Flom- og regnskadar i kornåker Det er mange som enda ikkje har fått sådd korn pga. sein vår med tele og mykje regn. Det er no seint å så kornsortar som treng lang veksttid, samstundes som det er vanskeleg å få tak i tidlege 6-radssortar. I dalbotnen sto Laugen over det meste av dei låge vollane, men ho trekte seg fort attende slik at dei høgste areala ikkje vart ståande under vatn meir enn 1,5 -2 døgn. Foto: Eivind Bergseth. For enkelte som veit at sein tresking oftast fører til korte dagar der det er tilrådeleg å treske, bør vurdere om ein berre skal så fôrvekstar i form av grønfôr for rundballing og sal til hausten. Slik det ser ut no, kan det bli etterspurnad etter fôr til vinteren. Erosjonsrenner Mange stader er det erosjonsrenner i bratte kornåkrar. Viss det ikkje er mykje av dette og grøftene ikkje er så djupe at det blir problem med haustinga, bør dette nå ligge urørt til etter tresking. Djupe renner må elles fyllast i no viss det gir problem for treskinga. Dette må da gjerast midlertidig og så forsiktig som rå for å spare mest mogleg korn. Tilleggsgjødsling Etter så mykje regn, vil det på lettejordartar vere rett å tilleggsgjødsle like etter ugrassprøyting. 3 kg nitrogen kan vere rett mengde. Dette får ein ved å gi knapt 20 kg kalksalpeter eller 12 kg fullgjødsel 25-2-6. Flaumskade Langs med dei store elvene på dei flata vollane fløymde elva over den 22. mai, men ho trekte seg fort attende slik at dei høgste areala ikkje vart ståande under vatn meir enn 1,5 -2 døgn. Kornet hadde da for det meste 1-1,5 blad og har moglegheit for å klare seg, men kornplanta er svært sårbar på dette stadiet. Vanlegvis overlever kornet 3 døgn under vatn, særleg når vatnet er kaldt slik som nå. Da er det liten biologisk aktivitet i plantane som krev oksygen. Vanlegvis vil flaum redusere avlinga. Etter det vi såg i 2011, greidde ein del korn seg svært bra i 4-5 døgn der det var kaldt, strøymande vatn. I rolegståand brakkvatn, gjekk alt ut. Noe av problemet etter slik flaum, er at elva legg att eit lag med slam som er potte tett før det startar å tørke opp. Dermed finst det ikkje luftveksling i jorda. Dette rettar seg opp etterkvar som det tørkar, for da kjem det tørkesprekkar i jordoverflata. For raskt å stimulere til vekst, bør ein så snart det er kjørbart gje 3-4 kg nitrogen i form av kalksalpeter eller fullgjødsel 25-2-6. Da må det køyrast på 20-25 kg kalksalpeter pr. daa eller 12-16 kg fullgjødsel 25-2-6. For ikkje å skade for mykje, bør ein kjøre med same avstand når ein gjødslar som når ein seinare skal sprøyte, elles blir det dobbelt opp med spor. Ny våronn Der det har gått heilt gale slik at det må gjeras våronn på nytt, er det viktig at ein ventar med alt jordarbeidingsarbeid til det har tørka bra opp, elles vil ein påføre jorda store strukturskadar. Det vil no ta lang tid før noe kan gjerast, difor vil vi tilrå å så fôrvekster i staden for korn på slikt areal. På dei tette og tunge jordartane vil det ikkje tørke før godt ut i juni. Da er det for seint for korn, spesielt i år da det ikkje kan forventast å få tak i tidlege kornsortar. Når det tørkar opp og viss kornplantane er i bra kondisjon, kan det vere bra å bryte opp jordoverflata med ugrasharv, for å få betre luftveksling. Vi vil tilrå å så westervolds raigras til fôr no. Dette veks fort, er robust, gir god fôrkvalitet ved tidleg hausting og er relativt greitt å fortørke berre ein har veret med seg. Eivind Bergseth Norsk Landbruksrådgiving Gudbrandsdalen nr 3-2013
© Copyright 2024