Retningsliner for vurdering og eksamen Kunst- og designhøgskolen i Bergen Fastsatt av styret 16.02.2015 Innhald 1. INNLEIING 3 2. SEMESTERVURDERINGAR 3 2.1. GENERELT 3 2.2. GJENNOMFØRING AV SEMESTERVURDERING 3 2.3. KOMMISJON 4 2.4. TREKK FRÅ VURDERING 4 2.5. UTSATT VURDERING PÅ GRUNN AV SJUKDOM 4 2.6. UTSATT VURDERING PÅ GRUNN AV UTVEKSLING 4 2.7. GJENNOMFØRING AV UTSATT SEMESTERVURDERING 5 2.8. STRYK 5 2.9. KLAGE/NY SENSUR 5 2.10. PROTOKOLL 6 2.11. FAGLEG OPPSUMMERING 6 3. EKSAMEN 6 3.1. GENERELT 6 3.1.1. EKSAMENSSEMESTER 6 3.1.2. TIDSPLAN 6 3.2 KANDIDATEN 6 3.2.1. OPPMELDING 6 3.2.2. PROSJEKTUTGREIING 7 3.2.3. INNLEVERING 7 3.2.4. SPRÅK 7 3.2.5. TREKK FRÅ EKSAMEN 8 3.2.6. UTSATT EKSAMEN PÅ GRUNN AV SJUKDOM 8 3.2.7. EKSAMENSUTSTILLING PÅ BA- OG MA-NIVÅ 8 3.2.8. STRYK 8 1 3.2.9. KLAGE/NY SENSUR 3.3. OPPNEVNING AV SENSORAR 3.3.1. FORSLAG TIL EKSTERNE SENSORAR 9 9 9 3.3.2. SAMANSETJING AV EKSAMENSKOMMISJON 10 3.3.3. OPPNEMNING AV EKSAMENSKOMMISJON 10 3.3.4. KONTAKT MED EKSTERN SENSOR 10 3.3.5. UTSENDING AV SKRIFTLEG DEL 11 3.3.6. ORIENTERING FOR SENSORAR 11 3.4. SENSUR 11 3.4.1. EKSAMENSKOMMISJON 11 3.4.2. PRESENTASJON OG GJENNOMGANG AV EKSAMENSARBEIDET 12 3.4.2.1. PRESENTASJON AV FELLESARBEID/FELLESPROSJEKT 12 3.4.2.2. DOKUMENTERING AV PRESENTASJONEN 12 3.4.3. VURDERING AV EKSAMENSARBEIDET 13 3.4.4. SAMLA BRUK AV TID 13 3.4.5. KONKLUSJON/DISSENS 13 3.4.6. TILBAKEMELDING TIL KANDIDATEN 13 3.4.7. OFFENTLEG GJENNOMGANG 13 3.4.8. OVERORDNA EVALUERING 13 3.4.9. EKSAMENSPROTOKOLL 14 3.4.10. SKRIFTLEG RAPPORT VED IKKJE GREIDD. 14 2 1. INNLEIING Retningslinene for vurdering og eksamen ved Kunst- og designhøgskolens (KHiB) er basert på Gradsforskrifta, fastsatt av styret ved KHiB den 25.06.03, samt dei føringane som ligg i Det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket. Retningslinene skal gje ei oversiktlig ramme for vurdering- og eksamensavvikling ved Avdeling for design og Avdeling for kunst, og klargjere faste rutinar for kandidat, sensor og tilsette ved KHiB. 2. SEMESTERVURDERINGAR 2.1. GENERELT Semestervurdering er den formelle, interne vurderinga av det faglege nivået og den faglege framgangen ein student har oppnådd ved bestemte stadium i studiet. Semestervurderinga vert avslutta med at studenten får ei strukturert tilbakemelding på eige arbeid og progresjon. Ved semestervurdering vert det nytta karakterane greidd og ikkje greidd. Ein student som oppnår karakteren greidd har oppnådd læringsmåla for det gjeldande semesteret, slik desse er definert med utgangspunkt i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket. Greidd semestervurdering er naudsynt for vidare studier i bachelorprogrammet/ masterprogrammet, og utløyser 30 studiepoeng. Vurderingskriteria og spesifikk informasjon om vurderingsgrunnlag fins i vedlegg til studieplanen for det einskilde studieprogram, og er tilgjengeleg på Kunst- og designhøgskolens heimeside. 2.2. GJENNOMFØRING AV SEMESTERVURDERING Kvart semester vert avslutta med ei formell vurdering. Studentane blir mot slutten av semesteret (BA: 1-5, MA: 1-3) vurderte på grunnlag av læringsmåla som er fastsatt for det einskilde semester og tilhøyrande vurderingskriterium. Tidspunkt for semestervurderinga vert bestemt av avdelinga når kalender for det aktuelle semesteret er fastsatt. Avviklinga av semestervurderinga skjer i samarbeid mellom BA/MA-koordinator og Eining for avdelingsstøtte (EFA). Tidsbruk for vurderinga er ein time per student både for BA og MA, helst ved studenten sin arbeidsplass. Vurderinga er ein strukturert samtale basert på studenten sin semesterrapport og utgreiing av eigen læring og arbeidsinnsats. Dersom annan stad og/eller utstyr er ønska frå 3 studenten si side, må dette meldast til hovudrettleiar minst to veker før semestervurderinga startar. Semesterrapporten skal føreligge tilgjengelig for kommisjonen, minst to veker før vurderinga startar, og skal innehalde minst fem bilete som syner arbeid studenten har gjort i semesteret. I særskilte tilfelle kan semestervurderinga bli gjennomført som videokonferanse. Dekanen kan etter søknad, godkjenne dette. 2.3. KOMMISJON Hovudrettleiar og ein annen fagleg tilsett ved avdelinga utpeikt av dekan gjennomfører vurderinga. Så langt som mogleg bør begge kjønn vere representerte. BA- og MA-koordinator er ansvarlege for den praktiske gjennomføringa. 2.4. TREKK FRÅ VURDERING Ein student kan trekke seg frå semestervurderinga inntil 2 veker før semestervurderinga finn stad. Trekk etter dette vert rekna som ikkje greidd og fører til eitt semester forseinking i studenten sin progresjon. Studenten kan sjølv trekke seg frå vurdering på studentveven, med skriftleg kopi til BA/MA-koordinator og EFA. 2.5. UTSATT VURDERING PÅ GRUNN AV SJUKDOM Utsatt vurdering kan godkjennast ved sjukdom i vurderingsperioden. Studenten må sende inn søknad med legeerklæring til BA/MA-koordinator med kopi til EFA. Semestervurderinga vil da bli halden så snart som mogleg, sjå pkt. 6.7. Ved lengre tids sjukdom i semesteret kan kandidaten søke om utsatt vurdering. Søknaden vert vurdert av dekanen på grunnlag av lengda på sjukdomsperioden, ønska tidspunkt for utsatt vurdering og institusjonen sin moglegheit for ei utsatt vurdering. 2.6. UTSATT VURDERING PÅ GRUNN AV UTVEKSLING Studentar som ikkje kan delta på ordinær semestervurdering på grunn av utvekslingsopphald, skal vurderast i starten av påfølgande semester. 4 2.7. GJENNOMFØRING AV UTSATT SEMESTERVURDERING Ved behov for utsatt semestervurdering, skal avdelinga organisere ny vurdering så raskt som mogleg etter den ordinære vurderinga, fortrinnsvis i byrjinga av påfølgande semester. BA/MAkoordinator har ansvar for å følgje opp og organisere utsatt semestervurdering. 2.8. STRYK Ein student har ikkje greidd semestervurderinga når kommisjonen har vurdert studenten til Ikkje greidd. Likestilt med stryk er det når ein student ikkje leverer inn sine arbeid til den fristen som er fastsett, eller ikkje møter opp til eit minimum av faglege kurs som er avtalt i utdanningsplanen. Ein student har heller ikkje greidd semesteret når han/ho ber om å ikkje å bli vurdert for det aktuelle semester. Studentar som skal bli semestervurderte og som av andre grunnar enn dokumentert sjukdom, eller utvekslingsopphald ved ein annan institusjon, ikkje gjennomfører vurderinga, får ikkje greidd. Ved fastsetting av ikkje greidd, må dette grunngjevast skriftleg frå kommisjonen. Skriftleg rapport skal og sendast til BA- eller MA-koordinator, og EFA for arkivering. 2.9. KLAGE/NY SENSUR1 Ved kunngjering av Ikkje greidd skal institusjonen ved BA/MA-koordinator opplyse om studenten sin klagerett jf. Uhl. Frist for å klage på sensur er 3 veker frå kunngjeringa. Ei eventuell klage skal vere skriftleg og sendast til dekan ved avdelinga. Ved klage skal avdelinga organisere ny vurdering med ny kommisjon, sjå pkt. 6.3. Karakterfastsetting ved ny vurdering kan ikkje klagast på. 1 Handsaming av klage på eksamen som vert avlagt ved Kunst og designhøgskolen i Bergen er med heimel i Lov om universiteter og høgskular (Uhl.) Kap. 5, §§ 5-2 og 5-3. 5 2.10. PROTOKOLL EFA syter for at det føreligg ein protokoll før vurderinga startar. BA/MA-koordinator har ansvar for at protokollen vert fylt ut fortløpande og korrekt av både hovudrettleiar og kommisjonsmedlem. 2.11. FAGLEG OPPSUMMERING Etter at siste semestervurdering er gjennomført, har dekanen ansvar for å samle faglege tilsette på avdelinga for ein felles og overordna gjennomgang av vurderinga. Sentrale område som skal drøftast kan vere: tilbakemelding av fagleg nivå på kullet, aktuelle område som bør styrkast i den vidare utviklinga av studiet, samt generell tilbakemelding på gjennomføringa av semestervurderinga. 3. EKSAMEN 3.1. GENERELT 3.1.1. EKSAMENSSEMESTER Bachelorgraden sin avsluttande eksamen er i sjette semester i studiet , normalt eit vårsemester. Mastergraden sin avsluttande eksamen er i fjerde semester i studiet, eit vårsemester. 3.1.2. TIDSPLAN Ved byrjinga av eksamenssemesteret utarbeider BA/MA-koordinator i samråd med Eining for avdelingsstøtte (EFA) ein framdriftsplan for eksamensavviklinga. Her vert ansvars- og arbeidsfordeling avklart mellom dei involverte. Planen skal godkjennast av dekanen. Eksamenskandidatane vert så snart som råd informerte om planen for eksamensavviklinga. 3.2 KANDIDATEN 3.2.1. OPPMELDING Alle studentar vert melde til eksamen av EFA når vilkåra for dette er til stades: - Berre studentar som har fått godkjent dei fem første semester i Bachelorgraden, har rett til å melde seg til eksamen. 6 - Berre studentar som har fått godkjent dei tre første semester i mastergraden, har rett til å melde seg til eksamen. Her kan eksamen berre skje i eit vårsemester. Ved KHiB har ein kandidaten tre forsøk på å framstille seg for samme eksamen. 3.2.2. PROSJEKTUTGREIING Bachelorgrad: Ved innleiing til eksamensperioden skal kandidaten levere prosjektutgreiing for eksamensarbeidet til hovudrettleiar, etter frist fastsatt i tidsplan for eksamensavviklinga (punkt 2.2.). Mastergrad: Den vidareutvikla prosjektutgreiinga skal vere godkjent i samband med semestervurderinga i 1. semester. 3.2.3. INNLEVERING Arbeidet som vert lagt fram for sensur inneheld ein kunst-/designfagleg del og ein skriftleg del. Dekan kan dispensere frå kravet til skriftlegheit, jf. pkt. 2.2., kandidaten må da demonstrere tilsvarande kvalifikasjonar på ein annan måte. For meir informasjon om den skriftlege oppgåva vert det vist til gjeldande studieplanar og vurderingskriterier. Den skriftlige delen skal leverast som PDF (portable document format) til EFA til dei fristar som er fastsette, jf. pkt. 3.1.2. Dersom kandidaten ønskjer å levere tekst som papireksemplar må ein søke om dette til dekanen innan fastsatt frist. Dekanen kan dispensere frå kravet om digital innlevering, då gjeld følgjande: - Bachelorgraden: Fem papireksemplar skal leverast til EFA tre veker før sensur/eksaminering startar. - Mastergraden: Fem papireksemplar skal leverast til EFA tre veker før sensur/eksaminering startar. MA-kandidatar skal også levere ein digital versjon til KHiBs webarkiv i PDF-format. 3.2.4. SPRÅK Den skriftlige delen av eksamensarbeidet skal vere på norsk eller engelsk. Det same gjeld for presentasjonen av eksamensarbeidet, samt etterfølgjande eksaminering. Melding om språk for den enkelte kandidat skal sendast til EFA og BA/MA-koordinator seinast ved framlegging av prosjektutgreiing, sjå pkt. 3.2.2. 7 3.2.5. TREKK FRÅ EKSAMEN Ein kandidat kan trekke seg frå eksamen inntil 2 veker før innlevering av den skriftlege oppgåva. Trekk etter dette vert rekna som stryk. Trekk frå eksamen gjer kandidaten sjølv på studentveven, med skriftlig kopi til EFA og BA/MA-koordinator. 3.2.6. UTSATT EKSAMEN PÅ GRUNN AV SJUKDOM Dersom kandidat blir sjuk i eksamensperioden, kan det etter søknad med legeerklæring gjevast utsatt frist inntil tre veker for innlevering/ferdiggjering av eksamensarbeidet. Eksamen vil da bli avvikla så snart som mulig. Ved lengre tids sjukdom i eksamenssemesteret kan kandidaten søke om utsatt eksamen. Søknaden vert vurdert av dekanen på grunnlag av sjukdomens lengde, ønska tidspunkt for utsatt eksamen og institusjonens moglegheit for ei utsatt eksamensavvikling. 3.2.7. EKSAMENSUTSTILLING PÅ BA- OG MA-NIVÅ - - Avdeling for design: Alle kandidatar som er vurderte til greidd, skal delta i ei felles avgangsutstilling som blir arrangert etter at sensur er kjent. Arbeida som er brukte i eksamensvurderinga, kan ikkje stillast ut i sin heilheit andre stader før avgangsutstillinga er avslutta, med mindre det føreligg skriftleg løyve om dette frå dekanen. Avdeling for kunst: Alle kandidatar skal vise sitt kunstnarlege arbeid i ein felles avgangsutstilling. Arbeid som er del av eksamensvurderinga, kan ikkje stillast ut andre stader før avgangsutstillinga er avslutta, med mindre det føreligg skriftlig løyve om dette frå dekanen. 3.2.8. STRYK Ein kandidat har stroke til eksamen når eksamen er vurdert til ikkje greidd. Likestilt med stryk er det når ein kandidat ikkje leverer inn sine arbeid til den frist som er gitt. Ein kandidat har også stroke når han/ho ber om at dei innleverte arbeida ikkje skal sensurerast. Kandidatar som er melde opp til eksamen og som av andre grunner enn dokumentert sjukdom ikkje gjennomfører denne, vert rekna som ikkje greidd. 8 Ved fastsetjing av ikkje greidd, må dette grunngjevast skriftleg frå sensorane. Dekan skal informerast straks av sensorane om ein kandidat får resultatet ikkje greidd. 3.2.9. KLAGE/NY SENSUR2 Ved kunngjering av Ikkje greidd skal institusjonen ved BA/MA-koordinatoren opplyse om reglar for klage. Frist for å klage på sensur er 3 veker frå kunngjeringa. Ei eventuell klage skal vere skriftleg og sendast til EFA (Eining for administrativ støtte). Ved eventuell klage skal avdelinga organisere ny sensurering med nye sensorar. To av sensorane skal vere eksterne, medan intern sensor fortsatt er hovudrettleiar. Ved eventuell klage skal kandidaten sitt arbeid bli vurdert på nytt. Kandidaten har ikkje lov til å endre på arbeidet i tida fram til ny vurdering er utført. Ny sensur bør vere klar så raskt at kandidaten får moglegheit til å gå vidare i sitt studium innan rimeleg tid. Karakterfastsetting ved ny sensurering kan ikkje klagast på. 3.3. OPPNEVNING AV SENSORAR 3.3.1. FORSLAG TIL EKSTERNE SENSORAR Avdelinga ved dekan hentar inn forslag på eksterne sensorar frå relevant fagstab. Dekanen undersøkjer med støtte frå EFA om mulige sensorar: - Har tilstrekkelege faglege kvalifikasjonar; - Egnar seg for oppgåva: - Har god kjennskap til samtidsuttrykk og tendensar innan fagområdet; - Er interesserte i utviklinga innan høgare kunst- og designutdanning; - Kan kommunisere på skandinavisk og engelsk med dei andre sensorane, og med studentane. - Er interesserte og tilgjengelege for oppgåva; 2 Retningsliner for klage på eksamen ved Kunst og designhøgskolen i Bergen finn ein i Lov om universitet og høgskular Kap. 5, §§ 5-2 og 5-3. 9 Ved førstegongs oppnemning av eksterne sensorar skal det som del av vurderinga av kvalifikasjonane leggjast fram CV for godkjenning. Det skal ikkje leggjast fram CV for tidligare godkjent sensor, med mindre det har gått meir enn fem år sidan sensoren sist har vore nytta som sensor ved KHiB. Det skal ikkje fremjast forslag på personar som har slutta i stilling ved KHiB i løpet av dei to siste åra. Det skal ikkje fremjast forslag på personer som har hatt engasjement over fire veker ved den aktuelle avdelinga dei to siste åra. Det skal ikkje fremjast forslag på personar frå ein annan avdeling ved KHiB. 3.3.2. SAMANSETJING AV EKSAMENSKOMMISJON Ved forslag til samansetjing av sensorgrupper skal følgjande leggjast til grunn: Fortrinnsvis bør to sensorar fungere saman for ei større gruppe kandidatar. Sensorgruppa skal setjast saman slik at den har ei god fagleg breidde. Minst ein av de eksterne sensorane bør ha erfaring med sensurering. Så langt som råd, bør kvar begge kjønn vere med i ei sensorgruppe. Intern sensor skal vere kandidatens hovudrettleiar. Dekanen kan, om det er naudsynt, oppnemne avløysar for hovudrettleiar. 3.3.3. OPPNEMNING AV EKSAMENSKOMMISJON Styrets ansvar for oppnemning av sensorar er delegert til rektor. For den einskilde eksamen fremjar dekanen forslag til oppnemning av eksamenskommisjon til rektor i samsvar med krava i punkt 4.2. Når kommisjonen er oppnemnd, må sensor sjekke og vurdere sin habilitet. Forslag til sensorgrupper for ordinær sensur skal vere klar seinast 10 veker før sensur. For utsatt sensur/eksaminering skal forslag vere klart så raskt som mogleg. 3.3.4. KONTAKT MED EKSTERN SENSOR Når oppnemninga er godkjent av rektor, skal all formell kommunikasjon mellom institusjon og eksterne sensorar gå gjennom EFA, som skriv oppdragsbrev til eksterne sensorar. Brevet skal innehalde informasjon om: - Framdriftsplan for eksamensavviklinga; - Oppgåvene knytt til oppdraget; - Habilitetsvurdering; - Honorar mm. 10 Vedlagt skal følgje: - Oversikt over eksamenskandidatar; - Aktuell studieplan og vurderingskriterier; - Retningsliner for sensor og for eksamensavvikling. 3.3.5. UTSENDING AV SKRIFTLEG DEL Innan avtalt frist sender EFA dei skriftlege delane av eksamensarbeidet til dei eksterne sensorane og hovudrettleiar. Det er eit krav at alle sensorane har sett seg inn i den skriftlige delen før kandidaten gjer sin presentasjon for sensorane. 3.3.6. ORIENTERING FOR SENSORAR Dekanen har ansvar for at dei eksterne sensorane og hovudrettleiar får ei orientering før sensureringa startar. Orienteringa skal innehalde: - Kven som skal bli vurdert (ny habilitetskontroll); - Prosedyren for eksamensavviklinga; - Hovudpunkt i studieplanen: o læringsmål o Hovudelement - Vurderingskriteria skal leggjast til grunn både for vurderinga av kandidaten, og som grunnlag for offentleg gjennomgang - Sluttoppgåvene: o Tilbakemelding/oppsummering o Ansvar for at protokoll vert signert o Rapport dersom ein kandidat får ikkje greidd (sjå punkt 3.10.). 3.4. SENSUR 3.4.1. EKSAMENSKOMMISJON Dei to eksterne sensorane og hovudrettleiar utgjer kommisjonen for den einskilde kandidat. Desse skal saman gå gjennom det framlagte materialet og vurdere kva for karakter som skal gjevast: greidd eller ikkje greidd. 11 3.4.2. PRESENTASJON OG GJENNOMGANG AV EKSAMENSARBEIDET Bachelorgrad: Vurderinga av kvar kandidat startar med intern førebuing mellom dei tre sensorane. Etter dette vert kandidaten kalla inn for ein presentasjon av sine arbeid. Så følgjer ein samtale mellom kandidat og sensorar. Disse delane er offentlege. 3 Mastergrad: Vurderinga av kvar kandidat vert innleia med intern førebuing mellom dei tre sensorane. Etter dette vert kandidaten kalla inn for ein presentasjon av sine arbeid. Så følgjer ein samtale mellom kandidat og sensorar. Disse delane er offentlige. 4 3.4.2.1. PRESENTASJON AV FELLESARBEID/FELLESPROSJEKT Dersom kandidaten sitt arbeid er del av eit fellesprosjekt, må dette gå fram av prosjektutgreiinga, jf. pkt. 3.2. og studieplanen. Det vil i slike tilfelle vere naudsynt at kandidaten gjer greie for kva for delar av prosjektet han eller ho har eit særskilt ansvar for. Eksamenskommisjonen må halde dette opp mot den utgreiinga som dei andre deltakarane/kandidatane i prosjektet gjev. Dersom prosjektet inneheld vesentlege bidrag frå eksterne deltakarar, må dekanen på førehand, i samråd med hovudrettleiar, vurdere om det må hentast inn uttale frå, eller kallast inn til samtale med desse, i samband med kandidaten sin presentasjon. Det vil vere eit krav for å gje kandidaten greidd at sensorane kan danne seg eit klårt bilete av kandidaten sitt sjølvstendige bidrag i eit fellesprosjekt. 3.4.2.2. DOKUMENTERING AV PRESENTASJONEN Det er ikkje tillat å bruke opptaksutstyr, som kamera, lydband eller anna for å ta opp presentasjonen av eksamensarbeidet. Kandidaten kan velje å nytte referent. 3 For rettleiing i gjennomføring, vert det vist til dokumentet «Modeller for eksamensgjennomføring og anbefalt tidsbruk» datert 20.03.06. 4 For rettleiing i gjennomføring, vert det vist til dokumentet «Modeller for eksamensgjennomføring og anbefalt tidsbruk» datert 20.03.06. 12 3.4.3. VURDERING AV EKSAMENSARBEIDET Kommisjonen gjer ei drøfting/vurdering av alle delar av dei innleverte arbeida, og denne vurderinga skal soleis omfatte både den kunst- eller designfaglege delen og den skriftlege delen. Drøftinga skal ta for seg kandidaten sine resultat opp mot læringsmåla og dei gjeldande vurderingskriteria. Hovudrettleiar har eit særskilt ansvar for at alle delar av eksamensarbeidet blir vurderte i denne gjennomgangen. Denne gjennomgangen er ikkje offentleg. Dersom det er behov for meir informasjon, kan kandidaten bli kalla inn til ein oppklaringsrunde. 3.4.4. SAMLA BRUK AV TID Tida som kommisjonen samla sett nyttar på gjennomgang og vurdering av den einskilde Kandidat sitt arbeid, skal ikkje overstige 2 timar for bachelorgraden og 3 timar for mastergraden. Lesing av den skriftlege delen kjem i tillegg til dette. 3.4.5. KONKLUSJON/DISSENS Avgjer om karakter skal fattast før kommisjonen går frå kvarandre. Dersom det ikkje vert oppnådd semje om karakter, vert denne fastsett ved røysting. Ingen av medlemmene i kommisjonen kan avhalde seg frå å røyste, eller røyste blankt. 3.4.6. TILBAKEMELDING TIL KANDIDATEN Kommisjonen vil gjere kjent for kandidatane individuelt kva for ein karakter dei har oppnådd. Dette vil skje etter at alle kandidatane har vorte sensurerte. 3.4.7. OFFENTLEG GJENNOMGANG Dei eksterne sensorane skal etter avslutninga av eksamensvurderinga halde ein offentleg gjennomgang av fagleg nivå av kandidatane i dei aktuelle fagområda. Dekanen har ansvar for at denne oppsummeringa vert gjennomført, og at det vert skrive eit referat frå denne. Dekanen avgjer i samråd med EFA om dette skal skje ved avslutninga av kvar dag eller samla etter avslutning av heile eksamensvurderinga. Dekan ved avdelinga avgjer kva form gjennomgangen skal ha. 3.4.8. OVERORDNA EVALUERING Etter at siste offentlege oppsummering er gjennomført, har dekan på kvar avdeling ansvar for å samle kommisjonane for evaluering av årets sensurering. Sentrale områder som bør leggjast vekt 13 på i samtalen bør vere: styrker og svakheter ved sjølve gjennomføringa av sensureringa, tilbakemelding på fagleg nivå på eksamenskullet, samt aktuelle område som kan styrkast i den vidare utviklinga av faget. 3.4.9. EKSAMENSPROTOKOLL EFA sørgjer for at det ligg før ein eksamensprotokoll for alle sensorgruppene før vurderinga startar. BA/MA-koordinator har ansvar for at protokollen vert fylt inn straks og korrekt og vert levert til EFA. Protokollen skal signerast av alle medlem i sensorgruppa før desse går frå kvarandre. 3.4.10. SKRIFTLEG RAPPORT VED IKKJE GREIDD. Det skal skrivast ein rapport for kandidatar som får ikkje greidd. Sensorane har ansvar for å gjennomføre dette. Denne rapporten skal kort omtale både den kunst-/designfaglege delen og den skriftlege delen, og kandidaten sitt resultat i forhold til dei gjeldande vurderingskriteria. Rapporten skal sendast til EFA seinast tre dagar etter at sensuren vart gjort offentleg. EFA har ansvar for å sende rapporten vidare til dekanen for godkjenning. Godkjent rapport vert så sendt til kandidaten. Avdelinga vurderer sjølv om kandidatar med greidd eksamen, skal få skriftlege tilbakemeldingar. Vedlegg: Mal for eksamensgjennomføring og anbefalt tidsforbruk 14
© Copyright 2024