Konfirmantmanual (nn)

Undervisningstime for konfirmantar og ungdom.
Manual med rettleiing og forslag til aktivitetar.
FOTO: Paul JeffreyACT Alliance
FASTEAKSJONEN 2015
Dette heftet skal brukast i Kirkens Nødhjelps fasteaksjon i 2015. For å gjennomføre heile
opplegget treng du dette heftet samt DVD. Vi anbefaler også at du brukar PowerPointpresentasjonen som du finn på fasteaksjonen.no.
www.fasteaksjonen.no
Innhald
Kjære konfirmant- og ungdomsleiar 4
Rettleiing til bruk av heftet
5
Kalla til teneste
6
Klimavitne: Jhoana
7
Klimavitne: Dat
8
Klimavitne: Mwanaidi
9
Quiz om vatn, klima og faste
10
Vote with your feet- vatn
11
Fattigdom handlar om urettferd
12
Disposisjon til ein konfirmanttime 13-16
Klimavitne: Higino
17
Klimakampanjen 18
Changemaker19
Jakta på gullbilletten
20
Velsignelse for et brennende hjerte
21
Samling på aksjonsdagen
22
Rett bøsseberarutstyr
23
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 3
Kjære konfirmant- og ungdomsleiar
Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon er ein innarbeida
tradisjon i dei aller fleste norske kyrkjelydar. Kvar
vår er cirka 40 000 bøsseberarar med på denne store
dugnaden, som er den nest største dør-til-dør aksjonen
i Noreg etter TV-aksjonen. Konfirmantane er ryggrada i
denne aksjonen, men vi ser at stadig fleire kyrkjelydar
også engasjerer andre grupper og gjer det til heile
kyrkjelyden sin aksjon.
Vi i Kirkens Nødhjelp meiner at vi både må ta tak i
problema vi ser i verda, og samstundes gjere noko med
årsakene til uretten. Fasteaksjonen er eit flott høve til å
gjere begge deler:
• Ved å gå med bøsse og gje pengar kan vi bidra til
at fattige menneske får dei grunnleggjande rettane
sine oppfylt, og at dei får moglegheiter som vi i
Noreg tek for gitt.
• Ved å delta i vår klimakampanje, kan vi bidra til å
legge press på menneske med makt og ansvar,
og stille krav om at dei tek avgjerer som fremmer
fattige menneske sine rettar.
4 • Pedagogisk opplegg for konfirmantar
Pengane frå fasteaksjonen går til ulike delar av Kirkens
Nødhjelp sitt arbeid. I år vil vi spesielt trekke fram døme
frå katastrofearbeidet vårt i aksjonen. Mange av desse
katastrofane heng saman med klimaendringar. Gong på
gong ser vi at det er dei fattige som blir hardast ramma.
Det såg vi då tyfonen trefte Filippinane, då flaumen herja
i Vietnam eller når regnet ikkje kom og tørka ramma
Tanzania. Klimaendringane gjer at naturkatastrofar
rammar hyppigare. Mange menneske kjenner difor
klimaendringane på kroppen. Gjennom materiellet vil vi
i år bli kjend med nokre klimavitne som fortel si historie.
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon er eit høve til både å gjere
noko konkret for dei som er ramma av klimaendringane,
og til å legge press på politikarar slik at vi kan få ei
klimaavtale som tek omsyn til dei fattigaste. Vi håper
du vil vere med på dette arbeidet gjennom aksjonen i år.
Lykke til!
Rettleiing til bruk av heftet
Dette heftet har ein struktur som vi håper gjer det enkelt
for deg å presentere fasteaksjonen for konfirmantane.
Det finns mange måtar å legge opp ein konfirmanttime
på, men her er eit opplegg som forhåpentlegvis kan vere
til hjelp. Du kan følgje vår enkle oppskrift på ein time,
som blir presentert i midtsida av heftet, eller velje ut
element som passar ditt opplegg.
Materiellet vårt blir gjort tilgjengeleg på www.
fasteaksjonen.no. Der kan du laste ned ein powerpointpresentasjon som kan brukast til å sette konfirmantane
inn i tematikken, finne informasjon om korleis du
kan delta i den politiske kampanjen, og laste ned
mobiliseringsfilmen. I tillegg har vi mykje godt
tilleggsstoff som kan nyttast i ulike samanhengar, både
i konfirmantundervisninga og for andre samlingar i
fastetida.
Vi anbefaler at de spreier undervisninga over to samlingar.
Den fyrste samlinga gir dykk bakgrunnsinformasjon
om aksjonen, og set konfirmantane inn i tematikken.
Den andre samlinga kan vere ei kort samling på
aksjonsdagen, rett før de skal sende ut bøsseberarane.
Då er det viktig å gå gjennom praktisk informasjon og
motivere bøsseberarane til handling.
UNDERVISNING I FORKANT AV AKSJONSDAGEN
•
Powerpoint - bruk gjerne powerpointen som du
finn på fasteaksjonen.no når du skal fortelje om
årets aksjon. Her får du møte fleire klimavitne
frå ulike katastrofar, meir bakgrunn om
klimautfordringane og informasjon om Kirkens
Nødhjelp sitt arbeid.
•
Vis mobiliseringsfilmen- - denne finn du
på DVD-en, eller du kan laste den ned på
fasteaksjonen.no
•
Aktivitetar - bruk gjerne ein eller fleire av
aktivitetane i heftet som handlar om temaa vatn,
klima, faste og urett. Du kan bruke quizen vår,
”Vote with your feet” eller ”fattigdom handlar
om urett” som du finn på side 10-12.
•
Handling – bruk materiell frå dette heftet og
fasteaksjonen.no for å fortelje om at vi kan
omsette kunnskapen vår til handling.
1) Gå med bøsse.
2) Delta i den politiske kampanjen- sjå side 18
og les meir om korleis du kan delta i kampanjen
på fasteaksjonen.no frå 26. januar.
•
Andakt - Bruk gjerne andakten på side 16, eller
hent inspirasjon til din eigen.
KORT SAMLING PÅ AKSJONSDAGEN
•
Praktisk informasjon - gå gjennom praktisk
informasjon. Sjå side 22-23.
•
Bruk gjerne Jonna sin bøsseskule - du finn
den på DVD-en, eller du kan laste den ned på
fasteaksjonen.no
•
Fortel gjerne historiene til ein eller fleire av
klimavitna, for å engasjere bøsseberarane til
handling.
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 5
Kalla til teneste
”Vi takker deg, visdommens Gud, for ditt måltids dype
hemmelighet: At brødet vi har brutt, er ett, og at din
Sønn har gitt sitt liv for én verden og én menneskehet. Vi
ber deg: Hjelp oss å høre det rop du har hørt, se den nød
du har sett og å elske vår neste som oss selv. Amen.”
(Takkebønn for nattverden, brukast av Rødtvet menighet
i Oslo)
Som ein del av den verdsomspennande kyrkja møtes vi
til fellesskapet i nattverden. Vi deler brød og vin saman
med dei vi feirar gudsteneste med, og med dei som
feirar gudsteneste i kyrkjer over heile jorda. I 1 Kor 12
les vi at vi alle er ein del av Kristi kropp. Og når ein lem
lir, lir heile kroppen.
Gjennom samarbeidspartnarane til Kirkens Nødhjelp
i sør møter vi menneske som er ein del av den same
verdsomspennande kyrkja, men som har eit heilt
anna utgangspunkt enn det vi har her i Noreg. Vi
møter menneske som kjempar for å få oppfylt dei
grunnleggjande rettane sine, og som treng at vi står
saman med dei i kampen deira.
Jesus såg dei menneska som samfunnet ikkje ville sjå;
han stoppa, han lét seg gripe av den nøda som møtte han,
og han tok menneska på alvor. Han skapte forandring.
Han var likevel ikkje naiv. Sjølv om han møtte dei og gav
dei tilgjeving og oppreising, stilte han krav til dei når det
kom til vidare liv i verda og i fellesskapet. På den måten
møtte han dei som menneske med ressursar og med
verdigheit.
Denne måten å møte menneske på utfordrar også oss.
”Gjennom dåpen set Gud oss inn i si verdsvide kyrkje og
gir oss del i Jesu kall og oppdrag”, heiter det i ordninga
for dåp for Den norske kyrkja. Vi er tekne i mot, vi er sett
og stadfesta av Gud, og vi er fullverdige lemmer i Kristi
6 • Pedagogisk opplegg for konfirmantar
lekam og i Guds kyrkje på jorda, og dette utfordrar oss
til teneste.
Det utfordrar oss til å ta på alvor at medmenneska våre
i sør også er ein del av fellesskapet og ein del av Kristi
kropp – på lik linje med oss. Vi blir utfordra til å høyre
ropet frå dei som lir, sjå den nøda som kanskje er langt
vekke, og vi blir utfordra til å gjere noko med det. Vi blir
utfordra til å skape forandring.
Oppdraget som er gitt til Kirkens Nødhjelp frå norske
kyrkjer, er «å gjere Guds kjærleik til røyndom i verda
ved å fremje verdigheita til menneska og verne om
skaparverket». Gjennom fastetida går vi vegen mot
Golgata – vegen mot Jesu siste måltid saman med
disiplane sine. Og på denne vegen blir vi spesielt
utfordra til å høyre ropet frå sør.
Gjennom fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp blir vi
utfordra til å delta i ein dugnad for ei rettferdig verd.
Vi blir utfordra til å vere med å kjempe saman for at
fellesskapet rundt nattverdsbordet og i Guds rike blir
eit fellesskap der alle menneske kan blir møtt med
verdigheit uavhengig av kvar vi bur og lever. Gjennom
dette konfirmantopplegget ønskjer vi å gi nokre
reiskapar til at konfirmantane kan kjenne seg som
fullverdige delar av dette fellesskapet også med den
utfordringa som ligg i det. Vi ønskjer å leggje til rette for
at konfirmantane gjennom deltaking i klimakampanjen
og innsamlingsaksjonen kan bidra saman med resten
av kyrkjelyden i det oppdraget som vi står saman om
– norske kyrkjelydar og kyrkjene i resten av verda:
«Saman for ei rettferdig verd.»
Takk for at de er med!
KLIMAVITNE
Jhoana frå Filippinane
Jhoana frå Filippinane har fått merke klimaendringane
på kroppen. Då tyfonen Haiyan ramma Tacloban, jobba
ho som sjukepleiar på sjukehuset i sentrum.
FOTO: Anette Andresen/Kirkens Nødhjelp
Jhoana hadde kveldsvakt kvelden før tyfonen, og sov
på sjukehuset fordi ho skulle byrje på vakt igjen klokka
sju om morgonen. Ved femtida blei ho vekka av uvêret.
Då var det kraftig vind og eit valdsamt regnvêr ute. Ved
sjutida kom den fyrste bølgja. Dei vassa med vatn til
knea i fyrste etasje på sjukehuset, og byrja å evakuere
pasientar opp til andre etasje. Etter eitt kvarter var heile
fyrste etasje fylt med vatn. Og så gjekk straumen. Både
straumaggregata til sjukehuset, medisinsk utstyr og
maskiner blei øydelagt av sjøvatnet. Sjukehuset blei
stengd som følgje av tyfonen, og vil ikkje opne igjen før
om lang tid.
Jhoana fortel at stormen og tida etter har vore ei
prøving. Men livet må gå vidare. - Eg er lykkeleg for at
eg framleis lever, smiler ho.
I dag jobbar Jhoana for Kirkens Nødhjelp, i hygieneteamet. Ho reiser rundt i landsbyane og informerer om
viktige tiltak for å betre folk si helse. Ho trivst godt i
jobben.
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 7
KLIMAVITNE
Dat frå Vietnam
Dat er 16 år og bur i Hue i Vietnam. Då han var liten,
overlét foreldra han til eit tempel som også fungerar
som ein barneheim. Dat har vakse opp ved dette
tempelet.
- Når det er flaum, blir vi gutane ofte med for å bære
ting for folk. Vi drar og hentar elektroniske apparat
heime hos dei som bur lågast, og nokon treng hjelp til
å få med seg barna, seier Dat. Dat er overbevist om at
den aukande flomaktiviteten skuldast menneskeskapte
klimaendringar. Han har støtte i internasjonale
klimarapportar. I følgje dei er Vietnam ein av dei landa
som er aller mest utsett for klimaendringar. Dat har ei
klar oppmoding til rike land:
- Bilar, fabrikkar og trehogst er dei største årsakene til
klimaendringar. USA og Europa må kutte sine utslepp,
seier han.
8 • Pedagogisk opplegg for konfirmantar
FOTO:Pham Van Ty/Kirkens Nødhjelp
Området tempelet ligg i er svært utsett for flaum.
Dei seinare åra har flaumane vore kraftigare, slik at
flaumvatnet fyller hus og trugar risavlingar. I slike
situasjonar hjelper tempelet dei flaumutsette familiane.
Dat er ein av dei som bidreg:
KLIMAVITNE
Mwanaidi frå Tanzania
Mwanaidi (14) bur i Dar es Salaam, den største byen i
Tanzania. Ho er leiar for miljøgruppa på skulen, og dei
jobbar mellom anna med å lære folk å bruke andre,
meir klimavenlege energikjelder enn vedfyring.
Mwanaidi ser mange bevis på korleis klimaendringane
påverkar landet hennar.
- Klimaendringane er ein realitet – dei skjer faktisk. Eg
las i ei bok på skulen om korleis isen på Kilimanjaro
smeltar, islaget på toppen er mykje mindre no enn
i 2001. Sola er sterkare, vi ser meir tørke og fleire
flaumar. Her i Tanzania har fleire små øyer forsvunne
fordi havet stig, fortel Mwanaidi.
FOTO: Lucian Muntean/Kirkens Nødhjelp
Før det store klimatoppmøtet i New York i september,
deltok ho og mange av venene hennar i Peoples’ Climate
March, ein marsj som føregjekk samstundes over heile
verda. Her haldt Mwanaidi også ei tale, der ho oppmoda
til handling for å stoppe klimaendringane.
-­ Det er mogleg å redde jorda vår, men då må vi handle
no. Viss vi ikkje kjempar mot klimaendringane, er vi i
trøbbel alle saman.
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 9
AKTIVITET
Quiz om vatn, klima og faste
1. Kor mykje av vatnet som finns på jorda kan nyttast
til drikkevatn?
a)70%
b)40%
c)3%
2. Kor mange gonger meir betaler menneske som
lever i slummen for ein liter vatn, samanlikna med
rike menneske i same by?
a) 1-2 gonger
b) 5-10 gonger
c) 100 gonger
3. Kva er FNs tusenårsmål om reint drikkevatn?
a)
Syte for at alle som kan betale får tilgong til reint drikkevatn
b)
Dele ut vassflasker til heile verdas befolkning
c)
Halvere talet på menneske som ikkje har tilgong til reint drikkevatn
4. Mangel på vatn og sanitære fasilitetar tek kvart år
fleire liv enn det våpen i krig gjer.
a)Rett
b)Feil
5. Kva er dei vanlegaste naturkatastrofane forårsaka
av klimaendringar?
a)
Flaum og tørke
b)
Flo og fjære
c)
Oskeskyer og jordskjelv
6. Menneskeskapte klimaendringar er ein av dei
største utfordringane i vår tid, men konsekvensane av
klimaendringane vil folk kjenne på kroppen fyrst om
mange år.
a)
Rett. Klimaendringane vil ramme oss fyrst om mange år.
b)
Feil. Klimaendringane rammar allereie, og det er dei fattige som ofte rammast hardast.
7. Utslepp av klimagassar i atmosfæren fører til at
temperaturen på kloden stig. FN sitt klimapanel
seier vi må kutte drastisk i utsleppa for å hindre at
temperaturen stig endå meir. Kva for mål er satt for å
dempe den globale oppvarminga?
a) 2 grader
b) 3 grader
c) 4 grader
8. Kva for farge er symbol på fastetida?
a)Grøn
b)Blå
c)Lilla
9. Kor lenge varar fasta?
a)
Til du blir svolten
b)
40 dagar
c)
50 dagar
10. Kva er fasteaksjonen?
a)
Ein rask innsamlingsaksjon
b)
Ein rask slankekur
c)
Ein innsamlings- og informasjonsaksjon
Svar: 1 – C, 2 – B, 3 – C, 4 – A, 5 – A, 6 – B, 7 – A, 8 – C,
9 – B, 10 - C
10 • Pedagogisk opplegg for konfirmantar
AKTIVITET
«Vote with your feet»- vatn!
”Vote with your feet” er ein fin aktivitet å bruke for å
sette seg inn i eit tema. Denne handlar om vatn, og kan
nyttast for å illustrere uretten i at nokon har uavgrensa
tilgong på vatn, medan mange andre har for lite.
SLIK GJER DU DET:
Du leser opp dei ulike påstandane. Dei som trur
påstanden er rett, reiser seg. Dei som trur påstanden
er feil, blir sittande. Utfordre gjerne dei som trur
påstanden er feil til å fortelje kva dei meiner er rett svar
på spørsmålet.
PÅSTANDAR:
1. I løpet av ein dag brukar jenter og kvinner 200
millionar arbeidstimar på å hente vatn. Dette er
den same tida som det tar å byggje 8 Empire Statebygningar.
Feil: Tida det tar for verdas jenter og kvinner å hente
vatn dagleg, tilsvarar tida det tar å byggje 28 Empire
State-bygningar.
2. 443 millionar skuledagar går tapt i året på grunn av
vassrelaterte sjukdommar.
Rett: At barn blir ramma av vassrelaterte sjukdommar
som gjer at dei går glipp av skulen, er eit stort problem.
Ved å sikre reint vatn til menneske kan vi bidra til at dei
kan bruke tid på skule og utdanning i staden for.
3. Ein nordmann som tar ein 5 minutters dusj brukar
meir vatn enn det ein gjennomsnittsperson i eit
utviklingsland brukar på ein heil dag.
Rett: Ein dusj på 5 minutt brukar ca 30 liter vatn,
noko som er meir enn ein gjennomsnittsperson i eit
utviklingsland brukar på ein heil dag.
4. Kvar dag døyr 410 barn av diaré som følgje av dårleg
vatn.
Feil: Kvar dag døyr det 4100 barn av diaré som følgje av
dårleg vatn. Det er eit kjempeproblem, men talet kan bli
sterkt redusert om menneske får tilgong på reint vann!
5. 780 millionar menneske har ikkje tilgong på reint
vann.
Rett: Dette er urettferdig. Alle burde ha tilgong til reint
vatn, og det er vår oppgåve å bidra til at fleire får nettopp
det. Vi tar reint vatn som ei sjølvfølgje, men slik er det
ikkje for store delar av verdas befolkning.
6. Investering i vatn til menneske er ei stor utgift.
Feil: Investering i reint vatn skaper økonomisk vekst. I
gjennomsnitt gir 1 krone investert i vatn tilbake 8 kroner.
Mange stader er dette langt høgare.
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 11
AKTIVITET
Fattigdom handlar om urettferd
FØREMÅL:
Få ungdommane til å kjenne på urettferd og informere
om kvifor fattigdom er eit urettferdsproblem.
•
DU TRENG:
5 posar med godteri. Talet på godteriposar kan endrast,
berre det er deleleg på fem. Bruk gjerne ferdigposar
med til dømes Fox eller Non Stop, slik at det blir
nok til alle. Det bør helst vere ein smakebit til alle i
konfirmantgruppa når trikset er over!
•
SLIK GJER DU:
•
Start med ei innleiing som skaper ei forventning om
at alle skal få godteri, slik at kjensla av urettferd
blir endå større seinare. Du kan til dømes innleie
med å seie:”Før vi går meir inn på temaet, har eg
med ein del godteri som eg tenkte vi kunne dele og
kose oss litt med denne timen.”
•
Vis så fram det som skal fordelast, og forklar at
godteriet er eit symbol på alle ressursane i verda.
•
Del konfirmantgruppa i ei stor og ei lita gruppe:
80 prosent av konfirmantane skal vere i den store
gruppa, 20 prosent i den vesle. For kvar person i den
vesle gruppa skal det då vere fire personar i den
store gruppa. Den store gruppa representerer no
dei fattige i verda, medan den vesle representerer
dei rike i verda.
Viss gruppa er veldig stor, kan du velje ut fem
frivillige til å kome opp og representere fattige og
rike. Alternativt tek du berre opp ”dei rike” slik at
dei står framfor dei andre.
12 • Pedagogisk opplegg for konfirmantar
•
Spør korleis godteriet må delast om det skal delast
rettferdig
Spør så korleis ungdommane trur godteriet blir
delt i verkelegheita.
Gi til slutt éin godteripose til den store gruppa
som representerer dei fattige i verda, og resten av
posane til den vesle gruppa som representerer dei
rike.
Forklar at det er slik ressursane er fordelt i verda i dag:
•
20 prosent av befolkninga i verda har kontroll over
80 prosent av ressursane.
•
Vidare kan du fortelje at det faktisk er nok godteri
til alle (dersom du har sørgd for det!), akkurat slik
det er nok mat til alle i verda. Likevel har ikkje alle
nok mat.
•
Spør korleis det kjennest å ikkje få – når ein veit at
det eigentleg er nok til alle.
Nokon kjem kanskje til å svare at det kjennest
urettferdig. Fortel at det ikkje treng å vere sånn! Spør
om den rike gruppa vil dele godteriet med resten, og
drag parallellen til at det er dette denne timen skal
handle om. At fattigdom er mangel på moglegheiter, og
at fattigdom handlar om urettferd.
NB: For å illustrere urettferda endå meir, kan du gi den
«rike gruppa» fleire fordelar enn den «fattige gruppa».
Til dømes kan dei rike få sitje, medan dei fattige må
reise seg.
Disposisjon til ein konfirmanttime
Her er eit forslag til korleis du kan leggje opp ein 45 minuttar lang konfirmanttime om
fasteaksjonen. Fasteaksjonen handlar om internasjonal solidaritet og diakoni. Vi ynskjer at
denne timen skal gi konfirmantane kjensla av at det er viktig å bry seg, og at dei gjennom
fasteaksjonen kan vere med å bidra. Napp gjerne ut denne midtsida og bruk den som ein
enkel mal for timen. I resten av dette heftet og på fasteaksjonen.no finn du meir utfyllande
informasjon om dei ulike elementa.
Disposisjon
1. Innleiing
2. Mobiliseringsfilmen
3. Aktivitet
4. “Tre måtar å forandre verda på”
5. Andakt
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 13
1. Innleiing:
•
•
Fortel kven Kirkens Nødhjelp er og kva vi driv med.
- Kirkens Nødhjelp er der når katastrofen rammar –
kva for katastrofar hugsar de? (Syria, Pakistan, Haiti, Sudan….)
Fortel om kva konfirmantane skal få vere med på.
- Fasteaksjonen handlar i år om vatn og klima
- Fasta handlar både om å vende fokus innover og utover. Ved å ta del i fasteaksjonen, er vi
med på noko stort, og vi viser solidaritet i praksis. Vi tar del i kyrkja sitt oppdrag om å bry
oss om nesten vår.
Bruk gjerne PowerPoint-presentasjonen vår, som du kan laste ned på
www.fasteaksjonen.no/materiellbank.
2. Mobiliseringsfilmen:
•
•
•
Sett på mobiliseringsfilmen
Filmen ligg på DVD-en som blir sendt alle kyrkjelydane, og kan også lastas ned på
fasteaksjonen.no
Gi gjerne konfirmantane ei oppgåve før du setter på filmen. Då følgjer dei gjerne
betre med. F.eks. Kva er det viktigaste du lærte av denne filmen?
14 • Pedagogisk opplegg for konfirmantar
3. Aktivitet:
•
•
Bruk gjerne ein eller fleire av aktivitetane våre frå dette heftet; “Quiz om vatn, klima og faste”
(side 10), “Vote with your feet - vatn” (side 11) eller “Fattigdom handlar om urett”(side 12).
Powerpoint til “Quiz om vatn, klima og faste”, og fleire aktivitetar ligg tilgjengeleg på
fasteaksjonen.no/materiellbank
4. ”Tre måtar å forandre verda på”:
1. GÅ MED BØSSE:
• Gi gjerne nokre døme på kva pengane kan gå til (sjå side 22)
• Gå heile roda - fortel at mange har tatt ut pengar og ventar på at bøsseberarane skal kome
på døra. Ved å gå heile roda får alle høve til å gi. Fortel om ”Jakta på gullbilletten” (sjå side
20).
• Vis gjerne Jonna sin bøsseskule (på DVD-en eller du kan laste den ned på fasteaksjonen.no)
2. DELTA I KLIMAKAMPANJEN:
Fortel om klimakampanjen og at dei kan delta (sjå side 18). Informasjon om korleis du kan delta
i klimakampanjen finn du på fasteaksjonen.no frå 26. januar.
3. SKAFF DEG KUNNSKAP:
Fortel om Changemaker (side 19) eller sett på filmen om Changemaker som du finn på DVD-en.
Fortel også konfirmantane at dei kan følgje Kirkens Nødhjelp på Facebook eller lese meir om
arbeidet vårt på kirkensnodhjelp.no
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 15
5.Andakt:
Bruk gjerne denne ferdige andakten som den er, eller la den inspirere deg til å lage din eigen.
Har du nokon gong tenkt på korleis Jesus ville vore og kva han ville gjort om han gjekk rundt på
jorda i dag? Mange menneske går med eit armband rundt handa der det står WWJD. Det er ei
forkorting for What Would Jesus Do eller Walk With Jesus Daily. Ved å gå med dette armbandet,
blir ein minna på trua si og at Jesus er eit eksempel vi kan følgje i dagleglivet.
Om vi spør kva Jesus ville gjort om han var i min situasjon, kan vi få gode svar om korleis vi
kan leve liva våre. Vi kan få inspirasjon til å gjere gode val og handlingar. I Bibelen kan vi lese
om då Jesus møtte ein blind mann på veg inn i Jeriko. Den blinde mannen ropa på Jesus og bad
han om å vise miskunn med han. Då stilte Jesus spørsmålet «Kva vil du eg skal gjera for deg?»
Mannen bad om å få synet att, og Jesus svara han: «Du skal bli sjåande! Trua di har frelst deg!”
Mannen fekk straks synet tilbake.
I forteljinga om den blinde mannen ved Jeriko, spør altså Jesus: «Kva vil du eg skal gjera
for deg?” Det er eit enkelt spørsmål – men våger vi å stille det? Det er eit spørsmål som syner
ei haldning der vi fyrst og fremst ser etter kva vi kan gjere for den andre. Når vi høyrer om
menneske som opplever naturkatastrofar eller krig, og desperat treng vatn, mat og husly fordi
dei måtte flykte frå alt dei hadde, må vi leite etter måtar vi kan bidra på.
Bibelen utfordrar oss til å bruke fastetida til å vende blikket innover i oss sjølve, men også
utover til medmenneska våre. I fastetida kan vi difor gjere ein forskjell i andre menneske sine
liv. Jesus har gjennom å vere eit eksempel, vist oss korleis vi skal vere mot kvarandre. Han viste
tydeleg at vi skal løfte kvarandre opp og strekke ut ei hand for å syne at vi bryr oss. Jesus seier:
«Alt de gjorde om eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg» (Matt 25, 40b).
Å gå med bøsse på fasteaksjonsdagen er eit høve til å gjere noko for andre i praksis. Å
vere med på klimakampanjen er eit anna. Når vi engasjerar oss i fasteaksjonen, får menneske
moglegheit til å endre sin eigen kvardag og jobbe seg ut av fattigdom. Når vi går med bøsse, gir
vi menneske høve til å få oppfylt den grunnleggjande retten til eit verdig liv.
What Will You Do?
16 • Pedagogisk opplegg for konfirmantar
KLIMAVITNE
Higino frå Mosambik
FOTO: Jens Aas Hansen/Kirkens Nødhjelp
DÅ HUSET STOD UNDER VATN
Ein som har merka klimaendringane på kroppen,
er Higino i Mosambik. Han jobbar med klima hos
Kyrkjerådet, og blei sjølv ramma av storflaumen i
Mosambik i 2013.
- I fjor fekk eg ein telefon frå foreldra mine, som var
heime i landsbyen min. Dei sa: «Flom! Flaumen
kjem!». Bror min nekta å reise, så eg måtte køyre frå
Maputo til landsbyen min som er ca 200 km unna, for å
redde bror min som allereie var i fare. Då eg kom fram
var det ikkje mogleg å køyre i townshipen, så vi måtte
bruke ein båt. Innan vi kom dit var mesteparten av huset
under vatn. Vi fann bror min på taket av huset, fortel
Higino.
Han ser ein klar samanheng mellom flaumane i
Mosambik og klimaendringane.
- Medan Mosambik tidlegare blei ramma av flom kvart
femte eller åttande år, skjer det nå årleg, fortel han. Eg
trur det har ein klar samanheng med at klimaet endrar
seg, seier Higino, som også ser andre endringar.
- Eg ser store endringar dei siste 20 åra. No er somrane
ekstremt varme, medan vintrane er ekstremt kalde
etter forholda, fortel Higino. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 17
KLIMA
KAMPANJEN
KVA KAN DU GJERE MED KLIMAENDRINGANE?
Engasjer deg på www.fasteaksjonen.no/klima
KVIFOR ENGASJERE SEG:
Vi ser det når flaumen rammar Vietnam, når regnet
ikkje kjem i Tanzania eller når tyfonen rammar
Filippinane: Klimaendringane er i gong, og dei vil gjere
naturkatastrofane som vi allereie opplever endå verre.
Mange av oss i Noreg veit at klimaendringane skjer, og
mange av oss er også frustrerte: Vi veit ikkje kva vi kan
gjere, og vi føler at politikarane ikkje gjer noko.
Men du kan faktisk gjere noko. Du kan forandre norsk
klimapolitikk.
DETTE KAN DU VERE MED PÅ:
Når du er med på Changemaker og Kirkens Nødhjelp
sin kampanje gjer du alt dette:
• Du ber politikarane om å kutte meir i klimagassutsleppa.
• Du ber politikarane hjelpe fattige land å tilpasse
seg dei endringane som allereie er i gong.
• Du ber politikarane gjere alt dei kan for at landa i
verda blir einige om ei klimaavtale som kan stoppe
klimaendringane.
BLI MED PÅ NOKO STORT
I 2015 skal verdas leiarar møtest for å lage ei ny
klimaavtale. Blir den god, kan den syte for at vi
stoppar klimaendringane tidsnok til å unngå dei verste
konsekvensane. Dette kan du be den norske regjeringa
om å bidra til gjennom kampanjen vår. Då er du også
ein del av ein stor internasjonal kampanje der menneske
frå heile verda jobbar for å løyse klimautfordringa.
Klimakampanjen lanserast 26. januar 2015 på
www.fasteaksjonen.no/klima
SLIK GJENNOMFØRER DU KAMPANJEN
Slik gjennomfører du kampanjen i konfirmanttimen:
1. Sjå film: For å få meir info om korleis
klimaendringane rammar, og kva du kan gjere
-snurr mobiliseringsfilmen! Den finn du på www.
fasteaksjonen.no eller på DVD-en.
2. Gå inn på www.fasteaksjonen.no/klima og bli med
på kampanjen. Her finn du ut KVA du skal gjere
for å vere med på kampanjen, i tillegg til meir
informasjon om kampanjen. (Dersom du ikkje
har høve til å gjere dette, kan du gjerne signere
kampanjen på underskriftslistene som du har fått
tilsendt.)
3. Fortel gjerne også historia om Higino, og gjerne noko
av det som står under ”Kvifor engasjere seg”. Fortel
gjerne frå faktaboksen om klimaendringar under.
4. Meir informasjon finn du på www.fasteaksjonen.no/
klima
•
•
•
•
•
18 • Pedagogisk opplegg for konfirmantar
I følgje FN er vi så sikre som vi kan vere på at
klimagassutsleppa frå menneskeleg aktivitet
er hovudårsaka til den globale oppvarminga
frå 1950 til i dag.
Menneske i låginntektsland, som Bangladesh
og Somalia, slepp ut ein tidel per innbyggjar
samanlikna med den rike delen av verda
(til dømes USA og Noreg). Samstundes er
det menneske i låginntekstland som vil bli
ramma hardast av klimaendringane.
Det vil bli meir nedbør der det allereie er
mykje nedbør, til dømes i våte, tropiske
område, og mindre nedbør i områder som er
prega av tørke.
Fleire menneske vil måtte flykte, og dei
fattigaste vil ha størst problem med å tilpasse
seg klimaendringane.
For å avgrense klimaproblemet tilstrekkeleg
må dei globale utsleppa reduserast med
40-70 prosent frå nivået i 2010. Det må skje
innan 2050.
Changemaker
FØREMÅL:
Å syne ungdom at det eigentleg er
ganske lett å forandre verda om dei
jobbar saman.
VIS FILM:
På DVD-en finn du ein film som
presenterar Changemaker for
konfirmantane.
Ein av dei viktigaste tinga dei har lært om å forandre
verda, er at det ikkje er så vanskeleg som ein skulle tru,
men også at det er lettare de fleire som er med og stiller
krav til dei som bestemmer. Er det nokon som ynskjer
å bli med i Changemaker? Sjå oppskrift i snakkebobla.
Då vil det kome påmeldingsskjema heim i posten som
føresette må signere.
FOTO: Changemaker
SLIK KAN DU SEIE DET:
Changemaker, ungdomsrørsla til Kirkens Nødhjelp,
er ein gjeng med 1600 ungdommar mellom 13 og 30
år som forandrar verda kvar dag. Det gjer dei ganske
enkelt gjennom kunnskap, kreativitet og handling. Dei
møtast på SNU, leiren til Changemaker, tre gonger i året
for å ha det artig og lære om uretta i verda og korleis
vi kan gjere noko med den. Changemaker påverkar dei
som bestemmer gjennom kreative politiske kampanjar.
Dei samlar inn underskrifter samstundes som dei kler
seg ut som diktatorar eller sjukepleiarar, stiller opp i
avisa, lagar heiarop, møter politikarar; alt for å gjere
verda meir rettferdig.
Besøk gjerne changemaker.no eller kontakt
changemakerkontoret på [email protected] for
undervisningsmateriell, besøk eller om de vil starte
opp changemakerarbeid i kyrkjelyden. På nettsida
finn de også oversikt over resultat av arbeidet
vårt eller informasjon om neste Changemakerarrangement.
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 19
Gullbillett
Tusen takk for at du er bøssebærer!
Den turen du går nå er kjempeviktig. Ved å samle inn mest mulig penger kan du bidra til at flere mennesker får tilgang
til rent vann. Pengene du samler inn kan også bidra til arbeidet med å redusere effekten av klimaendringene.
God tur videre!
Bli med i jakta på gullbilletten!
Jakta på gullbilletten er eit enkelt og morosamt konsept
som gjer bøssebering meir spennande. Målet er å
inspirere fleire bøsseberarar til å vere med på dugnaden
og gå heile roda. Erfaringar viser at jakta på gullbilletten
både motiverer bøsseberarane og fører til meir pengar i
bøssa.
SLIK GJER DU DET:
1. Klistre de to gullbillettane på to mjølkesjokoladar og
gi dei til to husstandar innanfor innsamlingsområdet
til kyrkjelyden. Desse to husstandane har ansvaret
for å gi gullbillettane til bøsseberarane som kjem
på døra deira, og må derfor vere heime under
innsamlinga.
2. Informer alle bøsseberarane om konkurransen og
reglane. Hugs at kvar dør må opnast for å sikre at
billettane blir funne, og at pengeinnsamlinga aukar.
20 • Pedagogisk opplegg for konfirmantar
Du vel sjølv korleis du fordelar gullbillettane. Kanskje
du kan gi dei til nokon du kjenner, eller kan dele dei
ut på neste gudsteneste? Det er lurt om gullbillettane
blir fordelt på hus som er omtrent midt i roder, slik at
korta ikkje blir ”umoglege” å finne. Les meir om jakta på
gullbilletten og finn døme på morosame, lokale variantar
av konkurransen på fasteaksjonen.no.
BØNN
Velsignelse for
ET BRENNENDE HJERTE
Må Gud velsigne deg med ulyst
overfor enkle svar, halvsannheter og overfladiskhet,
så du lever fra dypet av ditt hjerte.
Må Gud velsigne deg med vrede
over urettferdighet, undertrykkelse og utnyttelse,
så du arbeider for rettferdighet, frihet og fred.
Må Gud velsigne deg med tårer
for dem som lider,
i smerte og krig, med sult og avvisning
så du strekker ut en hånd til trøst.
Og må Gud velsigne deg med naivitet
nok til å tro at du kan forandre verden,
så du kan gjøre det som andre kaller umulig.
Må velsignelsen fra Gud
-Skaperen, Fornyeren og Opprettholderenvære med deg nå og til evig tid.
Fra boka ”Legender og velsignesler”
Av Kristina Reftel
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 21
Aksjonsdagen:
Rett før kyrkjelyden skal ut å gå med bøsse, kan det vere
fint å setje søkjelys på kva pengane går til, nettopp for å
engasjere bøsseberarane til å gå heile roda og gjere ein
ekstra god innsats.
FØREMÅL:
•
Gå gjennom praktisk informasjon om gjennomføring
– bruk gjerne Jonna sin bøsseskole som du finn på
DVD-en.
•
Vis mobiliseringsfilmen for å inspirere bøsseberarane og informere om kva pengane går til.
•
Ønsk bøsseberarane lykke til og fortel at innsatsen
deira er svært verdifull og viktig.
PRAKTISK INFORMASJON:
Dette er informasjon som det er viktig at gis
bøsseberarane før de skal ut å gå med bøsse:
1. Hugs å ha ID-kortet godt synleg.
2. Det er viktig å gå rett rode og at ein går heile roda.
3. Dersom folk ikkje har kontantar: Gi dei ein lapp
med kontonummer og givartelefonnummer
(lappane kjem i blokker som blir bestilt saman med
bøssemateriellet).
4. Dersom folk ikkje er heime: Legg ein lapp i
postkassa.
5. Dersom folk er uhøflege eller byrjar å krangle i
døra: Be dei ringe til hovudkontoret til Kirkens
Nødhjelp som har open telefon heile kvelden på
aksjonsdagen.
22 • Pedagogisk opplegg for konfirmantar
KVA SKAL EG SEIE NÅR EG RINGER PÅ DØRA?
1. PRESENTER DEG ENKELT OG HYGGELEG, SNAKK
ROLEG OG TYDELEG.
”Hei, eg kjem frå Kirkens Nødhjelp. Vil du støtte
aksjonen vår?”
2. SMIL!
Det skaper kontakt og gir folk meir lyst til å støtte
aksjonen. Ver blid og stolt. Innsatsen din i dag utgjer ein
forskjell for fattige menneske.
3. KOR LANGT REKK PENGANE?
•
For 200 kroner kan du gi eitt menneske sikker
tilgang til reint vatn.
•
For 400 kroner kan du bidra til flaumsikring av eit
hus.
•
For 1000 kroner kan du gi hygienepakkar til fem
familiar. I katastrofar tar epidemiar mange liv. Born
er spesielt utsett!
Pengane som blir samla inn, går til heile arbeidet til
Kirkens Nødhjelp. Pengane blir brukt der dei trengst
aller mest.
4. HUGS Å TAKKE.
Folk gir det dei synest dei har råd til. Det er viktig å
takke uansett kva beløp som blir gitt.
Det blir kvart år laga ein liten folder for utdeling
til bøsseberarane. Bestill dette saman med anna
materiell, og del ut til alle konfirmantane. Her er det
kort informasjon om aksjonen, kva pengane går til og
litt om Kirkens Nødhjelp.
Riktig bøsseberarutstyr
Hei, eg kjem frå
Kirkens Nødhjelp.
Vil du støtte
aksjonen vår?
Gullbillett
Tusen takk for at du er bøssebærer!
Den turen du går nå er kjempeviktig. Ved å samle inn mest mulig penger kan du bidra til at flere mennesker får tilgang
til rent vann. Pengene du samler inn kan også bidra til arbeidet med å redusere effekten av klimaendringene.
God tur videre!
HUGS GULLBILLETTEN
Minn konfirmantane på at dei kan finne
to gullbillettar bak to dører i roda. Dette
er ein flott aktivitet som kan motivere
bøsseberarane.
#FASTEAKSJONEN
Fortel bøsseberarane at dei kan tagge
bilete frå fasteaksjonen på Instagram med
#fasteaksjonen.
ØNSK UNGDOMMENE LYKKE TIL
Dersom det blir servert kakao,
pølse eller liknande, er det
hyggeleg å få vite dette før ein
går ut. Hugs å be alle gå heile
roda si! Det kan godt hende at
dei som bur i det siste huset,
har venta på bøsseberaren og
har tenkt å gi masse pengar!
Plombert
bøsse
ID-kort
SMS-blokk
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 23
www.fasteaksjonen.no
E-post: [email protected]
Telefon: 22 09 27 00
Kontonummer: 1594 22 87493
SMS: GAVE til 2468 (200 kr)
#fasteaksjonen
Kirkens Nødhjelp kjempar saman med menneske og organisasjonar over heile verda for å avskaffe
fattigdom og urettferd. Vi gjev naudhjelp i katastrofer og jobbar langsiktig for utvikling i lokalsamfunn. For
å fjerne årsaker til fattigdom påverkar vi samstundes styresmakter, næringsliv og religiøse leiarar til å ta
rette avgjerder. Kirkens Nødhjelp er ein felleskyrkjeleg diakonal organisasjon for global rettferd. Vi utfører
arbeidet vårt utan intensjon om å få menneske til å endra kva religion dei tilhøyrer.
For å sikre effektivitet og skape resultat er Kirkens Nødhjelp medlem av ACT Alliance, ein av dei største
humanitære alliansane i verda. Kyrkjelege organisasjonar over heile verda er med i alliansen som også
samarbeider med organisasjonar uavhengig av religiøs forankring.
Kirkens Nødhjelp – saman for ei rettferdig verd!
Kirkens Nødhjelps ungdomsbevegelse