Årsmelding 2014 Ål kyrkjelege fellesråd Ål kyrkjelege fellesråd har hatt desse medlemmane i 2014: Ingvard Solberg (leiar) Øystein Kilde (nestleiar) Ivar Brevik (ordførar og kommunens repr) Vigdis Moen Storhaug (prost) Terje Nordal Torfinn Slåtto Anne Torild Grødum Karin Skrindo Granberg. Fellesrådet har hatt 7 møter. 42 saker er handsama. Det er halde eitt felles soknerådsmøte. Sokneråda i Ål gjekk inn for at det blir ein prøveordning om felles sokneråd i Ål frå og med neste valperiode. Ål kyrkjelege fellesråd forvaltar kyrkjer personal og økonomi på vegne av dei tre sokna i Ål kommune. Fellesrådet forvaltar gravplassane. Ål kommune vidareførte rammeløyvinga frå 2013 til kyrkja, og fellesrådet fekk 4 560 000 til drift. Kyrkja skaffar mykje pengar frå andre stader som Norsk kulturråd, ulike fond, samt eigeninntekter som for det meste er festeavgifter. Kommunen løyvde ikkje pengar til investeringar for kyrkja. Nye salmebøker Årsmeldinga er bygd opp etter budsjettområda: 1. 2. 3. 4. Administrasjon Kyrkjer og bygg Kyrkjegardar Anna kyrkjeleg verksemd 1. Administrasjon Tilsette: Kyrkjeverje Kjellfred Dekko, 100% stilling (Dekko har vore leiar i Tunsberg bispedømmeråd. Fellesrådet har motteke kr. 100 000 i økonomisk kompensasjon.) Sekretær Magny Reinton Folkedal, 70% stilling 40% stilling frå 1. juni Sekretær Guro Stave 20% stilling frå 1. juni Administrasjonen held kontakten med lokale og eksterne samarbeidsinstansar. Kyrkjeverja er sekretær for fellesrådet. Sekretærane Magny Reinton Folkedal og Guro Stave ivaretek enkelte sekretærfunksjonar for sokneråda. Folkedal har hand om kyrkjebladet. Kyrkja sine web-sider blir mykje nytta, og det er særleg sokneprest Vorhaug som er aktiv med å oppdatere sidene. Fellesrådet måtte spare pengar i 2014, og valde å kutte i administrasjonen med 10% stilling. Magny reinton Folkedal gjekk ned frå 70% til 40% stilling, medan Guro Stave gjekk opp frå 20% til 40% stilling. Arbeidsoppgåvene er gått gjennom, og omfordelt. Kyrkjekontoret har sidan sommaren halde stengt på måndagar. Frå august månad har kyrkjeverja vore leiar i Bispedømmerådet med frikjøp frå stillinga som kyrkjeverje i om lag 20% stilling. Det er kompensert for dette med kr. 100 000 frå Bispedømmerådet. Fellesrådet nytta desse 100 000 til innkjøp av nye salmebøker. Me er kome eit stykkje på veg med innkjøp av salmebøker, men fleire må kjøpast inn i 2015. 2. Kyrkjer og bygg Tilsette: Kyrkjetenar Håkon Tveito 80% kombinert stilling Kyrkjetenar Per Hermann Kolsrud 80% kombinert stilling Kyrkjetenar Nils Medgard 45% kombinert stilling Reinhaldar Gro Thoen 60% stilling Ved opplasting av tømmer på parkeringsplassen ved Leveld kyrkje kom maskinføraren i kontakt med straumledningen til kyrkja. Ledningen gjekk i strekk med forankring i tårnstolpen, og den vart drege ut med påfylgjande store skader. Skaden vart ein forsikringssak, og medan stillas stod oppe nytta fellesrådet mogelegheiten til å utføre vedlikehald som likevel måtte gjerast. Mellom anna er avrenningane reingjort, taket tetta, og vindaugene kitta opp att, og måla. Det står att eitt strøk måling på eine delen av tårnet. Leveld kyrkje Det er påvist utglidning av ytterveggane på kyrkjeskipet i Leveld og eit konsulentfirma har sett på dette. Dei konkluderar med at innertak og yttertakskonstruksjonane ikkje er bundne tilstrekkeleg saman, og at ein difor må inn med stag for å stabilisere bygningen. Det er for dyrt å endre heile takkonstruksjonen. Utglidinga har gjenge over tid, og har truleg ikkje samanheng med skaden på tårnet våren 2014. I Torpo kyrkje er ein lang benk erstatta med ein kort. Det har gjett plass for rullestol, evt. lysglobe. Dei lause stolane som stod lagra på galleriet er teke ut og lagra i bårerommet der delar av rommet no er avskjerma med forheng. Det vart lagt om ein varmekabel i Fjelkyrkja slik at begge varmekablane til vatnet no kan styrast frå kyrkja. Det var noko diskusjon om Borgstugu, og fellesrådet sin plikt til å halde hus for KFUK/M som er ein sjølvstendig organisasjon. Fellesrådet valde å støtte speidararbeidet med å halde Borgstugu open. Speidaren gjorde noko utvendig vedlikehald på dugnad i året som gjekk. Det er enda ikkje avklara kven som eig Borgstugu, men Opplysningsvesenets fond fakturerer soknerådet for leige med kr. 100 pr år. 3. Kyrkjegardar Tilsette: Håkon Tveito, Per Hermann Kolsrud, Nils Medgard. (Jfr. pkt 2, kyrkjer) Sekretær Guro Stave 20% stilling. Kyrkjegardane blir fint vedlikehalde av kyrkjetenarane. Stell og vatning av graver gjev oss gode inntekter kvart år, og er med på å finansiere sommarhjelp. Denne sommaren var det behov for å ta inn litt meir hjelp enn me hadde budsjettert. På Ål kyrkjegard vart det felt ein del tre i sør-vestre hjørnet. Desse vart erstatta av hekkplanter. Ål kommune hjelpte oss med arbeidet, og me leigde inn tenester. Vegane på Torpo kyrkjegard vart rydda og grusa opp. Det var mange bistejingar med påfylgjande kremasjon og urne-gravferd i 2014. Det ser ut som gravferdsskikkane i Ål er i ferd med å endre seg då dette har vore ein aukande trend dei siste åra. 4. Anna kyrkjeleg verksemd Tilsette: Diakon Bente Sletten 80 % stilling Kantor Audun Flaen 100% stilling Organist Kåre Sørum 30% stilling. Kyrkjelydspedagog Johanne Marie Jordet 80% stilling (15% engasjementstilling innan diakoni) Bergljot K. Nordal 20% engasjement Organist Kåre Sørum Stilling som musikals leiar i Synzygus vart lyst ut. Stillinga kan ikkje lysast ut som fast stilling då finansieringa er basert på gjevarmidlar. Bergljot K Nordal var tilsett i 20% stilling i tida 01.03 – 31.12 Gjennom heile året var Johanne Marie Jordet knytta til diakoniarbeidet med ei utvida stilling på 15% som retta seg særleg mot innvandrar-arbeidet. Diakoniarbeidet blir godt utført med Bente Sletten i spissen. Musikkarbeidet i kyrkjene i Ål har eit stort omfang, og spenner over fleire stilartar. Det vart tilsett nye kyrkjemusikarar som tek over etter Kåre Sørum ved årsskiftet. Fellesrådet rettar ein stor takk til Sørum går av etter lang tid som organist i 30% stilling. Konfirmantweekenden blir halde på KRIK i Hemsedal. Det er eit dyrt, men godt alternativ der mykje er tilrettelagt for målgruppa. Teaterstykket «Fargane i taket» vart spelt av Stein-Ove Thon. Buskerud teater hjelpte til med regien. Alle eleane ved 3. og 4. trinn i Ål fekk med seg forestillinga. Me hadde også skuleklassar frå Hovet samt opne forestillingar på kveldstid. Prosjektet «Folkemusikk og gudsteneste» hadde eit oppdrag i Trondheim i samband med Olavfestdagane. Musikarar og dansarar frå Ål deltok i ei radio-overført gudsteneste i Nidarosdomen, og på gudsteneste i Røros kyrkje på kvelden same dag. «Skjærgårds Vinter» vart avvikla for fyrste gong saman med dei andre kyrkjelydane i Ål. Arrangementet gjekk føre seg i slutten av februar. Ål kyrkje vart brukt til konsertar, og kyrkjestugu til barneparkering. Ål diakoninemnd, sokneråda, trusopplæringa, kyrkjebladet, og prosjektet Folkemusikk og gudsteneste leverer eigen årsmelding. _____________ Fellesrådet skal ivareta sokna sine interesser etter Kyrkjelova § 14 og gjer sitt til at sokna i Ål har eit levande kyrkjeleg arbeid.
© Copyright 2024