Vegen til meisterkokk

utdanning
Størst i Nordfjord
Temabilag for Nordfjord 20./21. februar 2015
Vegen til meisterkokk
For ein del unge er drømmejobben å bli kjøkkensjef på ein kjend
restaurant. Vegen mot å oppfylle draumen kan starte på matfag
ved den vidaregåande skulen i Måløy. Vi følgde nokre av elevane
då dei inviterte til gourmetaften Side 2 og 3
Jørn valde kulturfag i Volda Side 14
Kreativ samling under same tak Side 8 og 9
2 februar 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA
Bra team: Elevane jobbar tett i lag og blir ein godt samansveisa gjeng.
Frå venstre: Renate Flister, Sunniva Blålid, April Bjøringsøy og Bjørnar
Gjerde.
Presisjon: Det er full konsentrasjon når Merete Haugland, Sindre
Oksholen og Amalie Bjørhovde Haus lagar til dei elegant anretta
matrettane.
Strategi: – Du må alltid vere snill og setje gjestane i høgsetet,
forklarer Bjørnar Gjerde, som både serverte og skjenka vin til
fornøgde gjestar.
Har ei
rekkje
yrkesval
Topp klasse: På Kraftstasjonen møter vi ein gjeng oppdressa og engasjerte elevar frå Måløy vidaregåande skule som
Haugen i Eid, Sindre Oksholen frå Deknepollen i Vågsøy, Amalie Bjørhovde Haus frå Haus i Eid, Renate Flister frå Holvi
Måløy. Alle bortsett frå Sunniva Blålid går på Vg2 Kokk- og servitørfag. Alle foto: Anna Wuttudal
Med utdanning som
kokk og servitør kan
du jobbe på restaurant,
offshore, på fiskebåt,
på institusjon eller
kanskje blir du kjendiskokk eller opnar ditt
eige spisested?
••
Anna Wuttudal
[email protected]
Sindre Oksholen (17) var skuletrøtt og lei av å sitje på skulebenken for å lære masse teori
som han ikkje såg føre seg å få
bruk for seinare.
I utgangspunktet planla han
å gå på kokkelinja meir som eit
par friår før vidare studiar.
Men no har han bokstavleg tala
fått smaken på kokkeyrket og
har bestemt seg for å ta fagbrev. Kan hende har vi her ein
ny meisterkokk. I alle fall er
lysta til å konkurrere blitt
kveikt, og han har ambisjonar
om å nå langt innan kokkeyrket.
– Kanskje ein ny Hellstrøm?
– Kanskje det. Vi får sjå…
Drømmejobben er å bli kjøkkensjef på ein kjend restaurant. Eg har også lyst til å vere
med i konkurransar, seier Sindre som saman med medelev
Merete Haugland skal på utplassering til Bekkjarvik Gjestgiveri i Austevoll, som vert
drive av foreldra til Ørjan Johannessen, han som nyleg
vann Kokke-VM i Frankrike.
Enkelt val
Amalie Bjørhovde Haus var
ikkje tvil om kva studieretning
ho skulle velje etter ungdomsskulen.
– Eg liker å uttrykkje meg
kreativt og jobbe praktisk med
noko som andre kan bli glade
for. Eg har alltid likt å lage mat,
og eg har alltid drøymt om å bli
kokk. Eg vurderte ikkje noko
anna, fortel Amalie. Og ho angrar slett ikkje på valet som
inneber to år med skule og to
år i lære. Amalie siktar seg inn
mot hotell- og restaurantbransjen, og truleg blir det lærlingkontrakt på eit hotell i Ålesund.
Arbeidsutsiktene er lyse. Det
trengst fleire kokkar, det er enkelt å få jobb, men ein må pårekne at det ikkje er ni til fire.
NORDFJORDSAMKØYRINGA februar 2015 3
Balanse: I Måløy får elevane prøve seg som kokk og servitør på
forskjellige arrangement. Sunniva Blålid går på Restaurant og matfag
Vg1 og serverte under gourmetaften.
Serveringsklar: Renate Flister
(f.v.), Sindre Oksholen, Merete
Haugland og Amalie B. Haus.
m står klare til å servere sju rettars gourmetmiddag til gjestar i eit fullsett lokale. Frå venstre: Merete Haugland frå
ik i Vågsøy, Bjørnar Gjerde frå Kjøde i Selje, Sunniva Blålid frå Måløy, Camilla Bøe frå Hallingdal og April Bjøringsøy frå
Kokk til sjøs
For Renate Flister er drømmejobben å bli kokk offshore.
– Eg liker å sjå reaksjonen til
dei som eg lagar mat til. Offshore er du veldig nære, og der
er fine ordningar med to veker
på og fire av, forklarer ho.
– Det er interessant å lage
mat, og kjekt å få gode tilbakemeldingar, tykkjer Bjørnar
Gjerde, som går i bestefaren
sine fotspor.
– Bestefaren min er kokk, det
er han som lagar mat heile tida
heime. Eg vil ut på båt og tene
pengar, slik som bestefar, seier
Bjørnar. Han har allereie fått
prøve seg ei veke som kokk på
opplæringsfartyet Skulebas.
Liker å eksperimentere
– Eg liker å eksperimentere og
For dei som
liker å lage mat,
er dette heilt
perfekt.
Bjørnar Gjerde
å visualisere det eg skal lage.
Det er eitt eller anna med det å
finne dei smakane som passar
saman, og å få folk til å like det
du lagar, få kommentarar tilbake og å inspirere andre til å
lage god mat. Som kokk er det
ein fordel om du er litt kreativ
og liker å prøve seg litt fram,
seier Merete Haugland.
– Kva er drømmejobben?
– Innerst inne har eg lyst til å
byrje å konkurrere. Eg har lyst
til å bli kjøkkensjef og starte mi
eiga bedrift. Det blir nok ein
restaurant med litt finare mat.
Teori og praksis
På Måløy vgs er det ei fin blanding av teori og praksis med
jobbing på kjøkken tre dagar i
veka. Elevane er fulle av lovord
over eit triveleg miljø der dei
jobbar tett i lag og blir godt
kjende med kvarandre, og
ikkje minst lærarane får gode
vurderingar.
– Det er så kjekt å gå på skule
her. Det er ganske enkelt å like
seg her med dei engasjerte
lærarane vi har, er attesten dei
gjev til Bente Iren Vonheim &
co som er ansvarleg for restaurant og matfag/kokk og servitør ved Måløy vgs.
Læring: – Sjølv om du skal bli
kokk, er det også godt å ha trening
som servitør, seier Renate Flister.
Gjestar: Forventningsfull stemning på bordet med Siri Kjøsnes (f.v.),
Arild Kjøsnes, Roger Sunde Andenæs, Torstein Balsnes, Marius Mundal,
Elisabeth Sunde Andenæs og Monica Mundal.
mvs og mat
•• Måløy vgs har Vg1,
Restaurant og matfag og
Vg2, Kokk og servitørfag.
•• På Vg3 kan du spesialisere
deg i kokke-, servitør- eller
institusjonskokkfaget, eller
gå ut i opplæring i bedrift.
•• Etter Vg2 kan du velje
påbygging til generell
studiekompetanse.
•• Etter fagbrev kan du gå
allmenn påbygg, eller gå
rett på hotellfagskulen.
4 februar 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA
Populært: Andreas Bergset bak trommene under øvingane til musikalen «Guys & Dolls». – Dette er ikkje mitt slagverk, så lommeboka blir brukt til å
dempe skarptromma, mobilen som metronom og ei anna tromme som notestativ, seier han. Begge foto: Yngve Tolaas
Godt miljø for musikk
Vil du bruke halvparten av skuletida på
musikk, er Firda vidaregåande midt i blinken for deg.
••
Yngve Tolaas
[email protected]
Då eidaren Andreas Bergset
(18) skulle velje vidaregåande
skule, var valet enklare enn for
dei fleste. Han satsar på ein
karriere innan musikk, og det
einaste fylkesdekkande tilbodet er på Firda vidaregåande
skule på Sandane.
– Det er eit ypparleg tilbod,
og eg har ikkje angra ein einaste dag på at eg byrja her, seier
Bergset, som nyleg spelte klassisk slagverk i orkesteret under
skulen sin musikal som kvart
år blir sett opp av alle avgangselevane på linja for musikk,
dans og drama.
– Gull verdt
Utdanningsprogrammet for
musikk, dans og drama har i
dag 144 elevar. Halvparten av
desse går på musikklinja.
– Det er til saman 48 elevar
på kvart av dei tre årsstega. Dei
får bruke nesten halvparten av
studietida på programfag, samstundes som dei går ut med
generell studiekompetanse og
dermed har alle muligheiter til
vidare studium, fortel utviklingsleiar ved Firda vidaregåande skule, Magne Larsen.
Han understrekar at Trivselshagen er avgjerande for kvaliteten på undervisninga.
– Trivselshagen er gull verdt.
Her har vi alle fasilitetar, og saman med dyktige lærarkrefter
blir resultatet svært godt for
elevane. Det fins vidaregåande
skular med eigne programfag
innan musikk, dans og drama,
men dersom ein vil fordjupe
seg er det Firda vidaregåande
som er det einaste alternativet
i fylket, seier han.
Hybelbygda
Elevane på musikklinja har eigen nøkkel til øvingslokala på
skulen, som dermed blir flittig
brukt både på kveldstid og i
helgar.
– Det er veldig sosialt og vi
har eit svært godt miljø, seier
Andreas Bergset, som går
tredje året på musikklinja.
– Eg pendla første halvåret,
Gode resultat: Magne Larsen er utviklingsleiar på Firda vidaregåande
skule. – Elevar frå musikk, dans og drama blir ofte ressurspersonar i
sine lokalmiljø, seier han.
Eg har ikkje
angra ein
einaste dag på
at eg byrja her.
Andreas Bergset
men sidan har eg budd på hybel. Ein går glipp av så mykje
når ein ikkje bur i bygda, seier
Bergset, som har hybeltilværet
til felles med godt over halvparten av musikklinjeelevane.
– På desse åra har eg vakse
mykje, både personleg og musikalsk. No har eg eit godt
grunnlag for å gå vidare med
utdanning innan musikk, og eg
håpar å kome inn på Norges
musikkhøgskole eller Tonheim
Folkehøgskole, fortel Andreas
Bergset.
NORDFJORDSAMKØYRINGA februar 2015 5
SØKNADSFRIST:
15. APRIL
Vi gir deg
37.000 papirlesarar
og over 50.000
unike brukarar
i våre digitale
kanalar.
nordfjordsamkoyringa.no
[email protected]
57 84 90 27
Høgskulen i Volda
Volda er kjent for eit godt studentmiljø og eit mangfald av lag og
studentorganisasjonar. Aktive og kreative studentar gir deg høgdepunt
som VEKA, Dokfilm, Animation Volda og ekstremsportfestivalen X2.
KVA SKAL EG VELJE?
Høgskulen i Volda tilbyr studium innan:
Les meir på hivolda.no
/ hivolda
50 ledige læreplassar
Fiskeri og havbruk er Norges vekstnæring
nr.1. Freistar jobbar på sjøen?
OPPLÆRINGSKONTORET
FOR FISKERI- OG HAVBRUKSFAG
utviklinga!
!
G
E
D
G
N
E
VI TR OPLE
å
Vær med p
GOOD PEGOOD
MAKE H
FIS
Kva med eit slikt studieløp?

     ­ € € ‚ ‚
 ƒ  www.okfh.no
SIKT HØGARE!
Vil du ha fagleg påfyll?
Vi tilbyr vidareutdanningar i:
• Aktiv omsorg
• Anestesisjukepleie
• Barnevernfagleg rettleiing
• Demens og alderspsykiatri
• Intensivsjukepleie
• Lindrande behandling, pleie og omsorg 1
• Operasjonssjukepleie
• Rehabilitering, helsefremjing og velferdsteknologi
• Rettleiing, innføring
• Spesialpedagogikk
• Rusproblematikk – samansette utfordringar
Du kan også fylle på med master i :
• Organisasjon og leiing
• Idrettsvitenskap
• Læring og undervisning
Vi tek inn lærlingar i desse faga:
Automatikar, Brønnfag – komplettering, CNC-Maskineringsteknikk, Dataelektronikar, Elektrikar, IKT-servicefag,
Industriell overflatebehandling, Industrimekanikar, Industrimontør, Industrirøyrleggjar, Industrisnikkar, Kjemiprosess, Kontor og administrasjon, Laboratoriefag, Logistikk, Motormekanikar, Plate, Produksjonsteknikk, Salsfag,
Serigrafi, Sveis.
Lærebedrifter:
Avery Dennison NTP, Bilfinger Industrial Services avd. Høyanger, Svelgen og Årdal, Cermaq, Elkem, Ewos,
Felleskjøpet Agri avd. Florø, Fiskevegn, Fjordpipe, FMC Technologies, Førde Mekaniske Industri, GasTech,
Hagen, Halliburton, Hardangerfrakt, Haug Offshore, Havyard Ship Technology, Hellenes, ITM, Klausen Industrier,
KMI, Luster Mekaniske Industri, Nesseplast, Nomek, Norway Pelagic, Nyrstar, OM Marine Service, Pro Opplæringskontoret, Rørlegger R.Nigardsøy, Safeclean, Solheim Diesel, Solund Verft, Stadpipe, Staro Tech, Stryvo,
Stryvo Bismo, Sunnfjord Industri, Swire Oilfield Services, T.Frivik Taubanedrift, Teekay Petrojarl, Tess, VikØrsta,
Wergeland Holding, West Industri Service, Yndestad Mekaniske, Østerbø Maskin.
I tillegg har vi mange vidareutdanningar innan
skule- og barnehagesektoren.
Søknadsfrist 15. april
Sjå www.hisf.no/studietilbod
Kontakt: [email protected], telefon 57 72 25 12
Send søknad til [email protected] / Søknadsfrist 1. mars
Sjå www.pro.sf.no for meir informasjon
hisf.no
Frequency.no
• Administrasjon, planlegging og leiing
• Drama/teater, musikk, kunst/handverk
• Idrett og friluftsliv
• Lærarutdanningar
• Mediefag
• Samfunnsfag og historie
• Sosialt arbeid
6 februar 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA
Fylkesdekkande linje: Olin Briksdal (t.v.) og Simona Cmielova vil gjerne jobbe innan turistnæringa. Dei gler seg over at dette programfaget skal
starte opp ved Stryn vidaregåande til hausten. – Det skulle berre mangle at ikkje turistfylket Sogn og Fjordane skal ha vidaregåande utdanning innan
reiseliv. Vi er veldig glad for at vi no endeleg har fått dette tilbodet her i fylket, seier utviklingsleiar ved skulen, Johanne Sørdal. foto: inger træen
Nytt utdanningstilbod
Til hausten startar
Stryn vidaregåande
opp med Reiseliv som
fylkesdekkande linje.
Dette er eit heilt nytt
tilbod ved vidaregåande opplæring i
Nordfjord.
••
Inger Træen
[email protected]
Har du lyst til å jobbe i resepsjon, vere turistguide, jobbe på
turistkontor eller møte turistar
i ein annan samanheng? Då
kan det nyoppretta programfaget ved Stryn vidaregåande
skule vere noko for deg.
Til hausten startar skulen
opp med fylkesdekkande linje
VG 2 innan Reiseliv. Som ein
kan søkje på etter å ha gjennomført første året på Serviceog samferdsel. Seks plassar på
det nye programfaget Reiseliv
vil starte opp til hausten.
Etterlengta
– Det skulle berre mangle at
ikkje turistfylket Sogn og Fjordane skal ha vidaregåande utdanning innan reiseliv. Vi er
veldig glad for at vi no endeleg
har fått dette tilbodet her i fylket, seier utviklingsleiar ved
Stryn vidaregåande skule, Johanne Sørdal.
Frå før er det tretti vidaregåande skular her i landet som
har Reiseliv Vg 2, mellom anna
to skular både i Hordaland og
Møre og Romsdal. Men no skal
også reiselivsfylket Sogn og
Fjordane få denne utdanninga,
og to av dei som vil søkje er Si-
Vi er veldig
glad for at vi no
endeleg har fått
dette tilbodet.
Johanne Sørdal
Utviklingsleiar ved Stryn
vidaregåande skule
mona Cmielova og Olin Briksdal frå Stryn.
– Eg bestemte meg vel for å
satse på ei framtid som resepsjonist, etter praksis ved Alexandra hotell i Loen no i haust,
seier Simona, medan Olin vil
satse på reiselivet generelt.
Møte turistane
Begge dei to jentene er einige
om at møte med turistane er
den viktigaste årsaka til at dei
gjerne vil velje reiseliv.
Og nettopp kundebehandling er ein viktig del av utdanninga som er delt i tre
hovudområde. Det er sal og
marknadsføring, etablering og
drift og vertskapsrolla. Etter Vg
2 på Reiseliv er vegen vidare to
år som lærling.
– Vi er heldige som har
mange reiselivsbedrifter som
er klar til å ta imot lærlingar,
seier Sørdal.
Etter to år som lærling og
fagbrev, kan ein også gå vidare
med påbygging og få generell
studiekompetanse. Det er
snakk om ein litt annleis påbyggingsmodell som er på
trappene, tilpassa dei med fagbrev. Vil ein gå vidare, er det
fleire tilbod innan reiseliv ved
Høgskulen i Volda.
NORDFJORDSAMKØYRINGA februar 2015 7
Maritim avdeling Måløy
Fagskulen i Sogn og Fjordane, maritim
avdeling Måløy er samlokalisert med Måløy
vidaregåande skule og Sikkerheitssenteret i
Måløy.
Drømmer du om å bli
Frisør?
FRISØR?
Høyanger
Hø
øyyanger
øyange
g
Vi tilbyr 2-årig utdanning innan:
Alle b
blir sse
sett
ett
God
G
d tilg
tilgang
gan
ngg på
på hyblar
Fri annankvar
anna var fr
fredag
vidaregåande
g
skule
Dekksoffiser
Maskinoffiser
...det smarte valet
Søknad via www.vigo.no
Søknadsfrist: 15. april 2015
Høyanger vidaregåande skule
Fagskulen i Sogn og Fjordane
Maritim avdeling Måløy
Pb 1055, 6704 Deknepollen
e-post: [email protected]
Sjekk alle våre studietilbod
på hoyanger.vgs.no
©2/201
©2/2015
HV
2015 HVGS
Meir info på vår heimeside www.fagskulen.no
eller ring oss på tlf. 415 30 690.
Søk Cancam frisørskole i dag
for å sikre deg plass!
Vi har begrenset antall plasser.
Oppstart august.
SKOLEN
Tlf: 70 10 72 76 // [email protected]
cancamskolen.no // Ålesund
VI HAR IKKE BARE LANDETS BESTE
LOGISTIKKUTDANNINGER
Vi har også Bachelor og Masterstudier i Sykepleie, Vernepleie,
Økonomi, Idrett, Juss og Samfunnsfag.
Bachelor / årsstudier
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
Vernepleie
Sykepleie , Molde og Kristiansund
IT
Logistikk og SCM
Petroleumslogistikk, Kristiansund
Beredskapsledelse, Kristiansund
Sport Management
Idrett
Juss og administrasjon
Juridiske fag (Juss)
Statsvitenskap
Bedriftsøkonomi
Revisjon og regnskap
Økonomi og administrasjon
Master / videreutdanning
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
Logistikk
Engineering Logistics
Event Management
Sport Management
Økonomi og administrasjon (Siviløkonom)
Samfunnsendring, org. og ledelse
Ledelse i helse- og sosialtjenesten
Helse- og sosialfag
Alvorlig sykdom og død
Aldring og eldreomsorg
Psykisk helsearbeid
Psykososialt arbeid med barn og unge
Miljørabeid og tverrprofesjonalitet
Annonser stillingane dine
på papir, nett og mobil.
Vi hjelper deg med
stillingspakkar
tilpassa dine behov.
nordfjordsamkoyringa.no
[email protected]
57 84 90 27
pril
t 15. a
Søknadsfris
www.himolde.no
8 februar 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA
Spennande: Utdanningsleiar Åsta Navelsaker Røed (til venstre), faglærar Birgit Båfjord og Eid vidaregåande skule tilbyr Studiespesialisering med formgivingsfa
tok vidaregåande utdanning. Alle foto: Maria Hjelle
– Skulle ønskje eg kunn
Hadde Idar Vingen Engeland byrja på Eid vidareågåande i dag, hadde
det ikkje vore tvil.
••
Maria Hjelle
[email protected]
– Då eg gjekk her, var det heilt
uaktuelt for meg å velje berre
teoretiske fag. Eg måtte gjere
noko praktisk, seier 25-åringen.
Han valde Design og handverk, med Interiør- og utstillingsdesign andre året. I dag
kunne han ha gått på studiespesialisering med formgivingsfag
og fått det beste av to verder.
– Det hadde eg ikkje nølt med.
Kreativ jobbing slik eg ønskte,
men samstundes kunne eg sikra
meg grunnlag for å søke på arkitekthøgskule. Det hadde vore
midt i blinken.
Utdanningsleiar Åsta Navelsaker Røed og faglærar Birgit Båfjord trur det største fortrinnet
med å velje akkurat denne linja
er at ein ikkje blir låst tidleg i
utdanninga.
– Her får elevane moglegheit
til å velje kreative fag utan å
velje vekk dei teoretiske. Med
studiespesialiserande åleine
skubbar ein på ein måte yrkesvalet framfor seg eit par år. Ved
å kombinere skaffar ein seg relevant erfaring samstundes som
ein kvalifiserer seg for opptak til
høgskular og universitet, forklarar Båfjord.
– Mange veit ikkje heilt kva
dei vil når dei går i gang med
vidaregåande utdanning. For
dei kan det gjerne «losne» litt
når dei får gjere begge delar,
meiner Røed.
Fordi linja består av både
obligatoriske og valfrie fag, kan
elevane også skreddarsy ulike
fordjupingsområde.
– Om ein veit at ein vil vidare
til ei rein teknisk utdanning, så
tek ein nok ei realfaglinje i staden. Men dei valfrie faga kan
like gjerne vere matematikk og
fysikk som programfag innan
formgjeving, opplyser Røed.
Engeland jobbar i Nordwest
3D, der han driv med design,
visualisering og animasjon i 3D.
Han er sjølvlært og meiner
praksis er viktigare enn teori.
– Det er så viktig å få det kreative og praktiske inn så tidleg
som mogleg. Får ein praktisk
trening allereie på skulen, så
stillar ein sterkare i jobbmarknaden, trur 25-åringen.
Men praktisk erfaring har
også sine grenser.
– Eg likar meg godt i jobben
og lærer mykje her. Men eg har
også lyst på meir utdanning. Eg
trur arkitekt er vegen for meg,
men så var det korleis eg skal få
det til… Kanskje får eg kome tilbake til Eid vidaregåande?
NORDFJORDSAMKØYRINGA februar 2015 9
Samlokalisering gir unike
moglegheiter i dei kreative faga
Eid vidareågåande deler bygg
med Operahuset Nordfjord.
Det betyr bibliotek, kino og
kultursal i tillegg til verkstader
og klasserom, og elevane som
vel formgjevingsfag får tett tilknyting til Opera Nordfjord og
Malakoff Rockfestival.
Over tre år går 840 timar til
dei obligatoriske hovudfaga
Visuelle kunstfag (teknikkar,
bilete, teikning, illustrasjon
m.m.) og Design og arkitektur
(produktdesign, mote, arkitektur m.m.). 420 timar vel eleva-
ne sjølve. Skulen tilbyr
Scenografi og kostyme, som
tek føre seg scenografi for film
og foto, lysdesign for scene, og
design og produksjon av kostyme. Elevane får jobbe med
operaoppsetjing, revyar og
musikalar i Operahuset.
– Dette er ein av dei store
styrkene våre og ein del av
heilheita og visjonen til skulen.
Både elevar og lærarar får heva
kompetanse på grunn av samarbeidet, seier utdanningsleiar
Åsta Navelsaker Røed.
– Design fyller ein viktig
funksjon i samfunnet
«Forming» er ikkje kva
det ein gong var.
Faget «Teikning, form og farge»
måtte vike for «Design og
handverk» og «Studiespesialisering med formgjevingsfag».
No dekkjer paraplyen «Formgjevingsfag» det meste.
– Formgjeving er ikkje ei koselinje med hobbyaktivitetar,
seier faglærar Birgit Båfjord.
Ho meiner det er viktig å få
fram at formgjeving er relevant
på svært mange felt.
– Formgjeving er eit stort fagområde som tek i seg fleire
kreative prosessar og teknikkar
– i høgste grad eit yrkesretta
fag. Med formgjeving frå vidaregåande har ein grunnlag for
å gå i svært mange retningar,
seier faglæraren.
Formgjeving kan bety både
tradisjonelle kunstfag, scenefag, grafisk design, 3D-design,
produktdesign,
speldesign,
trykk, foto, bildebehandling,
animasjon, interiør- og eksteriørdesign og arkitektur.
Digitale verktøy er blitt ein
viktig reiskap. Gamle handverksteknikkar blir tatt i bruk
på nye måtar.
– Sjå deg om kring i rommet
du er i. Antakeleg er der stolar,
bord, gardiner, lamper, kaffikoppar, pynteting, kanskje kalender på veggen. Ei vøle med
ting, og alt er designa. Formgjeving er viktig for samfunnet,
og det er viktig at folk vel og
fordjupar seg i faget, fastslår
Båfjord.
ag. Det skulle 3D-designar Idar Vingen Engeland ønske han hadde hatt som val då han
ne ha valt denne linja
Framsteg: 3D-printaren bak verkstadane er berre ein av nyvinningane på
skulen sidan Idar Vingen Engeland var elev ved Eid vidaregåande.
Godt naboskap: Samlokalisering med Opera Nordfjord er noko Eid
vidaregåande utnytter til fulle i formgjevingsfag.
10 februar 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA
Meir kunnskap skal gi eit løft: − Det blir satsa stort frå statleg hald på vidareutdanning av lærarar. Ein del av denne satsinga har fått namnet
Kompetanse for kvalitet, seier Birgitte Fondevik, ved Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur, og instituttleiar Arne Kåre Topphol ved Institutt for
realfag. foto: høgskulen i volda
Fekk sju nye studium
fakta
I samband med regjeringa si satsing på vidareutdanning av
lærarar, fekk Høgskulen i Volda (HVO) tilslag
på sju nye studium.
Lærarløftet
•• Fordjuping i matte,
engelsk og norsk.
•• 5-årig masterutdanning.
•• Auka opptakskrav frå 3 til
4 i matte for å koma inn.
••
Tormod Flatebø
[email protected]
Det blir satsa stort frå statleg
hald på vidareutdanning av
lærarar. Ein del av denne satsinga har fått namnet Kompetanse for kvalitet. Kommunane
får midlar frå Utdanningsdirektoratet til å leige inn vikarar i
grunnskulen, slik at dei fast tilsette lærarane får høve til å vidareutdanne seg.
– Lærarane får gå ned til om
lag 60 prosent stilling medan
dei tek vidareutdanning på deltid, utan at dei går ned i lønn.
Kommunane får dekt vikarkostnadene, forklarar Birgitte
Fondevik ved Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur.
Frå to til sju
Satsinga Kompetanse for kvalitet skal heve kompetansen til
lærarane i norsk, matematikk
og engelsk. I fjor haust starta
Høgskulen i Volda opp to studium i samband med satsinga,
eit i norsk og eit i matematikk.
Etter ein ny søknadsprosess
har utdanningsdirektoratet gitt
•• Ytterlegare opptrapping
av vidareutdanning for
lærarar.
Fakta: Mange lærarar i grunnskulen har ikkje spesialisering i fag dei
underviser i. illustrasjonsfoto
•• Meir kompetanse til fylke,
kommunar og rektorar for å
skapa kunnskapsskulen.
klarsignal for fleire, og frå
hausten får HVO fire nye engelskstudium, to matematikkstudium og eit norskstudium.
– Vi har fått eit stort tilslag,
men det er òg eit stort behov,
spesielt i norsk, matematikk og
engelsk. Mange av lærarane i
grunnskulen i dag står utan
spesialisering i fag dei sjølv underviser i, seier instituttleiar
Arne Kåre Topphol ved Institutt for realfag.
på høyring eit forslag om å stille krav til lærarane om studiepoeng for å få undervise i desse
faga, fortel Fondevik.
– Om det vert vedteke er det
per i dag 38.000 lærarar i
grunnskulen som ikkje fyller
krava. I løpet av dei neste ti åra
vil dei måtte tilbake til skulebenken sjølv.
Manglar studiepoeng
Ei gransking syner at éin av sju
norsklærarar og éin av fem matematikklærarar i grunnskulen
ikkje har studiepoeng i undervisningsfaget sitt. I engelsk
manglar over 40 prosent av
lærarane studiepoeng.
– Departementet har no ute
Løft
– Studia er fleksible, med to til
tre samlingar på skulen og resten av undervisninga over
nett. Dei let seg dermed kombinere med arbeidskvardagen til
lærarane, seier Fondevik. Kursa er didaktisk retta, og knytt
opp mot undervisningskvardagen til lærarane.
− Kva tyder det for høgskulen
å få tilslag på så mange kurs?
− For engelskmiljøet tyder
det eit kjempeløft, seier Fondevik og legg til:
– Alle faga får eit auka fagmiljø. Det er alltid bra å ha
fleire folk å spele på.
Med plass til om lag 30 studentar per kurs, får høgskulen
ei god auke i talet studentar.
– Auka studietilbod har jo
sjølvsagt òg ei økonomisk tyding. Studia har studentar frå
heile landet, og er med på å
sette skulen på kartet, seier
Topphol.
− Spenande gruppe
Fondevik oppmodar skuleleiarane til å nytte seg av dei nye
studietilboda.
– Dette er ikkje berre opp til
lærarane sjølv, dei treng godkjenning av skuleleiinga for å
søkje, forklarar ho.
Fondevik fortel at interessa
for kursa så langt har vore stor.
– Det verker som lærarane
ser på dette som eit godt tilbod, at dei har eit ønskje om
vidareutdanning. Når det er så
godt tilrettelagt som dette så
nyttar dei høvet.
Både Fondevik og Topphol
spente på å kome i gang.
– Eg gler meg. Lærarar er ei
engasjert og spanande gruppe
å jobbe med, seier Fondevik.
– Dei har mykje erfaring og
ser dermed raskare nytta av
det vi lærar dei enn studentar
utan tilsvarande praksis, seier
Topphol.
NORDFJORDSAMKØYRINGA februar 2015 11
SOGN OG
FJORDANE
FYLKESKOMMUNE
STRYN
VIDAREGÅANDE
SKULE
FIRDA VIDAREGÅANDE
– MEIR ENN EIN SKULE
• Studiespesialisera
pes
pe
esia
sial rande
• Musikk,
Mu
M
ussik dans,
ns,
ns
s, drama
• Vg3
V påby
åbygg,
byg
ygg,
gg, generell
g
ge
o pettans
studie
diekompetanse
• Idrettsfag
som
Service og samferdsel
• VG1 Service og samferdsel
• VG2 Reiseliv
• VG2 Sal, service og tryggleik
• VG2 Transport og logistikk
deg
Helse- og oppvekstfag
• VG1 Helse- og oppvekstfag
• VG2 Helsearbeiderfag med velferdsteknologi
...for
Bygg- og anleggsteknikk med vekslingsmodell
• VG1 Bygg- og anleggsteknikk
• VG2 Byggteknikk
STRYN VIDAREGÅANDE SKULE
Postboks 158 • 6781 STRYN
Telefon: 57 83 48 00
meir!
For meir informasjon: www.stryn.vgs.no
litt
Idrettsfag
• VG3 Idrettsfag
vil
Studiespesialisering med spissa idrettstilbod
• VG1 Studiespesialisering
• VG2/VG3 Realfag
• VG2/VG3 Språk, samfunnsfag, økonomi
Firda vidaregåande skule
Firdavegen 21, 6823 Sandane
Telefon: 57 82 53 20 - Telefax: 57 82 53 21
Eid vidaregåande
vidaregåande
skule
Eid
skule
Utdanningsprogram for Eid vidaregåande skule 15/16
Er dette noko for deg?
VG1
VG1
VG1
VG1
VG1
VG1
Bygg- og anleggsteknikk
Helse- og oppvekstfag
Naturbruk (blå)
Restaurant- og matfag
Studiespesialisering
Teknikk og
industriell produksjon
VG2 Akvakultur
VG2 Barne- og
ungdomsarbeiderfag
VG2 Byggteknikk
VG2 Fiske og fangst
VG2 Industriteknologi
VG2 Kokk- og servitørfag
VG2 Køyretøy
VG2 Maritime fag
VG2 VG2/3 Studiespesialisering
- Språk, samfunnsfag
og økonomi
- Realfag
Måløy vidaregåande skule
6718 Deknepollen
tlf.: 57 84 91 00
e-post: [email protected]
www.maloy.vgs.no
Eid vgs - ein skule for læring og næring
TAF (YSK - Yrkes- og
studiekompetanse)
• Teknikk og industriell
produksjon
• Helse- og oppvekstfag
• Akvakultur
• Bygg
Besøk
www.eid.vgs.no
og vår facebookside
eller ring 57 63 83 00
Alle elevane
på alle trinn kan
velje
PROGRAMFAG
knytt til skulemusikal og idrett
• ST Studiespesialiserande
realfag, økonomifag, samfunnsfag, språkfag.
Studiespesialiserande med formgjevingsfag
• EL Elektrofag
vg1, vg2 elenergi, vg2 data og elektronikk,
vg3 dataelektronikk
• TP Teknikk og industriell produksjon
vg1, vg2 industriteknologi,
vg2 industriell møbelproduksjon (landslinje)
• PB: Påbygging til generell studiekompetanse
• DH Design og handverk
fylkesdekkjande tilbod, vg1, vg2 interiør og
utstillingsdesign
• Innføringsklasse for framandspråklege
12 februar 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA
Mange tilbod: − Høgskulen i Volda er den høgskulen i Norge som har størts breidde innafor kulturfag, seier Aud Folkestad, dekan ved Avdeling for
kulturfag. begge foto: Høgskulen i Volda
– Eit hav av kulturfag
fakta
− Det vi kan samle under paraplyen kulturfag, eller praktiske
estetiske fag, er blant
det breiaste tilbod på
høgskulenivå i landet.
Høgskulen i Volda
Har det breiaste fagfeltet på
kulturfag på høgskulenivå i
landet med:
•• Musikk
••Tormod Flatebø
•• Formgjeving
[email protected]
•• Kunst og handverk
Dette seier Aud Folkestad, dekan for avdeling for kulturfag
ved høgskulen i Volda.
− Avdeling for kulturfag omfattar faga musikk, formgjeving, kunst og handverk,
idrett, friluftsliv, drama og teater, digital kompetanse i læring
samt medie- og kommunikasjonsteknologi.
Sistnemnde er det minste av
tilbodet innanfor mediefag ved
høgskulen. Dette tilbodet kjem
i tillegg til journaliststudiet.
– Vi har det mest komplette
mediehuset i Noreg. Vi har interne reelle praksisperiodar og
vi produserer og publiserer
både avis, nett, radio og fjernsyn, det er det ingen andre
som gjer, seier Aud Folkestad.
•• Idrett, friluftsliv
Naturguide
Til hausten startar eit nytt tilbod, årsstudiet Naturguide ved
Seksjon for Idrett og Friluftsliv.
Studiet har fokus på guiding
frå hav til fjell, på nye teoriområde innanfor reiseliv, sett frå
Aktivt miljø: – Musikkstudiet gjev
studentane ei solid og allsidig
utdanning, meiner Aud Folkestad.
gjesten sitt perspektiv.
– Studiet har fokus på guidearbeid i norsk fjordlandskap,
med spesiell vinkling på lokalgeografi, lokalhistorie og lokale
naturbrukstradisjonar, seier
Folkestad.
Ho fortel vidare at studiet
har kome i stand ut frå eit behov innanfor reiselivsnæringa.
− Næringa ynskjer å ha kvalitetssikring av guidetenester, då
naturbasert reiseliv er i sterk
vekst. Fleire og fleire er villig til
å betale for kvalitetstid i naturen, noko som skaper ein
marknad for guideutdanning
og guidetenester.
Utdanninga kan takast som
ein del av ein bachelorgrad i
friluftsliv, men kan også sjåast
som eit sjølvstendig avsluttande studium.
•• Drama og teater
•• Digital kompetanse i læring
•• Medie- og komm.teknologi
Musikk
– Musikkstudiet har de allereie
vore innom i samband med
Jørn Trollebø Kvalheim, seier
Folkestad.
– Og eg kan legge til at musikkstudiet i Volda gjev studentane ei solid og allsidig
musikkutdanning i eit godt og
aktivt miljø. Musikkseksjonen
har dyktige fagfolk innan musikkteori, teknologi, direksjon,
hovudinstrument og musikkdidaktikk, og fleire er utøvande
musikarar. Komponist og professor Magnar Åm står bak
våre tverrfaglege masteremne,
«Å skape meining og Playful
truth-approach». Fagområdet
har også hand om Symfoniorkesteret ved Høgskulen, i tillegg til vårt eige Høgskulekor,
fortel Aud Folkestad.
Ho legg til at musikkfag også
har fokus på det helsemessige
når det gjeld musikk.
− Musikk og drama blir også
brukt som metode i helsemessig samanheng. På høgskulen
vert det driv forsking på dette
området.
Drama og teater
– Innan dette området har vi
valt å fokuserer på opplevingar, erfaringar og utfordringar
i eit stimulerande studentmiljø. Gjennom studiet lagar vi
oppsøkande teater og dramaforløp for barn og ungdom, eldre og flyktningar. Det blir
jobba med skodespelteknikk
og regi gjennom blant anna
monologer, dialogar, kortfilm,
forteljing og teaterproduksjonar innanfor ulike sjangrar. For
den som har lyst til å prøve seg
utanlands, kan vi tilby utveksling til England, Australia og
Hawaii, fortel Folkestad
Ho peikar på at høgskulen
har eit aktivt studentmiljø med
blant anna studentteater, studentrevy, student-tv, studentradio og mange ulike festivalar.
− Høgskulen har to teatersalar. I tillegg kan eg nemne at vi
har eit godt samarbeid med
Opera Nordfjord, der vi leiger
profesjonelle kostymer, seier
dekan Aud Folkestad.
NORDFJORDSAMKØYRINGA februar 2015 13
Vi gir deg folk i Nordfjord på papir, nett og mobil
- kvar dag, heile døgnet.
57 84 90 27 - [email protected] - nordfjordsamkoyringa.no
www.nla.no
Dagsaktuelle
i Bergen
NLA Høgskolen tilbyr bachelorgrader, årsstudium og mastergrader
for deg som vil jobbe med aktuelle utfordinger i samfunnet.
� Interkulturell forståelse
Du får kunnskap og redskap til å forstå og arbeide i et stadig mer
flerkulturelt samfunn og arbeidsmarked, både nasjonalt og internasjonalt.
� Pedagogikk
Du får innsikt i forholdet mellom voksne og barn, hva oppdragelse
og undervisning er, hvordan barn og unge lærer, og hva kunnskap er.
Du får bedre forståelse av samfunnet, andre mennesker og deg selv.
Se hele vårt studietilbud på nla.no
I Sogn og Fjordane Energi får du
kraft til å påverke
FRAMTIDA
Sogn og Fjordane Energi sin visjon, kraft til å
påverke framtida, fortel mykje om vår verksemd
og våre ambisjonar. Vi produserer rein energi,
som er ein del av løysinga på verdas klimautfordringar. Vi handterer over 4000 km
straumnett – sjølve livsnerven som bind fylket
saman. Og vi bidreg til økonomisk verdiskaping
og utvikling i lokalsamfunna våre.
No søkjer vi etter trainee innan elkraft.
Søknadsfrist er 16. mars.
Les meir på sfe.no.
14 februar 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA
Nesten: – Eg har fått oppleve
mykje, seier Jørn, som kom heilt
til Idol-finalen. foto: TV 2
I Volda har
eg utvikla meg.
Jørn Trollebø Kvalheim
Trivast: – Volda er ein fristad der alle får vere seg sjølv. Dette skaper eit godt studentmiljø. Eg rår verkeleg
folk til å studere ved Høgskulen i Volda. Det er ei oppleving for livet, seier Jørn Trollebø Kvalheim, som går
siste året på bachelor i musikk ved Høgskulen. Foto: TV 2
Læring: – Gjennom undervisninga
har eg fått mange tips om korleis
ein skal prestere på ei scene.
Tek nye steg i Volda
Volda-studenten Jørn
Trollebø Kvalheim
gjennomførte draumen og kapra andreplass i Idol 2014.
••
Tormod Flatebø
[email protected]
Musikk har alltid vore viktig for
måløyværingen, som går siste
året på bachelor i musikk ved
Høgskulen i Volda.
– Interessa fekk eg då eg var
liten og mamma spelte for
meg. Eg høyrde på og song
med, seier musikaren
Sceneerfaring frå Volda
Jørn har vore med i skulekorps,
vore aktiv på kulturskulen og
spelt trommer i band.
Etter åra på vidaregåande
valde han musikk på Høgskulen i Volda.
– I Volda har eg utvikla meg.
Studiestaden har gitt meg nye
innspel, og musikk­studiet har
lært meg mykje, seier Jørn.
Han trekk spesielt fram Volda og høgskulen som ein fin
stad å få sceneerfaring.
– Gjennom undervisninga
har eg fått mange tips om korleis ein skal prestere på ei scene. På Studenthuset Rokken
har vi ein unik mogelegheit til
å kunne spele for eit stort publikum, som kvar månad arrangerer de Open Mic. Det
berre er å møte opp og opptre
med det du kan.
Fekk skryt av Kurt
Jørn fortel at han fekk lyst å
melde seg på Idol for å få konstruktiv kritikk frå Kurt Nilsen
og resten av dommarpanelet.
– Å vere med i Idol har vore
ein tanke heilt sidan Kurt blei
med i dommarpanelet, seier
Jørn, som ikkje trudde han ville
kome vidare frå audition. For
Kurt Nilsen var det ingen tvil
om at Jørn ville nå langt:
«Dette er kanskje noko av det
kulaste eg har høyrt så langt i
år. Du har kul stemme og du
spelar dritbra. Dette er grunnen til at eg er med i dette programmet», var tilbakemeldinga
frå Kurt.
Gitt ut låt på Spotify
Jørn kom mykje lenger enn det
han sjølv forventa, og Idol har
gjeve han ei unik sjane til å få
vise folk kva han er flink til.
Samstundes har Idol gitt minner for livet.
– Eg har fått oppleve mykje,
og fått mange gode råd. Eg har
gitt ut min første låt, «Collide»,
på Spotify, og spelt inn ein eigen musikkvideo. Idol var over
all forventning. Berre det å
kunne framføre ein eigenskriven låt framfor eit stort publikum har vore ein draum, seier
måløyværingen.
Han legg til at målet hans er å
kunne leve av å spele sin eigen
musikk.
– Eg vil prøve å få folk til å
kome inn i mi verd og hjelpe
folk til å slappe av litt, seier
Jørn Trollebø Kvalheim.
NORDFJORDSAMKØYRINGA februar 2015 15
Inga endring: – Behovet for elkraftingeniørar er like stort i dag som tidlegare, sjølv om bransjen akkurat no er litt avventande på grunn av låge
kraftprisar, seier Ole Bernt Søreide. Han er HR-direktør i Sogn og Fjordane Energi. Foto: Tormod Flatebø
Framleis etterspurd
Det første kullet med
elkraftingeniørar frå
Høgskulen i Sogn og
Fjordane si avdeling i
Førde er ferdig utdanna denne våren. Dei
er svært ettertrakta på
arbeidsmarknaden.
••
Tormod Flatebø
[email protected]
– Energibransjen har stort behov for fagutdanna personar,
både på land og offshore.
Tek du elkraftstudiet er du
trygg, sa programansvarleg for
ingeniørutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Eli
Nummedal, til oss i fjor.
Bransjen
Det var Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi
som tok initiativ å få utdanninga til Sogn og Fjordane. Bakgrunnen for det var stort
behovet for fagpersonar med
denne typen utdanning.
– Til saman er det 760 tilsette
i kraftbransjen i Sogn og Fjordane. Ein tredjedel av desse vil
gå av med pensjon dei komande ti åra. Derfor er vi sjølvsagt
svært nøgde med at utdanningstilbodet i Førde kom på
plass, sa kommunikasjonsdirektør Kai Petter Sårheim i SFE
for vel eitt år sidan.
Kraftfylket
I 2014 viste Sårheim til at behovet for kvalifisert arbeidskraft
kunne illustrerast ved at ti prosent av all vasskraft i Norge
kjem frå Sogn og Fjordane.
Med elkraftstudiet er du
trygg.
Eli Nummedal
Programansvarleg for ingeniørutdanninga ved Høgskulen i
Sogn og Fjordane
– Konkurransen om elkraftingeniørane er stor over heile
landet, ikkje minst frå oljeindustrien, nettopp derfor er det
svært viktig at vi sikrar eiga rekruttering, ved at vi har oppretta det einaste elkraftstudiet
mellom Bergen og Trondheim i
Førde, seier Sårheim.
Behovet er stort
Når no det første kullet med
elkraftingeniørar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane (HISF)
snart forlet studiebenken, er
spørsmålet om dei som var pådrivarar for å få utdaningstilbodet til Sogn og Fjordane
også har sikra seg nokre av dei
nyutdanna elkraftingeniørar
frå HISF?
− Per i dag har vi ikkje tilsett
ingeniørar frå det studiet vi var
med å få i gang. Akkurat no er
vi litt avventande på grunn av
dei utfordringane vi har i bransjen, med låge kraftprisar, seier
Ole Bernt Søreide, HR-direktør
i SFE.
− Men det betyr ikkje at behovet for nytilsetting av ingeniørar er mindre enn tidlegare.
Vi har framleis den same utfordringa no som vi hadde tidlegare, ved at vi i må erstatte dei
som går av med pensjon, seier
Søreide.
16 februar 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA
Vi gir deg
folk i Nordfjord
på papir, nett
og mobil kvar dag,
heile
døgnet.
nordfjordsamkoyringa.no
[email protected]
57 84 90 27