny GS-veg frå Breivevegen og langs med tilkomsten til hyttefeltet, fram til krysset Otrosvegen/Øvre Otrosvegen. GS-vegen nemnast Sgs2. I tråd med føringane i OP Hovden sentrum regulerast ein ny GS-veg på nordsida av ny køyreveg over Otra, o_Sgs3. Ein liten gangveg frå løypenettet og ned til ei småbåthamn merkast med Sg. Denne stien vil ha same utsjånad som stiane i løypene, men vil ikkje tråkkast om vinteren. 4.2.4 Renovasjon Ein har ingen konkrete ynskje om å endre på dagens renovasjonsløysing. Med ny tilkomst frå o_Sgs3 vil mykje av trafikken styrast over til denne vegen. Det kan difor melde seg trong for å opprette ei renovasjonsløysing også her. Dimed lokaliserast ein teig til dette rett vest for avkøyringa, den nemnast Bren. 4.2.5 Straum, vatn og avlaup Det er på det reine at det eksisterande vass- og avlaupssystemet må sanerast. Tiltakshavar ynskjer å etablere eit nytt system gradvis, som skal forsyne nye hyttetomter. Eksisterande tomter vil kunne koplast til dette anlegget. Også straumforsyninga vil det etablerast eit nytt anlegg for, slik at ein på sikt vil kunne fjerne luftlinjene gjennom området. Til noverande tidspunkt finst ingen konkrete planar om korleis dette arbeidet skal gjennomførast. Det stillast krav til utarbeiding av ein samla teknisk plan, som vil syne detaljane for VA og straumforsyning. Også breiband vil inngå i denne planen. Føre denne tekniske planen ligg føre, er det ikkje høve å påbyrje den vidare utviklinga. 4.3 Grønstruktur 4.3.1 Skiløyper og turstiar Eksisterande løyper regulerast stort sett som bygget og leggjast inn i teigen Asl1. Også nye greiner inn i byggjeområdet leggjast inn under den same teigen. Desse nye greinene er viktige for å knyte hyttefeltet optimalt til løypenettet, samstundes som dei vil vere krevjande å opparbeide. Eksisterande hovudløyper vil verte brotne av ny veg o_Sk3. Denne vegen er som nemnd over ingen aktivum i føreliggjande plan. Kommunen ynskjer at løypenettet skal førast under brua rett ved ny Otrakryssing og elles ligg som det gjer no. Dette er uproblematisk for den austre greina 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS AS Sætersdalen 10 Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 av løypenettet, som berre treng lett omlegging for å kunne førast planskilt under den nye vegen. Det er verre med den vestre greina, som enten må krysse ny køyretilkomst inn i hyttefeltet eller krysse o_sk3 direkte. Det er denne varianten ein har vald å regulere for, då dette gjev færrast ulemper for brukarane i løypa. Omlegging av løypa synast ved at dei omlagde parsellane nemnast Asl2. 4.3.2 Nærrekreasjonsområde Grøntområdet delast inn i 4 kategoriar: Skiløyper/turstiar er bygde anlegg. Desse er omtalt ovanfor og nemnast Asl. Inntil skiløypene leggjast eit minst 10 m breitt belte med LNF-friluftsområde, LNFR-f. Denne sona skal kunne bearbeidast i både vegetasjon og terreng for å gjeve optimale tilhøve for turoppleving, løypekøyring, etc. Det meste av grøne område utanom løypestrengane regulerast til LNF område med særleg omsyn til landskapet, LNFR-slo. Her skal omfanget av tilrettelegging vere avgrensa til lett skjøtsel, i tillegg til moglege grøftetraséar i samhøve med teknisk plan. Store furutre er verna. Områda kring bandlagte kulturminne er det forbode å gjennomføre terrenginngrep i. Berre lett vegetasjonsskjøtsel. Areala regulerast som LNF-område for vern av kulturminne/kulturmiljø og nemnast LNFR-vkm. Denne inndelinga av grøntområda vil sikre høve til både rekreasjon, landskaps- og kulturmiljøvern. 4.4 Tomtestruktur Dei eksisterande hyttene har ingen tomtegrenser, men avtalar på 1 daa tomt. Planframlegget har difor strukturert tomter for dei eksisterande 104 hyttene, samstundes som ein har fortetta med 113 nye tomter der dette var tilrådeleg. Tomtegrenser er plassert kring eksisterande hytter med omsyn til avstanden til eksisterande bygg (min. 4 m), gode uteopphaldsområde (særleg i sør og vest) og avgrensing på jamn høgde (grenser parallelt med høgdekotene). Eksisterande tilkomstar og parkeringsplassar har ein forsøkt å inkludere i tomtearealet, så langt dette let seg gjere innanfor ramma på 1 mål. T.h.: Døme på gode grenser for eks. tomter, som greier å ivareteke alle omsyn. Det er diverre ikkje mogleg å ta alle omsyn i alle tilfelle. Hytter med lang avstand frå veg aust for hytta har då gjerne fått mykje tomteareal aust for hytta. Hytter med høg innbyrdes tettleik vil ha grenser parallelt med bygningsfasadar i staden for høgdekotene. Nokre tomter er også langt større enn 1 daa, eit fåtall tomter klarer ikkje heilt å nå opp til 1 daa. 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS AS Sætersdalen 11 Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 Nye tomter er lokalisert på stader, som vil kunne opparbeidast utan omfattande transformasjon av landskapet. Myrane er unngått, men ein del tomter går inn i myrdraga. Her vil det vere noko fastmark, som vil kunne utvidast med forsiktig masseutskifting i randen av myra. Ein har unngått å lokalisere tomter på toppen av bratte skrentar, då dette vil redusere landskapsverdiar. Ein har også forsøkt å forsterke eksisterande klynger. Storleiken på nye tomter er noko meir varierande og stort sett tilpassa tilhøva i landskapet, men orienterar seg etter 1 daa målet. Dimed vil eksisterande og nye hytter ligge i ein konstant tettleik. Ein har nummerert nye hyttetomter innanfor den noverande adresseringa i feltet. I og med at eksisterande hytter er nummerert fortlaupande utan avbrot, har dette no medført delvis tore klynger med «a,b,c» osv. suffiks bak tala. Nummerering vil soleis kunne oppfattast som rotete og det kan vere vanskeleg å finne fram. Ideelt sett bør nummerering i feltet reviderast, slik at eksisterande og nye hytter sjåast på under eitt. Det kan også vere ein fordel å innføre fleire gatenamn. Nye tomter er plassert med god avstand frå Otra og Hartevatn. Ein har stort sett halde seg med meir enn 100 m frå desse vassselementa, men har i nokre tilfelle gått noko nærare. I desse tilfella er det like inntil eksisterande busetnad med lik avstand til vatn. Løypesystemet ligg gjennomgåande i beltet mellom busetnaden og vatnet, slik at utøving av friluftslivet ikkje forstyrrast. 4.5 Småbåthamn Ein regulerer for ein liten småbåthamn ved Hartevatn. Plasseringa er nokolunde skjerma mellom to oddar. Ein legg opp til ei landfast bryggje med høve til fortøying av flytebryggjer. Evt. høve til små bodar inntil bryggja og innandørs lagring av småbåtar. Ingen båtutsett. Utbygginga krev tiltak i Hartevatn. Vedtaket i planutvalet den 12. oktober 2015 krev vurdering av ei alternativ plassering. Ein legg difor inn to ulike teigar med småbåtanlegg på land, samt småbåthamn i vatn. Det synast også to alternative tilkomstar til småbåtanlegga. Føresegnene seier at berre eitt av desse anlegga kan realiserast. Intensjonen er å sjå på innkomne merknader i høyringsfasen, slik at planutvalet kan vedta fjerning av det mest kontroversielle alternative anlegget. Dimed vil det endelege plankartet berre syne det anlegget, som etter høyringsrunden syner seg til å vere minst kontroversielt. 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS AS Sætersdalen 12 Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 5 Prosess 5.1 Innspel til planarbeid Varsel om oppstart av planarbeid for Otrosåsen blei sendt ut den 30. januar 2015, med svarfrist 14. mars 2015. I etterkant av varselmeldinga blei det registrert 8 innspel til planarbeid. I tillegg kom eitt skriftleg spørsmål til planarbeidet. Nedanfor er innspela oppsummert og kommentert. Fylkesmannen i Aust Agder Fylkesmannen er generelt positiv til fortetting av hyttefeltet, jfr. innspel til arbeidet med KDP Hovden 3. juni 2013. Det forventast likevel at prinsippa i rettleiaren «Planlegging av fritidsbusetnad» leggjast til grunn for arbeidet. Strandsona langs sjø og vassdrag skal takast vare på, ein skal ikkje gå tettare mot vatn enn eksisterande hytter. Skiløyper skal ikkje sjenerast av nye hytter og skal elles takast vare på. Merknader: Ein held minst same avstand til vassdraget med nye hytter som dei eksisterande hyttene gjer. Skiløyper regulerast med buffersoner, som skal ivaretake omsynet til rekreasjon. Kring felt C18 vil det vere naudsynt å leggje om løypa pga. køyretilkomst til nytt felt. Det nye feltet vil liggje tett mot løypa, men dei tettaste hyttene vil liggje høgare enn løypa. Aust Agder fylkeskommune Det må utførast ein miljørevisjon med ny arkeologisk registrering før AAFK kan gje endelig uttale til planen. AAFK syner elles til standard rettleiarar. Merknader: Arkeologisk førehandsundersøking er tinga og gjennomførast sommaren 2015. Rapporten ventast ikkje før litt ut på hausten. Omfanget av kulturminner er stort sett kjend, sjå registreringar i Askeladden. Ein ventar lite konflikt mellom kulturminne og planlagde tiltak. Plankartet vert supplert med relevante omsynssoner (bandleggings- og føresegnområde) så snart rapporten og innmålingane føreligg. Kulturminner i konflikt med tiltak kjem ein til å søkje dispensasjon frå kulturminne lova for. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) Elvar, bekkar og innsjøar merkast av på plankartet. Byggjegrense på inntil 100 m setjast av mot vassdrag og grunngjevast. Ny busetnad skal vere sikker for 200 års flaum og 1000 års skred. Vurdering av desse tema skal gå fram av planomtalen. Merknadar: Elvar, innsjøar, vatn og pyttar er regulert med eige føremål i planen, med unntak av små pytt ein veljar å innlemme i tomteareal og vegar. Det er få bekkar i området, desse ligg i grøne føremål. Byggjegrensa orienterast etter eksisterande busetnad. ROS-analyse omtalar flaum og skred. Det 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS AS Sætersdalen 13 Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 er byggeavstand på minst 50 m frå vassdrag og minst 4 m høgdeskilnad. Rasfaren er vurdert i samband med KDP Hovden. Det er ingen byggjeområde innanfor fareområdet. Statens Vegvesen Ingen merknader. Agder Energi Nett AS (AE Nett) Eksisterande straumnett på 22kV og 230 V er i luftspenn og må utvidast på tiltakshavar sin rekning for å møte auka etterspurnad pga. fortetting. Stolpar og leidningar kan vere i vegen for utbygging. Merknader: Tiltakshavar ynskjer å leggje alle straumleidningar i jordkabel på sikt. Dette vil bli tema i ein eigen teknisk plan, som vil lagast i etterkant av regulering. AE Nett vil vere ein naturleg samtalepartner i utarbeidingsprosessen. Nye tomter er regulert utan omsyn til eks. straumlinjer, då desse altså planleggjast bort. Setesdal miljø og gjenvinning AS (SMG) Ved fortetting må renovasjonsbua ved Breivevegen utvidast. Det må vere tilgjenge til auka kapasitet før fortetting tek til. Merknader: På grunn av ny tilkomst til området er det sett av eit nytt renovasjonsområde. Eksisterande renovasjonsområde er ikkje inkludert i planframlegget. Planleggjar har lagt inn rekkjefølgjekrav om auka renovasjonskapasitet før tiltak kan setjast verk. Advokatfirma Hjort, på vegne av Otrosåsen Hyttegrend Velforening Dom i lagmannsretten frå 1998 stadfestar at det ikkje er høve til fortetting i planområdet. Dermed vil gjennomføring av ein ev. vedteke ny regulering ikkje kunne setjast i verk føre ein har inngått nye avtalar (ev. ekspropriasjon) med alle 106 heimelshavarar i området. Velforeininga er generell motstandar av fortetting. Merknader: Tiltakshavar har vore i dialog med hyttevelforeining, både i møte og synfaring. Planleggjar meiner å ha oppnådd ei viss semje om fortettingsplanane, men denne semja må oppnåast med alle 106 partar. Planleggjar meiner at ny regulering vil tilføre eksisterande hytteeigarar store gevinstar ved at det opnast for høvet til eigartomt, VA-anlegget vil kunne sanerast til ein lågare pris for eksisterande hytter og ved at også eksisterande hytter vil kunne ut- og ombyggjast i tråd med nye, romslegare føresegner. Arild Reber, Nedre Otrosvegen 18 Hytteeigar er motstandar av fortetting. 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS AS Sætersdalen 14 Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 Merknader: Sjå merknad ovanfor. 5.2 Samarbeid med planadministrasjonen i Bykle kommune Ein har involvert Bykle kommune i arbeidsmøte om planarbeidet og ved at kommunen har vore representert i møte med hyttevelforeininga. Kommunen har gjeve klare føringar for kva som dei meiner vil vere fornuftig fortetting og ynskjer vidare samarbeid med tiltakshavar. Ikkje minst for å få oppgradert dagens VA-anlegg, som kommunen opplever som problematisk. Dersom det ikkje gjennomførast oppgradering i regi av grunneigar, kan det vere aktuelt for kommunen å krevje dette av hyttevelforeininga. 5.3 Samarbeid med hyttevelforeininga Det er halde to møte med Otrosåsen Hyttegrend Velforening i Kristiansand. I tillegg har det vore dialog på mail og telefon. Møta vart halde 28. april og 19. juni 2015. Representantar frå hyttevelforeininga har vore på synfaring i planområdet med grunneigar og planleggjar den 5. juni 2015. Under synfaringa har hyttevelforeininga kommentert kvar einskild tomt i eit utkast til plan, samt vegtraséen opp til C18. Føreliggjande planframlegg er omarbeidd med omsyn til kommentarane frå denne synfaringa. 5.4 Førstegongs handsaming i kommunen Etter oversending av planforslaget den 16. juli 2015 har Bykle kommune sendt tilbakemelding på nokre punkt dei ynskja endra. Tiltakshavar ynskja at nokre av kommunens endringskrav skulle heimlast i eit politisk vedtak, men har teke til fylgje ei rekke andre endringsynskje. Desse endringane blei innarbeidd i revisjon A av planforslaget. Det var denne versjonen av planen, som blei lagt fram for planutvalet den 12. oktober 2015. Planutvalet fylgde rådmannens innstilling om endring av dei punkta, som tiltakshavar ikkje utan vidare akseptera å endre på. Revisjon B av planforslaget syner planendringa. 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS AS Sætersdalen 15 Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 6 Vurderingar 6.1 Konsekvensar for barn, unge og rørslehemma Området er i dag nytta til omfattande turaktivitet på tilrettelagde løyper, både sommar som vinter i tillegg til privat leik i nærleiken av private hytter og noko nærrekreasjon. Løypenettet er av lettvint karakter, med nærleik til fleire hyttefelt ikring. Dimed har området høgt potensiale for barn, unge og rørslehemma (til ein viss grad). Planen har eit aktivt høve til løypene. Desse vert ikkje forringa og opprettheld dimed sin høge bruksverdi for ålmenta. Noko fleire synlege hytter vurderast ikkje som sjenerande i dette terrenget. Barn og unge som brukarar av hytteområdet vil først og fremst kunne bruke private tomteareal til leik og utandørs opphald. Utover dette finnast det samanhengjande grøntareal gjennom heile planområdet, med noko varierande bruksverdi. Løypenettet kan nyttast som lokal rundløype. Det leggjast opp til fleire, gode tilkomstar til løypene. Dette er eit hytteområde, noe som gjer at det er lite tilrettelagt for rørslehemma. Planframlegget har ingen ambisjonar om å overgå krava i PBL om universell utforming i bygg eller utandørs anlegg. Brukarar med moderat rørslehemming vil likevel ha nytte av den høvesvis høge tilretteleggingsgraden. Konsekvensane for barn, unge og rørslehemma vurderast som nøytrale. 6.2 Konsekvensar for naturmangfaldet Ein kvar utbygging vil medføre endringar i naturen. Areal brukt til vegar, parkering, bygg og terrassar vil ha låg verdi som økosystem. Spørsmålet ein må stille seg er om utbygginga vil medføre reduksjon av sjeldne verdiar. Det er ingen indikasjonar på raudlisteartar i planområdet (sjå kap. 3.2), dimed vil konsekvensane for naturmangfaldet ikkje vere graverande. Konsekvensane for naturmangfaldet vurderast som svakt negative. 6.3 Konsekvensar for grønstrukturen Dei aktive delane av grønstrukturen haldast delvis heilt ved like (løypenettet og tilstøytande område), dels byggjast dei ned (fastmark med potensiell bruksverdi). Dimed vil rekreasjonsbruken kanaliserast sterkare inn på løypenettet. Den passive grønstrukturen reduserast berre litt, dei sentrale trekka oppretthaldast heilt. Konsekvensane for grønstrukturen vurderast som svakt negative. 6.4 Konsekvensar for eksisterande bygg og anlegg Dei eksisterande 104 hyttene vil få 115 nye hytter (derav 2 på eksisterande, ikkje realiserte tomteheimlar) inn i feltet. Dette er om lag ei dobling av hyttetalet, men i eit planområde på 816 daa. Innanfor løyperingen, som all fortetting gjennomførast i, er det ca. 540 daa. Dimed aukar tettleiken frå 1 hytte per 5,2 daa areal til 1 hytte per 2,45 daa. Til samanlikning er det 1 hytte per ca. 1,95 daa areal på Remestøylflotti og 1 hytte per ca. 1,94 daa areal på Djupetjønn (inkl. Snarvegen, Vestvegen). I Hovden Fjellpark er det 1 hytte per ca. 0,84 daa areal. Dette syner at 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS AS Sætersdalen 16 Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 Otrosåsen etter fortetting framleis vil vere eit temmeleg spreidd hyttefelt, sett i høve til andre felt på Hovden. I luftlinje er det ca. 1,5 km frå torget i sentrum til både hytta lengst sørvest i Otrosåsen og hytta lengst nord i Fjellparken, det er 2 km mellom torget og hytta lengst nordaust på Remestøylflotti. Spesielt i og med at Otrosåsen ligg omkransa av ljosløypa, er det ingen argument for at tettleiken i dette feltet skulle vere lågare enn i tilsvarande felt på Hovden. Ein har likevel tatt omsyn til det spesielle landskap i Otrosåsen hyttefelt, som er prega av myr, vasspyttar og fastmark med furutre. Det er dette landskapet, som gjev luft mellom hyttebusetnaden og som framleis skal gjere det. Dagen busetnad har utfordringar i høve til teknisk standard av VA-systemet. Ein må pårekne komplett utskifting av røyra og legging på ny og betre måte. Dette vil vere ein høg kostnad med dagens prisnivå, særleg av di avstandane er store og talet abonnentar er lågt per km grøft. Kostnaden for oppgradering vil måtte berast av dei eksisterande abonnentane. Alternativet kan vere nedgradering i sanitær standard for dei 104 hyttene, når vass- og avlaupsforsyning mistar sin kommunale godkjenning. Dei 113 nye hyttene i regi av grunneigar vil krevje eit nytt VA-nett. Det vil vere naturleg for grunneigar å invitere eksisterande hytteeigarar om å kople seg på dette anlegget også. Prisen for dette vil vere ein forhandlingssak, men med eit langt høgare tal potensielle abonnentar på om lag same omfang av tiltaket er det klart at produksjonskostnaden vil vere langt lågare enn om dei eksisterande hyttene aleine skulle sanere sitt noverande system. Alle hytter vil få heimel til å få eige bruksnummer i og med tomtegrensene i plankartet. Det må inngåast ei privatrettsleg avtale med grunneigar før kartforretning kan gjennomførast. Med eigarskap i eigen tomt vil hytteeigarar vere meir fleksible i høve til tiltak på eigen tomt, innanfor rammene reguleringsplanen gjev. Vel sal av hytte med eigartomt kan ein normalt sett vente ein høgare salspris. Eksisterande vegar er smale. Dei vil halde fram med å vere det, då dette gjev minimale landskapsinngrep. Ventelommer langs vegen vil gjere trafikkavviklinga uproblematisk, men det er uansett nok breidde på vegen for at 2 normale personbilar kan passere kvarandre – om enn i svært låg fart. Vegnettet er stort sett grusa, delvis asfaltert. Det er høve til å halde fram med asfaltering. Det er mogleg at grusvegar med trafikkauke pga. nye tomter asfalterast på grunneigars rekning, for på den måten å bøte på auka støvsjenanse. Mange tomter har til no ikkje høve til parkering inntil hytta. Planen legg opp til at alle tomter kan få etablert p-plass på eige tomt. I nokre tilfelle vil etablering av ny tomt føresetje fjerning av eksisterande p-plass inntil vegen. Her må grunneigar inngå avtale med eigar av p-plassen om vilkåra for å take i bruk noverande p-plass. Etablering av ny p-plass inntil hytta på tiltakshavars rekning vil kunne vere ein logisk kompensasjon. Straumnettet har ingen kjende manglar i dag, bortsett frå nokre trafoar plassert i straummastene. Men det er dimensjonert for noverande busetnad og må oppgraderast kraftig for å tole fortettinga ein regulerer for. AE Nett AS har varsla at grunneigar vil måtte bekoste dette. Ein ser for seg eit nytt straumnett, samordna med ny VA og breibandsforsyning. Det er teknisk plan, som vil leggje føringane på lokalisering og framdrift i ombygginga. 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS AS Sætersdalen 17 Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 Det eksisterande løypenettet som anlegg vil ikkje oppleve endringar anna enn omlegging pga. planskilt kryssing av både Sk2 og o_Sk3. Kurvaturen vil her ikkje forverre løypeprofilen i sin heilskap. Løypekøyring under bru og kulvert (o_Sk3) gjev litt større driftsutfordringer, men eksisterande kulvert lenger nord syner at dette kan klarast. Konsekvensar for eksisterande hytter vurderast som svakt positive, då fordelar er større enn ulempene. Konsekvensane for det eksisterande løypenettet vurderast som nøytrale. Konsekvensar for andre anlegg i området vurderast som positive pga. naudsynt oppgradering. 6.5 Vassdrag Tomt Nedre Otrosvegen 25 ligg 85 m frå vasskanten, men det er rekna frå inste bukt i Hartevatn. Løypene ligg mellom tomta og vatnet. Elles er det nokre tomter, som kjem nære på mindre pyttar i planområdet. Dels vert pyttar innlemma i tomtene. Dette er først og fremst ei teknisk utfordring i høve til vassavrenning, tapet for friluftslivet er neglisjerbart. Dei største pyttane byggjast det ikkje nærare inntil enn det som er tilfellet med dagens busetnad. Konsekvensane for dei store vassdraga (Otra & Hartevatn) vurderast som nøytrale. Konsekvensane for tjern og pytt vurderast svakt negative. 6.6 Risiko og sårbarheit 6.6.1 Samandrag Planområdet og planlagde tiltak er omtalt i vedlagte planomtale. Det er Plankontoret HH AS, avd. Vinje som har utarbeida risiko og sårbarheitsanalyse. Analysa har avdekt følgande forhold/hendingar, kor 5 er kategorisert gule og 4 er kategorisert i grøne og dermed ikkje trenger særskilte tiltak i plankart eller føresegner. Grøn kategori: Brann og annan utrykking Redusert tilgjenge pga. vêr og føre Ulykke i av- og påkjørsle Ulykke med gåande og syklande Gul kategori: Skred frå fjell. Handtert i plankart og føresegner. Snøskred. Handtert i plankart og føresegner. Radongass. Handtert gjennom teknisk forskrift. Støy og støv frå trafikk. Ubetydeleg konsekvens. Asfaltering av interne vegar bør vurderast mot støvsjenanse. 6.6.2 Metode og føresetnader Analysen er gjennomført med egen sjekkliste basert på rundskriv frå DSB. Analysen er basert på føreliggjande planforslag. I risikovurderingane er det tatt utgangspunkt i relevante 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS AS Sætersdalen 18 Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 kravdokument. Informasjon om kor data og informasjon er henta frå er oppført for kvar risikovurdering. Moglege uynskte hendingar er sortert etter tema. Vidare er hendingane sortert i to hovudgrupper; dei som kan påverke planområdets funksjon, utforming med meir, og hendingar som direkte kan påverke omgjevnadane (høvesvis konsekvensar for og konsekvensar av planen). Tilhøve som er med i sjekklista, men ikkje er til stades i planområdet eller i planen, er kvittert ut i kolonnen ”Aktuelt?” og berre unntaksvis kommentert. Det oppgjevast likevel kva kjelde ein har brukt for å kome fram til konklusjonen. Vurdering av sannsyn for uynskte hending er delt i: Svært sannsynleg (4) Sannsynleg (3) Mindre sannsynleg (2) Lite sannsynleg (1) 19 kan skje regelmessig; forholdet er kontinuerlig tilstade kan skje av og til; periodisk hending (årleg) kan skje, ikkje usannsynleg; ca. kvart 10 år en teoretisk sjanse for hendinga; sjeldnare enn kvart 50 år Kriteria for å vurdere konsekvensar av uynskte hendingar er delt i: Personskade Miljøskade Skade på eigedom, forsyning med meir 1. Ubetydeleg Ingen skade Ingen skade Uvesentleg 2. Mindre alvorleg Få/små skader Ikkje varig skade Skade dersom reservesystem ikkje finst 3. Alvorleg Behandlingskrevjande skader Behandlingskrevjande skade System settast ut av drift over lengre tid; alvorleg skade på eigedom 4. Kritisk Personskade som medfører død eller varig mén; mange skadd System settast varig ut av drift; uoppretteleg skade på eigedom 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS Langvarig miljøskade AS Sætersdalen Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 Berekna risiko som funksjon av sannsyn og konsekvensar er gitt i følgande tabell: Konsekvens: 2. Mindre alvorleg 1. Ubetydeleg 3. Alvorleg 4. Kritisk Sannsyn: 4. Svært sannsynleg 3. Sannsynleg 20 2. Mindre sannsynleg 1. Lite sannsynleg - Hendingar i røde felt: Tiltak naudsynt - Hendingar i gule felt: Tiltak vurderast i høve til nytte - Hendingar i grøne felt: Rimelege tiltak gjennomførast Tiltak som reduserer sannsyn vurderast fyrst. Om dette ikkje gjer effekt eller er mogleg, vurderast tiltak som avgrensar konsekvensane. 6.6.3 Overordna risikovurdering Tenkelege hendingar, risikovurdering og moglege tiltak er samanfatta i fylgjande tabell. Hending/situasjon Aktuelt Sanns. Kons. Risiko Kommentar/tiltak Kjelde Natur- og miljøtilhøve Ras/skred/grunnforhold. Er området utsett for, eller kan planen/tiltaket medføre risiko for: 1. Reell farevurdering gjennomførd Ingen fare i byggjeområde. Ja 2. Skred frå fjell (steinsprang, stein- og fjellskred) Jordskred Nei NVE atlas 3. Flaumskred Nei NVE atlas 4. Kvikkleireskred Nei NVE atlas 1 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS 4 NVE atlas, KDP Hovden AS Sætersdalen Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 5. Snøskred (laussnø-, flakog sørpeskred) 6. Elveflaum Nei 7. Radongass Nei Ja 1 4 Reell farevurdering gjennomførd Ingen fare i byggjeområde Byggjeområde meir enn 50 frå elv/vatn 2 3 Høg aktsomheitsgrad radon. Krav til radonsperre for nybygg, men ikkje eksisterande NVE atlas, KDP Hovden NVE atlas Arealis Vær, vindeksponering. Er området utsett for: 8. Vind (lokalklimatisk) Nei eKlima 9. Nedbør (lokalklimatisk) Nei eKlima 10. Springflo Nei Ikkje kyst 11. Havnivåstigning Nei Ikkje kyst Natur- og kulturområder. Medfører planen/tiltaket fare for skade på: 12. Viktige naturtypar og sårbare artar Nei Naturbase, registrering 13. Verneområder Nei Naturbase 14. Vassdragsområder Nei Naturbase 15. Fornminner (AAFK) Ja 16. Kulturminne/-miljø Nei 4 1 6 fornminne ynskjast fjerna Rapport Rapport Menneskeskapte tilhøve Strategiske områder og funksjoner. Kan planen/tiltaket få konsekvensar for: 17. Veg, bru, knutepunkt Nei 18. Havn, kaianlegg Nei 19. Sjukehus/-heim, kyrkje Nei 20. Brann/politi/sivilforsvar Ja 21. Kraftforsyning Nei 22. Vassforsyning Nei 23. Forsvarsområde Nei 24. Tilfluktsrom Nei Ingen punkt med kapasitetsproblem 1 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS 3 Generelt auka krav til beredskap AS Sætersdalen 21 Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 25. Område for idrett/leik Nei Auka bruk, ingen neg. kon. 26. Rekreasjonsområde Nei Auka privatisering Forurensningskjelder. Berøres planområdet av: 27. Akutt forureining Nei 28. Permanent forureining Nei 29. Støv og støy; industri Nei 30. Støv og støy; trafikk Nei 31. Støy; andre kjelder Nei 32. Forureina grunn Nei 33. Forureining i sjø/vassdrag 34. Høgspentlinje (stråling) Nei 35. Risikofylt industri mm kjemikaliar/eksplosivar 36. Avfallsbehandling Nei 37. Oljekatastrofeområde Nei 22 22 kV linjer leggjast i bakken Nei Nei Forureiningskjelder. Medfører planen/tiltaket: 38. Fare for akutt forureining Nei 39. Støy og støv frå trafikk Ja 40. Støy og støv frå andre kjelder 41. Forureining til sjø/vassdrag 42. Risikofylt industri mm kjemikaliar/eksplosivar Nei 4 1 Auka intern trafikkmengde medfører sjenanse, men ikkje fare Nei Nei Transport. Er det risiko for: 43. Ulykke med farleg gods Nei 44. Vær/føre avgrensar tilgjengelegheit til området Ja 1 1 Ved stenging av RV 9, hovudvegar 45. Ulykke i av-/påkøyrsler Ja 1 3 Trygge kryss/avkøyrsle 46. Ulykke med gåande/syklande Ja 1 3 Gode sikttilhøve, låg fart Trafikktryggleik 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS AS Sætersdalen Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 47. Andre ulykkespunkt Nei Andre forhold 48. Er tiltaket i seg sjølv eit sabotasje-/terrormål 49. Er det potensiell sabotasje-/terrormål i nærleiken? 50. Naturlege terrengformasjonar som utgjør spesiell fare (stup etc) 51. Gruver, opne sjakter, steintipper etc. Nei Nei Nei 23 Nei Spesielle forhold ved utbygging/gjennomføring 52. Trafikkulykke ved anleggsgjennomføring 53. Ulykke ved sprenging 6.6.4 Nei Nei Endeleg risikovurdering Konsekvens: 1. Ubetydeleg 2. Mindre alvorleg 3. Alvorleg 4. Svært alvorleg Sannsyn: 4. Svært sannsynleg 3. Sannsynleg 1, 5, 39 20 7 2. Mindre sannsynleg 1. Lite sannsynleg 44 45, 46 Hendingar som er vurdert til å vere sannsynlege til svært sannsynlege og ha alvorlege til svært alvorlege konsekvensar krev tiltak. Desse er kommentert nedanfor.. 6.6.5 Nærare vurdering av trongen for tiltak Hending 1, 5 Skred frå fjell og sno-skred: Det er synt fareområde i plankartet. Føresegner forbyr bygningstiltak og tiltak, som stimulerer for opphald. I tillegg krevjast stenging av løypa samt skilting ved akutt skredfare. Ansvaret for dette vil liggje hos løypelaget. Tiltak i planområdet må sjåast som ledd i ein samla tiltaksplan for alle løyper, som løypelaget preparerer. 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS AS Sætersdalen Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 Hending 7, radon: Nye byggjetiltak krev radonsperre i samsvar med teknisk forskrift. Dimed vil sannsynet for skade reduserast. Eksisterande hytter er stort sett bygd på pilarar. Dimed vil radongass ikkje trengje inn i bygg. Dersom eksisterande hytter ombyggjast, må desse byggjast etter ny teknisk forskrift og dimed utstyrast med radonsperre. Dette bør det gjerast særskild merksam på i førehandskonferansen ved byggesakshandsaming. Hending 15, fornminne: Høyringsutkastet føreset at det gjevast dispensasjon frå kulturminneloven for 6 automatisk freda kulturminne. Desse vil dimed forsvinne. Kulturminna er relatert til jarnproduksjon og er svært vanlege på Hovden, dei er godt dokumenterte. Ein vurderer miljøskaden for liten. Andre automatisk freda kulturminne ligg i område med «passiv» regulering og vil soleis ikkje vere i fare for øydelegging. Hending 20, brann/politi/sivilforsvaret: Det er ca. 150 brannar med involvering av brannvesenet i Norge årleg. Det er rundt 413.000 fritidshytter i landet. Dimed ei av 2750 hytter oppleve branntilløp årleg. I hyttefeltet Otrosåsen vil det dimed statistisk sett vere 1 hyttebrann per ca. 12 år. Politiutrykking vil vere lite sannsynleg. I hyttefeltet med høg andel eldre vil det derimot vere sannsynleg med utrykking av ambulanse, heimesjukepleie m.m. Ekstremvêr kan også medføre utrykking av sivilforsvaret. Samla sett setjast sannsynet difor til «sannsynleg», først og fremst for å gjere relevante institusjonar merksame på at auka hyttebygging betyr auka krav til beredskap. Hending 39, støy og støv frå intern trafikk: Støy er uproblematisk pga. låg fart. Støv kan vere sjenerande på barmark, men medfører ikkje skade. Asfaltering bør vurderast. 6.6.6 Kjelder Kulturminner: https://askeladden.ra.no/; Artsdatabanken: http://artsdatabanken.no/ Risiko og sårbearheit: http://www.dsb.no/ Naturbase: http://www.miljødirektoratet.no/no/Tjenester-og-verktoy/Database/Naturbase/ Norges geologiske undersøkelse: http://www.ngu.no/no/hm/Kart-og-data/ NVE: http://www.nve.no/ NVE Atlas: http://atlas.nve.no/SilverlightViewer/?Viewer=NVEAtlas Statens strålevern: http://www.nrpa.no/ SSB: http://www.ssb.no/a/aarbok/tab/tab-395.html Hytteavisen: http://www.hytteavisen.no/hyttekos-gir-moerk-brann-statistikk.4749403.html 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS AS Sætersdalen 24 Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt Høyringsutkast Detaljreguleringsplan for BFK4 Vinje, den 09. juli 2015 For Plankontoret Hallvard Homme AS Alexander Stettin Landskapsarkitekt M.N.L.A. Revisjon A, etter administrativ gjennomgang, 02.10.2015 Revisjon B, etter førstegongs handsaming, 30.10.2015 2312 Plankontoret Hallvard Homme AS AS Sætersdalen 25
© Copyright 2024