Fjerne forandring på leppe eller i munn

ØNH Ålesund sjukehus
Pasientinformasjon
Til deg som skal til kirurgisk inngrep på
leppe eller i munn
Velkomen til Øyre- Nase- Hals dagkirurgi
Telefon:
ØNH-pol: 70 10 52 70 (man-fre 0800-1530)
ØNH-ekspedisjon: 70 10 58 32 (man-fre 0800-1000 og 1300-1500)
Ålesund sjukehus sentralbord: 70 10 50 00
NØDNUMMER: 113
Helse Møre og Romsdal HF – Postboks 1600 – 6026 Ålesund
www.helse-mr.no
www.helse-mr.no
Før operasjonen
Du har fått time til kirurgisk inngrep på leppe eller i munn. Operasjonsdagen
skal du møte i ØNH-poliklinikk til avtalt tid og melde deg i luke 3. Ver merksam
på at det er betalingsautomat på parkeringa ved sjukehuset.
Du bør vere frisk, ikkje ha oppkast eller feber. Ta kontakt om du er i tvil.
Dersom du er forhindra frå å møte til tildelt time må du gi beskjed snarast råd
på telefon 70105832. Ikkje avbestilt time blir fakturert.
Hygiene: For å minske risikoen for infeksjonar må du dusje og vaske håret
kvelden før operasjonen.
Medisinar: Dersom du bruker blodtynnande medisin som Marevan og Albyl-E,
må du kontakte ØNH seinast 10 dagar før operasjonen (Tlf 70105832), om
dette ikkje er avklara på førehand.
Operasjonsdagen
Operasjonsdagen skal du ta faste medisinar om morgonen som vanleg. Ta
med deg ei liste over dei medisinane du bruker til sjukehuset. Sidan inngrepet
vert gjort med lokalbedøving kan du ete frukost som vanleg operasjonsdagen.
Det fint om du ikkje har på deg sminke, smykke, ringar eller piercing.
Heime
Du kan dra heim rett etter inngrepet. Før heimreise får du snakke med legen,
som informerer deg om operasjonen og om eventuelle forholdsreglar. Om du
er operert på leppe, skal du vere forsiktig med strekk på leppa, fordi såret
elles kan sprekke opp. Oftast er sjukemelding unødvendig.
Avhengig av utført inngrep får du time til fjerning av sting ved ØNH-pol, elles
kan stinga fjernast hos fastlegen. Er det brukt sjølvoppløysande tråd, vil
tråden falle ut og forsvinne av seg sjølv.
Smertestillande: Lokalbedøvinga går ut etter eit par timar. Du kan trenge
smertestillande nokre dagar etter operasjonen. Dersom du har smerter etter
heimreise held det oftast med smertestillande paracetamol tablettar. Følg
dosering anbefalt på pakken frå apoteket.
Blødning: For å minske risikoen for blødning skal du halde deg i ro
operasjonsdagen etter inngrepet. Ikkje ta del i trening eller annan tung fysisk
aktivitet.
Mat og drikke skal vere avkjølt eller kald operasjonsdagen for å minske
ubehag og risiko for blødning. Du bør vente med å ete eit par timar til
lokalbedøvinga er gått ut.
Ved ØNH-poliklinikk vert du undersøkt av lege før operasjonen og grunnlaget
for den planlagde behandlinga vert vurdert på nytt. Deretter vert du teken imot
av sjukepleiar.
Operasjon: Operasjonen vert gjort i lokalbedøving, og operasjonstida varierer
fra 15 minutt til 1time, avhengig av kva som skal gjerast. Operasjonssår i
munnen og på innsida av leppa vert sydd med sjølvoppløysande tråd. Ligg
forandringa på utsida av leppa, vert det brukt tråd som skal fjernast etter ei
veke.
Det som vert fjerna sendast til analyse i mikroskop. Prøven får du svar på etter
10-14 dagar.
www.helse-mr.no
www.helse-mr.no