HAFS Regionråd - Sogn og Fjordane fylkeskommune

Hyllestad – Askvoll – Fjaler – Solund – Gulen
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger
HAFS Regionråd syner til høyringsbrev frå Sogn og Fjordane fylkeskommune
v/fylkesrådmann og fylkesdirektør for opplæring der mellom anna regionråda vart invitert til å
kome med høyringsinnspel i til skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og
Fjordane 2013 – 2024 i høyringsperioden 4.mars – 26. april. HAFS Regionråd har vurdert
høyringsdokumentet, og har vedteke å sende inn fylgjande høyringsfråsegn, som vi bed om at
vert med i den vidare handsaminga av skulebruksplanen:
Fråsegn til skulebruksplan for vidaregåande opplæring
i Sogn og Fjordane 2013 – 2024
HAFS Regionråd registrerer at det er gjort ei omfattande utgreiingsarbeid omkring den
framtidige skulestrukturen i Sogn og Fjordane. Regionrådet har forståing for at fallande
elevtal og utsikter til reduksjon i inntektsgrunnlaget krev ein slik grundig gjennomgang av
skulestrukturen.
Regionrådet ser likevel ikkje at nokon av dei utgreidde modellane (1 – 7) fullt ut tilfredsstiller
HAFS-regionen sitt optimale behov for vidaregåande opplæring i eigen region. Potensielt kan
HAFS-regionen verte den einaste av dei etablerte regionane som vert ståande fullstendig utan
eit tilbod om vidaregåande opplæring. Regionrådet vel difor å komme med generelle
punktvise merknader til handsaming av planen framfor tilråding av ein særskilt modell.
 Den desentraliserte skulestrukturen i Sogn og Fjordane har gjeve resultat. Trass i
mange små skular med høvesvis små fagmiljø, presterer elevane våre heilt i
landstoppen i mange fag. Denne tetposisjonen må ikkje settast i fare gjennom ein
omfattande auke i talet på hybelbuarar.
 Hybelliv passar for nokre, men langt frå for alle, og bør difor så langt råd er vere
frivillig. Konsekvensutgreiinga viser ikkje regionvise tal på nye hybelbuarar som
følgje av dei ulike modellane. Elevar i dei større sentra i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn
(Førde, Eid, Sogndal og mogelegvis Flora) har i alle modellar dagpendleavstand til ein
eller fleire skular i sitt bu- og arbeidsområde. I HAFS-regionen vil nesten alle elevar
verte hybelbuarar dersom Hordalandsavtalen vert oppsagd og Dale vidaregåande skule
vert nedlagd. Dette rammar både einskildelevar og heile lokalsamfunn, og vil difor
medføre ei heilt urimeleg fordeling av ”kostnadene” med ein ny skulestruktur.
HAFS regionråd
c/o Lutelandet Utvikling
Adresse
6963 DALE
91589681
Telefon
Epost
[email protected]
 Ein slik urimeleg ”kostnad” ved å gjere nesten alle HAFS-ungdommar mellom 16 og
19 år til hybelbuarar, vil vere at driftsgrunnlaget for frivillig og kommunalt kultur- og
idrettstilbod vert kraftig svekka i heile regionen. Dette vil gje store negative
konsekvensar for langt fleire enn den aldersgruppa som vert direkte ramma av
skulenedlegginga.
 Sats på kysten – også innanfor vidaregåande opplæring! Skal fylkeskommunen si
satsing på auka verdiskaping av olje- og gassaktiviteten utanfor kysten vår lukkast, må
bu- og arbeidsregionane langs kysten styrkast. Kystvegen, ingeniørstudiet i Florø og
Dalsfjordbrua er steg i rett retning. Ein skulefri region frå Knarvik i sør til Førde i
nord, vil derimot vere eit øydeleggande sjølvmål for ein slik verdiskapingsstrategi.
 Der fagmiljø og relevant næringsengasjement er til stades, bør lokalisering av
fylkesdekkande tilbod nyttast til å forsterke den skulestrukturen ein vel å satse på, og
så langt råd er bidra til balansering av elevtal og skuleplassar i bu- og
arbeidsregionane.
 Det svekkar konsekvensutgreiinga at nettundervisning vert summarisk utgreidd i eit
tilleggspunkt og ikkje som ein integrert del av dei 7 ulike modellane. Når vi ser kva
strukturkonsekvensar nettenester har hatt på andre samfunnsområde som post, bank,
media og varehandel, verkar det lite sannsynleg at ikkje nettundervisning vil få direkte
konsekvensar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane i planperioden.
Ein saknar difor ei grundigare utgreiing av korleis nettundervisning kunne vore nytta
mest effektivt for å tilby undervisning med høg kvalitet i eit breitt spekter basert på ein
mest mogeleg desentralisert skulemodell.
 Internasjonalisering må vere eit satsingsområde innan vidaregåande opplæring i
eksportfylket Sogn og Fjordane. Dei fleste fylke utanom vårt har etablert ei IButdanning som er eit toårig universitetsførebuande opplæringstilbod som byggjer på
vg1, og som kvalifiserer for opptak ved dei aller fleste høgare lærestader i verda. I
konkurransen om kompetansearbeidskraft frå inn- og utland vil det verte eit større og
større handicap for Sogn og Fjordane å ikkje ha eit slikt IB-tilbod.
Fylkeskommunen kjøper i dag slike opplæringsplassar i Hordaland ved behov, men
tilbodet er sterkt underkommunisert. I Dale kan det gjennom samarbeid med UWC
etablerast eit slikt tilbod i eige fylke til overkommeleg pris pr. studieplass. HAFS
Regionråd meinar at dette framtidsretta tilbodet må startast opp i Dale frå 2014.
Med helsing,
(sign.)
Ole Gunnar Krakhellen
Regionrådsleiar
(sign.)
Per Arne Tveit
HAFS-sekretariatet
Side 2