Høyringsutkast Handlingsplan for rusomsorg 2015-2020 Samordna rusomsorg med brukar i sentrum Innhold Samandrag ................................................................................................................................... 3 1. Innleiing ............................................................................................................................. 4 Bakgrunn ............................................................................................................................................. 4 Avgrensing av planen .......................................................................................................................... 4 Folkehelseperspektiv i rusomsorga ..................................................................................................... 5 Planprosessen...................................................................................................................................... 5 Framdrift og medverknad ................................................................................................................... 6 2. Nasjonale føringar og ny opptrappingsplan .................................................................... 7 Lover og forskrifter som regulerer relevante tenester ....................................................................... 7 Nasjonale faglege retningsliner og rettleiarar..................................................................................... 7 Opptrappingsplan for rusfeltet 2015 .................................................................................................. 8 Samhandlingsreforma og regionale avtaleverk................................................................................... 9 3. Rusomsorga i Fjell kommune ............................................................................................... 10 Det kommunale ansvaret .................................................................................................................. 10 Våre utfordringar i rusomsorga ......................................................................................................... 11 Brukarplankartlegging 2014 .............................................................................................................. 11 4. Samordning av rusomsorga i kommunen ...................................................................... 13 Koordinering av tenester til brukarar med samansett oppfølgingsbehov ........................................ 14 Koordinering av rusteam og psykiatrisk team ................................................................................... 16 Utgreiing, behandling og oppfølging etter rop-retningslinene ......................................................... 16 Rusoppfølging knytt til ungdom ........................................................................................................ 17 Ungdom med utfordringar – ei utfordring for kommunen ............................................................... 19 5. Tenestebehov og tenesteutvikling.................................................................................. 20 Buoppfølgingstenester ...................................................................................................................... 21 Mottaks- og oppfølgingssenter (MO-senter) .................................................................................... 21 Samhandling og tenesteutvikling med spesialisthelsetenesta.......................................................... 22 6. Bustad i rusomsorga............................................................................................................ 24 Normalisering og integrering ............................................................................................................ 25 Differensiert bustadmasse ................................................................................................................ 25 Lokalisering: Aktuelle geografiske område ....................................................................................... 26 Anskaffingsmodellar .......................................................................................................................... 27 Strategi for anskaffing til målgruppa i Fjell ....................................................................................... 27 Investeringsramme............................................................................................................................ 27 1 Drift og vedlikehald ........................................................................................................................... 28 Bu- og tenesteavtale ......................................................................................................................... 28 7. Kompetanse- og kunnskapsbehov ....................................................................................... 29 Kompetansebehov ............................................................................................................................ 30 Felles fagsamlingar ............................................................................................................................ 30 Evaluering og følgjeforsking .............................................................................................................. 31 Kunnskapsbehov................................................................................................................................ 31 Kunnskap om kvarandre.................................................................................................................... 32 8. Tiltaksplan .......................................................................................................................... 33 Litteraturliste ............................................................................................................................. 37 Nasjonale dokument, lover og forskrifter ......................................................................................... 37 Kommunale dokument ...................................................................................................................... 37 Vedlegg (uprinta), ligg på www.fjell.kommune.no/rusplan .......................................................... 38 Forkortingar AFR BUP DPS HAP HFK HF IP LAR OT/PPT PHV PPT PUT ROP TSB Avdeling for rusmedisin (Helse Bergen Helse Foretak) Barne- og ungdomspsykiatrien (Helse Bergen Helse Foretak) Distriktpsykiatrisk senter (Helse Bergen Helse Foretak) Hasjavvenningsprogram Hordaland fylkeskommune Helse Føretak Individuell plan Legemiddelassistert Rehabilitering Oppfølgingstenestea/Pedagogisk psykologisk teneste Psykisk helsevern for vaksne (Helse Bergen Helse Foretak) Pedagogisk psykologisk teneste Psykiatrisk ungdomsteam (Helse Bergen Helse Foretak) Rus og psykiatri Tverrfaglig spesialisert behandling (Helse Bergen Helse Foretak) 2 Samandrag Handlingsplan for rusomsorg 2015-2020 skal svara på utfordringar vist gjennom fleire undersøkingar og kartleggingar, i tillegg til å gjera kommunen førebudd på venta opptrappingsplan for rusfeltet. Tema i planen er konsentrert kring behovet for å styrka samordning og samarbeid, tenesteutvikling, bustadbehov og kompetansebehov, og er organisert i fem kapittel. Dei nasjonale føringane og opptrappingsplan 2015 vert gjort greie for i kapittel to. Her vert også samhandlingsreforma og overordna avtale mellom kommunen og Helse Bergen HF omtala. I kapittel tre vert det gitt ein kort introduksjon til rusomsorga i Fjell og våre utfordringar på tenestefeltet. Samarbeid/samordning/ansvar er fordelt på to kapittel. Samordning og rutine for samarbeid internt i kommunen er lagt til kapittel fire. I rusomsorga er det behov for nye tenester utvikla i samarbeid med spesialisthelsetenesta. Det vert difor gjort greie for både tenestebehov, tenesteutvikling og samarbeid med eksterne aktørar i kapittel fem. I kapittel seks vert det lagt fram strategi for anskaffing av bustader til dei omlag 30 personane i målgruppa som ikkje har eigna bustad. Brukar- og pårørandemedverknad vert lagt vekt på i nasjonale retningsliner og ligg til grunn for dei tenestene som vert gitt. Temaet knyter seg til fleire av dei øvrige tema, og har difor ikkje fått eit eige kapittel. Til slutt vert det gjort greie for kva kompetanse og kunnskap vi ser for oss å trenge i planperioden. 3 1. Innleiing Bakgrunn Handlingsplan for rusomsorg er politisk forankra gjennom vedtak i kommunestyret (PS 29/2014 og PS83/2014) og Komité for drift (PS 29/2014). Planarbeidet starta opp etter kommunestyret si handsaming av rapportane frå KoRus og Deloitte, 27. mars 2014. Sak med skisse til arbeidsplan (tema, organisering og framdrift) vart lagt fram for Komité for drift 6. mai 2014. Samhandlingsreforma (St.meld. nr. 47 (2008-2009)) trekk opp ansvars- og oppgåvefordeling mellom kommune og spesialisthelsetenesta, med visjonen: rett behandling - på rett sted - til rett tid. Utfordringar knytt til fragmenterte tenester, lite førebyggande innsats og venta demografisk utvikling skal gjennom reforma finna ei betre løysing. Det vert lagt vekt på at kommunen har ei sentral rolle i førebygging og innsats tidleg i sjukdomsforløpa, og at det skal vera heilskap i behandlingsforløpa på tvers av kommune- og spesialisthelsetenesta. Føremåla frå samhandlingsreforma knytt til rusfeltet er løfta vidare i Meld.st.nr 30 Se meg! (20112012), der det vert lagt vekt på styrking av kommunale tenester, kombinert med ei tilgjengeleg, desentralisert og støttande spesialisthelseteneste. Dei to dokumenta legg føringar og prioriteringar for ny opptrappingsplan på rusfeltet. Denne er venta i løpet av 2015 og representerer eit løft for rusomsorga både i kommunen og spesialisthelsetenesta. Avgrensing av planen Handlingsplan for rusomsorg skal m.a. svara på nasjonale føringar og vera grunnlag for kommunen sine prioriteringar inn mot opptrappingsplanen for rusfeltet. Vidare skal planen svara på utfordringane som er avdekka i kommunen dei siste åra. Planen er dermed avgrensa både med omsyn til tema og målgruppe. Tema i planen • • • • • • Ny statleg politikk / Opptrappingsplan 2015 Tenestebehov Samarbeid / samordning / ansvar Brukar- og pårørandemedverknad Kompetanse- og kunnskapsbehov Bustad til personar med rusmiddelavhengigheit eller roplidingar. Målgruppa for planen er personar med rusmiddelavhengigheit eller rop-lidingar. Ein stor del av dei med rusmiddelavhengigheit har òg utfordringar knytt til rus og psykiske lidingar (rop-lidingar) og somatiske lidingar, og har behov for tenester frå fleire avdelingar i kommunen og spesialisthelsetenesta. Etablering av samarbeidsrutinar er difor eit viktig tema i planen. Det vert nytta same definisjon av personar med rop-lidingar som i dei nasjonale rop-retningslinene: «...personer med alvorlig psykisk lidelse kombinert med ruslidelse. I tillegg inkluderes personar med mindre alvorlige psykiske lidelser og samtidig ruslidelse når hver av de to typene lidelse er forbundet med betydelig funksjonssvikt». Tema i planen speglar igjen dei utfordringane kommunen har på tenesteområdet, m.a. samordning av tenestene internt og samarbeid med eksterne aktørar, i tillegg til eit udekt bustad- og tenestebehov. Det er difor fleire tema knytt til rusfeltet som ikkje vert handsama i planen, t.d. førebygging, alkoholpolitikk og doping. 4 Knytt til samordning internt i kommunen har både samarbeidsavtalar, samarbeidsrutinar og omorganisering vore drøfta. Handlingsplanen har ikkje hatt mandat til å gjennomføra organiseringar, så dette har ikkje vore arbeida vidare med. Når det gjeld samarbeidsavtalar finn kommunen det unaturleg å etablera avtalar mellom avdelingane, også mellom NAV Fjell kommune og andre avdelingar i kommunen. Det er derfor blitt arbeida vidare med samarbeidsrutinar for rusomsorga. Det er ikkje sett ei øvre aldersgrense for målgruppa i planen, men ein nedre alder er sett til 8. klassetrinn (ungdomsskulen). Dette bygger på trua om at barn på barneskulen ikkje har eigne utfordringar med rus. Planarbeidet har vist at ungdom med utfordringar er eit stort og omfattande tema, som tangerer rusfeltet, men er langt meir omfattande. Planen peikar på nokre av utfordringane, men tek til orde for at kommunen må ta ein større debatt kring tenester til ungdom. Folkehelseperspektiv i rusomsorga Frå 1. januar 2012 trådde Folkehelseloven i kraft. Denne har som føremål (§ 1) å bidra til ei samfunnsutvikling som fremmer folkehelse, og jamne ut sosial ulikskap knytt til helse. Folkehelsearbeidet skal fremme helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold i folkesetnaden, og bidra til å førebygga psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding. Lova skal sikra at kommunar, fylkeskommunar og statleg helsemynde sett i verk tiltak og samordnar si verksemd i folkehelsearbeidet på ein forsvarleg måte. Rusmiddelavhengige er ei svært utsett gruppe med omsyn til helse. Dei har ofte kombinerte lidingar knytt til både psykiske og somatiske lidingar. Å betra helsetilstanden for rusmiddelavhengige er difor eit særskilt mål for rusomsorga. God kartlegging, behandling og oppfølging av ruslidinga er viktig, men andre helsefaktorar er like viktig. Til dømes er tilgang til bustad ein viktig folkehelsefaktor som gir utslag i sosial ulikskap i helse. Det er viktig å sjå heile mennesket som skal meistre det å bu, arbeida og ha ei meiningsfull fritid. Både langsiktige samordna tenester og meir kortsiktig lågterskel helsetilbod er naudsynt til denne gruppa. Planprosessen Handlingsplan for rusomsorg er ein fagplan, og ikkje ein kommunedelplan. Det er difor ikkje krav om å følgje prosesskrava i Plan- og bygningslova. Kommunen har fått stimuleringsmidlar frå KoRus Vest til å gjennomføra planarbeidet. Organisering Komité for drift (KD) har vore styringsgruppe for planen, medan Eva Vik (Ap) har vore saksordførar. Det har vore regelmessige møte mellom sakordførar og prosjektleiar. Styringsgruppa har fått orienteringar om planarbeidet og har delteke på fleire møte. Arbeidet med planen har vore administrativt forankra i programgruppa for bustadsosialt velferdsprogram. Programgruppa er sett saman av programleiar, sosialsjef, helsesjef, eigedomssjef, plan- og utbyggingssjef, leiar for NAV Fjell kommune, spesialrådgjevar, eigedomsforvaltar og bustadkonsulent. Gruppa er utvida med omsorgssjef og rådmann i samanheng med planarbeidet. 5 Framdrift og medverknad Det er lagt vekt på deltaking frå ei lang rekkje relevante aktørar og både heildagsmøte og kortare arbeidsmøte. Prosjektleiar har hatt dialog med, og kalla relevantar aktørar inn til arbeidsmøte etter behov, m.a. representantar frå rusteam, psykiatrisk team, barnevern, heimetenester, helsestasjonen, Øyane DPS, Avdeling for rusomsorg, tannhelsetenesta, frivilligsentralen etc. Mandat for overordna arbeidsgruppe • Utarbeida handlingsplan med overordna mål og tiltak for rusomsorga i kommunen. • Samla og samordna erfaringar knytt til ulike prosjekt på fagområdet, t.d. Ankerprosjektet, ACT-team (søkt om tilskot), Modellkommune (Trygg Start), Samhandlingsmodellar på rusfeltet (søkt om tilskot), etc. • Vidareutvikla rusomsorga i kommunen gjennom utarbeiding/revidering av samhandlingsrutinar mellom rus- og buoppfølgingsteamet og helse, sosial- og omsorgstenestene i kommunen. • Utarbeida / setja i verk tiltak som bidrar til meir systematisk og tettare samarbeid mellom NAV Fjell og psykiatrisk team knytt til personar med ROP-lidingar. • Styrka og formalisera samarbeidet mellom NAV Fjell / Fjell kommune og Øyane DPS (Helse Bergen HF) knytt til personar med ROP-lidingar. • Styrka og formalisera samarbeidet mellom NAV Fjell / Fjell kommune og anna spesialisthelseteneste knytt til rusmiddelavhengige og ROP-lidingar. • Utvikla tenester og tilbod i samsvar med brukarane sine behov. • Kartleggja / greia ut høve for samarbeid med frivillige organisasjonar knytt til rusomsorg. • Avklara kompetansebehov og utarbeida framlegg til kompetansehevingstiltak. Pårørandegruppen rundt rusavhengige har fått informasjon om planarbeidet, og prosjektleiar har delteke på eitt møte for å få tilbakemeldingar og innspel i høve brukar- og pårørandemedverknad i rusomsorga. Det er ikkje etablert I PS 83/2014 vart det gjort følgjande vedtak: Kommunestyret ber om at brukargruppe i Fjell kommune, men det i arbeidet med ny handlingsplan for rusomsorg vert innarbeid den nasjonale brukarforslag til plassering av ytterligare fem einingar (bustader). organisasjonen RIO har delteke på seminar og gitt gode innspel til planarbeidet. Vidare vil Ungdommens kommunestyret ha rus som tema på eitt av sine møte denne våren (planlagt 17. mars 2015), med deltaking frå politiet og prosjektleiar for rusplanen. Milepæler i planarbeidet Når Mai 2014 Kva Politisk forankring August 2014 Temamøte Sept. 2014 Sept. 2014 Temadag i KD Erfaringsseminar Oktober 2014 Kommunestyret sin strategi- og budsjettkonferanse Orientering i styringsgruppa Internt dagseminar Desember 2014 Januar 2015 Mars 2015 Mars – april 2015 Mai 2015 Juni 2015 Juni 2015 Sak i styringsgruppa Høyring Orientering/drøfting i styringsgruppa Slutthandsaming Slutthandsaming Tema Sak m/ framlegg til arbeidsplan og tema for planen. ROP-retningsliner og Sammen om mestring m/innleiarar frå KoRus Vest Rusomsorg og bustadbehov Samarbeid mellom 1. og 2. linetenesta, MOsenter i Bergen, rop-team i Os og brukarmedverknad (Rio) Hovudlinene i Handlingsplan for rusomsorg v/ saksordførar Eva Vik Deltakarar Komité for drift / Styringsgruppa Orientering om planen, med særskilt vekt på bustad Bustader for målgruppa, mål, strategi tiltak i planen Sak m/ framlegg til høyringsutkast Høyringsutkast; Handlingsplan for rusomsorg 2015-2020 Drøfting av innspel til planen Komité for drift / Styringsgruppa Handlingsplan for rusomsorg 2015-2020 Handlingsplan for rusomsorg 2015-2020 Komité for drift/Styringsgruppa Kommunestyret Alle involverte i planarbeidet var invitert Komité for drift / Styringsgruppa Alle involverte i planarbeidet var invitert Kommunestyret og rådmann m/leiarteam Overordna arbeidsgruppe og relevante leiarar og fagpersonar Komité for drift Høyringsinstansar/referansegruppa Komité for drift/Styringsgruppa 6 2. Nasjonale føringar og ny opptrappingsplan Det er Storting og regjering som har ansvar for politikkutforminga for rusomsorga. Det siste tiåret har dei gitt uttrykk for ønska politikk gjennom ei rekke reformer, opptrappingsplan og stortingsmeldingar. • • • • Rusreform 2004 ga staten ved dei regionale helseføretaka ansvaret for tiltak for personer med rusproblem, og heimla ansvaret for tenestene i spesialisttenestelova (i steden for sosialtenestelova). Reforma gav m.a. rusavhengige pasientrettar på lik line med øvrige pasientar Opptrappingsplan for rusfeltet 2007-2012 fokuserte på tema folkehelse, kvalitet og kompetanse, samhandling og tilgjengelege tenester, brukarmedverknad og pårørande. Dei aller fleste av dei 147 tiltaka i planen er gjennomført eller sett i gang. Samhandlingsreforma (St. meld. Nr. 47 (2008-2009)) søker å gi ei føremålstenleg og framtidsretta oppgåvefordeling i landet sine helse- og omsorgstenester, og vart følgt av samordning og endring av lovverk, t.d. Lov om helse- og omsorgstenester. Reforma og lova inkluderer rus og psykisk helse, og det er utvikla retningsliner og rettleiarar for fagfeltet, men dei økonomiske verkemidla vert for alvor gjort tilgjengeleg frå 2015 (ny opptrappingsplan). Meld.St. 30 (2011-2012) Se meg! En helhetlig rusmiddelpolitikk omfattar alkohol, narkotika, vanedannande medisin og doping, og legg vekt på førebygging, tidleg innsats og behandling, i tillegg til ivaretaking av pårørande, særleg barn. Lover og forskrifter som regulerer relevante tenester Tenester til personar med rusmiddelavhengigheit eller rop-lidingar er regulert av ei lang rekke lover og forskrifter, t.d.: • • • • • • • • • • • Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltningen (NAV) Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern Lov om spesialisthelsetjenesten m.m. Lov om pasient- og brukarretter Lov om helsepersonell m.v. Forskrift om pasientjournal Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator Forskrift om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern m.m. Forskrift om legemiddelassister rehabilitering Forskrift om individuell plan etter helselovgivinga og sosialtenestelova Nasjonale faglege retningsliner og rettleiarar Helsedirektoratet skal utvikla, formidla og vedlikehalda nasjonale faglege retningsliner og rettleiarar som understøtter dei nasjonale måla som er sett for helse- og omsorgstenestene. Retningsliner og rettleiarar skal vera basert på kunnskap om god praksis og skal bidra til kontinuerleg forbetring av 7 verksemd og tenester. Dei to siste åra har det frå statleg hald blitt lansert to særleg viktige dokument. Rop-retningslinene gir 93 tilrådingar knytt til sju tema Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig ruslidelse og psykisk lidelse – rop-lidelser (IS-1948). Sammen om mestring. Veileder i lokalt psykisk helsearbeid og rusarbeid for voksne. Et verktøy for kommuner og spesialisthelsetenesten (IS-2076). 1. Den raude tråden i begge dokumenta er samhandling og koordinering av tenester til rusmiddelavhengige og personar med samansette lidingar. Det gjeld samhandling og koordinering av tenester både internt i kommunen, og mellom kommunen og spesialisthelsetenesta. 6. • • 2. 3. 4. 5. 7. Brukarmedverknad og medverknad frå pårørande (tilråding 1-8) Kartlegging (tilråding 9-27) Diagnostisering (tilråding 28-36) Behandling for ROP-pasientar (tilråding 27-62) Behandling og oppfølging i kommunane (tilråding 63-74) Behandling i spesialisthelsetenesta (tilråding 75-85) Samhandling (tilråding 86-93) Kjelde: Helsedirektoratet Rettleiaren «Sammen om mestring» gir sterke føringar for eit tydeleg brukarperspektiv og heilskapleg perspektiv der tenester og tenestenivå må samarbeida. Tenesteutforming, ansvar- og oppgåvefordeling må tilpassast lokale forhold. Rettleiaren tek til orde for at Distriktspsykiatrisk senter bør vera nøkkelstruktur for vidare utvikling av spesialisthelsetenester ved rus. Samtidig vert det sagt at spesialisthelsetenesta skal understøtta, ikkje erstatta, kommunale tenestester. Andre relevante handlingsplanar, retningsliner og rettleiarar for fagfeltet: • Nasjonalfaglig retningslinje for gravide i legemiddelassistert rehabilitering og oppfølging av familiene til barnet når skolealder (IS-1876) • Nasjonalfaglig retningslinje for legemiddelassistert rehabilitering ved opiatavhengighet (IS-1701) • Fra bekymring til handling – en veileder om tidlig intervensjon på rusområdet (IS-1742) • Et liv uten vold. Handlingsplan mot vold i nære relasjoner 2014-2017 • Bolig for velferd. Nasjonal strategi for boligsosialt arbeid 2014-2020 • Nasjonal overdosestrategi 2014-2017 Opptrappingsplan for rusfeltet 2015 Regjeringa varsla tidleg i 2014 at det skal koma ein ny opptrappingsplan for rusfeltet med mål om å etablera samanhengande behandlingsløp for personar med rusproblem eller ROP-lidingar. Opptrappingsplanen skal vera klar i løpet av 2015. Arbeidet med Opptrappingsplan for rusfeltet har pågått gjennom 2014, og Fjell kommune har m.a. delteke på «rådslag» for rusplanen i oktober 2014. Tema på rådslaget og statsbudsjett for 2015 gir uttrykk for nokre politiske målsettingar på området: • • Tenestene til personar med psykiske lidingar og/eller rusproblem skal vera heilskapelege, tilgjengelege og individuelt tilpassa. Det vert m.a. peika på polikliniske, ambulante og oppsøkande tenester, gitt i samarbeid mellom kommune og spesialisthelsetenesta. Brukarane og pasientane skal stå i sentrum for tenesteutviklinga. Brukarmedverknad og brukarstyring vert vektlagt. 8 • • • • Fokus på arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet i eit behandlingsperspektiv Styrking av valds- og traumefeltet. I dette feltet møter fagutøvarane menneske i risiko for å utøva vald, eller som har vore utsett for vald og traume. Pasientar med psykisk sjukdom og/eller rusmiddelproblem skal sikrast eit verdig liv (folkehelse). Redusera ventetida, betra oppfølginga etter utskriving og styrka lavterskeltilboda i kommunane. Gjennom framlegg til statsbudsjett for 2015 har regjeringa konkret styrka dei frie inntektene til kommunane med kr. 200 mill. på bakgrunn av ei satsing på rus og psykisk liding. Vidare er tilskot til utleigebustader på Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt budsjett styrka med kr. 50 mill. Løyvingane over statsbudsjettet vert auka i spesialisthelsetenesta, og helseregionane vert instruert til å prioritera tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) og psykisk helsevern. Gjennom Handlingsplan for rusomsorg vert det viktig å visa kva som er Fjell kommune sine behov på rusfeltet og initiera føremålstenlege tiltak, t.d. knytt til tenestetilbod, samhandling, kompetanse, brukarar og pårørande. Forløpstenking i primærhelsetenesta Samhandlingsreforma og regionale avtaleverk • • Milde og kortvarige problem: kommunen har hovudansvaret Kortvarige alvorlege og langvarige mildare problem: framhald av stort kommunalt ansvar, behov for å kopla inn spesialisthelsetenesta Alvorlege langvarige problem/lidingar: kommune og spesialisthelseteneste bør vera inne samtidig. Kjelde: Helsedirektoratet Samhandlingsreforma legg på den eine sida vekt på oppgåvefordeling mellom kommune og spesialisthelsetenesta, og på den andre sida etableringa av • heilskaplege behandlingsløp. Dette krev god kunnskap om kvarandre og gode avtalar. Som del av samhandlingsreforma er det etablert formelt samarbeid mellom kommunane og spesialisthelsetenesta, og ei internettside med mykje informasjon, www.saman.no. Dei nasjonale rop-retningslinene gir fleire tilrådingar til korleis helseføretaka (spesialisthelsetenesta) og kommunen bør samarbeida. Fjell kommune ligg i føretaksområdet til Helse Bergen Helseføretak (HF), som dermed representerer spesialisthelsetenesta regionalt. Samarbeidet mellom kommunen og Helse Bergen HF vert regulert av ei rekke overordna avtalar. Den mest sentrale avtalen knytt til rusomsorga er «Tjenesteavtale 3 og 5 for samarbeid og inntak i og utskriving fra spesialisthelsetjenesten innen rusmedisin og psykisk helsevern for barn, unge og vaksne» (signert på toppleiarmøte januar 2015. I avtalen vert det m.a. gitt avklaring av omgrep, rutinar for samhandling i ulike behandlingsfasar og bruk av tilvisingsmalar. Som vedlegg til avtalen er det laga eit dokument som klargjer rutinar, omgrep, ansvarsforhold og pasientforløp. Avtalen gjeld for samhandling i overgangssituasjonar mellom spesialisthelsetenesta og kommunen sine helse-, sosial- og omsorgstenester, og når tilbodet frå kommunetenesta (1. line) og spesialisthelsetenesta (2. line), er gjensidig avhengig av kvarandre. Pasientforløp operasjonaliserar avtalen ytterlegare (Helse Bergen HF; «Rop-forløp – retningsliner», godkjent 22. mai 2014), og gir retningsliner for når det skal kallast inn til avklaringsmøte, kven som skal kallast inn og kontaktpunkt hos spesialisthelsetenesta. Det skal også etablerast eigne kontaktpunkt for rop-pasientar i alle kommunane. I Fjell kommune vil dette i framtida vera rusteamet ved NAV Fjell. 9 3. Rusomsorga i Fjell kommune Det kommunale ansvaret Lovverket gir kommunen ansvar for å syta for naudsynt helse- og omsorgstenester til alle som oppheld seg i kommunen, inkludert personar med rusmiddelproblem. Tenestebehova til personar med rus- og psykiatriproblematikk skal vera identifisert og greidd ut i frå kommunen si side, og tenestene skal vera koordinerte. Vedtak om tenester skal dokumenterast. Brukar har klagerett til fylkesmannen. Det er òg lagt til kommunen å syta for at den som treng det vert søkt inn til tverrfagleg spesialisert behandling (TSB) og/eller legemiddelassistert rehabilitering (LAR-behandling). Kommunen skal følgja opp brukarar før, under og etter opphald i institusjonar. Vidare har kommunen lovheimel for å begjæra bruk av tvang ovanfor personar med alvorleg og destruktiv rusmiddelåtferd, medan det er fylkesnemnda som har mynde til å treffa vedtak om bruk av tvang. I Fjell kommune er delar av sosialtenesta lagt til NAV Fjell, der ein dei siste åra har arbeidd systematisk med rusmiddelavhengige. Dette heng m.a. saman med at det vart etablert eit eige rusteam her hausten 2011. Personar med rus og/eller psykiske lidingar vert i hovudsak følgt opp av rusteamet hos NAV Fjell og/eller psykiatrisk team hos Helsesjefen. Andre viktige kommunale aktørar er fastlegane og heimetenesta. Barnevernet har ei viktig rolle der barn og unge under 18 år er involvert, enten med eigne rusutfordringar eller som pårørande til personar med rusutfordringar. Kommunale aktørar i rusomsorga Aktør Rusteamet NAV Fjell kommune Buoppfølgingsteamet NAV Fjell kommune Målgruppe Personar over 18 år med rusmiddelavhengigheit eller ropliding Personar over 18 år Tiltaksteamet NAV Fjell kommune Personar over 18 år Mottaksteamet NAV Fjell stat Psykiatrisk team Helsesjefen Helsestasjon Helsesjefen Ungdom som sluttar i vidaregåande opplæring Personar over 18 år med moderat til alvorleg psykisk liding Foreldre, barn- og unge, gravide og nyfødte Fastlegane Helsesjefen Kommunepsykologane Helsesjefen Legevakt Helsesjefen Barnevernet Sosialsjefen Heile befolkninga Heimetenester / Omsorgssjefen Innbyggjarar og personar som oppheldt seg i kommunen Ungdom med milde angst- og/eller depresjonsplager heile befolkninga Barn og unge opp til 18 år, i risiko inkl. rus/psykiske problem Oppgåve Oppfølging og innsøking til avd. for rusmedisin sine behandlingstilbod Oppfølging i bustaden, inkl. personar med rusmiddelavhengigheit eller ropliding Oppfølging med mål om eige arbeid. Introduksjonsprogram for flyktningar og kvalifiseringsprogram Oppfølging t.d. rettleiing, bistand til arbeid/utdanning Oppfølging, innsøking til behandling etc. Skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom (opp til 20 år), og gravide/ barselomsorg, m.a. Tryggstart Medisinsk oppfølging, tilvising til m.a. behandling i PHV / Øyane DPS Kartlegga, vurdera, behandla og/eller tilrå vidare oppfølging Akutt medisinsk hjelp, diagnostisera, stabilisera, behandla etc. Kartlegga, vurdera, iversetta støttetiltak og omsorgstiltak, innsøking til behandling/institusjon Heimehjelp og heimesjukepleie tildelt etter søknad, inkl. LAR-utdeling 10 Eksterne aktørar i rusomsorga Aktør Psykisk helsevern Helse Bergen HF Målgruppe Barn- og unge opp til 18 år (BUP) og vaksne (DPS), inkl. rop-lidingar Avdeling for rusmedisin Helse Bergen HF: Barn- og unge 15-30 år (PUT) og vaksne, inkl. rusproblem og roplidingar Barn, unge og familiar som hjelp og støtte BUFetat: Oppfølgingstenesta (OT) / Hordaland fylkeskommune Offentleg tannhelse / Hordaland fylkeskommune Kriminalomsorga Hordaland Sotra og Øygarden lensmannskontor / Hordaland politidistrikt Ungdom 16-21 år, i eller utanfor vidaregåande opplæring (med opplæringsrett) Barn, unge (0-18/20 år) og prioriterte grupper, inkl. personar rus/rop-liding Innsette i fengsel/friomsorga heile befolkninga, inkl. personar over/under 18 år med rus; Oppgåve Akuttbehandling, ambulante tenester, poliklinisk behandling, dagbehandling og døgnbaserte tilbod Tverrfagleg spesialisert behandling og Legemiddelassistert rehabilitering Bistå kommunane med plassering av barn utanfor heimen, rekruttering og formidling av fosterheim, etablering, drift og godkjenning av institusjonar Støtte/motivasjonssamtaler m/elev og foreldre, ressursteam på skulen, kartleggings- og utgreiingsarbeid Tannbehandling Leggja til rette for naudsynte tenester under soning. Førebyggja ny kriminalitet Kartleggja og avdekka, førebygga og mogleg straffesak Våre utfordringar i rusomsorga Fjell kommune har dei siste åra gjennomført fleire utgreiingar knytt til tenesteområda bustadsosialt arbeid og rusomsorg: • • • Bustadsosialt arbeid i Fjell kommune. En evaluering, Norsk institutt for by- og regionsforskning (2012) Forundersøkelse: Fjell kommunes arbeid med personer som har sammensatte utfordringer. KoRus Vest (2014) Forvaltningsrevisjon Fjell kommune. Rusomsorg og butilbod. Deloitt (2014) Alle undersøkingane peiker på at kommunen har ei fragmentert organisering der ansvar og oppgåver er fordelt på eit breitt spekter av tenesteområde. Kvar tenestestad yt tenester av god kvalitet, men den fragmenterte organiseringa gjer det krevjande å koordinera/samordna tenestene. Det kan også sjå ut til at dei kommunale tenestene som vert ytt av NAV Fjell, t.d. rus- og buoppfølging, kan bli betre integrert i kommunen sitt øvrige tenesteapparat. Det har særleg vore etterlyst eit tettare samarbeid mellom rus- og buoppfølgingsteamet i NAV Fjell og psykiatrisk team hos helsesjefen. Undersøkingane viser òg at det er behov for tettare samarbeid mellom kommunen og spesialisthelsetenesta for å sikra heilskaplege behandlingsløp, og at rusmiddelavhengige har eit udekt behov for tenester, m.a. lavterskel helsetilbod og arbeids- og aktivitetstilbod. Brukarplankartlegging 2014 Brukarplan er eit verktøy for å kartlegga og dokumentera omfang og karakter av rusmiddelproblem blant kjente brukarar av kommunen sine tenester. I denne samanheng vert rusmiddelproblem definert som bruk av rusmiddel som er til skade for personen sitt funksjonsnivå og relasjon til andre. 11 På kartleggingsdagen i 2014 vart 78 tenestemottakarar i NAV Fjell vurdert å ha eit rusmiddelproblem. Talet gir ei førekomst av rusproblem i folkesetnaden i alder 18 år og oppover (17 463 personar), på 0,45% for Fjell kommune. Førekomsten på landsbasis ligg på 0,7%. Den låge førekomsten i Fjell kan m.a. forklarast med at kartlegginga berre vart gjennomført i ein etat (NAV Fjell kommune). Av dei kartlagde er 83 % menn og 17 % kvinner. På landsbasis ligg Kjelde: KorFor 2014 Tal brukarar med grøn, gul eller rød fordelinga på 75 % menn og 25 % funksjonsvurdering på åtte funksjonsområde. kvinner. Hovuddelen av dei kartlagde er i alder 25 til 44 år (54 personar, tilsvarande 68 %), men det er òg eit betydeleg tal under 25 år (11 personar), og over 45 år (13 personar)1. Kartlegginga viser at tal tenestemottakarar med berre rusproblem er 17 personar, medan tal for samtidig rus/psykisk liding er 61 personar. Funksjonsvurdering knytt til åtte funksjonsområde, viser at Fjell har mange med store problem knytt til fysisk- og psykisk helse, bustad og aktivitet/arbeid. Grafen over viser kategorisering av dei 78 kartlagde på skalaen frå ingen problem (grøn), noko problem (gul) til store problem (raud). Funksjonsvurdering knytt til psykisk helse viser at 61 personar (78 %) av dei kartlagde vert vurdert til å ha noko funksjonssvikt (gul) eller alvorleg funksjonssvikt (raud) på grunna av psykisk helsetilstand. Prosentdelen er høg samanlikna med andre kommunar i Hordaland. Knytt til bustad viser funksjonsvurderinga at 11 personar (14,1 %) ikkje har permanent bustad eller tilfredsstillande bustadsituasjon (gul), medan 14 personar (18 %) er bustadlause (rød), noko som er mykje høgare enn andre kommunar i Hordaland. Også knytt til kategorien arbeid og aktivitet er tale for Fjell kommune høge. Av dei 78 kartlagde er 23 personar (29,5 %) i noko utdanning/arbeid/aktivitet, men ikkje i tilfredsstillande grad (gul), medan 40 personar (51,3 %) ikkje er i nokon form for utdanning, arbeid eller anna meiningsfull aktivitet (rød). Sett i eit folkehelseperspektiv teiknar kartlegginga eit ganske dystert bilete av folkehelsa blant rusmiddelavhengige i Fjell kommune. På mange måtar handlar god rusomsorg om å betre brukarane sine føresetnadar for god folkehelse gjennom sikring av økonomi, bustad og aktivitet, i tillegg til kartlegging, behandling og oppfølging av den psykiske og fysiske helsa. 1 Ungdom under 18 år vart ikkje kartlagt på grunn av konsesjonsreglar. Nye reglar opnar for kartlegging ned til 16 år frå våren 2015. 12 4. Samordning av rusomsorga i kommunen MÅL: • Fjell kommune skal levera samordna rusomsorgstenester STRATEGI: • Sikra tverrfagleg samordning av rusomsorgstenestene gjennom funksjonelle møtearenaer og koordineringsverktøy. Tiltak Re-etablera tenesteteam med tenestesjefane, inkl. NAV Fjell kommune Vidareføra vekemøte mellom rusteam og psykiatrisk team Etablera føremålstenleg registreringsog kommunikasjonsverktøy for NAV Fjell, t.d. COSDOK Syta for jamleg oppdatering av kvalitetshandbøker, skjema etc. Etablera NAV Fjell v/rusteamet som kontaktpunkt for spesialisthelsetenesta når det gjeld ROP-pasientar Delta i KoRus Vest sitt erfaringsnettverk om implementering av ROPretningslinene Utvikla skriftlege rutinar for overgangen frå Barnevern til NAV Fjell for ungdom med rus-/rop-lidingar Forankra og vidareutvikla arbeidet med HAP Greia ut korleis kommunen skal samordna og utvikla tenester til ungdom i framtida Ansvarlig Rådmannen Kostnad Inngår i drift Tidsfrist 2015 Helsesjefen / NAV Fjell / NAV Fjell Inngår i drift Fortløpande Inngå i drift 2016 Helsesjefen / NAV Fjell NAV Fjell Inngår i drift Fortløpande Inngår i drift 2015 NAV Fjell Inngår i drift 2015 Sosialsjefen / NAV Fjell Inngår i drift 2015 Rådmannen / Helsesjefen Rådmannen Inngår i drift 2015 Inngår i drift / 2015/16 etablera prosjekt Med heilskapleg forstår vi ei samling tenester som brukar treng og som saman dannar eit heile. Brukar si oppleving av tenestene som heilskaplege er viktig. Med samordna forstår vi samarbeid og organisering av fleire tenester som ei heilskap. Med koordinert forstår vi tenester og tiltak plassert i riktig forhold/rekkjefølgje til kvarandre. Med samhandling forstår vi tenester som arbeider saman. 13 Dei nasjonale rop-retningslinene gir klare føringar om at kommunen og NAV i fellesskap har ansvar for å sørgja for at alle personar med rop-lidingar får eit samordna og integrert oppfølgingstilbod i kommunen. Vidare heiter det at kommunen sine rus- og psykiatriplanar bør omtala korleis kartlegging og oppfølging av pasientar med rop-lidingar skal gjennomførast, i tillegg til rutinar for samhandling. For å styrka arbeidet med å samordna og koordinera dei kommunale tenestene, er det viktig å sjå på kva arenaer og strukturer vi allereie har, og om det er behov for nye. Det er ikkje noko mål i seg sjølv å etablera nye arenaer/strukturar. I mange tilfelle kan små justeringar av eksisterande arenaer/ strukturar vera meir fruktbart. Rådmannen i Fjell har fleire faste arenaer for sine tenestesjefar, stabssjefar, fag- og teamleiarar. For å styrka den overordna koordineringa av dei kommunale tenestene, m.a. rusomsorga, vil rådmannen etablera tenesteteam med sjefane for driftsfunksjonane; helsesjefen, sosialsjefen, omsorgssjefen, skulesjefen, barnehagesjefen, og avdelingsleiar for NAV Fjell kommune. Koordinering av tenester til brukarar med samansett oppfølgingsbehov Koordinerande eining Kommunane er pålagd å ha ei koordinerande eining for habilitering og rehabilitering. Eininga skal bidra til å sikra heilskapleg tilbod til pasientar og brukarar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering, i tillegg til å ha overordna ansvar for arbeidet med individuell plan og koordinator. I Fjell kommune er koordinerande eining sett saman av åtte leiarar frå ulike tenestestader; Sosialsjefen v/barnevern og støttetiltak for funksjonshemma, Skulesjefen v/PPT , NAV Fjell kommune v/rusteam, Omsorgssjefen v/tiltak for utviklingshemma og Helsesjefen v/psykiatrisk team, psykiatritenester/dagsenter og fysio- og ergoterapitenesta. På møta i koordinerande eining vert søknader om IP og/eller koordinator drøfta, og det vert tatt avgjerd om kva tenestestad som skal ha ansvaret. Koordinerande eining v/fungerande leiar har vore kommunen sin operasjonelle kontakttelefon for spesialisthelsetenesta i høve rop-pasientar. Denne funksjonen vil bli flytta til NAV Fjell i 2015 for å sikra at tenesta nærast brukar får naudsyn informasjon raskt. Koordinator Kommunen har plikt til å tilby koordinator for pasientar med behov for langvarige og koordinerte tenester. Det er ikkje naudsynt å søkja om koordinator, men pasienten/brukaren må samtykke i at det vert utpeikt ein koordinator. Alle brukarane som tenestestadane, t.d. rusteam og psykiatrisk team, har kontakt med over tid, har ein koordinator og nyttar ansvarsgruppe som samarbeidsfora. 14 Ansvarsgruppemøter Ansvarsgruppe er ikkje pålagd i lov eller forskrift, men for personar som treng tenester frå fleire instansar kan det vera føremålstenleg å etablera ei ansvarsgruppe. Føremålet med å ha ei ansvarsgruppe er å sikra eit tverrfagleg samarbeid, informasjonsflyt og koordinerte tenester, der tenesteytarane vert fastare forplikta enn om dei berre vert kontakta ved behov. Det er brukar sjølv, saman med sin koordinator, som bør avgjera kven som er mest aktuell å ha med, ut frå dei behova brukaren har. Brukaren sin koordinator er leiar for ansvarsgruppa og skal kalla inn til møte i samråd med brukar. Koordinator skal leia møtet og skriva referat frå møtet. Brukarmedverknad/styring er særs viktig. Nyttige punkt for ansvarsgruppemøte • Godkjenning av innkalling (kallast inn i god tid, evt. setta opp møte med faste intervall) • Gjennomgang av referat frå førre møte • Gjennomgang av individuell plan, behandlingsplan og/eller kriseplan • Brukar sin utvikling frå førre møte, og situasjonen i dag − Bustad − Økonomi − Arbeid/aktivitet − Helse − Medisinar (LAR, m.m.) − Urinprøver • Identifisering av vidare oppfølgingsbehov/tenestebehov • Eventuelt • Tidspunkt for neste ansvarsgruppemøte Ansvarsgrupper som koordineringsarena fungerer bra i Fjell. Det er god oppslutnad frå dei ulike tenestene. Knytt til rusmiddelavhengige/roppasientar er det mest aktuelt at einingar som rus- og buoppfølgingsteam (NAV), psykiatrisk tema, barnevern og fastelege deltek. I tillegg bør spesialisthelsetenesta (TSB / AFR og PHV/Øyane DPS), delta etter behov. Individuell plan Personar som har behov for langvarige, samansette og koordinerte tenester, har rett til å få utarbeida ein individuell Plan (IP). Dette er eit verktøy der ein skriv ein situasjonsskildring og behov den einskilde har for ulike tenester, i tillegg til kortsiktige og langsiktige mål. Ein avklarar kva tiltak som skal settast i verk, når dei skal settast i verk, kven som har ansvar for gjennomføring og frist for evaluering. Brukaren har rett til å delta i arbeidet med sin individuelle plan. Fjell kommune nyttar i hovudsak IP-verktøyet Acos IP. Rusteam og psykiatrisk team nyttar dette for nokre av sine brukarar, men nyttar i hovudsak andre IP-verktøy/skjema. Leiarane i dei to teama skal til ei kvar tid ha oversikt over kor mange brukarar som har koordinator og/eller individuell plan, og halda koordinerande eining orientert. Rus- og buoppfølgingsteamet nyttar ei rekke skjema og planverktøy i oppfølginga av sine brukarar. Skjema og planar omtalar viktige område for den einskilde brukar (økonomi, bustad, helse, etc.), i tillegg til kontaktinformasjon til t.d. pårørande og samtykkeerklæring for deling av informasjon med andre instansar. Skjema og planar vert oppdatert etter behov og minimum kvar 6. månad. Skjema og planar • Statusskjema • Aktivitetsplan • Oppfølgingsplan • Vekeplan • Mestringsplan • Samtykkeerklæring 15 Koordinering av rusteam og psykiatrisk team Det er særleg rusteamet hos NAV Fjell og psykiatrisk team hos helsesjefen som har overlappande arbeidsoppgåver knytt til personar med rus og psykiske lidingar. Hausten 2014 vart det etablert faste møte mellom dei to einingane, ein gong i veka. Føremålet er å avklara ansvar for og tenester til nye brukarar, og å koordinera innsatsen knytt til felles brukarar. Rusteamet har som hovudregel primæransvar for personar med rusproblem og rop-lidingar. Det er likevel slik at omfanget av rusmiddelbruken avgjer om rusteamet skal følgja opp ein person med primært psykisk liding. Rusmiddelbruken kan vera av mindre omfang. Rusteamet og psykiatrisk team aktiviserer andre tenester i kommunen etter behov, t.d. heimetenester og fastlege. Men det er også andre tenesteområde i kommunen som har brukarar som treng tenester frå dei to teama. Godt samarbeid og informasjonsflyt vert sikra gjennom t.d. IP og ansvarsgruppemøte. Psykiatrisk team har gitt uttrykk for at dei har stort utbytte av direkte kommunikasjon med fastlegane gjennom programmet COSDOC. Det vil bli vurdert om det er føremålstenleg om rusteamet òg tek dette programmet i bruk. Arbeidsrutinane til både rusteamet og psykiatrisk team er nedfelt i Kvalitetshandbøker. Desse byggjer på dei nasjonale rop-retningslinene og gir prosedyrar for handtering av ulike situasjonar i oppfølging av brukar; frå tilvisingar til teamet, første samtale, oppfølging, risikosituasjonar, tilvising til andre instansar og bruk av tvang. Relevante avtalar og skjema ligg som vedlegg til kvalitetshandbøkene. Utgreiing, behandling og oppfølging etter rop-retningslinene Ved utarbeiding av samhandlingsrutinar har ein følgt dei nasjonale rop-retningslinene. Dei relevante instansane i kommunen nytter tilrådde verktøy og prinsipp for kartlegging. Det vert kartlagd breitt i høve rusmiddelbruk, psykisk helse og ein har god kontakt med fastlege og tannklinikk i høve kartlegging av somatisk helse og tannhelse. Det er behov for å supplera kartleggingsskjema i høve risikovurdering av valdeleg åtferd og sjølvmord. Dette vil bli følgt opp av rusteamet i samarbeid med psykiatrisk team. Diagnostisering knytt til rop-lidingar vert i hovudsak gjennomført av spesialisthelsetenesta. Behandling av ROP-lidingar skal føregå integrert og samtidig etter ein samla plan, t.d. individuell plan. Etableringa av FACT-team vil sikra naudsynt oppfølging av personar som ikkje responderer på tradisjonell poliklinisk behandling, sjukehusopphald e.l.. Rusteamet og psykiatrisk team vil vidareutvikla sine metodar for oppfølging med t.d. kognitiv åtferdsterapi, motiverande intervju, læringsbasert behandling og psykoedukative tiltak. Samordning av tenestebehov og oppfølging av personar med rop-lidingar vert i hovudsak gjort i koordinerande eining eller på vekemøta mellom rusteamet og psykiatrisk team. Rutinar for identifisering og oppfølging av rop-lidingar går fram av Handlingsplan for rusomsorg (bruk av IP, ansvarsgrupper etc.), i tillegg til kvalitetshandbøkene til rusteamet og psykiatrisk team. 16 Brukarmedverknad og medverknad frå pårørande Kommunen gir rusomsorg etter den såkalla ABS-metoden; Ambulant Brukarstyrt Samarbeid som betyr at tenestene er oppsøkjande og tilgjengelege for brukar der han/ho oppheld seg. Brukarstyring inneber ei stadfesting av brukaren sin kompetanse, behov, ressursar og funksjonsnivå. Ansvarsgruppemøte, individuell plan m.m. er verktøy som vert nytta for å sikra brukarstyring. Grad av involvering den einskilde ønskjer at pårørande skal ha, vert avklara og skriftleggjort i kontaktetableringa med nye brukarar. Det er etablert ei pårørandegruppe, av og for pårørande til rusmiddelavhengige og rop-pasientar. Gruppa har ikkje andre føremål enn å vera samtalepartnar for kvarandre, men har i planarbeidet løfta behovet for ei anonym undersøking av tenestebehov og tilfredsheit. Barn som pårørande vert som hovudregel teken i vare gjennom Modellkommuneprosjektet «Samhandling for utsette barn/unge 0-18 år». Produktet av prosjektet er Fjellmodellen, ein tverrfagleg samhandlingsmodell på tre nivå (universelle, selektive og indikative). Etablering av eit samhandlingsteam (2014) skal sikra vidareføring av den tverrfaglege samhandlinga som er etablert i prosjektet. Rusoppfølging knytt til ungdom Rusproblem hos ungdom kan gi store personlege og samfunnsmessige kostnader, og målet må vera å få ungdom rusfri. Det er mange aktørar som har ei rolle i dette arbeidet. Gode samhandlingsrutinar er viktig, men også utfordrande, m.a. av di dei ulike aktørane har ansvar knytt til ulike periodar i ungdommens liv. Ungdommen sin alder og omfanget av rusbruken ser ut til å vera avgjerande for kven som har primæransvaret for å følgja opp. Ungdom i utprøving av narkotika Ei lang rekke instansar, t.d. skule, helsestasjon, fastlege og fritidstilbod i kommunen er i posisjon til å fanga opp begynnande rusmiddelproblematikk blandt unge og utfører i dag ulike støtte- og hjelpetiltak. Sotra og Øygarden lensmannskontor har, i samarbeid med lokale aktørar (kommunale, fylkes- kommunale og private aktørar), laga eit framlegg til tiltakskjede for ungdom som prøver ut ulovlege rusmiddel. Foreldra spelar ei svært viktig rolle og har fleire moglege kontaktpunkt i og utanfor kommunen, t.d. skuleadministrasjon, helsesøster/helsestasjon for ungdom og politi. Verktøy som kjernegruppe ved skulen, bekymringssamtale hos politiet og urinprøvekontrakt kan settast i verk. Kjernegruppe Kjernegruppe er eit kriminalitetsførebyggjande tiltak med låg terskel for deltaking, og skal vera eit tilbod før eit problem vert stort. Målgruppe er foreldra og ungdom, 12-21 år, med behov for samordna bistand/fare for å gjera kriminelle handlingar, t.d. nasking, rus, skadeverk, vald, utagerande åtferd, grov mobbing. Bekymringssamtale Foreldre som tek kontakt med politiet vert tilbydd ein bekymringssamtale hos politiet i lag med ungdommen. I samtalen vert foreldre og ungdom sett inn i kva hasj/narkotika er, og kvifor det er viktig at ungdommen tek avstand frå dette. 17 Urinprøvekontrakt og «Frivillig rustesting» Urinprøvekontrakt er eit samarbeid mellom fleire aktørar (ungdommen sine foreldre, politi, helsestasjon for ungdom m.fl.). For ungdom under 18 år vil urinprøvekontrakt vera frivillig og foreldra spelar ei viktig rolle i gjennomføringa. Ungdom over 18 år som kjem i kontakt med politiet på grunn av bruk eller oppbevaring av narkotiske stoff, kan få påtaleunnlating med vilkår om urinprøvekontrakt. Urinprøveordninga vart evaluert i 2011 og 2012. Evalueringane viser at samarbeidet mellom dei involverte instansane fungerer bra. Det er utfordringar knytt til personalressursar ved helsestasjonen og toalettsituasjonen når prøvene skal takast. Urinprøvekontrakt for ungdom over 18 år vart i 2013 flytta til Reisemedisin Vest. Ungdommane sjølv seier at urinprøvekontrakt er eit godt alibi mot gruppepress. Hasj-avvenningsprogrammet (HAP) Hasj-avvenningsprogrammet (HAP) vart etablert i Fjell kommune i 2012, etter kurs i regi av HAP Kristiansand. Opplegget vart tilpassa kommunen, og retta mot ungdom opp til 18 år, men er seinare utvida til ungdom over 18 år også. I dag er HAP-gruppa sett saman av representantar frå NAV Fjell (tiltaksteam), psykiatrisk team, helsestasjon og politi. Gruppa arbeidar no med å utvikla eit system som sikrar overgangen frå ungdom til vaksen. Målet er å spreia kunnskap til tilsette i kommunen som kjem i kontakt med ungdom som prøver ut eller brukar cannabis. Det er behov for ei administrativ forankring av HAP-gruppa. Helsesjefen er breidd representert i gruppa, og vil vera ei naturleg forankringspunkt i administrasjonen. Ungdom med eit tydeleg rusproblem Tross tiltaka nemnt over, er det ungdom som utviklar eit rusproblem, gjerne i kombinasjon med psykiske problem. Det er også ungdom der rusbruken rett og slett ikkje vert oppdaga før den har utvikla seg til eit rusproblem. Alle instansar som er i kontakt med ungdom under 18 år er pliktig til å melda uro til barnevernet ved kjennskap til unge med alvorlege problematikk. Barnevernet har primæransvar for ungdom under 18 år med rusmiddelavhengigheit eller rop-liding. I einskilde tilfelle kan barnevernet sitt ansvar strekka seg ut over 18 årsgrensa og fram til fylte 23 år (ettervernstiltak). Dei kan setta iverk støttetiltak (t.d. foreldrestøtte) eller omsorgstiltak. Det er krav om dokumentert effekt av tiltaka. Barnevernet har såleis ikkje høve til å arbeida førebyggjande. Behandlingstiltak vert m.a. gitt hos BUF etat (under 18 år), eller avd. for rusmedisin (AFR) gjennom v/psykiatrisk ungdomsteam (PUT) eller tverrfagleg spesialisert behandling (TSB). Etter fylte 18 år er det i hovudsak lov om kommunale helse- og omsorgstenester og lov om sosiale tenester i NAV, som heimlar tiltak og tenester til personar med rusmiddelproblem. Både rusteamet og psykiatrisk team har brukarar i denne gruppa, men det er rusteamet som har primæransvar for personar over 18 år med rusmiddelavhengigheit eller rop-lidingar. Gjennom planarbeidet har fleire aktørar i og utanfor kommunen sitt tenesteapparat ytra ønskje om tettare samarbeid med PUT, og om mogleg etablering av ein fast base i kommunen (fast kontortid). Det er oppretta dialog med PUT, som på si side er positive til å drøfte moglege løysingar. Det tenestetilbodet som vert gitt av kommunen før og etter ungdommen fyller 18 år, må også vera samordna. Det vert viktig å sikra ein trygg overgang frå barnevernet til anna oppfølging (rus- 18 /psykiatriteam) for dei ungdommane som treng det. Kommunen vil utarbeida eigne rutinar for denne overgangen, t.d. overføringsmøte. Ungdom med utfordringar – ei utfordring for kommunen Ei lang rekke instansar er involvert i arbeidet kring ungdom som prøver ut rusmiddel. Instansane har klare arbeidsoppgåver og samarbeidet mellom instansane ser ut til å fungera bra. Det er likevel verd å merka seg at det ser ut til å vera eit uavklart ansvar for ungdom under 18 år som sluttar på vidaregåande skule. Dersom ungdommen ønsker det vert det sendt melding frå den fylkeskommunale oppfølgingstenesta til NAV Fjell (mottaksteam) når ein ungdom vert skriven ut av vidaregåande. I slike tilfelle vert ungdommen kalla inn til samtale hos NAV Fjell. Dersom ikkje rusbruken vert oppdaga og gripen fatt i her, vil den kunna utvikla seg til eit større problem. Kunnskap både om å kjenna igjen teikn på rusbruk, i tillegg til moglege tiltak, vil vera viktig. Rutinar og verktøy må gjerast godt kjent for alle som kjem i kontakt med ungdom. Sjølv om primæransvaret for ungdom med tydeleg rusavhengigheit eller rop-liding, er tydelegare, er det mange instansar involvert. På ungdomsskulen har skulesjefen og Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) eit delansvar for oppfølging og tilrettelegging i skulen, medan det på vidaregåande skule er skulen og OT/PPT som har eit oppfølgingsansvar. Dersom ungdommen sluttar på vidaregåande skule (utskrivingssamtale), fell også OT/PPT sitt oppfølgingsansvar bort. Gjennom arbeidet med rusplanen har ungdom vore eit mykje diskutert tema, og det er tydeleg at utfordringane både ungdommen og kommunen står ovanfor ikkje er avgrensa til rus- og psykiatrifeltet. Rusomsorg til ungdom genererer problemstillingar som går utover mandatet til planen, og som vil krevja ein langt breiare diskusjon enn det planen har/kan opna for. Fjell kommune har lenge hatt ei ung befolkning, og med den store utbygginga og sentrumsutviklinga, vil ungdomsgruppa auke, og vi må vera budd på nye utfordringar, både i type og omfang. Handlingsplan for rusomsorg tek difor til orde for at kommunen initierer ein brei diskusjon kring kva tenester kommunen skal gi til ungdom, både over og under 18 år. I ein slik diskusjon vil det vera nyttig å sjå til andre kommunar m.o.t. utfordringar og moglege løysingar. 19 5. Tenestebehov og tenesteutvikling MÅL: • Rusomsorgstenestene i Fjell skal vera heilskaplege og sette brukar i sentrum STRATEGI: • Utvikla og bygge opp tenestetilbod og kapasitet i takt med brukarane sine behov • Utvikla gode samhandlingsmodeller mellom kommunen og spesialisthelsetenesta Tiltak Sikra finansiering av stillingar til heildøgnsbemanning av omsorgsbustader (3 årsverk) Sikra finansiering av oppfølgingskonsulentar knytt til busetting av bustadlause (2 årsverk) Etablering av Mottaks- og oppfølgingssenter (MO) på Straume Sikra finansiering av stillingar til drift av MO-senter (4 årsverk) Ansvarleg NAV Fjell Etablera lågterskel helsetilbod, lokalisert i MO-senteret Etablera aktivitetstilbod i samarbeid med t.d. næringsliv og frivillige Etablera avtale med AFR om utdeling av LAR-medikament, lokalisert i MO-senter Greia ut / etablera samarbeid mellom PUT og Fjell kommune om pasientbehandling ute i kommunen Etablera treningskontakt for målgruppa Etablera FACT-team m/Øyane DPS og rusteamet i NAV (prosjekt) Etablera samarbeidsavtale med Øyane DPS om etablering av FACT-team NAV Fjell Evaluera FACT-teamet Gjennomføra DELTA-pilot (Samhandlingsmodellar) Gjennomføra prosjektet Saumlause overgangar Greia ut/etablera ein tenestesatellitt knytt til omsorgsbustadene på Søre Bildøyna NAV Fjell NAV Fjell NAV Fjell NAV Fjell / NAV Fjell / Helse Bergen HF v/AFR Sosialsjefen / NAV Fjell / AFR NAV Fjell NAV Fjell / Øyane DPS NAV Fjell / Helsesjefen / Øyane DPS NAV Fjell / Øyane DPS NAV Fjell / KoRus Vest / Stiftelsen Bergensklinikkene NAV Fjell / KoRus Vest / Stiftelsen Bergensklinikkene NAV Fjell Kostnad Kr. 1.650.000,(søkt midlar hos fylkesmannen) Kr. 1.100.000,(søkt midlar hos fylkesmannen) 350.000,(budsjett 2015) Kr. 2.200.000,(søkt midlar hos fylkesmannen) Inngår i drift / Inngår i drift / (MO-senter) Inngår i drift Tidsfrist 2015 2015 2015 2015 2015 2015 Inngår i drift / evt. søke midlar 2015-2016 300.000,3 000 000,- over tre år (Hdir) Inngår i drift 2016 2015 – 2017 Inngår i prosjekt 2017-2018 Eksternt finansiert 2015-2017 Eksternt finansiert 2016-2018 Inngår i drift 2016 Vår 2015 20 Kommunen har eit udekt behov for tenester til personar med rus- og/eller rop-lidingar, m.a. knytt til bustadtilbod, lågterskel helsetilbod og aktivitetstilbod. Det er også behov for at tenestene vert tettare integrert med spesialisthelsetenesta. Det er viktig å sjå tenestebehova i samanheng med nasjonale føringar og Opptrappingsplan 2015. Buoppfølgingstenester NAV Fjell har registrert om lag 30 personar med rusavhengigheit eller rop-liding som manglar eigna bustad. Hovuddelen av desse står heilt utan bustad, medan ei handfull står i fare for å mista bustad eller bur i ein bustad som ikkje er tilpassa deira behov for oppfølging. Talet ser ut til å vera stabilt, med ei viss gjennomstrøyming når det gjeld personane i gruppa. Det er ei prioritert oppgåve i kommunen å etablera butilbod til gruppa, jf. KDP bustad, Bustadsosialt velferdsprogram og prinsippvedtak om innarbeiding av forslag til plassering av bustader i Handlingsplan for rusomsorg. I 2014 vart det vedteke å etablera seks omsorgsbustader med heildøgnsbemanning på Søre Bildøy. For desse bustadene må det etablerast ein bemanningsturnus som sikrar kvalifisert personell på vakt døgnet rundt. Per i dag er det ikkje etablert heildøgnsbemanning innan rusomsorga, så dette vil vera eit løft for tenestefeltet. Dette er tenkt sikra gjennom m.a. eksisterande personell og nye stillingsressursar (søknad sendt fylkesmannen i Hordaland januar 2015). Bustadlause med rusavhengigheit eller rop-lidingar får i dag avgrensa oppfølging frå NAV Fjell. Dette av di bustadsituasjonen gjer det svært utfordrande å gi god rusoppfølging og umogleg å gi buoppfølging. Skal vi lukkast med å få til varig bustadløysing for den einskilde, vil dette avhenga av at det samtidig vert gitt naudsynte tenester. Ettersom det vert lagt til rette for å få fleire etablert i eigen bustad, vil det bli behov for auka stillingsressursar til buoppfølging. Forskyving av normal arbeidstid For alle brukarar av NAV Fjell sine rus- og buoppfølgingstenester er det føremålstenleg å vurdera i kva tidsrom oppfølginga skal vera tilgjengeleg. Det må både takast omsyn til brukar sin kvardag og opningstid for ordinære tenestetilbod (fastlege, tannlege etc.). Det vil vera føremålstenleg å arbeida for ei forskyving av normalarbeidstid for å kunna gi brukarane oppfølging på kveldstid. Mottaks- og oppfølgingssenter (MO-senter) Både rusteamet, brukarar og pårørande ser eit stort behov for etablering av eit mottaks- og oppfølgingssenter i Fjell kommune. Det er fagleg tilrådd at dette vert lokalisert sentralt på Straume slik at det er lett for brukarane å oppsøka tenestene. Innhald i eit MO-senter i Fjell kommune vil famna om LAR-utdeling/oppfølging, dagsenter, lågterskel helsetilbod, sosialfagleg rådgjeving, psykososial oppfølging, aktivitets- og arbeidstilbod. Trong for å etablera eit MO-senter må sjåast i lys av stor trong for å etablera desse tenestetilboda til rusmiddelavhengige og rop-klientar i kommunen, jf. Brukarplan-kartlegginga og rapportane frå KoRus Vest (2014) og Deloitte (2014). Tilbodet vil bety ein stad dei rusmiddelavhengige kan komma til, der dei kan få nokon å snakka med, stell av sår, dusj og klesvask, råd, rettleiing og hjelp til å søka behandling. I budsjett for 2015 har kommunestyret sett av kr. 350 000,- til etablering av eit MO-senter, der midlane er knytt opp til drift av lokale. 21 Lågterskel helsetilbod Rusmiddelavhengige nyttar det ordinære helsetilbodet i mindre grad enn andre. Eit lågterskel helsetilbod kan vera skadereduserande og sjukdomsførebyggjande, og ein inngangsport til det ordinære hjelpeapparatet. Gjennom tilbodet vert det gitt t.d. helsesjekk, sårstell og rettleiing. Eit slikt tilbod kan etablerast i eit MO-senter med eksisterande kompetanse og ressursar i rusteamet, 1-2 dagar i veka. Det vil vera viktig å hausta erfaringar med pågang og ressursbehov, før ei eventuell utviding av tilbodet. Meiningsfylt arbeid og aktivitet Deltaking i samfunnet og fysisk aktivitet er ein nøkkelfaktor for integrerings og normalisering, og vil vera av stor betyding for brukaren sin rusfridom og generelle folkehelse. MO-senteret inneber dagsenter med aktivitetstilbod, i tillegg til utvikling av ryddepatruljer og nærmiljøprosjekt. Etablering av eit tiltak liknande «Dagsverket» i Bergen kommune vil bli vurdert, gjerne i samarbeid med frivillige organisasjonar2 og lokalt næringsliv. Treningskontakt Fleire av brukarane som vert følgt opp av rus- og buoppfølgingsteamet har uttrykt behov for treningskontakt for å driva fysisk aktivitet, delta på rusfrie arenaer og aktiviteter, t.d. ved treningssenter. NAV Fjell har i dag ikkje budsjett for ei slik teneste. Tilbod om treningskontakt vil vera eit godt tiltak for å betre folkehelsetilhøve for målgruppa, og bør vera ein del av NAV Fjell sitt tenestetilbodet til personar med rusproblem eller rop-lidingar. Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) Ordninga med utdeling av LAR-medikament har vore handtert ulikt i ulike delar av landet. I føretaksområdet til Helse Bergen har kommunane handtert og finansiert store delar av utdelinga, og i Fjell kommune har i hovudsak apoteka fått betalt for å levera ut LAR-medikament. Heimetenesta har også hatt utlevering til eit fåtal pasientar. Begge ordningane gir rusteamet dårleg føresetnad for å følgja opp den rusavhengige på ein god måte. Frå 1. oktober 2014 vart ansvar for handtering og kostnadene ved LAR-utdelinga overført til spesialisthelsetenesta. Helse Bergen HF ved avdeling for rusmedisin (AFR) som har derfor overtatt dette ansvaret. Fjell kommune har starta dialog med AFR om å knyta utdelinga av LAR-medikament til eit MO-senter i kommunen. Samhandling og tenesteutvikling med spesialisthelsetenesta Dei siste åra har kommunen delteke i omfattande og viktige utviklingsprosjekt knytt til mellom anna arbeidsmetode for rusomsorg (Anker-prosjektet), og tidleg intervensjon og langsiktig oppfølging av barn/familiar som lev med foreldre med psykisk liding/rusmiddelavhengighet (Modellkommuneforsøk), i tillegg til kontinuerleg kompetanseheving i organisasjonen. Både nasjonal politikk og rapportane frå KoRus og Deloitte, viser behov for framhald i tenesteutviklinga, særleg knytt til etablering av heilskaplege behandlingsløp i kommunen og spesialisthelsetenesta. 2 Fjell frivilligsentral kan ha ei sentral rolle i koordineringa av dei frivillige laga og aktivitetstilbodet, men er for tida i ein større omstillingsprosess. Dialogen vert teken opp att når Fjell frivilligsentral er klar for det. 22 FACT– team3 Eit FACT-team driv ambulerande oppsøkjande verksemd. Målgruppa til teamet er personar med roplidingar som elles ikkje greier å gjera seg nytte av det ordinære behandlingstilbodet. Fjell kommune har søkt og fått løyvd kr. 1. mill. til etablering av FACT-team saman med Øyane DPS. Det vert rekna med tilskot i tre år. Teamet vert etablert i tilknyting til rusteamet i NAV Fjell, og vil i tillegg til dei eksisterande ressursane knyta til seg psykolog i 100 % stilling, som også vil leia teamet. Vidare vert ein psykiater frå DPS frikjøpt i 20 % stilling. Det vert utarbeida ein samarbeidsavtale mellom Fjell kommune og Øyane DPS i samband med etableringa av FACT-teamet. DELTA-prosjektet (Samhandlingsmodeller) Saman med KoRus Vest4 og Stiftelsen Bergensklinikkene har Fjell kommune (NAV) fått løyvd midlar frå Fylkesmannen i Hordaland til eit prosjekt for å utvikla og prøva ut samhandlingsmodellar mellom brukar, kommunen og TSB. Gjennom prosjektet skal det etablerast skriftlege rutinar og modellar for samhandling mellom kommunen og Hjellestadklinikken, som på sikt skal implementerast i det daglege arbeidet. Saumlause overgangar mellom Fjell kommune og TSB (pilot) Fjell kommune (NAV) har fått løyvd midlar frå Helsedirektoratet til ein pilot der målet er å styrka samarbeidet om utskrivingsklare pasientar mellom kommunen og institusjonar innan TSB. Kommunen samarbeider med KoRus Vest og Stiftelsen Bergensklinikkene om prosjektet. Piloten vil gå over 3-4 år, og er i første omgang knytt opp til pasientar/brukarar som skal flytta inn i seks omsorgsbustader til personar med rop-lidingar (Søre Bildøyna), som er under etablering i kommunen. Modellen skal ha overføringsverdi til andre liknande tiltak. Viktige delmål vil vera å busetta utskrivingsklare pasientar og ta i bruk felles kartleggingsverktøy i samhandlinga mellom tenestenivåa. Eit system for å sikra utskrivinga, tenester i kommunen, i tillegg til akuttinnleggingar og re-innleggingar i TSB, vil bety trygge løysingar for den einskilde brukar. Det vil òg gi tryggleik for pårørande, nærmiljø og samfunnet generelt, at brukarar vert hurtig fanga opp og gitt eit tilbod knytt til aktuell situasjon. Etablering av tenestesatellitt ved Søre Bildøyna Bygget på Søre Bildøyna der det skal etablerast omsorgsbustader med heildøgsbemanning, opnar for etablering av fleire funksjonar. Som del av bustadsosialt velferdsprogram skal det greiast ut om det kan etablerast ein satellitt til å kunna gi andre tenester knyt til omsorgsbustadene. Ein bør vurdera kva tenester som kan lokaliserast i bygget, t.d. rusteam og FACT-team, og kva rolle dei kan ha ovanfor andre instansar, m.a. som kontaktpunkt for Helse Bergen HF når det gjeld rop-pasientar. Erfaringskonsulent Tidlegare rusmiddelavhengige er ein ressurs og representerer ein viktig kompetanse inn i rusomsorga i kommunen. Etablering av ein erfaringskonsulent må koplast opp i mot det oppfølgingsarbeidet som vert gjort per i dag, i tillegg til skisserte utviklingsprosjekt. Dette vil sikra brukarperspektivet inn i den vidare utviklinga av rusomsorga. 3 4 ACT = Assertive Community Treatment (aktiv oppsøkjande behandling) / FACT = Fleksibel ACT Kompetansesenter Rus – Region Vest 23 6. Bustad i rusomsorga MÅL: • Brukarar i Fjell skal bu i eigna bustader som fremmar normalisering og integrering STRATEGI: • Anskaffa 24 bustader med formålstenleg lokalisering og utforming til målgruppa • Etablera ein differensiert bustadmasse til målgruppa basert på behovskartlegging og brukarmedverknad • Etablera ei økonomisk ramme for anskaffing, drift og vedlikehald av bustader til målgruppa Tiltak Bygga 5 forsterka bustader Kjøpa 12 leilegheiter Anskaffa 6-8 bustader gjennom Bergensmodellen Sikra brukarmedverknad i høve bustadbehov Utvikla modell for nabolagsarbeid Greia ut moglegheit for leige-eige prosjekt Tilsetta ein miljøvaktmeister Greie ut om bruken av bo- og tenesteavtaler 5 6 Ansvarleg Bustadkontoret Bustadkontoret Bustadkontoret Kostnad 6 mill5 47 mill6 Tidsfrist 2016 2020 2015-2017 NAV Fjell/ Bustadkontoret Rådmannen Bustadkontoret Inngår i drift 2015 Inngår i drift Inngår i drift 2015 2015 Eigedomssjefen Bustadkontoret Inngår i drift Inngår i drift 2015 2015 Førebels estimert kostnad Førebels estimert kostnad 24 Det er kommunen sitt ansvar å skaffa personar som er vanskelegstilte på bustadmarknaden ein stad å bu. Dette inneber også å skaffa husvære til personar som ruser seg og som gjer seg skuldig i kriminelle handlingar, eller som kjem ut frå fengsel etter fullført soning. Brukarplankartlegginga viser at det i Fjell er omlag 30 personar med rus eller rop lidingar som ikkje har eigen eller eigna bustad. Det er trong for både heildøgns bemanna bustader og bustader der kommunen kan følgja opp med ambulante tenester. I september 2014 vedtok Kommunestyret i PS 83/2014 å etablera seks omsorgsbustader med heildøgns bemanning på Søre Bildøy. Desse bustadene er venta ferdigstilt i løpet av 2016. I same sak gjorde Kommunestyret slikt vedtak: «Kommunestyret ber om at det i arbeidet med ny handlingsplan for rusomsorg vert innarbeidd forslag til plassering av ytterlegare 5 einingar». Normalisering og integrering Det er den ønska bustadpolitikken i Noreg at prinsipp om normalisering og integrering skal takast i vare når ein busett vanskelegstilte på bustadmarknaden. Dette kjem til uttrykk gjennom Husbanken sitt regelverk for tilskot til kommunale utleigebustader og investeringstilskot for omsorgsbustader og sjukeheimar. Retningslinene til Husbanken legg vekt på at: • • • • • • bustadene bør plasserast i ordinære bumiljø bustadene bør ha god tilgang på offentleg transport, skular, butikkar og aktivitetar samlokaliserte bustader ikkje bør ha eit institusjonsliknande preg talet på samlokaliserte einingar ikkje bør vera for høgt ulike brukargrupper ikkje skal verta samlokalisert på ein uheldig måte uheldig opphoping av kommunale bustader bør verta unngått Differensiert bustadmasse Det er Fjell kommune sin bustadpolitiske visjon at innbyggjarane i kommunen får høve til å bu i eigen bustad, eigd eller leigd, i eit bustadmiljø som er eigna for deira livssituasjon. Forsking viser at målgruppa har ulike behov og preferansar når det gjeld kva type bustad dei ønsker. Enkelte ønsker ikkje å bu i nærleiken av andre med rus/rop lidingar, medan andre føler seg tryggare i bufellesskap, gjerne med bemanning. I Fjell er det behov for ulike typar bustader for å stetta behovet for målgruppa. I tillegg til dei seks omsorgsbustadene på Søre Bildøy, ser ein føre seg fem forsterka bustader/småhus som tåler stor bruksslitasje. Desse kan enten vera samlokaliserte eller spreidd på fleire tomter som eignar seg til føremålet. Dette vil vera tilpassa bustader for personar som ikkje har lykkast i andre buformar. Andre kommunar har gjort seg ulike erfaringar i høve slike bustader. Det er stor forskjell på både kvalitet, utforming og estetikk ved val av løysingar. Det finst døme på bruk av både containarar, modulbygg og plassbygga bustader. Enkelte løysingar kan bera preg av å vera midlertidige og stigmatiserande. Ved val av butilbod i Fjell bør ein sikra at brukarane får ein verdig busituasjon. 25 Det er også trong for omlag 20 leilegheiter der nokon kan vera samlokaliserte og andre spreidd i t.d. burettslag. Bustadene bør i utgangspunktet vera små to-roms einingar på rundt 40-50m2, då målgruppa er einslege vaksne utan ansvar for barn. Små einingar kan også vera med på å avgrensa uønskt besøk eller at bustaden blir ein samlingsstad. For å kunna få meir detaljert kunnskap om kva type bustader målgruppa kan ha behov for bør oppfølgingstenesta, i samarbeid med bustadkontoret, gjennomføra ei kartlegging av bustadbehov og preferansar i dialog med brukarane, og legga til rette for brukarmedverknad i høve bustadtilboda. Det vil også vera viktig å hausta erfaringar etterkvart som kommunen busett brukargruppa. Lokalisering: Aktuelle geografiske område Som utgangspunkt for lokalisering av framtidige kommunale bustader vil nærleik til offentleg kommunikasjon vera eit sentralt prinsipp. Nye bustader vil difor i hovudsak verta anskaffa langs traseane til hovudbussrutene: Straume – Ågotnes Straume – Anglevika Straume – Skogsskiftet Straume – Sotrabrua Langs med desse aksane vil geografiske område som til dømes Anglevik, Søre Straume, Kolltveit, Valen/Knarreik, Knappskog/Spjeld, Arefjord/Brattholmen, Ågotnes/ Maggevarden/Valderhaug vera av særleg interesse fordi dei ligg sentralt til i høve butikk, kollektivtransport og andre offentlege tilbod. Vidare er dette område med få kommunale bustader. Nabolagsarbeid Plasseringa av kommunale bustader kan skapa reaksjonar i eit lokalmiljø (NIMBY: not in my back yard). Oppfølging av brukarar og informasjon til naboar vil vera verkemiddel som kan vera dempande i slike situasjonar. Kommunen må ha eit auka fokus på nabolagsarbeid i høve etableringa og drift av framtidige bustader. 26 Anskaffingsmodellar Det er fleire måtar å anskaffa kommunale bustader som utløysar tilskot frå Husbanken. Kommunen kan byggja eller kjøpa sjølv, nytta private aktørar gjennom Bergensmodellen, framleige7 bustader eller nytta forkjøpsrett i reguleringsplanar. Fjell kommune har ingen tradisjon for å driva framleige av kommunale bustader, fordi ein har gode erfaringar ved bruk av Bergensmodellen gjennom samarbeidet med Fjell bustadstifting. Kommunane har høve til å nytta seg av forkjøpsrett i reguleringsplanar (jf. PBL §17.3, 2. ledd), noko som gir kommunen rett til å kjøpa bustader til marknadspris i nye utbyggingsprosjekt. Fjell kommune har per i dag ikkje eit politisk vedtak på å nytta seg av dette verkemiddelet. Strategi for anskaffing til målgruppa i Fjell Kommunen kan kjøpa, eiga og tildela bustadane sjølv. Kommunen kan då aktivt annonsere at dei ønsker å kjøpa bustader til føremålet, eller kjøpa konkrete objekt til sals på den opne marknaden. Dei seks omsorgsbustadene på Søre Bildøy vart anskaffa ved bruk av denne modellen. Ein ser føre seg at ytterlegare 12 bustader kan skaffast på denne måten. Når det gjeld etableringa av fem forsterka bustader/småhus bør kommunen stå som eigar og driftar. Einingane kan byggast/plasserast på eksisterande kommunale tomter eller ein kan erverve tomter som eignar seg til føremålet. Bergensmodellen Kommunedelplan for bustadutvikling 2013-2020 la grunnlaget for at kommunen skal kunna inngå offentleg og privat samarbeid for å etablera nye utleigebustader. Den såkalla Bergensmodellen vart lansert i Fjell i juni 2014, og inneber eit samarbeid mellom kommunen, Husbanken og ein privat aktør. Den private aktøren etablerer og forvaltar bustadene, Husbanken finansierar bustadene med lån og tilskot til utleigebustader, og kommunen har tildelingsrett. Kommunen kan nytta «Bergensmodellen» til å skaffa bustader, der private aktørar leiger ut til brukar og kommunen tildelar bustadene. Det kan vera høve til å nytta denne modellen for å framskaffa fem til seks samlokaliserte bustader til målgruppa. Frå leige til eige Fleire kommunar i landet har hatt prosjekt der leigetakarar i kommunale utleigebustader etter ei tid får høve til å kjøpa bustaden dei bur i (leige til eige-prosjekt). På sikt kan dette vera aktuelt for nokre av bustadene kommunen anskaffar til målgruppa. Dei leilegheitene kommunen anskaffar som ligg i burettslag eller sameige vil eigne seg best til eit slikt føremål. Investeringsramme Kommunar som Sandnes og Drammen har gode erfaringar med å ha gitte økonomiske rammer for anskaffing av kommunale bustader. For å kunna arbeida effektivt og vera konkurransedyktig på anskaffing på den private marknaden kan det vera formålstenleg at rådmannen får ei investeringsramme for perioden 2015-2020, for å etablera 19 nye bustader til målgruppa. 7 Kommunen er leigetakar og leigar ut til brukarane 27 Ein liten to-roms leilegheit ligg i dag i snitt på omlag kr. 2.400.000,- i nye byggeprosjekt på Finn.no. Kjøp av 19 leilegheiter i nye prosjekt vil gje ei kostnadsramme på nærmare kr. 46 mill. Dersom kommunen får 20% tilskot frå Husbanken vil den reelle kostanden til kommunen vera på om lag kr. 37 mill. Når det gjeld tilskot til utleigebustader er det i dag avgrensa med midlar i Husbanken. Trass i at Fjell kommune er ein av satsingskommunane til Husbanken gjennom sin deltaking i bustadsosialt velferdsprogram, vil kommunen måtta gjera prioriteringar for kva målgrupper ein skal skaffe bustader til først. Alternativt, må kommunen ta heile kostanden sjølv. Drift og vedlikehald Det bør verte sett av pengar i budsjettet til vedlikehald, med ei gradvis auke år for år, ettersom bustadane kjem på plass. Fleire av desse bustadane vil vera kostnadsskrevande å drifta og vedlikehalda, og dette bør ein ta høgde for i budsjettet. Fleire andre kommunar, som t.d. Sandnes har hatt gode erfaringar med å tilsetta miljøvaktmeistarar. Ein slik vaktmester har jamleg oppfølging i kommunale bustader med fokus på å retta opp feil og manglar, bistå med bustadrelaterte råd og rettleiing, og førebygga brann og skade. Dette vil vera eit nyttig tiltak i Fjell for å ivareta bustadmassen til målgruppa og å redusera ytterlegare vedlikehaldskostnadar. Bu- og tenesteavtale I Bergen og Trondheim regulerer kommunen enkelte butilbod gjennom bu- og tenesteavtalar. Bakgrunn for denne ordninga er at nokre av leigetakarane har trong for andre rammer rundt busituasjonen sin enn det ein ordinær kommunal bustad med husleigekontrakt kan gje. Slike ordningar kan også vera med å førebygga utkastingar. Parallelt med anskaffing av bustader til målgruppa bør det greiast ut om bu- og tenesteavtalar er noko som kan vera aktuelt for kommunen å ta i bruk for enkelte av butilboda. 28 7. Kompetanse- og kunnskapsbehov MÅL: • Kommunen sine rusomsorgstenester skal vera kompetanse- og kunnskapsbaserte STRATEGI: • Utvikla og dela kompetanse på tvers i kommuneorganisasjonen • Gjennomføra jamlege kartleggingar av brukarar og tenestebehov Tiltak Følgja opp avtale med KoRus Vest om kompetansetiltak og evaluering av kommunalt rusarbeid Delta på ACT-kurs i regi av Napha Ansvarleg Rådmannen / KoRus Vest Kostnad Tidsfrist Årleg søknad til 2015-2018 Helsedirektoratet NAV Fjell Inngår prosjekt 2015 Gjennomføra fagseminar 1-2 gongar i året med tverrfagleg deltaking Gjennomføra kurs/seminar om ungdom og rusmiddel (teikn, symptom, oppfølging) Gjennomføra Brukarplan-kartlegging ved fleire kommunale tenestestader − NAV Fjell − Psykiatrisk team − Fastlegane − Helsestasjon − Barnevernet (16-18 år) Gjennomføra kartlegging av ungdom og rusmiddel («Ungdata») Gjennomføra ei kartlegging av brukarog pårørande si tilfredsheit med tenestetilbodet Etablera internettsider om rusomsorga i Fjell, retta mot ulike aktørar: − Interne avdelingar − Eksterne instansar − Brukarar og pårørande Etablera internettside med informasjon om «kven gjer kva», rutinar og tilgjengeleg verktøy i arbeidet med ungdom og rus (jf. modellkommuneprosjektet) Samla relevante avtalar, skjema og rutinar på fjellnettet – intranett (sentrale dokument) NAV Fjell / Helsesjefen Sjefane for driftsfunksjonar Statlege midlar (Hdir) 100.000,- 2015-2020 NAV Fjell / Helsesjefen / Sosialsjefen Inngår i drift 2015 NAV Fjell / KoRus Vest NAF Fjell / KoRus Vest Ingen kostnadar 2015 Ingen kostnadar 2017 NAV Fjell Inngår i drift 2015/16 NAV Fjell / Helsesjefen Inngår i drift 2015/16 Sjefane for driftsfunksjonar Inngår i drift 2015 2015-2020 29 Dei siste åra har kommunen bygd opp både kapasitet og kompetanse innan rusomsorga. Handlingsplan for rusomsorg representerer ei opptrapping og vidareutvikling av tenestene, m.a. knytt til MO-senter, omsorgsbustader og busetting av bustadlause. Det vil vera kontinuerleg behov for å bygga opp og vedlikehalda kompetanse, i tillegg til å evaluera satsingane, kartlegga behov og syta for god kunnskap om kvarandre. Kompetansebehov Fjell kommune har etablert ein avtale med KoRus Vest knytt til kompetansehevande tiltak og evaluering av tiltak som er under oppstart eller venta nye tiltak. Kompetansetiltaka er knytt til bruk av anerkjent metodikk, t.d. brukarstyring, motiverande intervju (MI), mentaliseringsbasert tilnærming (MBT) og klient- og resultatstyrt praksis (KOR). Avtalen gjeld for heile kommunen. Etableringa av FACT-team tilfører rusteamet kompetanse som dei ikkje har i dag, både i form av nye fagpersonar (psykolog og psykiater) og kurs gitt i samband med etablering av FACT-teamet. Mellom anna vil ei gruppe (6 personar) i rusteamet få opplæring i kognitiv åtferdsterapi. Rusteamet ved NAV Fjell får også tilført mykje god kompetanse gjennom utviklingsprosjekta med KoRus Vest og Stiftelsen Bergensklinikkene/Hjellestadklinikken. Dette gjer det mogleg for teamet å ta ansvar for oppfølginga av personar med rop-lidingar. Etablering av ei meir «terapeutisk» tilnærming i den daglege oppfølginga av brukarar, kan gjera behovet for tradisjonell behandling i institusjon mindre. For å avdekka eit eventuelt rusmisbruk så tidleg som mogleg, er det viktig at tilsette som har kontakt med ungdom eller vaksne, har god kunnskap om kva teikn dei skal sjå etter. Spreiing av slik kunnskap kan gjerast gjennom korte, målretta miniseminar, gjerne på tvers i organisasjonen, jf. miniseminar om cannabis hausten 2014. Kurset «Ut av tåka» og generelle kurs i teikn og symptom, kan særleg vera nyttig for tilsette som er i kontakt med ungdom, t.d. mottaksteam i NAV Fjell, tilsette ved skular og ungdomsklubbar. Felles fagsamlingar Felles fagsamlingar og kompetanseoverføring internt vil vera eit kontinuerleg behov, både for at kvar avdeling skal kunne gi best mogleg tenester, men òg for å sikra ei god forståing av arbeidsfeltet til dei einskilde avdeling. Slike samlingar bør femna breitt i organisasjonen og gjennomførast minimum ein gong i året. Evaluering av samarbeidet mellom avdelingane bør vera fast tema. Ein tek sikte på å finansiera felles fagsamlingar gjennom statlege kompetansetilskot. Implementering av rop-retningslinene Kommunen har søkt og fått løyvd midlar til implementering av rop-retningslinene over fleire år. Midlane har vore nytta til fagsamlingar på tvers av tenesteområda, både i 2012, 2013 og 2014. Hausten 2014 vart fagsamlinga integrert i arbeidet med Handlingsplan for rusomsorg og inkluderte presentasjon av rop-retninglinene og rettleiaren «Sammen om mestring». Våren 2015 vil Fjell kommune delta i KoRus Vest sitt erfaringsnettverk om implementering av ROP-retningslinene. Implementering av Tenesteavtale 3 og 5 Det vert planlagt ei felles fagsamling med rusteamet og psykiatrisk team våren 2015, der tema har Tenesteavtale 3 og 5. Ein bør vurdera om fleire einingar bør delta. 30 Evaluering og følgjeforsking Utviklinga av rusomsorga i kommunen er ein kontinuerleg prosess, og både samhandlingsrutinane og tenesteutviklinga som vert skildra i denne planen må evaluerast jamleg. Det er naturleg å gjera evaluering av samhandlingsrutinane til fast tema på tverfaglege samlingar ein gong i året, medan evaluering av satsingar og utviklingsprosjekt er sikra gjennom samarbeidsavtalen med KoRus Vest. Dei neste åra skal Fjell kommune arbeida målretta for å finna individuelt tilpassa bustader for alle dei om lag 30 bustadlause NAV Fjell i dag følgjer opp. Føringane frå Husbanken når det gjeld normalisering og integrering vert sentrale. Gjennom eit prosjekt med InnoMed ønsker kommunen auka kunnskap om kva normalisering og integreringsprisnippa inneber for bebuarane i samlokaliserte omsorgsbustader med heildøgnsbemanning (jf. Søre Bildøy). Desse bustadene vil vera eit godt utgangspunkt for betre samordning mellom dei kommunale einingane og med spesialisthelsetenesta. Det vil difor vera ønskeleg for kommunen å ha følgeforsking som ser på korleis normalisering og integreringsomgrepa vert omsett i praksis. Kunnskapsbehov Folkehelseoversikt Folkehelselova pålegg kommunane å ha nødvendig oversikt over helsetilstand i befolkninga. Oversikta skal vera skriftleg og identifisera folkehelseutfordringar i kommune, og vurdera konsekvensar og årsaksforhold. Ein skal særleg vera merksam på trekk ved utviklinga som kan skapa eller oppretthalda sosiale eller helsemessige problem eller helseforskjellar. Oversikta skal inngå som grunnlag for arbeidet med kommunal planstrategi. Føremålet er å danna grunnlag for eit systematisk og kunnskapsbasert folkehelsearbeid. Den første folkehelseoversikta for Fjell kommune vart lagt fram til politisk handsaming i komité for drift i desember 2014 (PS 79/2014). Oversikta gir omfattande informasjon om folkehelsetilstanden til befolkninga i Fjell, og det vart m.a. lagt fram data om rusmisbrukarar. Dette er ei klart utsett gruppe med omsyn til eit breitt spekter av folkehelsefaktorar. Målet for rusomsorga må såleis vera å betra brukarane sine føresetnader for god folkehelse. Komiteen gjorde vedtak om at rådmannen skal leggja til rette for årleg rullering av folkehelseoversikta. Det vil vera sentralt å følgja utviklinga, særleg knytt til utsette grupper som t.d. rusmisbrukarar. Brukarplan Kartleggingsverktøyet Brukarplan er utvikla hos KorFor (Stavanger universitetssjukehus og Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking i Helse Vest), og testa ut i fleire kommunar på Vestlandet. Helsedirektoratet har no bestemt at dette verktøyet skal nyttast i heile landet. Brukarplankartlegginga dokumenterer kva tenester registrerte brukarar har fått det siste året, forventa etterspørsel og grunnlag for å prioritera mellom grupper og typar tenester. Ein kan altså nytta dataa som grunnlag for å dimensjonera tenestane, planleggja for behovet framover og flytta ressursar etter dokumentert behov. I tillegg er Brukarplan-kartlegginga informasjonskjelde for sentrale myndigheiter, og kan nyttast av kommunen sjølv til å underbygga søknadar om tilskot. I Fjell kommune er det til no berre NAV Fjell som har gjennomført brukarkartlegging. Kommunen vil kunne avdekka mørketal og få betre styringsdata ved å utvida kartlegging til å omfatta m.a. 31 fastlegane, psykiatrisk team, barnevernet, pleie og omsorg. På nyåret 2015 vart det gitt konsesjon til å gjennomføra Brukarplan-kartlegging for personar heilt ned til 16 år. Dette gjer det særleg aktuelt å inkludera barnevern, helsestasjon for ungdom og fastlegane. Ungdom og rusmidlar Det er ingen systematisk kartlegging og registrering av omfanget av rusbruk hos ungdom i kommunen. Sist det vart gjennomført ei slik kartlegging i Fjell var i 2008. Den blei då gjennomført av Stiftelsen Bergensklinikkene og omfatta bruk av rusmiddel på 8. og 10 klassetrinn på ungdomsskulen og på 2. år i vidaregåande skule. Det vil vera føremålstenleg å få gjennomført ei ny kartlegging, m.a. for å målretta førebyggingsinnsatsen og tidleg innsats. Kunnskap om kvarandre Tenester til personar med rusproblem og ROP-lidingar involverer eit breitt spekter av aktørar knytt til både 1 og 2. linetenester. Nesten like viktig som gode avtaler, er god kunnskap om kvarandre. Felles møteplassar/fagseminar Eit nyttig verktøy for å auka kunnskapen om kvarandre og styrka kommunikasjonen, er felles møteplassar, t.d. fagseminar mellom både kommunane og dei ulike aktørane. I dag arrangerer Stiftelsen Bergensklinikkene Rusfaglig forum to gongar i året. Dette er ein arena for alle som arbeider innan rusfeltet frå Hordaland og Sogn og Fjordane, med om lag 200 deltakarar. Det er ein god og lærerik arena, men med lite rom for dialog mellom deltakarane. Det kan vera føremålstenleg å arbeida for eit liknande fora i kommunen eller regionen, gjerne i samarbeid med Helse Bergen HF eller Helsedirektoratet. Gode internettsider Tydeleg informasjon på internett om kommunen sine rusomsorgstenester og kontaktpunkt, vil vera svært nyttig for eksterne instansar, m.a. for å målretta kontakten inn i kommunen. Det er også viktig å utvikla internettsider med informasjon retta mot både brukarar og pårørande, t.d. om rettar, tenester og kurstilbod. HAP-gruppa i kommunen har laga ei skisse til interaktiv nettside, der ein får informasjon om kven som gjer kva, og kva verktøy og tiltak som er tilgjengeleg. Det er føremålstenleg å vidareutvikla denne, gjerne etter same mal som Modellkommune-prosjektet. 32 8. Tiltaksplan MÅL 1: Fjell kommune skal levera samordna rusomsorgstenester STRATEGI: • Sikra tverrfagleg samordning av rusomsorgstenestene gjennom funksjonelle møtearenaer og koordineringsverktøy. Nr. Tiltak Ansvarlig Kostnad Tidsfrist 1.1 Re-etablera tenesteteam med Rådmannen Inngår i drift 2015 tenestesjefane, inkl. NAV Fjell kommune 1.2 Vidareføra vekemøte mellom rusteam Helsesjefen / NAV Inngår i drift Fortløpande og psykiatrisk team Fjell / 1.3 Etablera føremålstenleg registrerings- NAV Fjell Inngå i drift 2016 og kommunikasjonsverktøy for NAV Fjell, t.d. COSDOK 1.4 Syta for jamleg oppdatering av Helsesjefen / NAV Inngår i drift Fortløpande kvalitetshandbøker, skjema etc. Fjell 1.5 Etablera NAV Fjell v/rusteamet som NAV Fjell Inngår i drift 2015 kontaktpunkt for spesialisthelsetenesta når det gjeld ROP-pasientar 1.6 Delta i KoRus Vest sitt NAV Fjell Inngår i drift 2015 erfaringsnettverk om implementering av ROP-retningslinene 1.7 Utvikla skriftlege rutinar for Sosialsjefen / Inngår i drift 2015 overgangen frå Barnevern til NAV Fjell NAV Fjell for ungdom med rus-/rop-lidingar 1,8 Forankra og vidareutvikla arbeidet Rådmannen / Inngår i drift 2015 med HAP Helsesjefen 1.9 Greia ut korleis kommunen skal Rådmannen Inngår i drift / 2015/16 samordna og utvikla tenester til etablera ungdom i framtida prosjekt MÅL 2: Rusomsorgstenestene i Fjell skal vera heilskaplege og sette brukar i sentrum STRATEGI: • Utvikla og bygge opp tenestetilbod og kapasitet i takt med brukarane sine behov • Utvikla gode samhandlingsmodeller mellom kommunen og spesialisthelsetenesta Nr. Tiltak Ansvarleg Kostnad Tidsfrist 2.1 Sikra finansiering av stillingar til NAV Fjell Kr. 1.650.000,- 2015 heildøgnsbemanning av (søkt midlar omsorgsbustader (3 årsverk) hos fylkesmannen) 2.2 Sikra finansiering av NAV Fjell Kr. 1.100.000,- 2015 oppfølgingskonsulentar knytt til (søkt midlar busetting av bustadlause (2 årsverk) hos fylkesmannen) 33 2.3 Etablering av Mottaks- og oppfølgingssenter (MO) på Straume NAV Fjell 2.4 Sikra finansiering av stillingar til drift av MO-senter (4 årsverk) NAV Fjell 2.5 Etablera lågterskel helsetilbod, lokalisert i MO-senteret Etablera aktivitetstilbod i samarbeid med t.d. næringsliv og frivillige Etablera avtale med AFR om utdeling av LAR-medikament, lokalisert i MOsenter Greia ut / etablera samarbeid mellom PUT og Fjell kommune om pasientbehandling ute i kommunen Etablera støttekontakt/treningskontakt for målgruppa Etablera FACT-team m/Øyane DPS og rusteamet i NAV (prosjekt) NAV Fjell 2.11 Etablera samarbeidsavtale med Øyane DPS om etablering av FACT-team 2.12 Evaluera FACT-teamet 2.13 Gjennomføra DELTA-pilot (Samhandlingsmodellar) 2.14 Gjennomføra prosjektet Saumlause overgangar 2.15 Greia ut/etablera ein tenestesatellitt knytt til omsorgsbustadene på Søre Bildøyna NAV Fjell / Helsesjefen / Øyane DPS NAV Fjell / Øyane DPS NAV Fjell / KoRus Vest / Stiftelsen Bergensklinikkene NAV Fjell / KoRus Vest / Stiftelsen Bergensklinikkene NAV Fjell 2.6 2.7 2.8 2.9 2.10 NAV Fjell / NAV Fjell / Helse Bergen HF v/AFR Sosialsjefen / NAV Fjell / AFR NAV Fjell NAV Fjell / Øyane DPS 350.000,(budsjett 2015) Kr. 2.200.000,(søkt midlar hos fylkesmannen) Inngår i drift / Inngår i drift / (MO-senter) Inngår i drift 2015 2015 2015 2015 Inngår i drift / evt. søke midlar 300.000,- 2015-2016 3 000 000,over tre år (Hdir) Inngår i drift 2015 – 2017 Inngår i prosjekt Eksternt finansiert 2017-2018 Eksternt finansiert 2016-2018 Inngår i drift 2016 2016 Vår 2015 2015-2017 MÅL 3: Brukarar i Fjell skal bu i eigna bustader som fremmar normalisering og integrering STRATEGI: • Anskaffa 24 bustader med formålstenleg lokalisering og utforming til målgruppa • Etablera ein differensiert bustadmasse til målgruppa basert på behovskartlegging og brukarmedverknad • Etablera ei økonomisk ramme for anskaffing, drift og vedlikehald av bustader til målgruppa Nr. Tiltak Ansvarleg Kostnad Tidsfrist 8 3.1 Bygga 5 forsterka bustader Bustadkontoret 6 mill 2016 9 3.2 Kjøpa 12 leilegheiter Bustadkontoret 47 mill 2020 8 Førebels estimert kostnad 34 3.3 3.4 3.5 3.6 3.7 3.8 Anskaffa 6-8 bustader gjennom Bergensmodellen Sikra brukarmedverknad i høve bustadbehov Utvikla modell for nabolagsarbeid Greia ut moglegheit for leige-eige prosjekt Tilsetta ein miljøvaktmeister Greie ut om bruken av bo- og tenesteavtaler Bustadkontoret 2015-2017 NAV Fjell/ Bustadkontoret Rådmannen Bustadkontoret Inngår i drift 2015 Inngår i drift Inngår i drift 2015 2015 Eigedomssjefen Bustadkontoret Inngår i drift Inngår i drift 2015 2015 MÅL 4: Kommunen sine rusomsorgstenester skal vera kompetanseog kunnskapsbaserte STRATEGI: • Utvikla og dela kompetanse på tvers i kommuneorganisasjonen • Gjennomføra jamlege kartleggingar av brukarar og tenestebehov Nr. Tiltak Ansvarleg Kostnad Tidsfrist 4.1 Følgja opp avtale med KoRus Vest om Rådmannen / Årleg søknad til 2015-2018 kompetansetiltak og evaluering av KoRus Vest Helsedirektoratet kommunalt rusarbeid 4.2 Delta på ACT-kurs i regi av Napha NAV Fjell Inngår prosjekt 2015 4.3 4.4 4.5 4.6 4.7 4.8 4.9 9 Gjennomføra fagseminar 1-2 gongar i året med tverrfagleg deltaking Gjennomføra kurs/seminar om ungdom og rusmiddel (teikn, symptom, oppfølging) Gjennomføra Brukarplan-kartlegging ved fleire kommunale tenestestader − NAV Fjell − Psykiatrisk team − Fastlegane − Helsestasjon − Barnevernet (16-18 år) Gjennomføra kartlegging av ungdom og rusmiddel («Ungdata») Gjennomføra ei kartlegging av brukarog pårørande si tilfredsheit med tenestetilbodet Etablera internettsider om rusomsorga i Fjell, retta mot ulike aktørar: − Interne avdelingar − Eksterne instansar − Brukarar og pårørande Etablera internettside med informasjon om «kven gjer kva», NAV Fjell / Helsesjefen Sjefane for driftsfunksjonar Statlege midlar (Hdir) 100.000,- 2015-2020 NAV Fjell / Helsesjefen / Sosialsjefen Inngår i drift 2015 NAV Fjell / KoRus Vest NAF Fjell / KoRus Vest Ingen kostnadar 2015 Ingen kostnadar 2017 NAV Fjell Inngår i drift 2015/16 NAV Fjell / Helsesjefen Inngår i drift 2015/16 2015-2020 Førebels estimert kostnad 35 4.10 rutinar og tilgjengeleg verktøy i arbeidet med ungdom og rus (jf. modellkommune- prosjektet) Samla relevante avtalar, skjema og rutinar på fjellnettet – intranett (sentrale dokument) Sjefane for driftsfunksjonar Inngår i drift 2015 36 Litteraturliste Nasjonale dokument, lover og forskrifter • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • Rusreform 2004 Opptrappingsplan for rusfeltet 2008-2012 Samhandlingsreforma (St. meld. Nr. 47 (2008-2009)) Meld.St. 30 (2011-2012) Se meg! En helhetlig rusmiddelpolitikk Nasjonal fagleg retningline for utgreiing, behandlings og oppfølging av personer med samtidig rusliding og psyksik liding – ROP-lidingar (IS-1948). Sammen om mestring. Veileder i lokalt psykisk helsearbeid og rusarbeid for voksne. Et verktøy for kommuner og spesialisthelsetenesten (IS-2076). Nasjonalfaglig retningslinje for gravide i legemiddelassistert rehabilitering og oppfølging av familiene til barnet når skolealder (IS-1876) Nasjonalfaglig retningslinje for legemiddelassistert rehabilitering ved opiatavhengighet (IS-1701) Fra bekymring til handling – en veileder om tidlig intervensjon på rusområdet (IS-1742) Et liv uten vold. Handlingsplan mot vold i nære relasjoner 2014-2017 Bolig for velferd. Nasjonal strategi for boligsosialt arbeid 2014-2020 Nasjonal overdosestrategi 2014-2017 Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltningen (NAV) Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern Lov om spesialisthelsetjenesten m.m. Lov om pasient- og brukarretter Lov om helsepersonell m.v. Lov om folkehelsearbeid Lov om planlegging og byggesaksbehandling Forskrift om pasientjournal Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator Forskrift om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern m.m. Forskrift om legemiddelassister rehabilitering Forskrift om individuell plan etter helselovgivinga og sosialtenestelova Kommunale dokument • • • • • • Kommunestyresak PS 29/2014 Forvaltningsrevisjon av rusomsorg og bustadtilbod Kommunestyresak PS 83/2014 2. gangs behandling: Kjøp av Indremisjonsforbundet sin eigedom med administrasjonsbygg på gnr/bnr 34/520 – s.Bildøyna komité for drift PS 29/2014 Arbeidet med handlingsplan for rusomsorg Bustadsosialt arbeid i Fjell kommune. En evaluering, Norsk institutt for by- og regionsforskning (2012) Forvaltningsrevisjon Fjell kommune, Rusomsorg og butilbod. Deloitte 2014 Forundersøkelse Fjell kommunes arbeid med personer som har sammensatte utfordringar. Boligsosialt arbeid overfor vanskeligstilte. NOTAT 2013 Kompetansesenter rus region vest Bergen 37 • • • • • • • • Ankerprosjektet. Ambulant Brukerstyrt samarbeid i Fjell NAV kommune. RAPPORT 2013 KoRus – Stiftelsen Bergensklinikkene Ungdom og rusmidler i Fjell 2008. En undersøkelse i Fjell kommune om bruk av rusmidler på 8. og 10. klassetrinn og på 2. år videregående skole. Stiftelsen Bergensklinikkene. Forsknings- og dokumentasjonsavdelinga 2008 Fjellnettet – Sentrale dokument – Ansvarsgrupper og Individuelle planar (IP) Fjellmodellen Tverrfagleg samhandling på te nivå: https://www.fjell.kommune.no/PageFiles/19898/FJELLMODELLEN.pdf Kjernegrupper i Fjell Tiltakskjede knyttet til bruk av ulovlige rusmidler Urinprøveordning i Fjell kommune (revidert april 2014) Avtale om urinprlvetaking (ungdom over 18 år) Vedlegg (uprinta), ligg på www.fjell.kommune.no/rusplan • • • • • Forvaltningsrevisjon Fjell kommune, Rusomsorg og butilbod. Deloitte 2014 Forundersøkelse Fjell kommunes arbeid med personer som har sammensatte utfordringar. Boligsosialt arbeid overfor vanskeligstilte. NOTAT 2013 Kompetansesenter rus region vest Bergen Tenesteavtale 3-5 om rusmedisin og psykisk helsevern for barn, unge og vaksne (lenke manglar) Rutinar, begrepsavklaring, ansvarsforhold og pasientforløp Rop-forløp (retningsliner godkjendt mai 2014) 38
© Copyright 2024