Firda 09.02.15.pdf

8
Laurdag 7. februar 2015
MEININGAR
FIRDA
SYNSPUNKT
SEI MEININGA DI.
Velkommen til distriktets viktigaste møteplass for samfunnsdebatt.
Debattinnlegg du ønskjer på trykk, legg du inn på firda.no/synspunkt. Der kan du òg debattere andre sine
innlegg. Alternativt sender du e-post til [email protected]
LEIAR
Ei kraftig
markering
Det var solid oppslutnad om fakkeltoget i Førde
torsdag kveld, i protest mot gruveplanane og
fjorddeponiet i Vevring. Protestmarkeringa viser
også at Vevringsaka for lengst er blitt noko langt
meir enn eit lokalpolitisk stridsspørsmål, og har
utvikla seg til å bli ei miljøsak av nasjonalt
omfang. Framleis er dei to regjeringspartia
positivt innstilt til planane, men motstanden
mot prosjektet ser ut til å vekse også i Arbeidarpartiet, og medan alle ventar på at kommunalminister Jan Tore Sanner skal komme med si
avgjerd, er det klart at for kvar dag som går vil
det bli vanskelegare å samle støtte for det
omstridde gruveprosjektet på politisk hald.
– Dette er ingen aksjon, dette er ei folkerørsle for
Førdefjorden, slo tidlegare Førde-ordførar Nils
Gjerland nokså bombastisk fast etter fakkeltoget
i Førde. Det er kanskje å ta litt vel hardt i, for det
er framleis mange som vil ønske gruvedrifta og
arbeidsplassane velkommen, og som er villig til
å betale den prisen det måtte vere å dumpe
enorme steinmassar i Førdefjorden. Kommunestyra i fjordkommunane Naustdal og Askvoll har
med stort fleirtal gått inn
for prosjektet. Og enn så
lenge, sjølv om ting tyder
på at det snart kan endre
seg, har dei sterk støtte av
fylkeslaget til Arbeidarpartiet. Det er eit synspunkt
ein sjølvsagt skal ha
respekt for, all den tid det
er sådd tvil om dei faktiske
miljøkonsekvensane av fjorddeponiet.
Motstanden mot
prosjektet har
vekse seg sterkare jo lenger tid
som er gått
Men det er likevel liten tvil om at ein, ut frå føre
var-prinsippet som ein elles prøver å legge til
grunn i miljøsaker, bør seie nei til prosjektet.
Den tvilen som framleis måtte vere om dei
miljømessige konsekvensane bør derfor komme
fjorden og miljøet til gode, i ei sak der den
politiske støtta til utbygginga er i ferd med å
forvitre.
Det er liten tvil om at motstanden har vekse seg
stadig sterkare jo lenger tid som er gått. Men vi
håper likevel også at ei avgjerd, som uansett vil
vere kontroversiell, ikkje vil trekke altfor langt
ut i tid, ikkje minst av omsyn til Naustdal
kommune og lokalbefolkninga. Fjorden bør få
leve, og tvilen om akkurat det bør ryddast bort
snarast råd.
Ferjeproblem
Ferja MF «Stavanger» som er sett inn på strekninga Lavik–Oppedal stettar ikkje Vegvesenet
sine eigne minimumskrav til lasteevne for
sambandet. Og vi som trudde at alt ville bli så
mykje betre og meir effektivt når alle rutekonsesjonar vart lyst ut på anbod ...
Engebø: Identitet
Debatt
IVAR S. FOSSUM
administrerande direktør
Nordic Mining ASA
VI HAR stor forståelse for Vegard Heggems identitetsfellesskap med villaksen. Dessverre
er det imidlertid få i Norge som
opplever den maleriske beskrivelsen som gjengis i Heggem og
Rieber-Mohns debattinnlegg i
Firda tirsdag 3. februar. Langt
flere er opptatt av at vi sørger
for trygge, miljøvennlige og
langsiktige arbeidsplasser.
Vi ønsker villaksen og dens
tilhengere alt vel, og støtter
både beskyttelse og etablering
av nasjonale laksefjorder. Samtidig er det viktig å ha et ærlig
forhold til hva vi faktisk har erfart mht. til laksens utvikling og
levevilkår sett i forhold til norsk
mineralindustri.
GRUVE- OG pukkvirksomhet
drives side om side med mange
av våre lakseførende vassdrag
langs hele kysten. Det er ingen
forhold som tyder på, og ingen
dokumentasjon som viser at,
sjødeponier har påført villaksen negative konsekvenser.
Dette kommer på tross av at flere sjødeponier i dag opererer på
langt grunnere vann og innenfor nasjonale laksefjorder.
Likevel var mulige konsekvenser for villaksen en viktig
del av utredningsprogrammet
for Engebøprosjektet. Den klare konklusjonen fra alle fagrapporter var at villaksen ikke vil
bli påvirket av deponiet, og nyere modelleringer viser at det
selv etter 50 års deponering vil
være mer enn 100 meter med
partikkelfrie vannmasser mellom de vannlag der laksen vandrer og de vannlag der partikler
fra deponiet kan forekomme.
HEGGEMS OG Rieber-Mohns
debattinnlegg siterer vakker
poesi om laksen. Planlegging
og evaluering av nye gruveprosjekter må imidlertid forholde
seg til realiteter og kunnskap.
Vi opplever dessverre at mye
av motstanden mot sjødeponi
er basert på feiltolkninger og
mer eller mindre bevisst faktafordreiing.
Det er derfor behov for noen
presiseringer om det planlagte
sjødeponiet i Førdefjorden:
«Mye av motstanden mot sjødeponi er basert
på feiltolkninger»
Eklogitt-mineralene fra Engebø er stabile mineraler som
er vanlige i naturen rundt oss,
ikke ulikt de mange kubikkkilometerne med masse som ligger
på bunnen av fjorden i dag.
Det er ingen tungmetallproblematikk knyttet til slike masser, eller fra restmineralene fra
Engebø. For eksempel er konsentrasjonen av kvikksølv lavere enn det som finnes i foret
som gis til oppdrettslaksen.
Restmineralene inneholder
heller ingen stoffer som kan gi
noen form for miljøpåvirkning i
fjorden da det er snakk som
svært lave konsentrasjoner av
nedbrytbare og ikke-akkumulerbare tilsetningsstoffer.
DEPONERING AV restmineraler på havbunnen har ikke noe
til felles med dumping av avfall, som er forbudt i Norge.
Lovlig deponering foregår basert på en utslippstillatelse fra
miljømyndighetene med tilhørende krav om løpende miljøovervåkning.
Restmineralene fra Engebø
tilfredsstiller myndighetenes
SYNSPUNKT
HØGSKULEDEBATTEN
Velkommen
til trivselsfylket, statssekretær
Haugstad
for Høgskulen i Oslo og Akershus forklarar statssekretær
Haugstad den gode skåren slik:
– Sogn og Fjordane gjør det
stort sett bra på mange såkalte
verdimålinger, og befolkningen
i fylket er gjennomgående mer
fornøyde enn i resten av landet,
så sånn sett er det ikke merkelig
at de ligger høyt på studenttilfredshet heller.
TYSDAG BLEI studiebarometeret for 2014 offentleggjort. Som
førre år skårar Høgskulen i Sogn
og Fjordane godt på studiekvalitet.
At det er noko som går godt
ved høgskulen irriterer tydelegvis den politiske leiinga i Kunnskapsdepartementet. Dei liker
jo helst å fortelje om kva som vi
ikkje er så gode på.
IFØLGJE HAUGSTAD er altså
trivselen så høg i dette fylket at
uansett kva høgskulen gjer vil
studentane vere nøgde.
Godt er det òg at studentar
frå andre fylke har fått betre
verdiar etter at dei flytta til
Sogn og Fjordane. Dei utgjer 60
prosent av studentane ved høgskulen.
Kanskje statssekretær Haugstad vil flytte hit? Vonleg kan
det vere bra for han.
I EIN kommentar til nettavisa
PER JARLE SÆTRE
VERDAS KREFTDAG
Er kreft til å
leve med?
4. FEBRUAR var verdas kreftdag. Meir enn 225.000 nordmenn har hatt eller lever med
kreft. Mange har fått den meldinga dei håpte å få: «Prøvene
er fine, du er frisk.»
Behandlinga vert heile tida
meir effektiv, og talet på menneske som overlever kreft, aukar heldigvis for kvart år. To av
tre overlever kreft. Men mange
må også leve med kreft.
DEI HAR fått meldinga som
inneheld orda ingen kreftpasientar ønsker å høyra: «Spreiing og tilbakefall.» Kreften kan
bremsast, nokre gongar settast
på pause. Men den kan ikkje
FIRDA
SKRIV KORT
Innlegg kan bli korta ned.
Debattinnlegg: maks 3800
teikn inkl. mellomrom.
Kronikk: maks 5600 teikn
inkl. mellomrom.
FULLT NAMN
Alle innlegg må skrivast under
med fullt namn.
Skriv også kva kommune/stad
du kjem frå, og om du skriv
som representant for ein
organisasjon.
Laurdag 7. februar 2015
Grunnlagt 1917.
Partipolitisk
og økonomisk
uavhengig avis.
MEININGAR
Firda ønskjer
å rette seg etter
reglar for god
presseskikk slik desse er nedfelt
i Vær Varsom-plakaten. Den som
meiner seg ramma av urettmessig
avisomtale vert oppfordra til å ta
kontakt med redaksjonen.
Det er også høve til å reise klage for
Pressens Faglige Utvalg, Rådhusgt.
17, 3. et., postboks 46 Sentrum,
0101 Oslo, tlf. 22 40 50 40.
E-postadresse:
[email protected]
9
■ AVSTEMMING
KLAR MELDING
PÅ FIRDA.NO
Bør det opprettast eigne
krisesenter for menn?
Dette svarte 788 lesarar:
Ja
Nei
68%
32%
Ny avstemming: Har du opplevd at nokon
har bulka bilen din, og stukke av?
Kvar dag kl. 12 legg vi ut ei avstemming på firda.no
Resultatet ser du i Firda dagen etter. Forslag til
spørsmål: E-post til: [email protected]
t og villaks
krav til bruk som tildekningsmasse og kan derfor benyttes til
tildekking
av
forurensede
bunnsedimenter i havne- og industriområder.
Dette er en viktig egenskap,
og vil bety at store deler av restmassene vil kunne selges til andre formål både i Norge og utlandet. Behov for fyllmasse og
mineraler er økende i Europa.
DEPONIET ER planlagt i ytre
Førdefjord, utenfor den nasjonale laksefjorden. Det omfattende utredningsmaterialet i
prosjektet har vært publisert og
gjort tilgjengelig på nett fra
plansaken startet. Utredningsarbeidet er gjennomført av de
fremste kunnskapsinstitusjonene i landet.
Basert på årelang sameksistens mellom villaks og mineralindustri, samt prosjektets konsekvensutredninger er det ingen grunn til å frykte konsekvenser for villaksen i Førdefjorden som følge av deponiet.
En annen bransje, som Heggem selv bør være godt kjent
med, har derimot store påviselige konsekvenser for både villaks og ørret. Det kan være interessant å høre hva Heggem og
Rieber-Mohn mener om disse
forholdene.
INGEN DOKUMENTASJON: Det er ingen forhold som tyder på, og ingen dokumentasjon som viser at, sjødeponier har påført villaksen
ILLUSTRASJON: ASPLAN VIAK
negative konsekvensar, skriv Ivar S. Fossum.
stoggast. Kreften er blitt
ulækjeleg. Dei veit at de skal
leva med sjukdomen – kanskje
veldig kort, kanskje i mange år
– og til slutt døy av den.
«Dessverre har vi inga behandling som kan gjere deg
frisk». Vi er mange som har lurt
på korleis vi ville reagera dersom vi fekk ein slik beskjed. Kathrine Dahle Wavold har skildra
det slik på Kreftforeningen sin
blogg: «Å være 33 år og vite at
kreftsykdom kommer til å ta livet av en … Det føles faktisk
som at man ikke lever lenger
enn morgendagen».
DET KJEM ein morgondag,
men livet vert for mange eit liv i
konstant beredskap.
For nokre kan dei fysiske plagene frå sjukdommen og behandlinga ikkje vere til å halde
ut, men likevel fortel dei at den
psykiske påkjenninga kanskje
er enno større. Spørsmåla tvingar seg fram:
«Rekk eg konfirmasjonen til
sonen min? Har eg hatt min siste tur på fjorden? Har ikkje den
ryggsmerta vorte verre i dag?
Blir eg aldri bestemor? Å nei, er
det ei forkjøling eg kjenner …?»
EI JENTE fortalde om då pappa
fekk kreft, og beskjed om at han
ikkje kom til å bli frisk.
«Det var som å putte heile familien i ein boks, riste på den og
sette den ned att med beskjed
om at no kan de leve vidare.»
Dei som får desse meldingane må skifte fokus, kanskje for
resten av livet.
Å leve med eit timeglas inni
seg utan å vita kor mykje sand
det rommar, er ei enorm påkjenning, både for den einskilde og for dei som står kring dei.
ER DET mogleg for oss som står
«Å leve med
eit timeglas inni
seg, utan å vite
kor mykje sand
det rommar,
er ei enorm påkjenning, både for
den einskilde og
for dei som står
kring dei»
på sidelinja å gjere byrda lettare? Som gode medmenneske
pliktar vi å freiste – ved å lytte,
vere til stades og bry oss. Som
samfunn skuldar vi å oppdatere forståinga vår av kva kreft er.
Det kanskje viktigaste av alt
er at vi byrjar å ta innover oss
variasjonen som dette eine ordet rommar.
Kreft er ikkje éin sjukdom
som alle erfarer likt og som har
same utfall. Ja, kreft kan tyde
død, men er også faktisk til å
leve med.
På Verdas kreftdag er dette
bodskapen: Det går an å leve –
godt og lenge – med kreft. Og
det går an å forhalde seg til kreft
som noko som ikkje berre rommar døden, men også livet.
TILSYNELATANDE ER det to
måtar å måle framsteg på: At
færre får kreft og at fleire overlever.
Men eit tredje mål er vel så
viktig: At fleire kan leve lenger
med kreft, med så få fysiske og
psykiske biverknadar som råd
etter behandlinga.
Vona får næring frå stadig
nye forskingsresultat. Resultat
som dannar grunnlag for meir
effektiv behandling – behandling som ikkje berre omfattar
dei som har ei velbegrunna von
om å bli heilt friske, men som
òg rettar seg mot dei som lever
med ulækjeleg kreft.
Behandling som kan gje eitt
år til, fem år til, som har til hensikt å forsinka og redusera. Behandling som kan gje eit betre
liv.
KAN VERDAS kreftdag gjere
oss flinkare til å snakke om det
å leve med ulækjeleg kreft? Lat
oss håpe det. Då kan denne
gruppa kjenne seg sett, men
samstundes leve ein så tilnærma vanleg kvardag som råd.
Det skuldar vi dei som har ein
«kreftdag» kvar einaste dag,
heile året.
GEIR VANGSNES
distriktssjef Vestlandet
ANNE LISE RYEL
generalsekretær Kreftforeningen