Kvinnheringen. - Hordaland sogelag

16
nyhende
Onsdag 25. mars 2015
Kvinnheringen
SAMLING: Deltakarane på sogelagstreffet samla på Bømlo.
Innhaldsrik helg:
Sogelaget på tur til Bømlo
Øystein Jansen heldt eit
spanande og interessant
føredrag i samband med
årsmøte i Hordaland
sogelag og dei lokalhistoriske dagar som vart
avvikla på Rubbestadneset, med Bømlo tur- og
sogelag som vertar.
Sogelaget har halde årsmøte på
Bømlo. Det opna med føredrag
av den kjente geologen og førsteamanuensis ved UiB, Øystein Jansen. Etterpå vart vel
dei fleste overtydd om at det er
den store og unike variasjonen
av fjellartar og steinfunn som er
varemerket til øykommunen
Bømlo. Jansen sitt føredrag tok
oss tilbake over 500 millionar
år, og fortalde om korleis dei
1000 øyane som Bømlo kommune omfattar, vart land og for
12000 år sidan var bustad og levebrød for folket ytst mot havgapet. Det vart to kveikjande
dagar med mykje lokalhistorie
og kultur i tillegg til dei vanlege
årsmøtesakene.
Hordaland sogelag
Samlinga tok til på laurdagen
med registrering av dei over 40
utsendinga frå 14 av medlemslaga i Hordaland sogelag.
Hordaland sogelag som vart
Kvinnherad sogelag
oppretta av Hordaland fylkeskommune i 1986, er ein paraplyorganisasjon for 32 historieog sogelaga i fylket.
«Stål, stein og religion» var
tema for dei lokalhistoriske dagane som vart innleia med velkomstord frå den drivande leiaren i Bømlo tur- og sogelag Norvald Nytveit. Han hadde laga til
eit variert program for kvelden
der lokalhistorie og kultur stod
øvst på menyen. Neste dag tok
til med besøk hjå Wærtsilå på
Rubbestadneset og den gamle
Wichmannsmia der aktive pensjonistar kosar seg med gamle
skipsmotorar og fortel levande
om
hjørnesteinsverksemda.
Unik geologi.
Bømlo
For oss sunnhordlendingar er
det vel ryktet om at det er gull
på Bømlo som er det mest spanande. I 1862 var det ein gjetargut som fann den fyrste gullklumpen på Lykling. I åra 1882
til 1910 var det drive gullgruver
i stor stil langsetter kvartsårene
i Lyklingeberga. På det meste
var det 400 til 500 mann sysselsett og til saman vart det
vinna ut over 200 kg reint gull.
Steinkyrkja på Moster er oppfatta som den eldste kristne
kyrkja i landet. Ifølgje Snorre
Sturlason var Moster fyrste sta-
KVINNHERINGAR: Dei fire frå Kvinnherad f.v. Mandia Eide,
Dagfinn Eide, Kari Fedt Haugsbakk og Oddvar Haugsbakk.
den Olav Tryggvason gjorde
strandhogg i år 995, då han var
på veg heim frå England for å ta
kongemakta og kristna landet.
Ei synfaring i kyrkja og omvising i Moster Amfi som ligg like
ved vart ein naturleg samlingsstad for avslutninga.
Årsmøte
Årsmøte i Hordaland sogelag
vart avvikla søndag føremid-
dag. Årsmeldinga fortel om god
aktivitet og stabil økonomi.
Studieturane i vesterveg kvart
år er svært populære. Turane
går til område både vestover og
austover til land og stader der
vestlendingane busette og sette varige spor etter seg i meir
enn tusen år. Mikal Heldal frå
Tysnes sogelag vart attvalt som
leiar.
Kari Fedt Haugsbakk frå Kvinnherad er medlem av styret i
Hordaland sogelag. Kvinnherad sogelag stilte mannjamt
med fire utsendingar.
- Det er veldig viktig at sogelaga
i fylket samlast kvart år, då får
me snakka med- og knyta viktige band til dei andre sogelaga,
fortel Kari. Kvinnherad har
også ein veldig dugande leiar i
Anny Nygaard Mehl, fortel ho
Med Anny som leiar har me lagt
vekt på å vera synleg i bygdene
rundt om i Kvinnherad, både
med ymse arrangement, i avisene og på nettet. Me hadde
mål om 200 medlemmer innan
utgangen av fjoråret. No viser
tala at me er over 230 og det synest me er veldig bra. Det forpliktar sjølvsagt oss i styret om
å vera aktive. Årboka til Kvinnherad sogelag kjem ut anna
kvart år. Til hausten kjem det ei
ny bok der hovudtema er « Fyrste reis jenter- og gutar» Det er
spanande å jobba med årboka.
Me har hatt fleire møter med
dei gamle sjøfolka som fortel
om sjølivet i gamle dagar både
som uteseglar og heime på kysten. Her blir det mykje interessant å lesa om, avsluttar Kari
Fedt Haugsbakk.
Tekst og foto: Kåre Malkenes