“En sand guldgrube”. Det store sildeeventyret

KULTURHISTORISK VEGBOK. TEMA
NILS KOLLE
«EN
SAND
GULDGRUBE»
DET STORE
SILDEEVENTYRET
I FØRRE
HUNDREÅR
Vårsildfiske ved Espevær i 1850-åra.
Teikning av G. Stenersen.
100
Dette året byrja eventyret ved juletider. Scenen er ei fjordbygd
i Sunnhordland, ein vinterdag kring
1850. Vi står og skodar utover sjøen
og brått kjem postbåten til syne om
odden: «Det var en seksæring med
tre mann, de rodde saa de laa langflate henefter toftene. I forenden
stod oppreist en stang med en klut
eller et stykke lærret, liksom en
vimpel. Kursen laa skraas over til
postaapneriet. «Syner! Sildesyner!»,
brølte skomakeren; han kastet
plutselig brettet og sprang utenfor
i ulltrøyen og fangskinnet.
«Saa tidlig, før jul! Nu faar noen og
hver ute i fjorden fart på seg.
Nu faar Nedrevaagen greie nøtene
sine». Saadan hadde båten med
den merkelige stang i forskotten nu
de siste to og et halvt døgn vakt liv
og røre paa alle steder innover
fjorden. På gaarder og plasser kom
folk ut av husene og stod og kiket
med haanden over øynene efter den.
Det var ingen tvil. Syner!
Sildesyner!».
it par veker seinare. Vi har flytta oss
utover mot havkanten og får storhavet mot æsinga – svære, vintergråe
dønningar. Ferda går sørover Sletto. Frå
landsida høyrest den evige larmen frå
brotet. Til havs ligg utskjera, med stor
svart skarv, som sit på rekkje og tørkar
vengjene.
«Jo lenger man kom ned imot Røvær, desto
tettere ble baatstimen; det gikk med aarer under
seilene – alle hadde hast. Skikkelser i skinnhyre steg opp paa toften og ropte over til hverandre om silden og sildesyner, om hvor og
hvormange mil av land silden stod, om hvor
innsiget nu ventes. Navn som Fejø, Veavaag,
Ferkindstadøerne, Brandesund, Stolmen og
Utsire suset i luften i alle bygdedialekter mellem Stavanger og Bergen.
Larmen av de tusen aaretoller tiltok, eftersom
man nærmet sig været hvor allmuen laa og
ventet paa sildeinnsiget. Støyen ble bedøvende,
farten steg, baatene kappes under aarerne – det
gjaldt at komme først til fortøyningsplassene,
først til at sikre seg nattelosji i stuene iland».
E
EN
KULTURHISTORISK VEGBOK. TEMA
Idet den korte vinterdagen skumrar, ror
vi inn på hamna i Røvær. Her er ein skog av
små og større mastrer. Langs stranda ligg
båtane tett i tett. Dei større ligg for dregg,
dei mindre er dregne opp i fjøra.
I dagane som følgjer, blir sildeværet der
ute støtt fullare av fiskebåtar og av føringsog oppkjøpsfartøy, «alt skvulpende og plaskende og vuggende mellom hinannen i vete og
urolig graa sjø, saa tett at man mangesteds paa
havnen gikk over baater og fartøy som en bro».
Og kvar gong det letnar litt i disen frå
sydvestbygene, står alle holmar fulle av
folk, som ser etter sildesyner. Dei skodar
utover – blygrått hav, regngrå himmel,
blankskura utskjer. Alle ventar på silda.
SILDEÅR
OG SVARTÅR
Skildringa er henta frå romanen «Gaa paa»,
av Jonas Lie (R194). I boka manar forfattaren fram eit fascinerande bilete av den
årlege storhendinga på Sørvestlandet i
førre hundreår – vårsildfisket. Ved nyttårstid kvar vinter samla tusenvis av menneske
seg – for i nokre hektiske veker å hausta av
sildeberget som støytte under land.
På den tid handlinga i romanen utspela
seg, opplevde Sørvestlandet ein av dei
store sildebolkane. Men slik hadde det
ikkje alltid vore. Silda har støtt vore ein
uviss gjest. Kjeldene fortel om sildeår og
svartår – eller rettare sildebolkar og svartbolkar. I periodar på 60-70 år kunne silda
vera temmeleg årviss under kysten, for så
å koma radt bort. I ein mannsalder eller
så var havet svart. Så brått ein vinter synte
silda seg under kysten att, og då visste folk
at no gjekk dei ei rik tid i møte.
Vi kjenner fleire slike sildebolkar dei
siste hundreåra. Gjennom det meste av
1700-talet støytte silda årvisst under land
på Vestlandet. I 1784 var det slutt. I mange
år framover var silda borte frå kystane våre.
Men vinteren 1808 kom ho att. Dette var
i dei harde naudsåra under napoleonskrigane, og folk trudde at silda var send
av høgare makter.
VÅRSILDBOLKEN
1808-1870
Frå 1808 og fram til 1870 var den gytemogne vintersilda, eller vårsilda som dei sa,
årviss på Sørvestlandet. Særleg i mannsalderen kring 1850 var det eit rikt fiske.
Storparten av fangstane vart tekne i det
såkalla Søndre distrikt, eller Sørafeltet;
kyststrekningen i Ryfylke og Sunnhordland. I åra kring 1860 vart ein stadig større
SAND GULDGRUBE
del av vårsilda fanga i Nordre distrikt, eller
Norafeltet; frå Sognesjøen i sør til Stadlandet i nord.
For folk frå Hordalands-bygdene hadde
vårsildfisket på Sørafeltet mest å seia; «sørafiskje», som dei sa i Hardanger. Innsiget
skifte frå år til år. Stundom kom hovudtyngda sørpå, andre gonger lenger nord.
I dei rike sildeåra kring 1850 støytte silda
under land i byrjinga av januar, først ved
Kvitsøy-Skudenes. Deretter trekte sildetyngda opp langs kysten, forbi Røvær og
Haugesund, og vidare over Sletto og
Bømlafjorden til Espevær (R204). Då var
det gjerne gått 5-6 veker sidan førsteinnsiget ved Skudenes. Deretter seig silda
vidare nordover langs vestsida av Bømlo,
forbi Geitung, Hiskjo og Brandasund, der
fisket ebba ut i mars månad ein gong.
Mot slutten av 1850-åra tok dette mønsteret så smått til å endrast. Innsiget kom
seinare, samstundes som sildetyngda veksla
meir frå det eine året til det andre. Desse
tendensane vart meir tydelege utover i
1860-åra, samstundes som fleire nye og
urovekkjande teikn kom til syne. Den
gamle redsla tok til å gripa fiskarane. Var
vårsilda i ferd med å forsvinna?
Det gjekk som folk frykta. I 1870 slo det
eigentlege vårsildfisket feil. Fangstane vart
ytterlegare reduserte utover i 1870-åra.
Botnen var nådd i 1874, med berre 3 000
tønner, mot 600 000 tønner i rekordåret
1868. Vårsildfisket på Sørafeltet var forbi.
Suggevågen, Røvær 1909. Når så mange fiskarar var samla, vart det trongt om plassen.
Folk låg «flolagde» på golvet i losjihusa. «Vi lå i halm på gulvet, 25 mann på et rum (4x5m),
så tettpakket at det var vanskelig å få opp døren. Luften ble deretter. I stille vær hendte det at
det var umulig å få tendt lampen om morgenen før døren kom opp.» (Johs.Tvedt 1899).
101
EN
SAND GULDGRUBE
ARBEIDSVANDRING
Det rike og stabile sørafisket skapte
grunnlag for ei omfattande arbeidsvandring eller sesongpendling. Ved nyttårstider
kvart år drog tusenvis av karfolk til havs.
Det gjekk mest som eit folkesig ned dalane
og ut fjordane, til fiskefelta ved havkanten.
Liksom sildeinnsiget kunne variera frå år
til år, slik skifte også folkestraumen frå det
eine året til det andre. Berre dei færraste
følgde silda langs heile kyststrekningen.
Somme, særleg folk frå Rogaland og lenger sør, kunne møta silda ved Skudenes
og Utsira og følgja etter opp mot Bokn
KULTURHISTORISK VEGBOK. TEMA
«EN GULDGRUBE FOR
NATIONEN»
I femårsmeldinga 1831-35 skriv amtmannen i Søndre Bergenhus at vårsilda er
blitt ei sann rikdomskjelde for amtet (fylket).
«Mangfoldige mennesker er blevne beskjeftigede,
ei alene ved at fange og salte silden, men tillige
ved at bygge, dels til eget brug og dels til salg,
større og mindre fartøier til fiskeriets drift; ved
at forfærdige staver og baand til tønder, kastetoug, garn og andre fiskeredskaber, samt ved at
føre den fangede sild til Bergen og Stavanger,
samt til de indre dele av amtet til forhandling».
Vårsildfisket fekk enno meir å seia ut-
Landnotfiske ved Tælavåg i Sund slik Losting har gjeve det att i eit fargelagt litografi frå 1840-åra.
102
og Karmsundet. Andre, særleg folk frå
hordalandsbygdene, møtte opp i Røvær
og var med framom Espevær til Brandasund (R208) eller lenger nord. Dei mest
profesjonelle kunne følgja silda like frå ho
støytte under land i januar, til ho stakk til
havs att, 8-10 veker seinare.
Vi veit ikkje sikkert kor mange som
deltok i sørafisket i dei rike åra kring
1850. Fyrdirektør Arntzen, som overvaka
fisket i 1849, meiner at det alt i alt må ha
vore 40 000 menneske som jaga etter silda
den vinteren; fiskarar, ganarar, saltarar og
mannskap på sildeførande fartøy.
Mangt eit bygdelag, både i Rogaland og
i Hordaland og vidare med, var som tømde
for karfolk vintermånadene. Frå Hardanger heiter det at folk tykte det mest var
ei skam om ein helsig, arbeidsfør mann
gav seg til heime i fisketida. Det var som
han fekk eit mindremannsmerke på seg.
over i 1840- og 50-åra. Fangstane kunne
koma opp i 5-600 000 tønner sild i året,
og aktiviteten gav rom for mangfaldige
tusen arbeidsvillige hender, anten direkte i
fisket eller gjennom dei ulike ringverknadene fisket skapte. I tillegg kom sildeeksporten. Utover på 1800-talet vart ein
stadig større del av fangstane salta og eksportert, hovudsakleg til austersjølanda, og
sildeutførsla sysselsette ein omfattande
utanriksflåte. Vårsildfisket på Vestlandet var
i sanning «en guldgrube for nationen», som
det heiter i «Norges statistik» frå 1848.
ARBEIDSDELING
Det rike vårsildfisket kom på avgjerande
måte til å farga det vestnorske landskapet,
både økonomisk, sosialt og kulturelt. Vi
kan faktisk snakka om ein sildekultur, som
strekte seg frå dei ytste havskjera og like
opp mot Hardangervidda.
Bygdelaga tilpassa seg riksdomskjelda på
ulike måtar; gjennom fiske, gjennom bøkring og båtbygging, og gjennom sildeføring
og sildehandel. Med visse atterhald kan vi
seia at denne tredelinga svarar til dei ytre,
midtre og indre bygdene i fylket
Frå prestegjelda langs havkanten deltok
karfolka i hovudsak som fiskarar. I dei
midtre prestegjelda synest ringverknadene
å ha gjort seg sterkare gjeldande; bøkring
og bandasmiing, båtbygging og fartøybygging. Frå desse bygdene kom det også
mykje bork til barking av garn, nøter og
tauverk. I dei indre prestegjelda finn vi
Garnfiskarar i arbeid på fiskefeltet.
Spekkhoggarane, eller staurkvalen, følgde etter
sildeåta og var eit vanleg syn på feltet dei vintrane
det stod lite sild under land. Når staurkvalen
var sjeldnare å sjå, tok fiskarane det som eit
teikn på at silda snart ville venda tilbake.
Teikning frå 1880-åra av L. Haaland.
storparten av fartøyfolka; dei som dreiv
med sildeføring, sildesalting og sildehandel.
Røyndommen var sjølvsagt ikkje så
skjematisk som dette. Somme havfolk
dreiv sildesegling, og mang ein fjordbu
balte med garn eller not. I Strandebarm
fanst det både fiskarar, båtbyggjarar og
fraktekarar. Bråe overgangar let seg neppe
påvisa; tilpassingsformene overlappa kvarandre. Grovt sett gjev likevel denne tredelinga ein nøkkel til å forstå nokre
grunnleggjande utviklingstrekk i fylket
vårt ut gjennom førre hundreår.
I det følgjande skal vi sjå på nokre verknader av dei ulike tilpassingsformene.
EN
KULTURHISTORISK VEGBOK. TEMA
KYSTBYGDENE
Landskapet langs havkanten er som eit
grått rike, nake og karrig. Men stundom
kan blikket bli hengjande ved ei grøn
klove i alt det grå – mest som eit kvart å
kvila augo på. Kan henda opnar klova seg
til eit dalsøkk, med litt matjord og nokre
små gardsbruk – ein oase i den småkuperte steinørkenen. Du undrar deg
kanskje over at folk kunne slå seg til her
ute. Korleis fann dei levemåten?
Menneska i samtida tenkte neppe slik.
Mange må tvert om ha funne at havbygdene gav gode livsvilkår. Dei ytre bygdene
opplevde nemleg ein sterk folkevekst
utover på første halvpart av 1800-talet,
sterkare enn i fylket elles. Veksten hadde
nær samanheng med det blømande
vårsildfisket.
I havbygdene vart dei nye menneska i
mindre grad leidd ned i lågare sosiale lag,
slik tilfellet var i mange norske bygder utover på 1800-talet. Problemet med å finna
livsgrunnlag vart i større mon løyst
gjennom ei oppdeling av gardane.
Gjennom kombinasjonen jordbruk-fiske
fann dei nye menneska ei utkomme.
Desse utviklingstrekka hadde klåre
sosiale konsekvensar. Jordeigedomane,
som i eldre tid var det viktigaste grunnlaget for standskjensle og sosial status, vart
fordelte på mange hender. Fisket i seg
sjølv må også ha verka sosialt utjamnande;
fiskelukka kjenner ingen rangskilnad.
Liksom lendet ute ved havkanten er utan
dei store kontrastane, slik må også det
sosiale landskapet ha vore.
Denne utviklinga skapte spesifikke
kulturdrag. Typisk er den sterke lekmannsrørsla og dei mange bedehusa som voks
fram i det vestnorske kystbeltet utover på
1800-talet. Rørsla ville neppe hatt same
vekstvilkår i meir lagdelte samfunn. Kystbygdene var elles prega av mobilitet og
forandring, tilhøve som gjerne skaper kulturelle tomrom, og som dermed gjev
gode vilkår for åndelege rørsler (T141).
FJORDBYGDENE
Det grå riket ligg bak oss, og landskapet
vert gradvis mildare. Fjella held seg i bakgrunnen og gjev furuskogen høve til å
breia seg. Og her ligg nok grunnlaget for
måten desse bygdene tilpassa seg silderikdomen. Fisket skapte stor etterspurnad
etter tønner, båtar, fartøy – produkt som
kravde god tilgang på skog, særleg furuskog. Bandasmiding og tønnearbeid, båtbygging og fartøybygging er karakteristiske
drag ved næringsstrukturen i dei midtre
bygdene utover på 1800-talet (T89, T95.
Vårsildfisket og ringverknadene dette
skapte, gav grunnlag for ein monaleg
folkevekst også i dei midtre bygdene. Men
her fekk ikkje dei nye menneska del i
jorda i så sterk grad som i dei ytre bygdene.
Folkeauken vart i større mon leia inn i
lågare sosiale lag. I Strandebarm vart talet
på husmenn femdobla utover på første
halvpart av 1800-talet. Men dette er ikkje
så mykje det fattigslege småkårsfolket som
vi kan lesa om i bonderomanane. Det er
tvert om eit tiltaksrikt folkeferd – dei smir
band og arbeider tønner, dei byggjer båtar
og fartøy, dei dreg på vårsildfiske og på
langfart, både til Nord-Noreg og til
austersjølanda.
SAND GULDGRUBE
DEI INDRE BYGDENE
Fjorden blir trongare og liene brattare;
fjella luter seg meir framover. Her er ikkje
rom for skogbeltet mellom fjorden og
fjellet, slik vi såg det lenger ute. Somme
stader vert den grøne jordstripa langs
fjorden broten av hamralag og flogfjell,
som stengjer for all ferdsle.
Her er lite vyrke til båt- og fartøybygging. Derimot låg tilhøva godt til rette
for fraktefart. Fjorden er lang og ferdsla til
lands møtte mange stengsler. Det gjekk
eigentleg berre ein veg ut or desse bygdene – ut fjorden (og så til fjells, sjølvsagt).
Under sildefisket var det eit yrande liv på handelsstaden Engevikhavn i Fusa: sildesaltarar,
ganejenter, fraktekarar og oppkjøparar. Dette biletet er frå 1894 (R243).
Den hektiske aktiviteten som vårsildfisket og sjøfarten skapte, sette sitt preg på
menneska. Hans E. Kinck har gjeve ei
råkande skildring av mentaliteten i ei slik
vestlandsk fjordbygd. I barneåra budde
han i Setesdal – eit stykke levande mellomalder. I 1875, då Hans var ti år gammal, flytta Kinckfamilien til Strandebarm
(R377), der faren tok over som distriktslækjar. Kontrasten til Setesdal var slåande.
I Strandebarm møtte Kinck den moderne
røyndommen i ei utovervend vestlansk
fjordbygd. Her var ikkje bøndene berre
bønder, men sjømenn, fiskarar, båtbyggjarar. Møtet med Strandebarm var som å
bli riven ut or ein draum. «Folkets gløgghet
og sjøsalte rationalisme, tungerappheten, språkets
heftige rytme. Jeg var kommet fra balladens dal
til rationalismens hjemstavn – fra den indelukkede lumre mystik til dagklart levesett og
vilje. Alt virket som en kraftig lusing».
Kanskje slike naturgjevne særtrekk er med
på å forklåra kvifor fartøybruk tidleg fekk
så sterkt fotfeste i dei indre bygdene.
Då vårsildfisket tok seg opp i byrjinga
av førre hundreår, tilpassa folk i dei indre
bygdene seg snøgt fisket som fraktekarar.
Dei møtte opp i fiskeværa med høvelege
fartøy og førte sild til salteria. Somme
gjekk i leigefart for bykjøpmenn, andre
kjøpte opp fersksild og selde att til salteria.
Dei mest framtøkne kunne driva oppkjøp
og salting for eiga rekning. Jamvel eksporten kunne gå på eigen kjøl, til Riga,
Stettin og andre austersjøbyar. Returfrakta
var gjerne rug, som dei selde ut att i smått
i heimbygda. Slik kunne bygdeungom slå
seg opp til framtøkne og sjølvtrygge
handelsmenn, og ikkje sjeldan flytte dei til
den unge sildebyen; Haugesund.
Den omfattande fraktefarten drog
mykje klingande mynt til bygdene. Det er
103
EN
SAND GULDGRUBE
nok ikkje tilfeldig at dei første sparebankane kom i dei typiske fartøybygdene.
Observatørane i samtida synest også å
meina at velstanden jamt over var størst i
dei indre bygdene i fylket.
Dette materielle overskotet må ha hatt
klåre kulturelle konsekvensar. Det synest
som om dei indre fjordbygdene snøgt
greip det nye i tida. Nye reiskapar, nye
skikkar og nye veremåtar fekk først
fotfeste i dei indre bygdene, for sidan å
spreia seg utover fjordane. Men samstundes
hadde – og har – desse bygdene ein sterk
sans for den gamle kulturarven. Dei hadde
det økonomiske overskotet som er naudsynt for å utvikla slike haldningar.
NORDLANDSFARTEN
Då vårsilda tok til å svikta i 1860-åra,
rådde fartøybygdene i Hardanger og Sunnhordland over ein svær flåte, som dei sette
inn i fiskeria nordover kysten: storsildfisket, feitsildfisket, skreifisket i Lofoten og
vårtorskefisket i Finnmark. I åra fram mot
1880 skapte oppkjøpsturane til NordNoreg eventyrlege tider for desse bygdene. Det går soger om folk som makta å
betala ned eit nytt fartøy med ein nordlandstur.
Utover i 1880-åra tok Nord-Noregferdene til å gje tap. Mange fartøyeigarar
kom radt på knea og laut selja. Tapa heldt
fram utover i 1890-åra, og det gjekk
mykje godt ut med fraktefarten i Indre
Hardanger. Mange av jaktene vart selde
utover fjorden, m.a. til Jondal og Tysnes,
som i åra framover mot første verdskrig
dreiv ein omfattande nordlandsfart. I dei
104
«Ganepige» har fotografen kalla dette motivet
frå Espevær vinteren 1863. Ganejentene
hadde eit viktig arbeid under sildesaltinga.
KULTURHISTORISK VEGBOK. TEMA
gamle fartøybygdene vende folk seg
sterkare mot jorda. I Indre Hardanger vart
fruktdyrking det nye satsingsområdet.
I VÅR TID
Idet det nye hundreåret rann, kom silda
tilbake. I åra fram mot 1960 skulle Vestlandet på ny få oppleva ein rik sildebolk.
Men silda kom langtfrå til å spela same
rolle som i førre hundreår. Den nye sildebolken sysselsette stort sett berre folk i havbygdene, og i delar av dei midtre bygdene.
Vintersildbolken ca. 1900-1960 gjorde
visseleg sitt til at trekk ved det gamle
næringsmønsteret frå førre hundreår kom
til å halda seg langt opp mot vår tid. Men
i dag er biletet i sterk endring. Omskiftet
er størst i dei ytre bygdene. Den økonomiske ekspansjonen dei siste 10-15 åra har
hovudsakleg skjedd i desse tidlegare så
fattigslege kystbygdene. Den tradisjonelle
kystfiskaren er ein utdøyande rase. Olje,
havbruk og kommersielt fiske har teke
over og er i ferd med å omskapa desse
samfunna.
I dei midtre bygdene kan ein framleis
finna restar av den gamle nærings-
tilpassinga, men i nye former. I den vesle
bygda Boga i Fusa kommune utvikla bøkringa seg til småindustri, og framleis er det
fleire som driv dette. Men det er ikkje
sildetønner dei lagar lenger. No er det
pyntegjenstandar i form av småtønner:
åttringar og fjerdingar, eller impregnerte
stampar til hagebruk (R246).
I Os og i Strandebarm er det framleis
nokre som byggjer trebåtar. Men båtane
skal ikkje på fiske. Du møter dei helst på
vakre sommardagar, til dømes i Oslofjorden. Fjellstrand på Oma driv enno
med fartøybygging, men no i aluminium
og stål. Snøggbåtar og supplybåtar har
avløyst dei staselege jaktene og galeasane
som tidlegare vart bygde på fartøyvervar
langs heile Hardangerfjorden.
I dei indre bygdene er det ikkje mykje
som minner om den gamle sjøfarten og
sildekulturen. Tidene skifter. Desse bygdene, som i førre hundreår vart rekna for
dei mest velståande i fylket, ligg i dag i ei
slags økonomisk bakevje. GATT-forhandlingane legg ein dempar på fruktdyrkarane,
og dei smale jordstripene langs fjorden
synest det heller ikkje særleg framtid i.
Somme set si lit til Hardangerbru, andre
snakkar om gardsturisme og ei sterkare
utnytting av Hardangervidda.
Det er vanskeleg å spå om framtida, som
det heiter. Men at silda på nytt skal skapa
ein gullalder i desse bygdene – det er meir
enn tvilsamt.
❑
Sjøbua i Trellevik i Sund er full av utstyr og
gamle reiskapar. Ei tid høyrde denne store og
velbygde bua til handelsmannen i Glesvær.
«Havets sølv» er ein treffande karakteristikk av silda i dei åra ein kunne ausa or rikdomane
langs kysten. Mange fjellbønder kom ut til havet for å få del både i rikdomen og i den næringsrike føda. Biletet er frå storsildfisket ved Fedje i 1930-åra.