Vidsyn Detaljreguleringsplan mindre endring

«MOTTAKERNAVN»
«ADRESSE»
«POSTNR» «POSTSTED»
2009/1239-37 Hanne Heieraas Evju
21.04.2016
Melding om vedtak
Mindre endring for detaljreguleringsplan Vidsyn
Rådmannen si tilråding:
Planutvalet vedtek med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 mindre endring av
reguleringsføresegna i detaljreguleringsplan for Vidsyn i Midtregionen, 2010.
Saksprotokoll i Planutval - 18.04.2016
Behandling:
Saka vart drøfta
Vedtak:
Tilrådinga vart samrøystes vedteke
Fullstendig saksdokument vert lagt ut på kommunen si nettside:
www.bykle.kommune.no
Vedtaket kan påklagast til Bykle kommune. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen brevet kom
fram til påført adressat. Det er nok at klaga er postlagt innafor denne fristen.
Klaga skal sendast skriftleg til den som har gjort vedtaket. Oppgjev kva for eitt vedtak det vert klaga
på, gjerne med saksnummer, den eller dei endringar De ynskjer, og grunnen til at De meiner klaga må
takast til fylgje.
side 1 av 5
Med helsing
Bykle kommune
Hanne Heieraas Evju
Rådgjevar areal og plan
Brevet er elektronisk godkjent og sendast utan underskrift.
Vedlegg
1 Forslag til mindre endring av reguleringsplan for Vidsyn hyttefelt
2 AS Sætersdalen. Vedrørande Vidsyn, forslag til mindre endring av bestemmelsane til detaljplan.
Begrensa høyring.
3 Kommentar til reguleringsplan for Vidsyn hytteområde - mindre endring
4 Planendring - Vidsyn
5 Høgdeendring på tomt 62.
6 Revidert føresegn, mindre endring
7 Forslag til mindre endring, Vidsyn i Midtregionen
side 2 av 5
Arkiv:
Saksmappe:
Sakshands:
Dato:
200921
2009/1239-34
Hanne Heieraas Evju
07.04.2016
Saksframlegg
Bykle kommune
Mindre endring for detaljreguleringsplan Vidsyn
Rådmannen si tilråding:
Planutvalet vedtek med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 mindre endring av
reguleringsføresegna i detaljreguleringsplan for Vidsyn i Midtregionen, 2010.
Saksprotokoll i Planutval - 18.04.2016
Behandling:
Saka vart drøfta
Vedtak:
Tilrådinga vart samrøystes vedteke
SAKSUTGREIING
Bakgrunn for saka
Det har kome inn søknad om mindre endring av reguleringsplan for Vidsyn hytteområde, i
midtregionen frå Plankontoret Hallvard Homme på vegne av utbygger Olav Straume. Saka gjeld ein
endring av reguleringsføresegna, da det er ynskje om å opna opp for bruken av fleire typar panel slik
som villmarkspanell. Det ynskjast også ein endring i planeringshøgdar da fleire av disse var feil i
vedteken plan og endringar på veghøgde og fallforhold på kloakkleidningen gjør dagens planlagt
planeringshøgde vanskeleg.
Endringa ble først varsla juni 2013, men da også med eit ynskje om å få bygge hytter med 2 etasjar.
På grunn av negative merknader angåande ynskje om å få bygge hytter i 2 etasjar stoppet
planarbeidet opp. Desember 2015 fikk kommunen ny søknad da utan forslag om å byggje hytter i 2
etasjar. Uttalen frå fylkesmannen i Aust-Agder frå 2013 hadde ingen negative merknader til de nå
omsøkte endringane. Tomteeigarane i planområdet ble derimot bedt om å varslas på nytt i desember
2015, med frist for innspel 20. februar 2016. Ved fristen for innspel kom det 4 merknader frå
tomteeigarar, 3 av innspela gikk på at de akseptera endringane og 1 som ikkje ønsket at den eine
tomta skulle få høgare planeringshøgde enn maks 0,5 m. Tomteeigar og utbyggar har nå kome til
einigheit på kotehøgde på tomt 62 og 63.
Innspel frå
Aust-Agder Fylkeskommune
Innspel
Ingen vesentlig merknader,
men anbefaler kommunen å
nøye vurdere hvilken tomter
som skal kunne bygges med to
Kommentar
Tas til orientering, det er ikkje
lengre aktuelt å byggje hytter i
to plan.
side 3 av 5
Fylkesmannen i Aust-Agder
Bjørgulf Nesland
plan.
Kan ikkje sjå at endringane av
type panell og planeringshøgde
har vesentleg negative
konsekvensar.
Miljøvernavdelinga finn det
problematisk å forandre til å
kunne byggje hytter i 2 plan
som ein mindre plan endring.
Ønsker at sin tomt skal inngå i
forslaget om å kunne bygge
hytte i 2 plan. Har forøvrig
ingen merknader til nevnte
forslag.
Tas til orientering, det er ikkje
lengre aktuelt å byggje hytter i
to plan.
Det er ikkje lengre aktuelt å
byggje hytter i to plan.
Formelt grunnlag
Plan- og bygningslova § 12 – 14
Delegasjonsreglementet pkt 44 vedr § 12 – 14 der handsaming av små og mindre endringar er
delegert til planutvalet.
Detaljreguleringsplan for Vidsyn, 24.03.2010.
Vurderingar og konsekvensar
Rådmannen ser ikkje at å opne for andre typar panel vil virke negativt på byggeskikken i området eller
ha vesentlege verkingar på planens intensjonar, og meiner derfor at endringa kan gjøras som ein
mindre endring av plan. Fellesføresegn punkt p) blir derfor foreslått forandre til: «Glas med sprosser
skal ha utvendige eller gjennomgåande sprosser og ståande ruteinndeling. All kledning skal vere
trepanel, så som løekledning, stavkledning, spilekledning (3"), naturstein med dagsida ut, laft,
tømmermannspanel og flaskeskore panel (villmarkspanel).»
Endringar av planeringshøgde på enkelte av tomtene er nødvendig da enkelte av kotehøgda ble feil i
planarbeidet og planeringshøgde av veg ikkje ble slik som planlagt. Rådmannens vurdering er at
endringa medfører ein betre tilpassings til terreng og veg, og ikkje vil ha negative konsekvensar for
intensjonen i planen. Det føreligger ikkje innvendingar frå myndigheter eller aktuelle partar på disse
endringane i planen, rådmannen vurdere derfor at endringa kan tas som ein mindre endring av plan.
Foreslått endring av utnyttingstabell, ligg som vedlegg 2 til saka.
Konsekvensar for folkehelse
Ingen konsekvensar for folkehelse.
Bykle, 14.04.16
Tallak Hoslemo
Rådmann
Vedlegg
1 Forslag til mindre endring, Vidsyn i Midtregionen
2 Revidert føresegn, mindre endring
3 VS: høydeendring på tomt 62.
4 Planendring - Vidsyn
4 Kommentar til reguleringsplan for Vidsyn hytteområde - mindre endring
5 AS Sætersdalen. Vedrørande Vidsyn, forslag til mindre endring av bestemmelsane til
detaljplan. Begrensa høyring.
7 Forslag til mindre endring av reguleringsplan for Vidsyn hyttefelt
side 4 av 5
Melding om vedtak sendast:
Partar i saka
side 5 av 5