Gjesdalbuen lokalval1.2

Gjesdalbuen torsdag 21. mai 2015
11
»» [email protected]
Politikarane svarar
1. Vil de jobba for å få rimelege
serveringsstadar til Ålgård?
2. Bør Gjesdal få eigen
vidaregåande skule?
Christer Karlsen, MDG:
Sander Nevland Lie (15) og Bernhard Dahle (14) kan godt tenka seg å gå på vidaregåande i Gjesdal om linjene er interessante.
1. Når det kjem til kvar serveringsstadar vel å etablera seg,
kjem det mykje an på
marknadskreftene. Diverre
er det lite me politikarar kan
gjera med det. Eit forslag er å
etablera ein kafé på ungdomsklubben. Eit tips er at
ungdommar som er interesserte i dette, startar ein
underskriftskampanje og leverer denne til styret i
ungdomsklubben.
2. Eg trur ikkje det er nok elevgrunnlag på Ålgård
for å etablera ein vidaregåande skule. Plasseringa
av ein vidaregåande skule i Gjesdal er heller ikkje
optimalt geografisk sett.
Tellef Lima Eidland, Sp:
1. Senterpartiet vil legga til
rette for nye arbeidsplassar i
heile kommunen. Men me
må ikkje gløyma å nytta
serveringsstadane som
allereie er etablerte slik at
dei kan halda oppe drifta.
Me ønskjer eit bra ungdomstilbod i heile kommunen,
gjerne med ungdomshus, der ungdommane sjølve
står for ideane og sal av mat og drikke.
Stian Ree Jensen (13) og Elisabeth Tverberg (13) saknar fleire butikkar og kafear på
Ålgård.
cDonalds? Kebab?
– Det blir kjekt å treffa nye folk på vidaregåande i Sandnes. Det er heilt greitt å
ta bussen, seier Oftedal.
Skulen dei går på no, er dei nøgde med.
– Men fargane er snåle, seier Skråmestø.
– Me kunne godt ha måla veggene kvite
i staden for grøne og oransje, seier Oftedal.
På den eine veggen står det «Bry deg»
med store bokstavar. Dette er eit resultat
av ein skuledag om digital tryggleik og
mobbing.
– Skulen har gripe fatt i mobbinga no,
seier Skråmestø.
– Men dei kunne godt ha teke endå
hardare tak i dei som mobbar. Det er ikkje
alltid det går over sjølv om dei vaksne
snakkar med dei det gjeld, seier Oftedal.
Travle tider
Ved eit anna bord sit Bernhard Dahle (14)
og Sander Nevland Lie (15). Dei kallar Gjesdal for ein koseleg og «heilt normal» plass
å bu.
– Men me kunne godt hatt fleire aktivitetar her, for eksempel ein skatepark eller
ein kino, seier Lie.
Dei liker skulen sin. Bortsett frå dusjane
som tek litt for lang tid på å bli varme, er
dei nøgde med bygga.
– Det er eit godt sosialt miljø på skulen.
Men no i mai er det mykje stress, med
mange prøver og tentamenar, seier Lie.
– Dei kunne godt ha spreidd det jamnare utover året, seier Dahle.
Vidaregåande
Ein vidaregåande skule i Gjesdal trur dei
at er ein god idé.
– Det blir langt for mange å reisa til
Sandnes, seier Lie.
– Eg trur folk ville ha valt å gå på skule
i Gjesdal, seier Dahle.
– Men det kjem an på linjene, seier Lie.
Om dei fyrst må til Sandnes, synest dei
busstilbodet er greitt som det er i dag.
Ringeklokka
På benkene i aulaen sit Stian Ree Jensen
(13) og Elisabeth Tverberg (13).
– Det er mange ting å gjera i Gjesdal
som ikkje kostar pengar. Ein kan gå turar
og bada, seier Tverberg.
– Det er gildt her. Naturen er fin, seier
Jensen.
– Dessutan går det ofte mange bussar
til Sandnes, seier Tverberg. Det ringer inn til neste time, og tida
blir knapp. Det einaste dei rekk å seia før
dei må gå, er at dei saknar fleire butikkar
og kafear.
– Ålgård kunne godt hatt Expert, til
dømes, seier Jensen.
– Kafeen som er her, er for dyr, seier
Tverberg.
2. Med eit betre kollektivtilbod med fleire direkteruter mellom Ålgård, Sandnes og Stavanger og
gjenopning av Ålgårdbanen, blir det lettare å
koma seg til skulane i fylket. For ein kommune i
vekst med ei ung befolkning, bør nok fylkeskommunen vurdera å legga neste vidaregåande skule
i vår kommune. Dette bør bli diskutert i samband
med sentrumsplanane, då det er einaturleg
plassering. Dette vil gje fleire arbeidsplassar og
kortreist undervisning.
Tom Kalsås, Ap:
1. Me meiner det er viktig at
kommunen legg til rette for
eit variert tilbod av serveringsstadar, slik at det finst
både rimelege alternativ og
alternativ for dei som er
opptekne av kvalitet. Etter
vår vurdering legg den vedtekne områdeplanen for
Ålgård sentrum til rette for nye etableringar, og me
har stor tru på at me vil få fleire serveringsstadar i
samband med etableringa av Norwegian Outlet.
2. Fylkeskommunen har dei siste åra brukt
betydelege midlar på bygging av nye vidaregåande skular og oppussing av eksisterande
skular. I tillegg har Fylkeskommunen vore veldig
oppteken av at skulane må bli lagde til stadar der
det er god kollektivdekning. Dette gjer at det
neppe er realistisk at det blir etablert nokon skule
i Gjesdal dei neste ti åra. Når me får opna Ålgårdbanen, vil forholda ligga betre til rette. Me vil
derfor jobba langsiktig for å få etablert ein
vidaregåande skule i Gjesdal.