Sterkt forureina av TBT I Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er det gjennomført undersøkingar av miljøgifter i til saman 12 småbåthamner. Resultatet av desse undersøkingane var nedslåande. Sjøbotnen i alle dei undersøkte hamnene er sterkt forureina av tinnorganiske stoff (TBT). TBT har tidlegare vore brukt som anti-groemiddel i botnstoff på båtar, men har vore forbode å bruke på småbåtar i over 10 år. Det er funne betydelege mengder oljerestar og tjærestoff i botnslammet i hamnene. I nokre av hamnene er botnslammet også forureina av andre tungmetall, spesielt kvikksølv og kadmium. Les meir: www.fylkesmannen.no Kva seier lova? Forskrift om spesialavfall: ”Rein” idyll? § 5. Forsvarlig oppbevaring m.v. av spesialavfall Enhver som er i besittelse av spesialavfall har ansvar for at spesialavfallet oppbevares, lagres og forøvrig tas forsvarlig hånd om, herunder at det treffes tiltak for å forebygge at spesialavfallet forårsaker forurensning eller skade på mennesker eller dyr, eller fare for dette. Spesialavfall skal ikke blandes sammen med annet avfall. Ulike spesialavfallstyper skal ikke sammenblandes dersom dette kan medføre fare for forurensning, eller skape problemer for den videre håndteringen av avfallet. Småbåthamner er ofte sterkt forureina av miljøgifter som tungmetall, olje og tjærestoff. Tinnorganiske stoff (TBT) har vore brukt som antigroemiddel i botnstoff på båtar. Stoffet er svært giftig og kan føre til hormon- og kjønnsforstyrringar. Ei eiga forskrift set forbod mot produksjon, import, eksport, omsetjing og bruk av TBT for alle båtar under 25 m. Dette er svært skadeleg for livet på sjøbotnen, for fisk og for fuglar som ferdast på og ved vatnet. Det meste av denne forureininga kan den enkelte båteigar hindre med enkle tiltak. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Boks 43, 6861 Leikanger Tlf. 57 65 50 00 Fylkesmannen i Møre og Romsdal Fylkeshuset, 6404 Molde Tlf. 71 25 84 43 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Møre og Romsdal Kva kan du som båteigar gjere? Unngå søl på vatn og jord ved fylling av bensin/olje. Lever måling– og oljerestar, blybatteri og anna spesialavfall til godkjent mottak. Oljeprodukt er skadelege for miljøet også i små mengder. Enkelte oljekomponentar søkk til botnen og er ein trussel for livet på sjøbotnen. Batteri kan leverast i forretninga der du kjøper nye. Kommunen har elles plikt til å ha tilstrekkeleg mottaksordning for spesialavfall. Er du i tvil om kor du skal levere avfallet, spør kommunen. Bruk oljesugande ”pølser” i botnen på båten. Slike pølser sug olje og ikkje vatn. Dermed unngår du at oljesøl følgjer med vatnet når du lensar båten. Hald motoren i god stand! Trykkontroller dysene på dieselmotoren jamnleg. Juster tenning og forgassar på bensinmotoren. Oljesugepølser kan du kjøpe i båtutstyrsforretningar. Dette gir meir fullstendig forbrenning og hindrar utslepp av uforbrent olje/bensin. OBS! Når pølsa er full av olje skal ho leverast til spesialavfallsmottaket i kommunen. Båtar som oppheld seg mykje av tida i ferskvatn, treng ikkje botnstoff. Bruk berre godkjent botnstoff. Tinnhaldig botnstoff er svært giftig, og er forbode å bruke på småbåtar. Botnstoff blir brukt for å hindre groe på båtskroget. Rur og andre organismar som dannar groe, opptrer berre i saltvatn. Godkjent botnstoff inneheld også miljøskadelege stoff, vanlegvis koppar. Tar du båten inn i ferskvatn for ein periode, vil desse organismane døy ut av seg sjølve. Unngå difor søl og unødig bruk. Eller unngå botnstoff — ta opp og spyl båten. Samle opp avfallet ved reingjering. Lever avfallet til spesialavfallsmottak. Ønskjer du meir informasjon om båtliv og miljø; kontakt GRIP – stiftelsen for bærekraftig produksjon og forbruk. Internettadresse: http://www.grip.no Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Møre og Romsdal
© Copyright 2024