Initiativet til IT-utdanning i Sogn og Fjordane

Næringsretta IT-utdanning i Sogn og Fj.
Til:
Frå:
Utarbeidd av:
Dato:
Styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane
IT-forum Sogn og Fjordane ved leiar Gunnar O. Hæreid (ass. fylkesmann)
Hilde G. Corneliussen og Svein Ølnes, Vestlandsforsking
07.05.2015
Oppsummering
Stat-næringssamarbeidet mellom HiSF, Fylkesmannen, Innovasjon Norge (IN), Skatt Vest, Nav, LO og
NHO sette spørsmålet om ei IT-utdanning i fylket på dagsorden i 2014. Det vart gjennomført ei
spørjeundersøking til IT-bedrifter i fylket for å finna ut meir om behov og interesse. Resultatet av
undersøkinga var positiv og IT-forum Sogn og Fjordane vart bedt om å utarbeida ein søknad til IN om
eit forprosjekt for grundigare kartlegging. Prosjektet fekk støtte i slutten av 2014 og arbeidet er no
gjennomført.
IT-forum har i forprosjektet registrert stor interesse frå næringslivet for å etablera ei næringsretta ITutdanning her i fylket. Bedriftene har også uttrykt stor vilje til å bidra på ulike vis. Offentlege
verksemder har og vorte intervjua, og også der er tilbakemeldingane positive og viljen til å bidra stor.
IT-forum ønskjer å arbeida vidare med temaet ved å søkja om vidareføring i eit hovudprosjekt
gjennom IN si satsing på kompetanseutvikling. Søknader til hovudprosjekt vert først levert som ei
kort skisse, og aksepterte skisser får høve til å levera ein full søknad. Ei skisse til hovudprosjekt vil bli
sendt til IN innan søknadsfristen 1. juni i år, og dersom det skisserte prosjektet får klarsignal frå IN,
kan det sendast ein søknad om hovudprosjekt innan 15. oktober i år.
Styret i IT-forum har vore prosjekteigar og drivkraft for inneverande fase av prosjektet der både
næringsinteresser frå fylket og HiSF er representerte. I eit hovudprosjekt vil aktuelle fagavdelingar i
HiSF bli tett involverte gjennom konkretisering av ei næringsretta IT-utdanning. Arbeidet med ei
næringsretta IT-utdanning samsvarer med strategien til HiSF om å bli meir relevant for det lokale
arbeidslivet og å styrkja IKT-kompetansen ved høgskulen generelt. Interessa prosjektet har møtt
styrkjer konklusjonen om at næringslivet har både behov og vilje til å bidra til å sikra ei slik utdanning
i fylket. Kva innretning ei slik utdanning kan ha er ikkje det ikkje teke stilling til i denne fasen av
prosjektet, men det kan vera aktuelt å organisera utdanninga både som etterutdanningskurs,
årsstudium eller bachelor-utdanning. Det er HiSF som til slutt må trekkja denne konklusjonen.
Bakgrunn
Forprosjektet har bakgrunn i ei spørjeundersøking gjennomført av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
på oppdrag frå Stat-næringssamarbeidet (HiSF, FMSF, IN, Skatt Vest, LO, NHO). Spørjeundersøkinga
viste at det IT-relaterte næringslivet i fylket såg eit behov for ei IT-utdanning i fylket og at dei var
villige til å bidra på ulike måtar. Forprosjektet følgde opp denne undersøkinga med dialogmøte med
næringsliv og offentlege verksemder i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. I tillegg vart det gjennomført
intervju med andre IT-verksemder, verksemder med IT-avdeling av ein viss storleik og offentlege
verksemder med stor grad av IT-arbeid, sjå vedlegg 1.
Side 1
Forprosjektet har vore leia av forskar, dr. Hilde G. Corneliussen ved Vestlandforsking. I tillegg har
forskarane Svein Ølnes og Guttorm Flatabø, begge Vestlandsforsking, og seniorrådgjevar Svein Helge
Steinsåker hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane delteke i gjennomføringa. Prosjektgruppa har i
tillegg til desse inkludert viserektor for FoU ved HiSF, Erik Kyrkjebø, assisterande fylkesmann og leiar
av IT-forum Sogn og Fjordane, Gunnar Hæreid, og forskingsleiar Ivar Petter Grøtte, Vestlandsforsking.
Hovudfunn frå forprosjektet
Kartlegginga i forprosjektet har stadfesta og forsterka inntrykket frå den innleiande spørjeundersøkinga: Det er stor interesse for ei IT-utdanning i fylket blant næringslivsverksemdene (og dei
offentlege verksemdene) og det er stor vilje til å bidra i realiseringa av ei slik utdanning.
Stort behov for IT-kompetanse i næringslivet i fylket
Tilbakemeldingane frå informantane både i privat og offentleg sektor har vore tydelege: Det er eit
stort ønskje om etablering av ei IT-utdanning i fylket. Verksemdene har på si side sannsynleggjort eit
stort behov for rekruttering av IT-kompetanse dei nærmaste åra. Lista over informantar og
tilhøyrande IT-arbeidsplassar gir ein peikepinn på arbeidsmarknaden for eventuelle IT-kandidatar (sjå
vedlegg 1). I tillegg til dei rundt 40 bedriftene me har intervjua, er det også mange fleire her i fylket
som både har IT-arbeidsplassar og som etterspør IT-kompetanse. Eit nøkternt estimat viser over 500
IT-arbeidsplassar berre i dei intervjua bedriftene.
Behova til verksemdene som vart intervjua, spenner likevel vidt. Dei har behov for kompetanse innan
drift av IT-utstyr og nettverk på den eine sida av skalaen, til prosjektleiing, moderne web-/apputvikling og systemintegrasjon i den andre enden. Det er vanskeleg å dekkja så ulike behov i ei og
same utdanning, noko som vil krevja prioritering av retning på eit eventuelt IT-studium. Eit hovudprosjekt vil arbeida med denne og andre problemstillingar.
Bedriftene vil bidra til ei IT-utdanning
I tillegg til å spørja om behovet for IT-kompetanse hjå bedriftene, spurde me også om dei var villige
til å bidra til etablering av eit slikt studium. Dei vart utfordra både på å vera vertskap for studentoppgåver og til å bidra konkret i undervisninga innan relevante emne. Det var stor vilje til å bidra på
denne måten, nesten alle bedriftene svarte positivt. Dei få som tok eit atterhald, var ikkje uvillige,
men måtte ta atterhald om kapasitet.
Kompetansen i bedriftene som er intervjua, spenner frå omfattande realkompetanse til professorkompetanse innan IKT. På forskingssida er det verdt å nemna Vestlandsforsking med 8-10 forskarar
innan IKT.
Søking til IT-studium aukar kraftig
Prosjektet har ikkje berre kartlagt situasjonen blant verksemder, men også innhenta informasjon og
kunnskap som vil vera avgjerande for ei vurdering omkring ei ny IT-utdanning. Analyse av søkjartala
til høgare utdanning gjennom Samordna opptak i åra 2013 – 2015 viser m.a. at veksten i søkjartala til
IT-studium er høgare enn den samla veksten i søkjartal, og auken var særleg høg ved siste
søknadsrunde i 2015 (april):
Side 2
Tabell 1: Utviklinga i søkjartal til IT-studium 2013-2015 (Samordna opptak)
1
Studieplassar, IT
Søkjarar til IT-studium (førsteval)
Søkjarar pr. studieplass
Auke i søkjartal IT frå forrige år (prosent)
Auke i søkjartal generelt (prosent)
2013
1550
2716
1,8
3,9
1,2
2014
1550
2955
1,9
8,8
2,4
2015
1558
3473
2,2
17,5
6,7
Tala i tabellen over er henta frå Samordna opptak. Ved å gå gjennom heile lista over utdanningar på
Samordna opptak, kjem me til fleire studieplassar enn dette. For søknader i 2015 er talet 5411
førsteplass-søkjarar til 2336 studieplassar. Det gir 2,3 søkjarar pr. studieplass. Vedlegg 2 viser aktuelle
IT-utdanningar ved siste søknadsrunde og vedlegg 3 viser dei fem mest og minst populære
utdanningane.
Både NHO sentralt og Abelia uttalar at årets søkjartal til IKT er gledelege. Men Abelia understrekar at
det trengst fleire studieplassar. Direktør Håkon Haugli uttalar: «Søkertallene er ikke tilfeldige. Mange
av de nye jobbene i Norge vil skapes innen IKT. Det har søkerne forstått. Vi er imidlertid bekymret
over at det er fortsatt er begrenset med studieplasser som tilbys den økende studentmassen».
I eit hovudprosjekt vil det bli gjennomført ei kartlegging av interesse for eit IT-studium hjå avgangselevar i vidaregåande skule både i Sogn og Fjordane og nabofylka for å kunne utfylla informasjonen
om potensielle søkarar.
Grunnlag for vidare arbeid
IT-forum Sogn og Fjordane meiner resultata frå kartleggingsfasen samla sett gir eit godt grunnlag for
å gå vidare med planlegginga av ei IT-utdanning ved HiSF.
Behova varierer som sagt både i offentleg og privat sektor. På den eine sida er det ein god del
etterspurnad etter tradisjonell kompetanse på IT-drift (maskinpark, nettverk), samstundes som
mange også opplyser at det går ganske greitt å rekruttera denne typen kompetanse. Verre er det å
rekruttera spesiell kompetanse på telekommunikasjon. Den store aktiviteten på breibandutbygging
har gjort at verksemdene i denne bransjen har utvida mykje. Dei melder om problem med
rekruttering av personar med god kompetanse på nettverk og telekommunikasjon, og understrekar
at kandidatar med tradisjonell data-ingeniørbakgrunn ikkje nødvendigvis har den rette kompetansen
sidan det studiet er meir innretta mot tradisjonell server-drift.
Utviklingsretta kompetanse innan web, app og systemintegrasjon er eit viktig område med vanskeleg
rekruttering lokalt. Det same gjeld for den meir generelle rolla som prosjektleiar for tekniske
utviklingsprosjekt.
1
Tal frå Samordna opptak, kategorien «Informasjonsteknologi og informatikk». Denne kategorien har færre
studium enn det som er vist i liste i vedlegg 2. Dei relative tala blir likevel nokolunde like.
Side 3
Sogndalsmiljøet har fått mykje merksemd for arbeidet innan IKT-entreprenørskap dei siste åra, også
frå nasjonalt hald. Det er ei utvikling tett kopla til utviklinga kring Fosshaugane Campus. Ei kopling
mellom teknologi og entreprenørskap er difor nærliggjande for å styrka denne utviklinga.
Innretninga elles, om det er snakk om etterutdanningskurs, årsstudium eller bachelor-utdanning, er
noko det vidare arbeidet må konkludera med, og det er HiSF som til slutt må trekkja konklusjonane.
Involvering av HiSF i vidare arbeid
Så langt har arbeidet vore drive av IT-forum Sogn og Fjordane, etter å ha vorte initiert av statnæringssamarbeidet der HiSF med fleire deltek. Eit hovudprosjekt vil involvere Høgskulen meir, og ta
utangspunkt i dei relevante fagmiljøa ved HiSF der det er kompetanse og ynskje om å delta i
arbeidet. Det er og HiSF som er ansvarlege for studietilboda høgskulen tilbyr, og som også må vedta
eventuelle nye tilbod. IT-forum vil, som koordinator for IT-bedriftene i fylket, bidra aktivt i arbeidet
med å greie ut eit potensielt nytt studium ved HiSF. Sidan søknaden går til Innovasjon Norge og er
forankra i næringslivsbehov, er det også nødvendig med god forankring i næringslivet. IT-forum vil
stå som formell søkjar av hovudprosjektet til Innovasjon Norge.
Som nemnt skal ein hovudprosjektsøknad gjennom to trinn; først ei skisse innan 1. juni og så
eventuelt eit klarsignal om å senda ein søknad om hovudprosjekt. HiSF vil ha ei meir integrert og
aktiv rolle i eit hovudprosjekt, men vi understrekar at det ikkje ligg bindingar for HiSF i den fyrste
fasen av prosjektet som no er avslutta, eller i prosessen med å sende inn ei skisse til 1. juni. Først ved
ein eventuell søknad om hovudprosjekt bør ein formalisere HiSF si rolle i prosjektet meir.
Side 4
Vedlegg 1: Liste over intervjua verksemder
Tal IT-tilsette er delvis basert på tilbakemelding frå bedriftene og delvis estimat. ‘-‘ betyr at data
manglar. Berre dette ufullstendige og nøkterne estimatet gir over 500 IT-arbeidsplassar.
Næringsliv
Tal IT-tilsette2
1. Caverion Norge AS
2. Eid elektro
3. Local Host
40-503
4. Tasle Knapstad (nystarta bedrift)
1
5. Enivest
40
6. Sunnfjord Næringsutvikling AS
7. INTIN
2
8. OCEA Mercatus
16
9. Haugland Internasjonale FOU-senter
10. Mediebruket
7
11. Sognenett
12
12. AdCom Fjorddata
5
13. A til Å Grafisk design og media
4
14. Bluefjords
2
15. Enoro
100
16. Fjordane IT
22
17. Highsoft AS
6
18. Melin Medical
19. Rocketfarm
13
20. Sognekraft
3
21. Sogn og Fjordane Energi
6
22. Sunnfjord Energi
23. Sparebanken Sogn og Fjordane
20
24. Sparebanken Vest, avd. Sogn og Fjordane
25. Barn-Nett
26. Agnitio
13
27. Hydro Årdal
11
28. Lerum
3
29. Vestlandsforsking
10
Offentlige verksemder
30. Eid kommune
31. Eid industrihus KF / Eid kommune /EKS
32. Eid vgs.
33. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
15
34. Difi
45 (av 90)
35. Sogn og Fjordane fylkeskommune
30
36. Høgskulen i Sogn og Fjordane, både IT-drift og fagpersonar
8
37. Flora kommune
5
38. Nordfjordnett, kommunalt IT-samarbeid i Nordfjord
21
39. Lotteri- og stiftelsestilsynet
11
40. Helse Vest IKT, avd. i Førde
26
41. SYS-IKT, kommunalt IT-samarbeid i Sunnfjord
14
2
3
Personar med IT-bakgrunn eller som har IT som hovudoppgåve i verksemda
Samla tal IT-relaterte jobbar i Måløymiljøet (LocalHost, Videonor, Seevia m.fl.)
Side 5
Vedlegg 2: Oversikt over IT-studium 2015 (årsstudium og bachelor)
Lærestad
HBV
HBV
HBV
HBV
HBV
HBV
HBV
HiAls
HiB
HiB
HiB
HiG
HiG
HiG
HiG
HiG
HiG
HiG
HiHm
HiMolde
HiNarvik
HiNarvik
HiNe
HiOA
HiST
HiST
HiST
HiST
HiT
HiT
HiT
HiVolda
HiØ
HiØ
HiØ
Studiekode Studienamn
222 004 Ingeniør, data, Vestfold
222 503 Ingeniør, data, Kongsberg
Informasjonssystemer og IT-ledelse,
222 453 Vestfold
222 395 IT og informasjonssystemer, Ringerike
222 370 Dynamisk webdesign, Ringerike
Informasjonssystemer, årsstudium,
222 412 Vestfold
IT og informasjonssystemer, årsstudium,
222 620 Ringerike
225 004 Ingeniør, data
203 004 Ingeniør, data
203 028 Ingeniør, kommunikasjonssystemer
203 395 Informasjonsteknologi
207 004 Ingeniør, data
207 374 Drift av nettverk og datasystemer
207 429 Informasjonssikkerhet
207 673 Spillprogrammering
207 046 Webutvikling
207 395 Programvareutvikling
207 406 Geomatikk
Digital kommunikasjon og prosjektledelse,
209 514 Rena
211 189 IT
212 078 Datateknikk, nettstøttet
212 225 Datateknikk, Bodø
213 453 Informasjonssystemer, Mo i Rana
215 395 Informasjonsteknologi
219 004 Ingeniør, data
219 287 Informatikk med spes. i info.behandling
219 422 IT-støttet bedriftsutvikling
Informatikk med spes. i drift av
219 374 datasystemer
220 412 Informasjonsbehandling, nettbasert
220 449 Informasjonssystemer, Bø
220 395 Informatikk, Bø
223 430 Media, IKT og design
224 004 Ingeniør, data, Halden
224 620 Informasjonsteknologi, Halden
Informatikk: design/utvikl. av IT-systemer,
224 270 Halden
Planlagde Søknader Førsteval
studiepl. førsteval pr. plass
20
39
2,0
30
40
1,3
45
35
20
80
55
28
1,8
1,6
1,4
20
28
1,4
15
25
50
25
30
10
15
20
20
20
20
15
16
41
123
21
75
30
42
78
77
61
35
23
1,1
1,6
2,5
0,8
2,5
3,0
2,8
3,9
3,9
3,1
1,8
1,5
20
20
15
30
15
52
75
30
55
14
34
34
23
29
128
141
87
142
0,7
1,7
2,3
0,8
1,9
2,5
1,9
2,9
2,6
40
20
15
12
40
16
15
81
146
13
7
76
23
36
2,0
7,3
0,9
0,6
1,9
1,4
2,4
25
54
2,2
Side 6
HiØ
HiØ
NOROFF
NOROFF
NTNU
NTNU
NTNU
NTNU
NTNU
UiA
UiA
UiA
UiA
UiB
UiB
UiB
UiB
UiB
UiB
224 453
224 845
259 197
259 198
194 760
194 798
194 395
194 905
194 770
201 004
201 189
201 260
201 807
184 837
184 940
184 300
184 829
184 453
184 472
UiB
UiB
UiO
UiO
UiO
UiO
UiO
UiO
UiS
UiT
Totalt
184 436
184 306
185 856
185 832
185 306
185 830
185 829
185 837
217 004
186 395
Informasjonssystemer, Halden
Digitale medier, Halden
Digital Forensics
Digital Forensics, nettbasert
Datateknologi
Kybernetikk, robotikk
Informatikk
Ingeniørvitenskap og IKT
Kommunikasjonsteknologi
Ingeniør, data
IT og informasjonssystemer, årsstudium
IT og informasjonssystemer
Informasjons- og kom.teknologi, Grimstad
Kognitiv vitenskap
Datatryggleik
Datavitenskap
Datateknologi
Informasjonsvitenskap
Digital kultur
Informasjons- og
kommunikasjonsteknologi
Informatikk, matematikk og økonomi
Elektronikk og datateknologi
Informatikk: nanoelektronikk og robotikk
Matematikk, informatikk og teknologi
Informatikk: design, bruk og interaksjon
Informatikk: programmering og nettverk
Informatikk: språk og kommunikasjon
Ingeniørfag, Data
Informatikk, Tromsø
40
40
40
40
108
112
130
41
36
25
10
50
10
22
15
10
40
52
30
55
49
14
10
366
376
338
85
46
84
57
159
10
86
57
31
123
121
45
1,4
1,2
0,4
0,3
3,4
3,4
2,6
2,1
1,3
3,4
5,7
3,2
1,0
3,9
3,8
3,1
3,1
2,3
1,5
20
15
25
60
89
118
180
60
40
40
2336
28
14
69
157
132
329
382
79
106
74
5411
1,4
0,9
2,8
2,6
1,5
2,8
2,1
1,3
2,7
1,9
2,3
Side 7
Vedlegg 3: Mest og minst populære IT-studium 2015
Tabell 2: Primærsøkjarar pr. studieplass, data frå Samordna opptak, april 2015
Høgskule/Universitet
2015
1. HiT – Informasjonsbehandling, årsstudium, nettbasert
7,3
2. UiA – IT og informasjonssystemer, årsstudium
5,7
3. UiB – Kognitiv vitenskap
3,9
4. HiG – Informasjonssikkerhet
3,9
5. HiG – Spillprogrammering
3,9
...
...
33. HiT – Informasjonssystemer (Bø)
0,9
34. HiB – Ingeniør, kommunikasjonssystemer
0,8
35. HiNarvik – Datateknikk (Bodø)
0,8
36. HiHm – Digital kommunikasjon og prosj.ledelse (Rena)
0,7
37. HiT – Informatikk (Bø)
0,6
Vedlegg 4: Lenkjer til aktuelle dokument
Stat-næring sluttrapport:
http://www.fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjordane/Nyhende/Prosjektrapport-stat-naring-Sogn-ogFjordane/
Prioritert satsing i IT-forum 2014 og 2015:
http://www.it-forum.no/Arkiv/Info?i=6524afcb-0f83-4fc4-91aa-6f4ee3436e91
Pressemelding om næringsretta IT-utdanning:
http://www.it-forum.no/Aktuelt/Info?i=c6523d98-91b7-4774-af55-c1cace6fa130
Uttale frå NHO om søknadstal til IKT-studium:
https://www.nho.no/Politikk-og-analyse/Kompetanse-og-utdanning/gledelig-utvikling-i-sokningentil-ikt--og-realfagsstudier/
Uttale frå Abelia om behov for fleire IKT-studieplassar:
http://abelia.no/ikt/loesningen-er-flere-studieplasser-article3398-137.html
http://abelia.no/ikt/norges-sviktende-ikt-plattform-article3393-137.html
Side 8