Referat fra møte i Studentparlamentet 28. oktober 2015 Tid 17:02 17:03 17:06 17:15 17:30 19:00 19:30 19:55 20:35 20:55 Sak 28/15 29/15 30/15 31/15 32/15 33/15 34/15 35/15 Val av møteleiar og referent Opprop og utdeling av stemmeskilt Godkjenning av referat, innkalling og saksliste Oppretting av fagleg komite Struktursaken Pause Kvalitet i utdanning Resolusjon om solidaritet Orienteringar Ymse Stemmeberettiga (11 var kravet ). Litt ut i møtet var 11 av 17 stemmeberettiga til stades. Medlemmer av Studentparlamentet til stede: Ingrid Moe Albrigtsen, Sverre Enitch, Arlene Henneli, Knut Almås Anfinset, Henrik Halleraker, Siri Engen Skau, Markus Thorstensen, Marianne Caspari, Felix Sieling, Mats Jahn, Adrian Stinessen Haugen. Totalt 11 stemmeberettiga medlemmer til stades til slutt. Adrian Stinessen Haugen var vara for Jon Martin Bjørkedal. Kontrollkomité: Vetle Iversen, Thor Andre Iversen Andre til stede: Ingrid Moe Albrigtsen (styreleiar), Mats Jahn (studentrådsleder ASF), Margit S. Fjellengen (studentrådsleder AIN Sogndal), Marius H.Salvesen (ALI), Kristoffer Presthaug (studentrådsleder AIN), Morten Tryti (SiSOF), Trine L. Rygg (HiSF styret) Magnus Brøste (HiSF styret) , Oda Myklebust (ordstyrer), Christian Vik (referent/organisasjonskonsulent), Jarle Aarvoll (ordførar Sogndal), Laura Kvamme (varaordførar), Randi Marie Sjøholt (administrerande direktør ved SiSOF) Rasmus Stokke (rektor ved HiSF).Sistnemnde gjester deltok til pausen, etter struktursaka var drøfta. Elin Seljeseth, Jon Martin Bjørkedal, Stine Venøy, Karoline Piro, m.fl hadde gitt beskjed om fråfall på førehand. Kort opning ved leiar som utfordra ordførar å sei nokon ord. Han understreka at ting har endra seg her i Sogndal, tidlegare var ein ikkje lyd høyr for endringsforslag frå HiSF og studentane i Sogndal, men no har ein endra synspunkt på dette området. Dei er lydhøyre for forslag og er opptekne av studentane og det dei meiner. Dette betyr forøvrig ikkje at vi hoppar dersom studentane seier hopp. Han ynskte godt møte. 28/15 Val av møteleiar og referent Forslag til vedtak: Til referent var det gjort forslag om Christian Vik. Til møteleder var det gjort forslag om Oda Myklebust. Handsaming: Studentparlamentet godkjenner forslag til referent. Studentparlamentet godkjenner forslag til møteleder. 29/15 Opprop og utdeling av stemmeskilt For at Studentparlamentet skal være stemmeberettiga må 2/3 av medlemmane være tilstade. Det vil seie 11 av 17 må vere tilstade for å vere vedtaksdyktige jf. § 5.7 i vedtektene. Dei stemmeberettiga fekk utdelt raude stemmeskilt og tosidig skilt innlegg(gult), replikk (blått). 11 personar var til stades og StP var vedtaksdyktige. 30/15 Godkjenning av referat, innkalling og saksliste Kommentarar. Leiar innleia med at vi har sendt ut sakspapira for seint (4 dagar for seint). Det har gått fort i svingane når det gjeld framsida på innkallinga. Leiar føreslo at det vert gjeve fullmakt til å styre tida etter pausen. Det vart nikka. Leiar poengtert feil under saka om struktur. Det er oppsett feil dato frå vår side, det rette er at dei (HiSF styret) tek stilling til saka i januar, men skal diskutere ho i desember. Referatet vart godkjent. Forslaget vart godkjend ved akklamasjon. Godkjenning av referat fra møte 01.10.15. Godkjenning av innkalling til møte 25.10.15 Godkjenning av saksliste til møte 28.10.15. Forslag til vedtak: Studentparlamentet godkjenner referat, innkalling og saksliste trass kommentarar. 31/15 Oppretting av fagleg komite 4 personar er har sagt seg interessert, i tillegg til ei som var litt usikker. Navna vart lesne opp. Vi har kontakta dei som har vist interesse, men dei har ikkje fulgt opp, og ingen av dei har møtt her idag. Forslag til vedtak: Forslag om å utsetje saka til neste parlamentsmøte. (utsett sak 31/15). Handsaming: Dette vart godkjend ved akklamasjon. 32/15 Struktursaka Saksinnleiing: Viktig å ha bakhovudet kva denne saka kan munne ut i. Vi blir på nytt å mobilisere etter jul. Vi har ny leiing og ny styre og nytt parlament, og dei vil at vi på nytt skal ta det opp i parlamentet. Her skal vi sjå føre oss eit scenario, og drømme, og frykte kva som kan skje i denne saka. Leiar kjem til å sende avgårde nokre «brannfaklar» iløpet av diskusjonene for og imot fusjon før avstemming. Mål å prøve å sjå alle scenario og frå fleire sider. Kort historikk: Leiar tok ein gjennomgong på historien med å slå saman skular i Noreg, og ved HiSF. - Gammel lovendring frå 90 - 94 fusjonerte distriktshøgskulen. - Gjekk Norge frå ca 100 til 30 institusjonar. - SAK, målet var å drive med samarbeid,arbeidsdeling, konsentrasjon. - UH nett vest. Sett av pott til inf av SAK. Raudgrøn regjering. - Blå regj. 7 punkt, slik vil vi gjere. Ein elles så treig sektor skulle bevege på på. - SAKS - St meld 18. og fram til no er de orientert om, denne finn de om i sakspapira. - ulikskap mellom universitet og høgskular. Profesjonsdeling. To ulike oppdrag. Med lovendring vart ein likestilte. Skal no drive like mykje med disiplinfag og forskningsfag. - Det kom i fjor 3 brev frå KD om kven vi vil slå oss i hop med, sjå korleis dei er i eit større bilde. - Høgskulen driv med to ting, forsking og utdanning. Vi gjer det godt på utdanning, men ikkje så godt på forsking. Vi har mange utdanningar, og dermed kanskje ingen naturleg samarbeidpartnarar. - UIB må med på laget, er freda av KD og er ikkje med på leiken. Det var påstått at utan eit UIB Kan vi ikkje bli betre på forsking. No kjem det eg vil de skal ta stilling til, kva utvikling får bygda her slags konsekvensar. Tenk mitt studie, kjem det til å få noko ut av ei eventuell samanslåing, korleis vert det med mitt HISF, korleis på verkar det mitt Sogn og Fjordane, korleis på verkar det mitt Norge, korleis blir bildet dersom du også tenkjer internasjonalt. Tenk også i større samanheng. Sverre Enitch heldt innlegg: Mitt personlege standpunkt uavhengig av avdeling. Kunnskapsminister Isaksen verkar ha ambisjonar og verkar vere ein som ynskjer å setje spor etter seg. Be om å få innlegget i ettertid. (skriftleg frå Sverre som han laga til). Mistar lokal partnar, som truleg har sete i Bergen. Vi vil mest truleg få svekka vår eiga påverknadskraft i eiga bygd. - - større spekter av valfag. Kan ta eit valfag på dei ulike institusjonane. Meir / betre om praksis? Betre og meir digitale verktøy i bruk, digital undervisning fleire stader å velje mellom ift praksis. Kan hende det er større mulegheiter. Her er mykje synsing. Det kan opne seg mulegheiter, men det kan og hende at det som skjer er at det vert større konkurranse om plassane, sjølv om det vert fleire. Alle usikkerheitsmomenta florerar. Vi veit kva vi har, men ikkje kva vi får. Ber om tålmodigheit i saka. Kanskje vi bør vente på evalueringane frå dei andre, og hauste av erfaringar frå dei andre fusjonane. For å sjå kva som fungerar, og kva som ikkje fungerar. Vi må vel skunde oss, men vi kan skunde oss langsomt. Sverre: Refererar til Fusjon Vest frå sakspapira. Skremt over mangel på kritikk, og ift kva konsekvensar dette får. Siterte fordelar frå sitatet. HIB har vore gjennom ein omstillingsprosess, og ynskjer ikkje at studentane skal føle det går utover dei. Ansette muleg prosjektkoordinator. Er dette å starte i feil ende, arrogant å ta til hausten 2015. Vi må ingenting, særskilt ikkje når eit anna parlament har teke på seg fusjonsbrillene.Kan hende vi vert tapande ift at det vil bli lagt føringar for oss. Heng vi ikkje med må vi henge etter. Lage dokument ift kva grunnlag vi har for å kunne fusjonere, ikkje korleis vi skal fusjonere. - Mindre studentdeltakring ift campus. HSH var ikkje eingong med i diskusjonane sist gong. Det verkar uforståande at ikkje Volda er med i diskusjonen. 29.okt ift kva som kom fram av møtet med Volda i går 28.okt. Eg slit med å stemme over dette før vi veit om resultat frå møtet etter imorgon. Stord/Haugesund har truleg innsett at dei er nøydd til å fusjonere. Dei er ca like stor som oss, og at maktforholdet kjem til å bli meir likt viss vi vert med og, enn viss det vert ein stor og ein liten. Leiar informerte om SiSOF. Det å fisjonere ein del samskipnaden i Bergen ut, for å bli med oss i SiSOF har erfaringsmessig vist seg umogeleg (Universitet Nord, her skjedde ikkje dette). Mor til leiar jobbar for studentsamskipnaden ved Universitetet i Tromsø. Samskipnaden må gjere nøyaktig det høgskulen skal gjere. Det går ikkje an å fusjonere utan at dei føl etter. Styreleiar frå SiSOF (Randi Marie Sjøholt) uttalar seg om saka: SiSOF førebur seg på fusjon, eller ikkje fusjon. SiSOF lyt følgje fusjon dersom det vert aktuelt. Dersom fusjon med HIB, vert vi saman med Studentsamskipnaden i Bergen(SIB), dersom HSH vert vi saman med dei to i Studentsamskipnaden i Bergen. Kommentert at mange små bedrifter er redde for å gå inn i eit stort konsern. Men dei lev vidare i den nye organiseringa. Spm til adm dir i SiSOF: er Førde og Stord Haugesund pressområder? Bergen er og Stavanger er. Volda er ikkje. Det er myndigheitene som avgjer, og det er interessant å sjå kva dei ulike får av tilførsel av studentboligar. Fjordbok: Eigd av SiSOF. I Bergen er det privat dreve og eit overskot vil gå til butikken Akademika, i stadenfor til m.a studentvelferd slik det gjer her i Sogn og Fjordane. - - - - - Fordelar ift førstestillingar , forsking og publisering dersom vi fusjonerarar. Dette ynskjer regjeringa vi skal bli betre på. Her ser ein fordelar. Det at vi må konkurrere om midlar kan vere bra, for me gjer det bra. Me har eit godt grunnlag for å gjere det betre. Vi er litt lite robust. Dersom noko kan skje, kan me støtte oss på dei vi slår oss saman med. Fleire om det, linjeforeiningar. Ei samanslåing for økonomar vil få eit anna samarbeid med dei i Bergen. Ei eldre og meir erfarenlinjeforeining i Bergen som er positiv og kan gagne studentane, er noko vi kan dra fordelar av. Primært oppteken av å hauste erfaringar/meiningar for å slå saman. Dersom ein skal studere ein stad, reiser ein til der fagmiljøet er størst. Det vil ifølgje KD vere ein konsekvens også her. Nye undervisarar og undervisningsformer ved fusjon. Dersom ein ser på faktatal frå NOKUT klarar HiSF særdeles bra (sett vekk ifrå dei 12 punkta til KD). Trakk frå gjennomføring, rekruttering dei seinare åra, gjenf bachelro, kostnad stud per år godt ut, uib har ein kostnad som er dobbel ift student per studiepoeng, vi forskar tross profesjonsutd (impionereande), utviklar forskningskunnskap (ligg høgare enn andre når det gjeld dette), god fagleg oppfølgjing (side 9 av 11), god individuell oppfølgjing, alt i alt fornøgd 4,3 mot 4 som er snittet, vi har nøgde studentar. Ift publisering går tala opp og ned frå år til år. Her kan ein påverke tala. Meir fokus på desse tinga, og på internasjonalisering kan truleg dragast opp dersom ein fokuserar meir på det. Samanlikning om tal i Sogndal og andre stader kan hende kan føre til postiv vekselverknad mellom dei som sler seg i hop. Det er veldig einsidig framstilling frå KD; derfor har eg argumetert slik eg har gjort. Eg skjønar ikkje korleis dei kan bli betre av å bli større, når dei som allereie er store, også får ein del dårlegare utteljing enn oss. Vi er dårleg på ein del ting. Publisering, førstestilling, storleik på doktorgrad, lærarutdanning som skal bli master (ein joker vi har), Handlingsplan og Forsking og utviklingsplan, det kjem til å ta år. HiSF satsar på å nå måla. Det har vore uttala frå fagtilsette, i stadenfor å bruke tid på fusjon , vil dei nytte den til forsking med meir. Det verkar som at ting er betinga av fusjon (linjeforeiningar/samarbeid), men eg kjenner til mellom anna i danmark, at ein kan samarbeide på tvers av landegrensene og få publikasjonspoeng utan å slå saman. Det vil bli meir naturleg, sjølv om ein ikkje er samanslegen. Men det er ikkje naudsynt. Vegen blir truleg kortare for å samarbeide, om ikkje det er umuleg ved å ikkje fusjonere. Det verkar som det lønnar seg å samarbeide med utanlandske institusjonar. Så ein treng ikkje fusjonere. Dei vi har mest sampublisering med i dag, er utan tvil idrettshøgskulen og skular på austlandet. Vi er litt redde for å slå oss saman. Eg trur det handlar om å vere pretenkande, vi har ei lærarutdanning, og dersom vi skal vere ein god høgskule, må vi også ta konskvensen av dette. Utfordringa med samarbeid, når andre er opptekene med fusjon, korleis vert det då for oss når vi bankar på døra med samarbeid om undervisning/gjesteforelesning, mens når det gjeld forsking kan ein samarbeid på tvers. Kommentar ift forsking atleiar sine argument fell. Fusjon tek tid, vi veit ikkje kor lang tid det tek. Leiar presenterte ideen om å samle alle dei tillitsvalde til allmøte saman med studentråda. Ho la fram prosess og spørsmåla som er stilt dei tillitsvalde i klassane. Summerte opp antal svar. 129 vara og tillitsvalde. Eg har ikkje oversikt over om det er berre tillitsvalde som har svarar, eller om vara også kan ha svara. Truleg har vara også svara. Sjå sakspapir for spørsmålsformulering: 50 ja spm 1 55 ja spm 2 50 spm 3 50 mot spm 4 Det vart laga ein film på 6,5 min for å få studentar til å fokusere på, og ta stilling til denne saka. Det kom noko kritikk på at den ikkje objektivt lagt fram, men det var for å vekkje eit engasjement og få folk til å ta stilling til fusjonsspørsmålet. Leiar har ikkje informert om at det er ein worst case scenario film, og har ikkje hatt det som ein intensjon. Den er i ettertid ikkje særskilt objektiv. Men den teiknar ikkje noko objektivt bilde, det er ei krevjande øving å lage ein film med å komprimere denne infoen på så kort tid. Men det vart ikkje teikna noko positivt bilde av fusjon. Resultatet er at meir enn 1058 stud (28 , 5 prosent har gitt si stemme) og ca 40 prosent av campusstudentane har stemt. 49 av 76 tillitsvalde har stemt, utgjer 53,9 av alle klassane. 41 har stemt imot, 4 klassar er for, og nokre få stemde blankt. Det kom spørsmål til dei to representantane som sitt i høgskulestyre. StP ynskte å høyre kva dei meinte. Det spesielle er at vi ikkje veit kva som vert.Vi ynskjer å høyre kva de i StP meiner. Dette skiller denne prosessen vår frå andre prosesser. Eg har sett på styre til NTNU, og no set det ein frå kvar høgskule i storstyret deira. Det er spennande å vere her og høyre kva de meiner. Leiar ytra 3 bekymringar ho har: - bekymra for den reelle påverknadskrafta pga geografi, her er ordførar og rektor i dag, og vegen er kort. Hadde alle meldt flytting kunne vi kuppa kommunestyret/huset. - Korleis er det om å slå seg i hop, får vi automatisk fusjonsfordelar fordi om vi endrar tittel. Ulike system som ein skal lære. Tida til fusjon: eg er redd det går ut over studentane, og at tid vil gå med og på bekostning av studentane. Dessutan kjem det til å gå tid før dette går seg til, 5 år? StP vart utfordra på å tenkje langt fram i tid. Det vi får i dag, kan hende ungane våre får det betre i framtida. Vi må tillate oss å ha det litt betre enn i dag. Leiar: skal vi ta støyten for at lillesøstra dykkar skal få topp undervisning her i Sogndal. Treng det bety noko for arbeidslivet vårt. Kor mykje vil dette gå ut over dei tilsette: det vil mest truleg gå mest utover administrasjon. Det er truleg dei som kjem til å bruke mest tid på omstillinga. Vår utdanning her i dag er god, og skal den bli betre, kan hende ein skal ta nokre få år i større samanheng for å bli betre. Det vert ein svekka generasjon som går ut med dårlegare utdanning kan hende, og påverkar samfunnet framover. Vi veit ikkje om det vert betre seinare. Bra at nokre innteke Norgesperspektivet, om korleis dette vil gå i framtida. Tenk på alle datasystema alle dei fagtilsette opererar kvar dag i dag, og alt det nye dei skal setje seg inn i. Eg trur administrasjonen vil bli skalert ned. Det står for lite om desse tre og kvifor dei skal fusjonere (HiSF, HSH, HIB). Meinar det handlar om ideologi snarare enn rein fakta. Handsaming: Det vert votering for eller imot fusjon Votering: Studentparlamentet vedtek at dei er imot fusjon, 9 stemmer mot, kontra 2 stemmer for. 19:00 Pause 33/15 Kvalitet i utdanninga Leiar la fram ein definisjon på kvalitet. Det er sett på som ei subjektiv oppfatning. Det er ikkje sikkert vi er einige med kva andre meiner er kvalitet. Kva er viktig ift kvalitet? Diskusjonen skal munne ut i kva vi legg i omgrepet kvalitet i utdanninga. Vi har bedt om innlegg til kvalitet her ikveld. Spørsmåla skal vere til hjelp. Det kom forøvrig fram at ikkje alle var godt budde. Nytta mykje tid ift førebuing rundt struktursaka. Leiar seier at det styret lagar til ei skriv på bakgrunn av innspel skal igjennom opp til votering i eit møte. Arbeidsforma vart sett til innspelsrunde rundt bordet, og alle skulle sei kva dei meiner er kvalitet ut i frå ulike stikkord. Har ein ikkje noko nytt eller det ein hadde tenkt å seie er sagt, melder ein pass. Her er lov å ha drøymescenario. Det kom nokre konkrete innspel til kvalitet i møtet som leiar tek med seg vidare. Handsaming: Det vert stemt over om styret kan nytte punkta til å utarbeide ein uttale om kva kvalitet i utdanninga er. Vedtak: Studentparlamentet vedtok einstemmig at StP kan nytte punkta som kom fram i møtet som grunnlag for å lage eit dokument om kva studentar ved HiSF legg i kvalitet i utdanninga. 34/15 Resolusjon om solidaritet Målet med resolusjonen er at vi ynskjer å skape haldningsendring her heime. Sjølv om vi er ei fattig gruppe, ynskjer vi likevel «å bidra med det lille vi har/kan». Styret har gjort ei undersøkjing om humanitære organisasjonar kva som hjelp mest. Mats presenterte resultata av kontakte med organisasjonane. Han har kontakta 4 organisasjonar (Redd Barna, Røde Kors, Flyktningehjelpa Leger utan grenser). Har bedt dei om å liste opp det viktigaste. Dersom vi skal votere over korleis vi skal bruke pengane og vi har ein student som har reist nedover og vore på Lesbos. Vi ynskjer at ho skal vere med i lista over dei vi kan gje til. Forslag frå møteleiing om å votere over kven me skal gje det til, og at styret får mandat til å gjere ei vurdering og ta ei avgjersle. Det kom eit spørsmål om bidraget og resolusjonen vil gjelde i 2015 eller i fleire år framover. Leiar og styret tek dette med vidare. Men det er lagt fram forslag kun for inneverande år. Forslag til vedtak: Forslag om å stemme over ein resolusjon om solidaritet Handsaming: Einstemming vedtak for resolusjon om solidaritet StP stemte også for at styret vert gjeve fullmakt til kven som skal motta og korleis det vil bli gjort. 35/15 Rapport frå styret Leiar tok ein gjennomgong av dokumentet (sjå sakspapir). Jonas og Marianne var på Høstkonferanse. Auksjon for å setje fokus på studentøkonomi. At ein sel studentmiljøet, SiSOF, Studenthuset og liknande. Det vil bli jobba med å finne ein/ei av dei tilsette til å vere auksjonarius. Arrangementet vil vere byrjinga av desember. Det vart opna for spørsmål. Forslag til vedtak: Handsaming: Det er ikkje handsaming i orienteringssaker. Info av SiSOF v/Morten Andre Tryti – presenterte seg sjølv. - Stor pågong i haust av studenthenvendelsar, det har teke seg opp, mange henvendelsar. Frisklivssentralen – depresjonsmestringskurs no i januar, hadde tidleg i haust, og prøver på nytt i jan. Stor brannøving på studentheimen no i haust. Nedrehagen stor sak – kjem 150 hyblar, innflytning 1.august 2016. Ting går etter planen. Søkt om 40 nye i Førde, og vi har fått tid. Det skal bli totalt 50 einingar. Startar bygging 2016. Sandane – internat der, og dei vert lagt ut for sal. Vi eig ikkje nokon lokalar der lenger. Alt som er i regi av SiSOF går i pluss, men det går ei sak ift barnehagen for dei dekkjer ikkje underskotet. Pågår sak ift eigarar av Meieriet som omhandlar etterslep på vedlikehald. Spørsmål til SiSOF: Kven har ansvar for /stilling ift å forhandle prisar (øl). Eg ynskjer å vete kven det er så vi kan ta det opp. Studenthuset Meieriet: på litt sikt lyt ein ha eit nytt hus, men denne prosessen kjem til å ta lang tid. Slike saker tek langt tid. Førde: ståa ift psykososial støtte. Leiar informerte om at dei har ein studentrådgjevar i 20% stilling/under halv dag i veka. Så det finst, men noko lite. Vi treng meir enn ein for å ta unna henvendelsane. Vi er mange og treng fleire studentrådgjevarar. Representanten frå styret tek spørsmåla vidare, og bad samstundes om å få spørsmål tilsendt på førehand slik at ein kan møte førebudd til møta. StP såg seg oppdatert på rapport frå SiSOF. Rapport frå Høgskulestyremøtet v/ Magnus Brøste og Trine Ludvigsen Rygg: Det har ikkje vore nokon møter sidan sist (23.september). Vi ser at det er oppe mange andre saker enn fusjonsaken. De skal ha ros for å ta opp denne saka, no kan vi seie noko meir om kva studentane meiner. Dersom byggingeniørstudiet går igjennom i morgon vert 90 stp i Førde, og 90 stp i Bergen (undervisning via digitale verktøy frå Bergen), med hovudfokus på Førde (der er hovudvekta av studiet). Det einaste styret har gjort er å vere med på ei utgreiinig og har valgt å ta ei eiga utgreiing. Ingrid M. Albrigtsen, Wiggo Hustad og Terje Bjelle er med i følgegruppa (sjå sakspapira). Spørsmål om Volda. HiSF er i ein samarbeidsprosess med Volda (som samarbeider med og Lillehammer og Gjøvik). Dei er utanfor fusjonsdiskusjonar, og held på sjølvstende. Las opp kriteria og om risiko og sårbarheitsanalyse. Las ifrå sakspapira sitat frå tilleggsdokumenta. Samarbeidspartnarar UIS, UIB. Utgreiing er på mange måter for å få ein ryddig prosess, kva kan dei gje oss og kva kan vi gje dei. Tykkjer det er ryddig prosess, og ifølgje rektor vil eit vedtak første veka i februar føre til at ein tek avgjersle på om ein skal gå inn i fusjonsdiskusjon. Studentrepresentantane føler dei vert høyrt i høgskulestyret. Budsjettet ser bra ut. Administrativ prosent hjå dei fagtilsette frå 8 til 6 %. Vi veit ikkje korleis dette vert i praksis. Byggningsingeniør studiet vert i Førde, og det vil bli nytta forelesarar og bygg som ein allereie har. Tilrettelegging for (nytt) lokale er under planlegging. Snakk om 50 studentar i første omgong (25 + 25). Vert dei resterande linjene like store/større, for vi har ikkje nok plassar slik det er. Dei to tek det med i høgskulestyret ift plassen i høgskulestyret. Ift prosess, det er kort tid for å involvere dei på golvet (leiar). Stortinget avgjer alt – dersom dei går inn for tvangsfusjon (det har dei ikkje gjort), da spelar det ingen rolle kva vårt høgskulestyre avgjer. Nøkkelen hjå oss vil vere at leiarutdanninga må i mål det komande året. Utgreiinga er : dersom de fusjonerar – kva vil konsekvensane bli då? 36/15 Ymse Leiar ber om at vi kan utsetje neste parlamentsmøte vert utsett minst ei til to veker. Forslag til ny dato vart onsdag 25.november. Grunna seine avmeldingar og lågt oppmøte i dag, vart det fremja forslag om at tillitsvalde på avdelingane har tettare dialog slik at ein sikrar at det stiller representantar og vara så vi vert vedtaksdyktige i møta framover. Oppklaring om at der er to vara på kvar avdeling. Styret har eigne vara, såfremt dei kjem frå same avdeling.
© Copyright 2024