Sydvest_brosjyre låg - Rogaland Historielag

SYDVEST
bokfestival
2015
12.-15. november
på skakkesenteret
i Etne
Sunnhordland
Haugalandet
Hardanger
Ryfylke
Etne bibliotek
www.skakke.no
Etne
kommune
Velkommen til
Sydvest bokfestival
12.-15. november blir det ei ny interessant og sosial
vinterhelg for alle i SUNNHORDLAND, HAUGALANDET,
HARDANGER og RYFYLKE, kort sagt SYDVEST.
Me fekk mange lovord for festivalen i fjor og takka
vera generøse sponsorar og stor velvilje hos forlag
og forfattarar kan me arrangera festivalen for 2. gong
på Skakkesenteret i Etne.
Målet er
• Presentera og feira nye fagbøker, film og digital
formidling om Sydvest-regionen
• Styrkja lokal identitet og kunnskap om lokal kultur
• Gje forfattarane mulighet til å møta lesarane
og selja bøkene sine
• Vera møteplass for forfattarar, forleggjarar,
lokalhistorieinteresserte, fagfolk og publikum
• Inspirera til nye utgjevingar og ny formidling
Velkommen til kunnskapsfestival for Sydvest!
Helsing Etne bibliotek, Etne sogelag og frivillige.
Arbeidsgruppa for 2015
Marit Rønnevik, Dag Silde, Einride Aakra, Gunnbjørg
Ljusnes, John Magne Seljelid, Sølvi Grindheim Stople
og Jan Terje Rafdal.
Kontakt: Marit Rønnevik, Etne bibliotek,
[email protected],
tlf. 53 75 80 80 / 479 04 538
BILLETTSAL
Torsdag og fredag: Ved inngangen.
Laurdag og søndag: Ved hovudinngangen på
Skakkesenteret og ved inngangen til dei ulike
arrangementa.
BILLETTPRISAR
Kveldsseta Skånevik torsdag inkl. kveldsmat kr. 150,Kveldsseta Etne fredag inkl. kveldsmat kr. 150,Dagpass laurdag kr. 250,-. Dagpass søndag kr. 250,Enkeltbillettar kr. 80,- barn kr. 50,- film kr. 50.
Følgjekort gjeld.
DAGPASS
Med eit dagpass (armband) kjem du inn på alle
program den aktuelle dagen, med atterhald om full sal.
Vil du vera sikker på å få plass på eit bestemt program
med dagpass, be om gratis plassbillett. Billetten må
visast saman med armbandet ved inngangen.
Programma Liv i bileta – meir enn levande bilete og
Fletteverkstad er ikkje med i dagpasset.
Kjøp dagpass viss du skal på fleire program,
det er både billigare og du kjem inn i god tid!
BOKMESSE
Det blir stort boksal i foajèen. Her kan du finna
julegåver til heile familien og i mange tilfelle få signert
boka av forfattaren.
MATSERVERING
Open kafè på Skakke kl. 12.00-18.00
Baguetter, vafler, wraps og kioskvarer.
Laurdag 14. nov. Betasuppe, rømmegraut.
Søndag 15. nov. Kjøttkaker, rømmegraut.
Kveldsseta torsdag
«JUL DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE
BU». Ved Oddgeir Bruaset, Ålesund
Torsdag 12. november kl. 19.30. Skånevik fjordhotell.
Kr. 150 inkl. kveldsmat
Oddgeir Bruaset har sett seg
føre å finna ut korleis folk på
den ytste utpost har feira og
framleis feirar jul. Han tek
deg med til julefeiring høgt
til fjells, ytterst i havgapet
og inst i tronge fjordar.
Ver med på ferda og kom
god, gammaldags og ekte
julestemning! Oddgeir
Bruaset er mannen bak den
velkjende NRK-serien Der
ingen skulle tru at nokon
kunne bu.
i
Kveldsseta fredag
HØGDEPUNKT FRÅ NYE ÅRBØKER
I SYDVEST I 2015
Fredag 13. november kl. 18.00.
Biblioteket. Kr. 150 inkl. kveldsmat
Me inviterer til ein triveleg kveld med kveldsmat, innslag
frå sogelag og museum: Vingespenn frå Tysvær historielag
ved Hartvig Waage. Hardanger frå Hardanger historielag
ved Marit Bleie Mannsåker. Sogeskrift for Tysnes frå Tysnes
sogelag ved Mikal Heldal. Kvinnhersminne frå Kvinnherad
sogelag ved Anny Nygård Mehl. Årbok frå Etne sogelag ved
Jostein Osnes. Segn og soge frå Ølen og Bjoa sogelag ved
Guri Ravatn. Årsskrift frå Stord sogelag ved Lars Mæland.
Vindetreet frå Imsland, Sandeid og Vikedalsogelag og Skjold
og Vats sogelag ved Theodor Imsland m.fl.
Musikalsk krydder ved Ingemund Askeland og Helge
Haaland Hjelmtveit.
laurdag 14. november
DOKKER I FOLKEDRAKTAR FRÅ VESTLANDET.
Salsutstilling. Ved Britt Kjellesvik Rage, Tysnes
14. nov - 12. desember. Biblioteket
Britt Kjellesvik Rage
lagar dokker i historiske
folkedraktar og arbeider med registrering
og gjenopptaking av
gamle drakttradisjonar
som ho også formidlar
gjennom dokkene. Ho
driv eige galleri og
har delteke på mange
kunstutstillingar.
TEIKNINGAR AV ERLING SKAKKE
Laur 14. nov.–søn 22. nov. Biblioteket og galleriet.
Det er 900 år sidan Erling Skakke blei fødd. Han var ein ekte
vikinghøvding frå Stødle i Etne som gifta seg med ei kongsdotter og blei far til Magnus Erlingsson, som blei konge i
Noreg berre fem år gamal. Lokalavisa Grannar har arrangert
ein teiknekonkurranse for alle der oppgåva er å teikna Erling
Skakke og her er teikningane som har kome inn.
DEI ARKEOLOGISKE UTGRAVINGANE
VED ETNESJØEN 2013
Ved Søren Diinhof, Bergen.
Helsing frå ordførar
Siri Klokkerstuen
Laur 14. nov kl. 12.00-13.15.
Litlesalen. Kr. 80
Universitetsmuseet i Bergen
gjennomførte i 2013 ei utgraving
av ei jernalderbusetting ved
Etnesjøen. Funnet av ein landsby
med 5-6 langhus frå førromersk jernalder og eit mogeleg
krinsanlegg frå vikingtida er av stor vitskapleg verdi og fekk
store oppslag i pressa. Diinhof fortel om resultatet og kva
funnet betyr for forståinga av jordbrukssamfunnet i eldre
jernalder på Vestlandet. Diinhof er arkeolog, prosjektleiar
og forskar i førstestilling ved Universitet i Bergen.
DIGITAL FORMIDLING FOR ALLE
Ved Bjarne H. Sætrang, Bjarne Valsvik,
Jan Terje Rafdal, Knut Rage.
Laur 14. nov kl. 12.00-13.00. Biblioteket. Gratis
Har du tenkt på at du kan formidla viktig informasjon frå din
heimstad digitalt? Blogg, heimeside, facebook, app – det
er mange muligheter. Her får du høyra om nokon av dei:
Bjarnes turblogg, PåPlass, Helsing frå Sunnhordland
og Tysnes før i tio.
DIGITAL FORMIDLING FOR ALLE
Lokalhistoriewiki ved Knut Rage, Tysnes.
Laur 14. nov kl. 13.00-13.30. Biblioteket. Gratis
lokalhistoriewiki.no - 32 000 artiklar og 135 000 bilete på
nett. Historieformidling for vår tid. Demonstrasjon og bruk.
Kva kan me i Sydvestregionen bidra med?
DIGITAL VERKSTAD
Verkstad for blogg, facebook og wiki.Ved Bjarne H. Sætrang,
Jan Terje Rafdal, Johanne Lauritsen og Knut Rage.
FÅ hjelp til å koma i gang.
Laur 14. nov kl. 13.30-14.30. Biblioteket. Gratis
SKAL LANDET GRO ATT?
- Korleis berga norsk jordbruk. Ved Siri Helle, Oslo. Debatt.
Ordstyrar Sigmund Hansen.
Laur 14. nov kl. 14.00-15.30. Litlesalen. Kr. 80
Kvifor skal me ha jordbruk i Norge?
I eit land av stein og fjell, med regn og vind. Kvifor skal me
fø på bønder som produserer den dyraste maten i verda,
når verda står i kø for å selje produkta sine? Fordi alle må
bidra med mat til ei veksande verd og fordi norsk jordbruk
er berekraftig og lønsamt. Alle vil ha norsk mat, likevel blir
matproduksjonen vår meir og meir basert på import. Norsk
jordbrukspolitikk går i feil retning, men det er framleis mogeleg å snu. Dette er eit spørsmål for alle som bryr seg om kva
mat me et, korleis landet vårt skal sjå ut og kva rolle Norge
spelar i verda.
LIV I BILETA – MEIR ENN LEVANDE BILETE
Om videodokumentering ved Egil Vadla
Laur 14. nov kl. 14.00-16.00.
Klasserom ved amfiet. Kr. 150.
NB Påmelding: tlf. 479 04 538 før 10.11.
Har du videoopptak som du i lang
tid har tenkt på å redigera saman,
eller går du med planar om å
videodokumentera hendingar i
lokalområdet? Vadla tek opp kva
som kan heva kvaliteten på filmproduksjonen din. Planlegging,
dramaturgi, teknisk gjennomføring
og redigering. Vadla har master
i medievitskap og har undervist
i medieproduksjon ved Høgskulen i Volda, Voss folkehøgskule og Etne vg skule.
YDVEST BOKF
I. Myrstad
EKKE OG RAD
NYE BØKER
PÅ REKKE OG RAD
30-16.00
Biblioteket.
Laur 14. nov kl. 15.30-16.00 Biblioteket. Gratis.
Dreyer
og Skule Eriksen. Knud Knudsens album. m.fl.
yer ogLisbeth
Skule
Eriksen.
um. M.fl.
VESTLANDSHAGEN Ved Lisbeth Dreyer, Bergen.
Laur 14. nov kl. 16.00-16.45. Litlesalen. Kr. 80
SKIPSFARTSEVENTYRE
– Ei fotografisk forteljing,
Ved Ingrid Myrstad, Berg
Laur 14. nov kl. 17.00-17
Litlesalen
kr.
80
Ver med på ei stemningsfull vandring
i hagar på
Vestlandet,
frå dei små og idylliske til dei storslagne
og
staselege.
Det finst vel knapt noko y
og hagehistorie, med fantastiske hagebilete
EN Kulturhistorie
som inspirerer. Lisbeth Dreyer ernorsk
forfattarhistorie
og filmskapar.
som er mei
, Bergen.
enn sjøfolka sitt. Åra frå 1
TORMOD TORFÆUS NORGESHISTORIE
00-16.45.
Ved Torgrim Titlestad, Hafrsfjord.
gullalderen og handelsflå
Laur 14. nov kl. 16-16.45. Biblioteket. Kr. 80
på alle verdshav. Generas
Tormod Torfæus var ein islandsk-norsk
historikar
som levde store
av
mningsfull
vandring
i deler menn
hadde sitt arbeid p
livet i Kopervik. I 1711 gav han ut
t, fråden
deialler
små
ognorgeshistoria
idyllis- som
første
dan eller aldri kom til nor
nå er omsett tilGjennom
norsk. Han skildrar
e og staselege.
korleis Norge vart til, dei første mannen har blitt framstil
dei ulike
tradisjonar
busettingane,
om kongarog
og folket
romantisk og heroisk skik
rundt dei frå Harald Hårfagre fram
det fint
omkring
til Sverre Sigurdsson. Professor, kert, umoralsk drukkenbo
Torgrim Titlestad fortel om verket særleg omtalen av
ykje eidr.philos.
kulturhistorie
frå bedrifter.
denne perioden
Erling Skakke og kong Magnus grafi
Erlingssons
e, og har fantastiske
på havet? Ingrid Myrstad
SKIPSFARTSEVENTYRET – Ei fotografisk forteljing,
nspirerande
for
alle.
1875–1975. Ved Ingrid Myrstad,
Bergen.
bilete
som gjev eit unikt i
Laur
14.
nov
kl.
17.00-17.45.
Litlesalen kr. 80
orfattar og filmskapar.
Åra frå 1875 til 1975 var gull- sjømannsliv gjennom eit
S NORGESHISTORIE
ad, Hafrsfjord.
16.45.
Ø. Morten
T. Titlestad
alderen i norsk skipsfart. Handelsflåten frakta varer på alle verdshav
og generasjonar av nordmenn hadde
sitt arbeid på skip som sjeldan eller
aldri kom til norsk hamn. Sjømannen
har blitt framstilt som alt frå ein
romantisk og heroisk skikkelse til ein
karikert, umoralsk drukkenbolt. Kva
kan fotografi frå denne perioden
fortelja om livet på havet? Ingrid Myrstad viser utvalde bilete
som gjev eit unikt innblikk i norsk sjømannsliv gjennom eit
århundre.
JAKTEN PÅ SIGURD JO
JAKTEN PÅ SIGURD JORSALFARE
Ved Øystein Morten, Veggli.
Laur 14. nov kl. 17.00-17.45. Biblioteket. Kr. 80
Sigurd Jorsalfare var den første
europeiske kongen som verva seg
til korstoga. I 1108 leia han som
attenåring 60 skip ut frå Bergen,
på veg mot Jerusalem. Tre år
seinare vender han sigrande tilbake, men alle skipa og dei fleste
mennene er borte. Forfattaren har
reist i Sigurd sine fotspor og skriv
ei original og levande forteljing
om han som vart bestefar til kong
Magnus Erlingsson. Øystein Morten er religionshistorikar frå
Universitetet i Oslo og forfattar. Han har også skrive bøker om
Olav den Heilage og Magnus den gode.
SOUND I SUNDET. Film 31 min.
Laur 14.nov kl. 18.00-18.45. Litlesalen. Kr. 50.
Innleiing ved Aleksander Hauge. Musikalsk forteljing frå
Karmsundet frå dei tidlegaste tider til i dag. Idè og musikk:
Aleksander Hauge akkompagnert av Halvor lillesund, Vegard
Fossum, Nils Økland og Torbjørn Økland. Filmen er laga av
Thomas Mortveit.
JUL DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE BU
ved Oddgeir Bruaset. Intervju ved Sigmund Hansen.
Laur 14.nov
kl. 19.0020.00. Kinosalen. Kr. 80
Oddgeir
Bruaset har sett
seg føre å finna
ut korleis folk
på den ytste
utpost har feira
og framleis
feirar jul. Han tek deg med til julefeiring høgt til fjells, ytterst
i havgapet og inst i tronge fjordar. Ver med på ferda og kom
i god, gammaldags og ekte julestemning! Oddgeir Bruaset er
mannen bak den velkjende NRK-serien Der ingen skulle tru at
nokon kunne bu.
FRÅ FJELL TIL HAV
Laur 14.nov kl. 20.30. Pubkveld i foajèen. Kr. 80
Konferansièr Jan Terje Rafdal.
«PÅ VANDRING - med Larsemann i indre Etnefjell».
Ved Lars Lundal, Etne. Tidlegare ordførar i Etne Lars Lundal
lanserer ny bok der han fortel om sine mange minne frå indre
Etnefjell. Få kjenner fjellheimen betre enn han.
På vandring med Aleksander Hauge langs Karmøys
strender. Hauge er Karmøy sin poet og trubadur som skriv
viser og fortel om alt frå utvandringa frå Karmøy til USA til
gruvedrift på Visnes.
Søndag 15. november
VIVA BASKET! - Flettetradisjonar på Vestlandet og i Polen.
Ved Drude Isene, Skjold.
Søn 15. nov kl. 12.00-12.45. Litlesalen Kr. 80
Handverkstradisjonar knytt
til fletta produkt finst i alle
kulturar.
I 2015 har Sunnhordland
museum løfta desse fram
gjennom utstilling, kurs,
opplæring og bokutgjeving. «Viva Basket!»
er eit samarbeidsprosjekt
mellom Sunnhordland
museum, Søre Skogen gard
i Vindafjord og The
Serfenta Association i Polen
om å dokumentera flettetradisjonar. Drude Isene
fortel om prosjektet og
reiser der ho har møtt
spanande menneske som
held på med fletting i ulike
materiale.
FRÅ FOLKESTYRETS FOTFOLK TIL
ADMINISTRASJONENS LOJALE MEDHJELPARAR?
Rogaland fylkeskommune frå 1837 til i dag.
Ved Gunnar Nerheim, Stavanger.
Søn 15. nov kl. 12.00-12.45. Biblioteket Kr. 80
2-bindsverket Folkestyrets fotfolk og Byfolk og bønder fortel
historia om fylkeskommunen og arbeidsfellesskapet som
gjer at folk i fylket i dag kjenner seg som rogalendingar.
Før krigen var bønder sterkt representert, 60-åra vart eit skilje
mellom bygdefellesskap og ein ny felles arena for byfolk
og bønder fram til «milliardkonsernet» i dag. Nerheim er
professor i historie ved Universitetet i Stavanger.
NORSKE SMAKAR Ved Hanne Frosta, Bergen.
Søn 15. nov kl. 13.00-13.30. Litlesalen. Kr. 80
Hanne Frosta og Linda Eide har
laga ei uvanleg og underhaldande
kokebok. Dei to drog på oppdagingsreise på Vestlandet på
jakt etter gode norske råvarer
som vert hausta, slakta og fiska i
nærheten. Frosta fortel historier og
matoppskrifter frå reisa og om sine
inspirasjonskjelder. Frosta er kokk,
og dreiv restauranten Hanne på
Høyden i Bergen i 14 år. Ho har
vore ein pioner for kortreist mat.
GODT VAKSEN
– Kvinnheringar fortel
og reflekterer over livet.
Ved Kristen Børje Hus, Bergen.
Søn 15. nov kl. 13.00-13.30.
Biblioteket. Kr. 80
Forfattar Kristian Hus har reist
rundt i Kvinnherad og intervjua
12 godt vaksne kvinner og menn
over 90 år om oppvekst, livslaup,
skiftande tider og tankar om det
å verta gamal. Foto og design ved
Kristen Børje Hus.
DIGITAL FORMIDLING FOR ALLE
Lokalhistoriewiki
ved Knut Rage, Tysnes.
Søn 15. nov kl. 13.00-13.30.
Klasserom ved amfiet. Gratis
lokalhistoriewiki.no 32 000 artiklar og 135 000 bilete
på nett. Historieformidling for vår tid.
Demonstrasjon og bruk. Kva kan me
i Sydvestregionen bidra med?
VARMEN FRÅ MYRA – torvskjæring på Jæren.
Ved Tarald Ueland, Bergen.
Søn 15. nov kl. 14.00-14.45. Litlesalen. Kr. 80
Det har vore skore torv langs heile
Vestlandskysten heilt tilbake til Snorre
si tid. Hadde det ikkje vore for torva
kunne det ikkje budd folk på Jæren i
gammal tid. Forleggjar Tarald Ueland
presenterer Sjur Håland si bok
Varmen fra myra. Boka er utgjeven
i samarbeid med historielaga
i Klepp, Time, Hå og Time bygdemuseum. Sjur Håland er frå Varhaug
og har vore bonde og journalist
i Bondevennen.
SNAKK MINDRE, SEI MEIR
Ved Leif Arild Steen, Finnøy.
Søn 15. nov kl. 14.00-14.45.
Biblioteket. Kr. 80
Nyttige råd og tips om kvardagskommunikasjon formidla på ein
humoristisk måte. Steen er humorist,
forfattar, prosjekt- og marknadsleiar.
FLETTEVERKSTAD
Ved Drude Isene og Edna Trovanelli.
Søn 15. nov kl. 14.00-15.00.
Galleriet. Kr. 50 i materialkostnad
Ein liten smak på kva ein kan fletta av pil.
Du får laga små fat, fine som f.eks såpefat.
TIME IS MONEY
Ved Arnt Even Bøe,
Stavanger. Søn 15. nov
kl. 15.00-15.45.
Litlesalen. Kr. 80
Bøe fortel om dei som la
grunnlaget for ein av Norges
viktigaste industriepokar og
den mest lønsame: Oljeeventyret. Boka er basert på
intervju med alle som deltok
i oppbygginga av den suksessfulle norske oljeforvaltninga.
Unge og uvitande tenestemenn
som klarte å få kontroll over dei
mektige internasjonale oljeselskapa. Bøe har vore
journalist i Stavanger Aftenblad
og olje-medarbeidar der i 20 år.
NYE BØKER PÅ REKKE OG RAD
Søn 15. nov kl. 16.00-16.45 Biblioteket. Gratis
Lise-Marte Vikse Kallåk. Atelièrdøra på gløtt: Kunstnere på
Haugalandet. Kristian Magnus Vikse. Sjøfolk. Bjørn Øystein
Waage og Silvia Karlsen. Rabbagasten.
UTVANDRINGA TIL AMERIKA
Søn 15. nov kl. 15.00-15.45. Biblioteket. Kr. 80
DEN STORE UTFERDA
- Utvandring frå Skjold
og Vats til Amerika
1837-1914. Ved Nils
Olav Østrem, Stavanger.
Den første utvandringa
til Amerika skuldast ikkje
alltid fattigdom, men ofte
religiøse motiv etter-som det
ikkje var religionsfridom i
Norge. Mange lengta etter å sjå att slektningar «over there»
og reiste etter. Østrem fortel om enkeltpersonar og familiar
frå oppbrotet i Skjold og Vats i Noreg til ein ny kvardag i ei
ny verd. Østrem er professor i historie ved UIS.
FRÅ FILLEFANT I ETNE TIL STORKAR I MONTANA Historien om Ole Osnes. Ved Tone
Lise Hamre, Stavanger. Korleis kan
det ha seg at ein «rapalaup» i frå
Etne enda opp med 40.000 sauer
og 248.000 mål jord i Montana?
Ole Osnes reiste i frå Etne til
Amerika i 1880 som 22-åring, og
kom aldri tilbake. Hamre fortel frå
si oppgåve i historie ved UIS.
GASSEVENTYRET PÅ KÅRSTØ Ved Thomas Førde, Førde.
Søn 15. nov kl. 16.00-16.30. Litlesalen. Kr. 80
I 1985 blei Statpipe-røyrleidninga over den 300 meter djupe
Norskerenna ferdig. Gassen vart
ført fram til Kårstø der ei eventyrlig
industriutvikling starta. Prosessanlegget har 1200 faste arbeidsplassar og eksporterer gass verdt
70 milliarder kroner i året. Anlegget er utvida fleire gonger, men
ikkje utan sverdslag der lokale fagfolk og politikarar har gjort ein stor innsats. Førde har vore
journalist i Stavanger Aftenblad i økonomi- og energiredaksjonen i mange år og følgt utviklinga på Kårstø på nært hald.
HANDEL OG ELEKTRONIKK VED FJORDEN
– Jakob Hatteland og verksemdene før han gjennom 150 år.
Ved Nils Olav Østrem
Søn 15. nov 17.00-17.45. Litlesalen. Kr. 80
Jakob Hatteland starta i 1971 handel med elektroniske
komponentar ved Vatsfjorden – langt utanfor byen og dei
sentrale strøk. Salet av Jakob Hatteland Electronics i 2000
førte til vidare utvikling av det som i dag er Hatteland
Gruppen. Fleire selskap blei til, som Hatteland Computer,
Display, Solution og AutoStore. Desse har utvikla seg til fleire
internasjonale forretningsområde. Boka handlar om Jakob
Hatteland som elektronikkpioner og om familiebedrifta
Hatteland frå Carl Hatteland begynte med landhandel
i Åmsosen i 1881.
FJORDENS LIV. Dokumentarfilm, 21 min.
Søn 15. nov kl. 17.00-17.20. Biblioteket. Kr. 50
Bli med ned i Hardangerfjorden, til ei verd me veit lite om,
full av liv. Rett under der me sit og fiskar bur underlege,
vakre og fargerike skapningar me ikkje før har sett. Filmen
byggjer på foto og filmopptak ned til 450 meters djupn gjort
under Havforskings-instituttet sitt prosjekt Epigraph Hardangerfjorden. Idé: Øystein Skaala, Manus og regi: Randi
Storaas.
Framside og bakgrunn - utsnitt av måleri av Jan Terje Rafdal,
«Motiv frå Kvamstølen» Etnefjellet.
Me snakkast på
SYDVEST!
Layout: Grannar • Trykk: HBO
OKFESTIVAL 2015
takk til våre sponsorar!
Takk til våre sponsorar!
Takk til våre sponsorar!
www.skakke.no
Tlf. 479 04 538
Etne Mållag
www.skakke.no
Etne Hagelag
Tlf. 479 04 538
Program sydvest
Torsdag 12. november
Kveldsseta
19.30 Jul der ingen skulle tru Skånevik
at nokon kunne bu fjordhotel
fredag 13. november
Kveldsseta
18.00 Høgdepunkt frå nye årbøker Biblioteket
Laurdag 14. november
12.00 Utgravingane i Etne Litlesalen
12.00 Digital formidling Biblioteket
13.00 Lokalhistoriewiki Biblioteket
13.30 Digital verkstad Biblioteket
14.00 Videodokumentering Klasserom
14.00 Skal landet gro att? Litlesalen
15.30 Nye bøker på rekke og rad Biblioteket
16.00 VestlandshagenLitlesalen
16.00 Tormod Torfæus Biblioteket
17.00 Sigurd Jorsalfare Biblioteket
17.00 Skipsfartseventyret Litlesalen
18.00 Sound i sundet—film Litlesalen
19.00 Jul der ingen skulle tru.. Kinosalen
20.30 På vandring. Lars Lundal
Aleksander HaugeFoajèen
Søndag 15. november
12.00
12.00
13.00
13.00
13.00
14.00
14.00
14.00
15.00
15.00
16.00
16.00
17.00
17.00
Viva basket! Litlesalen
Rogaland fylke historie Biblioteket
Norske smakar Litlesalen
Godt vaksen Biblioteket
Lokalhistoriewiki Klasserom
Varmen frå myra Litlesalen
Snakk mindre, sei meir Biblioteket
Fletteverkstad Galleriet
Utvandringa til Amerika Biblioteket
Time is money! Litlesalen
Gasseventyret på Kårstø Litlesalen
Nye bøker på rekke og rad Biblioteket
Handel og elektronikk.. Litlesalen
Fjordens liv—film Biblioteket
Velkommen!